Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Byggje – bu – leve

Det blir i meldinga peikt på at dei fleste ynskjer ein god og trygg bustad, ein føreseieleg og handterleg bustadøkonomi, og å vere ein del av eit bumiljø og lokalsamfunn. Bustadpolitikken er derfor ein integrert del av regjeringa sin velferdspolitikk.

Både bustader og bumiljø er jamt over av god kvalitet i Noreg. Det blir i meldinga peikt på at bustadpolitikken har vore innretta slik at flest mogleg skal få høve til å eige bustad. Fire av fem eig bustaden sin. Dette har gjeve velstandsvekst for store delar av befolkninga. Samanlikna med andre land bur langt fleire av befolkninga i einebustader og i gjennomsnitt har vi større buareal enn andre land.

Folk kjøper og sel bustad på ein fri marknad, og bustadbygginga skjer på ein marknad. Det offentlege si oppgåve er å leggje til rette slik at folk kan klare seg best mogleg på eiga hand.

Den internasjonale finanskrisa som tok til i 2008 synte kor viktig bustadmarknaden er for samfunnsøkonomien – og kor viktig ein god samfunnsøkonomi er for høva til å halde på bustaden. Medan mange land i Europa slit med låg økonomisk vekst og høg arbeidsløyse, går det godt i norsk økonomi.

Det finst likevel utfordringar som bustadpolitikken skal bidra til å løyse.

Ein del hushald har ustabile og dårlege buforhold, og slit med å skaffe seg ein bustad eller å halde på han. I eit land der dei fleste bur bra, er det uverdig at somme fell utanfor. Særleg alvorleg er det når bustaden og bumiljøet ikkje er ei trygg ramme for oppveksten til barn og unge.

Det går fram av meldinga at regjeringa sin visjon for bustadpolitikken er at alle skal bu godt og trygt. Bustadpolitikken skal bidra til å møte bustadbehova til den einskilde, i samfunnet og for framtidige generasjonar. For å lukkast må bustadpolitikken gjere det mogleg å byggje, å bu og å leve.

Regjeringa har følgjande mål for bustadpolitikken:

  • 1. Bustader for alle i gode bumiljø

  • 2. Trygg etablering i eigd og leigd bustad

  • 3. Buforhold som fremjar velferd og deltaking

I kapittel 1 i meldinga blir desse oppsummert.

Dei bustadpolitiske måla utgjer ein heilskap saman med måla for bygningspolitikken. Desse måla vart presenterte i Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn.

Tilveksten i folketalet har vore sterk dei siste åra, og i stor grad er det arbeidsinnvandringa som forklarer veksten. I dag er innbyggjartalet i Noreg fem millionar. Ifølgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) kan vi vere seks millionar innbyggjarar i 2029. Det er venta sterkast vekst i Oslo, Akershus og Rogaland.

Det blir i meldinga peikt på at ei utvikling med balanse mellom ulike delar av landet vil gje betre utnytting av dei samla ressursane våre. Slik er det ikkje i dag. Samla sett har ein no den høgaste folketilveksten i distrikta på over 30 år. Hovudårsaka til dette er innvandringa som gjer at alle fylke har vekst i folketalet.

Bustadmarknaden er utsett for konjunktursvingingar. Bustadprisane vil kunne auke og minske avhengig av konjunkturane. Bustadprisane gjev informasjon om kor mykje folk er villige til å betale. Derfor vil bustadbygginga også variere med prisane.

Den høge folkeveksten gjer at det er behov for bustader, og jamt over har det vore bygd mellom 20 000 og 30 000 bustader dei seinaste åra. Medan det på 1990-talet blei bygd rundt 19 000 bustader i gjennomsnitt per år, auka igangsetjinga i neste tiårsperiode til om lag 27 000 bustader årleg.

Dei fleste blir bustadeigarar på eitt eller anna tidspunkt i livet. 80 pst. av vaksne personar bur i ein bustad som husstanden eig. Denne prosentdelen har vore relativt stabil dei seinaste 15 åra, men sidan midten av 1990–talet har prosentdelen yngre bustadeigarar auka. I 2012 var det 38 pst. av dei einslege og 68 pst. av dei som levde i eit parforhold i aldersgruppa 25–29 år, som eigde bustaden sin.

Dei seinare åra har tilgangen til kreditt vore god, og renta låg. Gjeldsbøra til hushalda har auka kraftig, og er på eit historisk høgt nivå. Den låge renta er ei medverkande årsak til gjeldsauken, og gjer isolert sett at hushalda kan betene høgare lån. Høg gjeld kan samstundes gjere at hushalda strammar inn forbruket ved renteoppgang, bustadprisfall eller inntektsnedgang. Det råkar arbeidslivet, og kan i sin tur gje auka arbeidsløyse.

Auken i gjeldsbøra har vore størst blant hushald med høge inntekter, og det er denne gruppa som har den tyngste gjeldsbøra.

Dei siste ti åra har det vore ein sterk auke i både bustadprisar og inntekter. Bustadprisane har auka med over 100 pst. i gjennomsnitt. Den disponible realinntekta har i gjennomsnitt auka med om lag 50 pst. Marknadsrenta på bustadlån er meir enn halvert på ti år. Auka bustadprisar medverkar isolert sett til at det blir vanskelegare å kjøpe den første bustaden, medan høgare inntekter og formuar, låg arbeidsløyse og låg rente medverkar til at det blir lettare. I gjennomsnitt inneber utviklinga i bustadprisar, rente og inntekt at kostnaden for å betene lånet til ein gjeven bustad er om lag uendra.

Sjølv om bustadprisane har auka kraftig er det store skilnader i prisnivået både mellom kommunar og innanfor kommunegrensene. Udekte bustadbehov er noko anna enn udekte bustadynskjer. Mange ynskjer å bu sentralt i dei større byane, men høge bustadprisar eller vanskar med å få lån gjer at dei ikkje får høve til det.

Ikkje alle får dekt bustadbehova sine. Det kan vere at dei har ein ueigna bustad eller bumiljø, eller at dei står i fare for å miste bustaden sin. Somme har heller ikkje ein fast stad å bu. Dei fleste kjem seg raskt ut av den vanskelege situasjonen, med eller utan hjelp frå det offentlege. Andre har behov for meir samansett og langvarig hjelp. Det er gjort fleire forsøk på å definere og talfeste vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Det er ulike grunnar til at folk er vanskelegstilte på bustadmarknaden. For somme er det økonomien eller finansieringsproblem som gjer det vanskeleg å skaffe og halde på ein bustad, medan det for andre kan vere vanskeleg å skaffe seg ein eigna bustad som er tilpassa behova deira. Andre igjen kan oppleve å bli utestengde frå bustadmarknaden, eller at dei opplever å vere ein uynskt nabo eller leigar.

Kommunane har hovudansvaret for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Erfaringane viser at samarbeid på tvers av sektorar og organisasjonsnivå i nokre tilfelle er avgjerande for å lukkast med hjelpa.

I ein forvaltningsrevisjon av tilbodet til vanskelegstilte på bustadmarknaden i 2008 påpeika Riksrevisjonen at ei fragmentert organisering i stat og kommune var ei utfordring, og at arbeidet ikkje var godt nok forankra i politisk og administrativ leiing. Oversikten over bustadbehovet til vanskelegstilte på bustadmarknaden var ikkje god nok, og eigna bustader med oppfølgingstenester var ei mangelvare. Riksrevisjonen fann òg at dei bustadsosiale ordningane til Husbanken ikkje i tilstrekkeleg grad blei sette i samanheng med kvarandre.

Det blir i meldinga peikt på at dei bustadsosiale utfordringane ikkje kan løysast av bustadpolitikken aleine, men saman med innsats på andre velferdspolitiske område. Dei tverrpolitiske og tverrfaglege samanhengane må vere tydelege på både statleg og kommunalt nivå.

Levealderen går opp og det kjem til å bli relativt sett langt fleire eldre i åra framover. Utviklinga forsterkar behovet for at bustadbygginga held tritt med befolkningsauken og at det blir bygt bustader med god tilgjengelegheit. Det meste av dagens bygningsmasse er ikkje tilgjengeleg eller godt nok brukande for menneske med nedsett funksjonsevne. Samstundes som talet på eldre stig, er det venta ein nedgang i prosentdelen yrkesaktive. Færre hender skal ta hand om fleire eldre. Dette skaper store utfordringar i den kommunale tenesteytinga og bustadplanlegginga.

Bustadpolitikken gjeld for heile landet, men utfordringane er ulike. Alderssamansetjing, folketal og levekår er trekk ved befolkninga som varierer frå kommune til kommune. Det største presset – på areala, på bustadprisane og på miljøet – finn vi i byane, og særleg i dei store byane.

Det blir i meldinga peikt på at det å byggje i byområde kan vere ein omstendeleg prosess. Dei seinare åra har ein stor del av dei nye bustadene kome til ved ombygging av næringseigedomar. Å byggje på areal som allereie er i bruk, involverer mange aktørar og er både komplisert og kostbart. Dei høge bustadprisane i pressområda gjer det vanskeleg for mange å finne seg og halde på ein bustad. Det er i dei store byane at levekårsskilnadane er størst.

Etter år med nedgang i folketalet har mange distriktskommunar opplevd betre økonomiske tider, vekst i næringslivet og tilflytting. For mange kommunar er det ei utfordring å finne gode og attraktive bustader til innflyttarar. Dersom folk ikkje får seg ein plass å bu, kan det gje problem for det lokale næringslivet og for kommunane som treng arbeidskraft. Det kan hindre vekst og utvikling i distriktskommunane. Ved å leggje til rette for at folk kan bu i distrikta, blir presset mindre i dei store byane. Det blir i meldinga peikt på at god distriktspolitikk òg er god bypolitikk.

