Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av dagens fylkesvegnett i Askøy kommune i Hordaland (Askøypakken).

Askøy kommune har vel 26 000 innbyggjarar og er i rask vekst. Næringslivet er i sterk utvikling med mange nye etableringar i kommunen. Askøy inngår i arbeids- og bustadmarknaden i Bergensområdet.

Vegnettet på Askøy har til dels svært dårleg standard. I hovudsak er det berre tilførselsvegane nærast Askøybrua som har tilfredsstillande vegbreidde. Det er behov for utbetringar og tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar. I tillegg er det behov for å styrka kollektivtrafikken og leggja til rette for meir miljøvenlege transportløysingar.

Askøy kommune ved Askøyveiene AS har søkt om delvis bompengefinansiering av ei Askøypakke som omfattar ti prosjekt og tiltak. Desse skal bidra til ei generell standardheving av vegnettet. Smale vegparti er planlagt utvida, svingar skal rettast ut, kryss skal utbetrast og trafikkfarlege avkjørsler vil bli stengde. I tillegg er det sett av ei ramme til kollektivtrafikktiltak og ei ramme til «andre tiltak» (bygging av gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar).

Trafikkgrunnlaget som er lagt til grunn i bompengesøknaden er rekna ut på grunnlag av den regionale transportmodellen (RTM) og ein tilleggsanalyse.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget. Den lokalpolitiske behandlinga går fram av pkt. 4 i proposisjonen.

Askøypakken er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Samferdselsdepartementet meiner at styringsgruppa bør foreta ei konkret prioritering av prosjekta før utbyggingsprosjekt blir satt i gang.

Finansieringsplanen omfattar fylkeskommunale midlar og bompengar. I tråd med dei lokale vedtaka er det lagt til grunn at 15 pst. av utbyggingskostnadene blir finansierte med fylkeskommunale midlar og 85 pst. med bompengar. Denne fordelinga er basert på den gamle mva-ordninga. Opphevinga av vegfritaket er venta å gje ein auke i mva. på om lag 210 mill. kroner. Samferdselsdepartementet føreset at fylkeskommunen finansierer auken i meirverdiavgift. Fylkeskommunen får kompensasjon frå staten for betalt meirverdiavgift. Kostnadsoverslag inkl. full mva. er 1 540 mill. kroner. Fylkeskommunen dekkjer 420 mill. kroner og bompengar 1 120 mill. kroner.

Bompengar og føresetnadene i bompengeopplegg er nærare omtala i pkt. 5 i proposisjonen. Det er lagt til grunn at bompengeperioden blir inntil 14 år.

I grunnlaget for den lokalpolitiske behandlinga blei det lagt til grunn ein utbyggingsperiode på om lag 5 år. Ut frå erfaringane i andre bompengepakker vurderer Statens vegvesen dette som ambisiøst. I proposisjonen er det lagt til grunn ein utbyggingsperiode på 8 år. Det er føresett låneopptak. Det er rekna med at akkumulert gjeld vil vere størst i 2021.

I proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på om lag 1 590 mill. kroner i 2013-prisnivå. Om lag 1 120 mill. kroner er føresett nytta til å dekkja investeringskostnader, om lag 330 mill. kroner til å dekkja lånerenter og om lag 140 mill. kroner til å dekkja innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er lagt opp til at bompengeselskapet «Askøy Bompengeselskap AS» skal ta opp lån for å finansiera utbyggingane. Lokale styresmakter har ikkje fatta vedtak om lånegaranti. Samferdselsdepartementet er orientert om at Hordaland fylkeskommune arbeider for å stille garanti hausten 2013 for lån som bompengeselskapet «Askøy Bompengeselskap AS» er føreset å ta opp for å finansiera utbyggingane.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, vil Statens vegvesen Vegdirektoratet inngå avtale med bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei vilkåra som er lagt til grunn i proposisjonen.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til at folketalet i Askøy kommune, som i dag er på over 26 000, er i rask vekst og at næringslivet i øykommunen også er i sterk utvikling med mange nye etableringar. Askøy har i dag eit vegnett med stor trong for utbetringar og tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar. Komiteen vil peika på at betra trafikktryggleik og eit betre framkomeleg internvegnett også vil støtta opp under fleire næringsetableringar på Askøy, og såleis minska pendlarpresset over Askøybrua mot Bergen.

