Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Justis- og beredskapsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 75 S (2013–2014)
- Kildedok: Prop. 13 S (2013–2014), kap. 490, 491 og 3490
- Dato: 10.12.2013
- Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Forslag om endringar
- Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
- Post 1 Driftsutgifter
- Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak
- Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting
- Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar
- Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak
- Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast
- Post 73 Vern til flyktningar utanfor Noreg mv., støttetiltak, kan nyttast under kap. 821 post 60
- Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
- Kap. 491 Utlendingsnemnda
- Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
- 2. Merknader frå komiteen
- 3. Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
Justis- og beredskapsdepartementet legger i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2013.
På bakgrunn av den stadig meir dramatiske situasjonen i Syria, og dei særs vanskelege forholda for flyktningar frå Syria og for nabolanda, vert det foreslått ein tilleggskvote på 500 plassar for flyktningar frå Syria som er anerkjente som flyktningar av UNHCR, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014). Det går fram at det også vil vere rom for å prioritere fleire flyktningar frå Syria innafor den totale mengda overføringsflyktningar i 2014.
Det går fram av proposisjonen at det er ønskeleg at uttaket kan skje så raskt som mogleg, og at arbeidet derfor vert sett i gang i 2013. UNHCR vil ha problem med å fremje saker tidleg nok til at heile prosessen vert gjort ferdig i 2013.
UDI vil bli påført betydeleg administrativt meirarbeid som følge av tilleggsuttaket. Det vert derfor i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 3,9 mill. kroner i 2013 slik at UDI kan setje i gang arbeidet med tilleggsuttaket.
Som følge av lågare driftskostnader ved ordinære mottaksplassar og høgare utnytting av kapasiteten enn det som er lagt til grunn for 2013, er det forventa eit mindreforbruk under kap. 490 post 21. Mindreutgiftene som følger av dette, vert i proposisjonen anslått til 108 mill. kroner.
Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 900, blant desse 330 einslege mindreårige, jf. Prop. 149 S (2012–2013). Nyare prognoser viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 16 270, blant desse 310 einslege mindreårige. Meirutgiftene som følger av dette knytt til drift av asylmottak, vert anslått til 29,1 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 21 med 78,9 mill. kroner.
UDI har ikkje kapasitet til å handsame alle innkomne asylsaker i 2013. Det har også vore noko lågare gjennomsnittlege utgifter per intervju enn forventa. Som følge av dette vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 4 mill. kroner.
Løyvinga dekker kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak.
Det er forventa eit meirforbruk under posten som følge av fleire bebuarar i mottak. Det vert i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 60 med 0,6 mill. kroner.
Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.
Som omtalt under kap. 490 post 21 vert det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2013 høgare enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Det gir eit venta meirforbruk på om lag 11,8 mill. kroner. På den andre sida er det lågare gjennomsnittlege kostnader per bebuar enn lagt til grunn, hovudsakleg som følge av endra samansetning av bebuarar i mottak. Dette gir eit venta mindreforbruk på 2,4 mill. kroner. Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 70 med 9,4 mill. kroner.
Løyvinga dekker både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending, og tilskot til prosjekt som støttar opp under retur og tilbakevending.
Det har så langt i 2013 vorte brukt mindre midlar under post 72 enn venta. Dette skuldast blant anna at færre har nytta seg av tilbodet om assistert frivillig retur enn tidlegare lagt til grunn.
Det vert i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 16,1 mill. kroner, mot å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 3,1 mill. kroner og kap. 440 post 21 med 13 mill. kroner for å auke talet på uttransporteringar, jf. omtale under kap. 440 post 1 og 21.
Løyvinga dekker støttetiltak i samband med UNHCR og eventuelt andre organisasjonar sitt arbeid med gjenbusetting av flyktningar.
Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) sitt arbeid knytt til uttak av overføringsflyktningane er blant anna knytt til identifisering av saker, registrering, intervju, asylvurdering, førebu søknader om gjenbusetting etc. Uttak av 500 ekstra overføringsflyktningar vil medføre betydeleg meirarbeid for UNHCR.
Det vert i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 73 med 3,6 mill. kroner for å understøtte UNHCR sitt arbeid med uttaket i dei aktuelle landa.
På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72, vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 16,1 mill. kroner.
På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og endringar i løyvinga under kap. 490 post 21, post 60 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 138,8 mill. kroner.
Jf. omtale under kap. 490 post 73 vert det i proposisjonen foreslått ein auke av inntektene under kap. 3490 post 6 med 3,6 mill. kroner.
På grunn av lågare utgifter til nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit mindreforbruk på 2 mill. kroner under kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 2 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga dei budsjettkapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bustad, og har elles ingen merknader.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
490 | Utlendingsdirektoratet | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 3 900 000 | |
frå kr 809 382 000 til kr 813 282 000 | |||
21 | Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, vert redusert med | 78 912 000 | |
frå kr 1 748 627 000 til kr 1 669 715 000 | |||
22 | Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, vert redusert med | 4 000 000 | |
frå kr 56 015 000 til kr 52 015 000 | |||
60 | Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar, vert auka med | 571 000 | |
frå kr 258 623 000 til kr 259 194 000 | |||
70 | Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, vert auka med | 9 440 000 | |
frå kr 508 800 000 til kr 518 240 000 | |||
72 | Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast, vert redusert med | 16 100 000 | |
frå kr 134 661 000 til kr 118 561 000 | |||
73 | Vern av flyktningar utanfor Noreg mv., støttetiltak, kan nyttast under kap. 821 post 60, vert auka med | 3 600 000 | |
frå kr 6 741 000 til kr 10 341 000 | |||
491 | Utlendingsnemnda | ||
21 | Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, vert redusert med | 2 000 000 | |
frå kr 13 926 000 til kr 11 926 000 | |||
Inntekter | |||
3490 | Utlendingsdirektoratet | ||
1 | Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med | 16 100 000 | |
frå kr 122 136 000 til kr 106 036 000 | |||
4 | Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert auka med | 138 820 000 | |
frå kr 913 515 000 til kr 1 052 335 000 | |||
6 | Gjenbusetting av flyktningar – støttetiltak, ODA-godkjende utgifter, vert auka med | 3 600 000 | |
frå kr 6 741 000 til kr 10 341 000 |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 10. desember 2013
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |