Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 77 S (2013–2014)
  • Kildedok: Prop. 8 S (2013–2014), kap. 820–823, 3821 og 3822
  • Dato: 10.12.2013
  • Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 3
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

I proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2013.

BLD føreslår å flytte 200 000 kroner for å dekkje meirbehovet på kap. 823 post 1, jf. omtale under denne posten.

BLD føreslår å redusere kap. 820 post 1 med 0,2 mill. kroner.

I proposisjonen framgår at det er anslått at behovet i 2013 går ned med 23,8 mill. kroner samanlikna med Prop. 149 S (2012–2013). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot for år 1 for 2012, ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot for år 2–5 og ein reduksjon i talet på barn som utløyser skuletilskot.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 821 post 60 med 23,8 mill. kroner.

Behovet i 2013 blir i proposisjonen anslått å gå ned med 17,5 mill. kroner samanlikna med Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein reduksjon i talet på einslege mindreårige som utløyser tilskot.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 821 post 61 med 17,5 mill. kroner.

Behovet på posten blir i proposisjonen anslått å gå ned med 3,7 mill. kroner frå Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein reduksjon i talet på overføringsflyktningar som blir busett i 2013 med 50 personar.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 3821 post 1 med 3,7 mill. kroner.

Behovet på posten blir i proposisjonen anslått å gå ned med 650 000 kroner frå Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein reduksjon i talet einslege mindreårige som blir busett i 2013 med ti personar.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 3821 post 2 med 0,7 mill. kroner.

Behovet i 2013 blir i proposisjonen anslått å auke med 20,4 mill. kroner samanlikna med Prop. 149 S (2012–2013). Hovudårsaka til endringa er ein auke i utgiftene til norskopplæring i mottak som følgje av ein auke i talet på asylsøkjarar. I tillegg er det ein auke i talet på personar som får opphaldsløyve, noko som gir auke i talet på personar som utløyser tilskot for år 1.

BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 822 post 60 med 20,4 mill. kroner.

Behovet på posten blir i proposisjonen anslått å auke med 11,9 mill. kroner frå Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein auke i talet på asylsøkjarar.

BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 3822 post 1 med 11,9 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at det er eit meirbehov på 700 000 kroner på posten. BLD føreslår å dekkje meirbehovet ved å flytte 500 000 kroner frå kap. 800 post 1 og 200 000 kroner frå kap. 820 post 1.

BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 823 post 1 med 0,7 mill. kroner.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga dei budsjettkapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bustad, og har elles ingen merknader.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

200 000

frå kr 181 049 000 til kr 180 849 000

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

60

Integreringstilskot, kan overførast, blir redusert med

23 839 000

frå kr 5 024 400 000 til kr 5 000 561 000

61

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving, blir redusert med

17 483 000

frå kr 358 152 000 til kr 340 669 000

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

60

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, blir auka med

20 375 000

frå kr 1 733 179 000 til kr 1 753 554 000

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

1

Driftsutgifter, blir auka med

700 000

frå kr 6 691 000 til kr 7 391 000

Inntekter

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

1

Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med

3 695 000

frå kr 89 860 000 til kr 86 165 000

2

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med

650 000

frå kr 31 551 000 til kr 30 901 000

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir auka med

11 882 000

frå kr 125 592 000 til kr 137 474 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 10. desember 2013

Helge André Njåstad

leiar og ordførar