Komiteen har merka seg at bompengesøknaden omfattar ti prosjekt og tiltak som skal bidra til generell standardheving av vegnettet. Nokre av desse prosjekta er reine trafikksikringsprosjekt med bygging av gang- og sykkelvegar. Det er også sett av ei eiga ramme til kollektivtiltak. Kollektivsatsinga inneber og betre tilrettelegging for snøggbåten i Kleppestø, som vil avlasta pendlartrafikken over Askøybrua til Bergen. Komiteen registrerer at det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikkgrunnlaget og føresetnadane for finansieringsopplegget. Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 2,0 pst. fram til 2020, som er noko høgare trafikkvekst enn snittprognosane for Hordaland.

Komiteen viser til at det er ein grundig og brei lokal- og regionalpolitisk prosess som ligg til grunn for bompengesøknaden. Både Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune stiller seg bak. I tillegg har det lokale næringslivet vore pådrivarar og stiller seg positive til bompengefinansiering av Askøypakken. Komiteen viser til at det er vurdert tre alternative modellar for bomstasjonsopplegget, og sluttar seg til valet av fire bomstasjonar med einvegs innkrevjing. Dei fire bomstasjonane vil utgjera ein bomring der nær all trafikk frå Askøy mot Bergen og all trafikk internt mellom sonar på Askøy betalar bompengar. Ved denne løysinga vil ein best oppnå målet om nytteprinsippet og det lokalpolitiske målet om at flest mogleg av trafikantane på øya er med og betalar bompengane.

Komiteen registrerer at det i finansieringsplanen, basert på den gamle mva-ordninga og i tråd med dei lokale vedtaka, er lagt til grunn at fylkeskommunen finansierer 15 pst. av utbyggingskostnadane og at 85 pst. blir finansiert ved bompengar. Komiteen merkar seg at kostnadsoverslag inkl. full mva. er 1 540 mill. kroner og at fylkeskommunen dekkjer 420 mill. kroner av dette og at 1 120 mill. kroner blir dekka av bompengar. Det er vidare lagt til grunn at bompengeperioden blir inntil 14 år. Komiteen viser til at bompengeselskapet Askøy Bompengeselskap AS skal ta opp lån for å finansiera utbyggingane og at Hordaland fylkeskommune har gjort vedtak om å stilla naudsynt garanti for låna.

Komiteen er oppteken av at bompengeinnkrevjinga føregår så effektivt som mogleg. Det er naturleg at Askøy Bompengeselskap AS skal kunna inngå som del av eit eventuelt framtidig bompengeselskap, i tråd med pågåande prosess om forenkla selskapsstruktur i Hordaland fylkeskommune.

Komiteen ser svært positiv på at det lokalt er fremja ynskje om å evaluera trafikkbiletet etter tre år, slik at det kan vurderast naudsynte tiltak for endring av køyremønster. Komiteen vil peika på at det er viktig å koma fram til ei god løysing med lokal oppslutnad kring rabattordninga, og oppmodar om at det vert lagt til rette for at ein kan vurdera ulike tenlege løysingar for selskapet knytt til utstedarrolla.

Komiteen ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeid med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.

Komiteen foreslår difor:

«Stortinget ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeid med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.»

Tilrådinga vert fremma av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

  • 1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland. Vilkåra går fram av Prop. 197 S (2012–2013) og Innst. 40 S (2013–2014).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.

II

Stortinget ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeid med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 29. november 2013

Linda C. Hofstad Helleland

Magne Rommetveit

leiar

ordførar