Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Målet med undersøkinga har vore å vurdere korleis tilretteleggingsgarantien blir brukt, og belyse tilhøve som kan forklare eventuelle variasjonar i bruken. Det har vidare vore eit mål å vurdere i kva grad ordninga blir følgd opp av overordna myndigheit. Undersøkinga omfattar perioden 2008–2012, med hovudvekt på 2010–2012.

Bakgrunnen for undersøkinga er at sysselsetjingsnivået for personar med nedsett funksjonsevne i ei årrekkje har vore lågt, sjølv om det lenge har vore eit mål å auke deltakinga i arbeidslivet blant personar med nedsett funksjonsevne. Tilretteleggingsgarantien skal gi personen og arbeidsgivaren tryggleik for at dei får den nødvendige hjelpa som nedsett funksjonsevne krev i den konkrete arbeidssituasjonen. Tilretteleggingsgarantien skal sørgje for eit koordinert tilbod frå arbeids- og velferdsetaten og for nødvendig oppfølging i samband med tilsetjing av personar med nedsett funksjonsevne.

  • Tilretteleggingsgarantien er lite brukt.

  • Innhaldet i tilretteleggingsgarantien er uklart.

  • Nav Fylke har ikkje i tilstrekkeleg grad prioritert arbeidet med tilretteleggingsgarantien.

  • Leiinga ved Nav-kontora følgjer i avgrensa grad opp arbeidet med ordninga.

  • Det er svakheiter i styringsinformasjon og oppfølging av ordninga.

Talet på tilretteleggingsgarantiar var svært lågt i perioden 2008–2011. I 2008 vart det inngått 100 garantiar på landsbasis, medan det i 2011 vart inngått 716 garantiar. Det var ein sterk auke i talet på garantiar i 2012, og det vart då inngått 3 563 garantiar. Denne auken må ein sjå i samanheng med innføringa av Jobbstrategi for personer med nedsett funksjonsevne som innebar større merksemd om ordninga.

Det er i heile perioden betydelege variasjonar mellom fylka når det gjeld kor mange tilretteleggingsgarantiar som blir inngått. Bruken av tilretteleggingsgarantien målt per 10 000 innbyggjarar viser at i Østfold vart det gitt 2,5 garantiar per 10 000 innbyggjarar, medan det i Troms vart gitt nesten 15 garantiar. Undersøkinga viser vidare at det er store fylkesvise forskjellar i om tilretteleggingsgaranti blir løyvd personar som er i eit arbeidsforhold, personar som er arbeidssøkjande, eller personar som verken er i eit arbeidsforhold eller er arbeidssøkjande.

Lite bruk av ordninga på landsbasis og store fylkesvise forskjellar i bruken av ordninga kan tyde på at tilretteleggingsgarantien ikkje har vore implementert på ein einskapleg, koordinert og effektiv måte i arbeids- og velferdsetaten. Riksrevisjonen meiner at auka bruk av ordninga føreset ein meir målretta innsats frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og det enkelte Nav Fylke.

Arbeids- og sosialkomiteen har ved fleire høve framheva at ein må skape ei betre forståing blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar av kva tilretteleggingsgarantien inneber av verkemiddel og hjelp for den enkelte brukaren. Undersøkinga viser at tilretteleggingsgarantien i liten grad er kjend blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Vidare viser undersøkinga at arbeids- og velferdsetaten i liten grad har arbeidd systematisk med informasjon til potensielle brukarar av ordninga. Direktoratet opplyser at det i beskjeden grad har drive direkte informasjonsverksemd overfor arbeidsgivarar, arbeidssøkjarar, arbeidstakarar og organisasjonane deira. Tre Nav Fylke opplyser at dei ikkje har utført noka informasjonsverksemd i perioden 2010–2012. Slik Riksrevisjonen vurderer det, bør arbeids- og velferdsetaten arbeide meir systematisk og målretta med å gjere ordninga kjend.

Undersøkinga viser at Nav-kontora nyttar ulike kriterium for å velje ut kva for nokre brukarar som ein skal tilby ein tilretteleggingsgaranti. Frå 2012 er målgruppa for tilretteleggingsgarantien personar som er omfatta av jobbstrategien, og det er eit tydelegare søkjelys på at det er personar under 30 år som skal få ein tilretteleggingsgaranti. Det er berre eitt av dei undersøkte Nav-kontora som går ut frå målgruppa for jobbstrategien når ein skal vurdere kven som skal få ein tilretteleggingsgaranti. Dei andre fem Nav-kontora vurderer målgruppa for tilretteleggingsgarantien ut frå andre kriterium.

Tilretteleggingsgarantien er ikkje ein garanti i juridisk forstand, men eit verkemiddel og ein arbeidsmetodikk. Arbeidsmetodikken skal utøvast av Nav-kontora, Nav Arbeidslivssenter og Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging. Eit formål med tilretteleggingsgarantien er at han skal sørgje for eit koordinert tilbod til arbeidsgivarar og arbeidstakarar som har behov for hjelp frå fleire einingar i arbeids- og velferdsetaten. Undersøkinga viser likevel at det i liten grad blir lagt vekt på om arbeidsgivarane og arbeidstakarane har behov for koordinerte tenester frå fleire einingar når ein løyver tilretteleggingsgarantiar.

Tilretteleggingsgarantien forpliktar arbeids- og velferdsetaten til å gi rask saksbehandling og individuelt tilpassa hjelp. Det inngår i garantien at arbeidsgivaren og arbeidstakaren får ein fast kontaktperson i arbeids- og velferdsetaten som ein kan kontakte når ein har behov for å søkje råd, rettleiing og støtte. Kontaktpersonen er ansvarleg for oppfølging av arbeidstakaren og arbeidsgivaren både før og etter tilsetjing. Undersøkinga viser at det er store forskjellar mellom Nav-kontora når det gjeld korleis brukarar med tilretteleggingsgaranti blir følgde opp. Enkelte Nav-kontor prioriterer personar med tilretteleggingsgaranti framfor andre brukarar, medan andre Nav-kontor behandlar personar med og utan tilretteleggingsgaranti likt. Over halvparten av Nav Fylke trekkjer fram at usikkerheit om innhaldet og meirverdien av tilretteleggingsgarantien samanlikna med annan oppfølgingsmetodikk kan forklare den manglande bruken av ordninga.

Fem år etter at tilretteleggingsgarantien vart innført som ei landsomfattande ordning, er det usikkerheit om innhaldet i ordninga og arbeidsmetodikken. Riksrevisjonen meiner undersøkinga tyder på at innhaldet i ordninga ikkje i tilstrekkeleg grad har vorte klarlagt og formidla internt i etaten. Riksrevisjonen oppfattar det slik at ein i større grad burde ha lagt vekt på dette i Arbeids- og velferdsdirektoratets oppfølging av ordninga. Ei tydeleg formidling av innhaldet i ordninga kan medverke til redusert usikkerheit og auka bruk av ordninga.

Nav Fylke har dei siste fem åra fått tildelt midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til ei koordinatorstilling for tilretteleggingsgarantien. Hovudoppgåva til koordinatoren er å medverke til å implementere tilretteleggingsgarantien som arbeidsmetodikk i arbeids- og velferdsforvaltninga. Undersøkinga viser at mange Nav Fylke ikkje brukte dette årsverket slik det var føresett. I ein situasjon der tilretteleggingsgarantien er lite brukt, er det etter Riksrevisjonens oppfatning viktig at alle Nav Fylke bruker dei øyremerkte midlane slik det var føresett.

Alle Nav Fylke opplyser at dei har gjennomført ei rekkje aktivitetar for å implementere tilretteleggingsgarantien, men undersøkinga viser at mangel på kompetanse ved Nav-kontora er ei viktig forklaring på at ordninga til no har vore lite brukt. Riksrevisjonen vurderer det slik at dette viser at innsatsen til Nav Fylke på dette området så langt ikkje har vore tilstrekkeleg.

Leiinga på Nav-kontoret har ansvar for å sørgje for at arbeidet med ordninga får den nødvendige prioriteten og merksemda. Undersøkinga viser at det i stor grad er opp til den enkelte rettleiaren på Nav-kontoret å avgjere kven som får ein tilretteleggingsgaranti, og kva for eit innhald denne skal ha. Det er rom for at rettleiarane i vurderingane sine kan leggje vekt på forhold som ikkje bør vere relevante når det blir avgjort om ein skal gi tilretteleggingsgaranti. Eitt slikt forhold kan vere ei oppfatning om at tilretteleggingsgarantien forpliktar den enkelte rettleiaren og Nav-kontoret for mykje. Riksrevisjonen meiner det er viktig at leiinga ved Nav-kontora ser til at ordninga får eit formålstenleg innhald, og at kontoret arbeider systematisk med ordninga.

Det finst lite systematisk styringsinformasjon om tilretteleggingsgarantien, og det er ikkje gjennomført evalueringar av ordninga etter at ho vart landsdekkjande i 2008. Den styringsinformasjonen som finst, er stort sett avgrensa til talet på mottakarar og er i mindre grad eigna til å belyse innhaldet i ordninga, utfordringar ved implementeringa og resultat av ordninga.

Det synest i stor grad å vere opp til det enkelte Nav Fylke sjølv å ta initiativ til dialog med direktoratet, noko som gjer at det ikkje nødvendigvis er Nav Fylke med størst behov for det som får oppfølging og hjelp. Svakheiter i styringsinformasjonen og fråvær av evalueringar gir grunnlag for å reise spørsmål om kunnskapsgrunnlaget så langt har vore tilstrekkeleg til å forvalte ordninga på ein god og målretta måte. Riksrevisjonen meiner det er behov for auka kunnskap om korleis ordninga blir praktisert, og om verknadene av ordninga.

  • Riksrevisjonen meiner at Arbeids- og velferdsdirektoratet bør målrette arbeidet med tilretteleggingsgarantien for å sikre riktig bruk av ordninga, slik at fleire personar med nedsett funksjonsevne kjem i jobb eller blir verande i jobb. Riksrevisjonen meiner det er behov for at Arbeids- og velferdsdirektoratet:

    • klargjer innhaldet i tilretteleggingsgarantien, irekna om det er ein føresetnad for å få slik garanti at brukaren skal ha behov for koordinerte tenester frå arbeids- og velferdsetaten, og om personar med tilretteleggingsgaranti skal prioriterast i oppfølgingsarbeidet til etaten

    • arbeider meir målretta og systematisk med å gjere ordninga kjend både internt i arbeids- og velferdsetaten og blant arbeidsgivarar og potensielle brukarar

  • Riksrevisjonen meiner at Nav Fylke må sørgje for at arbeidet med tilretteleggingsgarantien får tilstrekkeleg prioritet ved blant anna å:

    • nytte dei øyremerkte midlane frå Arbeids- og velferdsdirektoratet slik det er føresett

    • hjelpe Nav-kontora med å styrkje kompetansen om innhaldet i tilretteleggingsgarantien og praktiseringa av ordninga

  • Leiinga ved Nav-kontora må i større grad følgje opp arbeidet med tilretteleggingsgarantien.

  • Arbeidsdepartementet bør sørgje for at tilretteleggingsgarantien inngår i evalueringa som skal utførast av jobbstrategien.

Statsråden finn det uheldig at det er registrert store fylkesvise variasjonar i bruk av tilretteleggingsgarantien, og at det har vore problem med å gjere ordninga kjend ved Nav-kontora. Statsråden legg til grunn at arbeids- og velferdsetaten vil setje i verk tiltak for å klargjere innhaldet i ordninga og arbeide systematisk og målretta for å gjere ordninga betre kjend både ved Nav-kontora og blant brukarane av etaten.

Statsråden viser til at tilretteleggingsgarantien er eitt av fleire tiltak som skal bidra til å få personar med nedsett funksjonsevne ut i arbeid, og at arbeids- og velferdsetaten må vurdere kva som er det mest eigna tiltaket i kvart enkelt tilfelle. Statsråden opplyser at ei evaluering av tilretteleggingsgarantien inngår i ei pågåande evaluering av Jobbstrategi for personer med nedsett funksjonsevne. Statsråden meiner elles at innføringa av jobbstrategien har gjort tilretteleggingsgarantien betre kjend blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar, og at det på sikt vil føre til at innhaldet i og målgruppa for ordninga blir klarlagt.