Regjeringa vil føre ein politikk for ei sunn og stabil økonomisk utvikling. Det vil bidra til at arbeidsløysa held seg låg og gje ei god utnytting av dei samla ressursane i landet. Det blir i meldinga peikt på at det til grunn for ein godt fungerande bustadmarknad ligg ein god samfunnsøkonomi. Ein godt fungerande bustadmarknad er ein premiss for god måloppnåing i bustadpolitikken.

I meldinga blir det peikt på at bustadmarknaden jamt over fungerer godt. Føresetnadene for å møte utfordringane i bustadpolitikken er gode, med lovverk og økonomiske ordningar som tek vare på innbyggjarane sine interesser på bustadmarknaden, samt godt fungerande etatar.

Det offentlege skal leggje til rette slik at folk kan klare seg best mogleg på eiga hand. Bustadpolitikken verkar inn på marknaden gjennom til dømes å stimulere til bygging av bustader med ynskte kvalitetar, og å supplere med bygging av bustader i offentleg regi. I tillegg verkar ei rekkje lovar, finanspolitikken, skattepolitikken, arbeidsmarknadspolitikken med vidare inn på korleis bustadmarknaden fungerer.

For å lukkast med dei bustadpolitiske måla må dei ulike politikkområda sjåast i samanheng. Samstundes skal dei offentlege verkemidla medverke til andre viktige samfunnsomsyn og mål. Det kan gje målkonfliktar, og gjere at ikkje alle verkemiddel kan fungere optimalt ut frå eit bustadpolitisk perspektiv.

Det er mange statlege aktørar som på ulikt vis verkar inn på bustadmarknaden. Regjeringa meiner det er naudsynt med betre statleg samordning på fleire område. Det vil gjere at bustadbygging lettare kan bli gjennomført og gje betra hjelp til dei som slit på bustadmarknaden. Dette vil dessutan styrkje krafta i dei økonomiske ordningane som allereie eksisterer.

Kommunane har hovudansvaret for gjennomføringa av bustadpolitikken lokalt. Mange kommunar gjer ein stor innsats på dette området. Staten legg rammene for kommunane sin bustadpolitikk. Dette gjeld både i samfunnsplanlegginga og i det bustadsosiale arbeidet. Kommunane har viktige velferdsoppgåver, som er venta å tilta i lys av den demografiske utviklinga. Skal kommunane lukkast må det vere rom for lokale prioriteringar og tilpassingar i gjennomføringa. Husbanken og andre statlege aktørar skal støtte opp om kommunane sitt arbeid.

Bustadpolitikken skal byggje på dei etablerte instansane og ordningane.

Regjeringa vil leggje til rette for gjennomføring av bustadpolitikken gjennom lovverket, økonomiske støtteordningar, dialog, samarbeid og informasjon. Husbanken er den sentrale statlege gjennomføringsinstansen i bustadpolitikken. Også Husleigetvistutvalet (HTU) og DiBK har oppgåver i bustadpolitikken.

Husbanken gjev i dag grunnlån til oppføring og utbetring av bustader og, gjennom kommunane, startlån til etablering i bustad. Husbanken forvaltar også ei rekkje tilskotsordningar i tillegg til den statlege bustøtta. Regjeringa vil byggje vidare på dei etablerte ordningane gjennom Husbanken. Det blir vist til i meldinga at dette er gode og målretta ordningar med klare føremål. For å styrkje måloppnåinga i bustadpolitikken gjer likevel regjeringa i denne meldinga framlegg om å vidareutvikle fleire av ordningane.

Balanserte og føreseielege lover og regelverk på bustadområdet, og godt kjennskap til det, blir i meldinga peikt på som naudsynt for størst mogleg måloppnåing. Det er fleire lover som regulerer rettar og plikter i bustadmarknaden. Blant dei sentrale lovene finn ein plan- og bygningslova, burettslagslova, eigarseksjonslova og husleigelova.

I kapittel 1.6 i meldinga blir det gitt ei nærare omtale av korleis bustadpolitikken har endra seg. Det blir gitt ei omtale av planlegging og bustadpolitikk i etterkrigstida, om sentrale premissar for bustadpolitikken på 1990-talet og om styrking og målretting.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak i bustadpolitikken sidan 2006. Å betre buforholda til vanskelegstilte på bustadmarknaden er ein fellesnemnar for mange av tiltaka.

I samband med finanskrisa i 2008 blei låneramma i Husbanken auka med to mrd. kroner og tilsegnsramma for tilskotet til utleigebustader blei auka med om lag 550 mill. kroner.

Regjeringa har ved fleire høve styrkt tilskot til utleigebustader.

Regjeringa har styrkt det bustadsosiale kompetansetilskotet ved fleire høve.

I 2007 etablerte regjeringa eit tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling.

I 2007 blei det innført ein varslingsregel i husleigelova. Regelen gjev utleigar høve til, når det er grunn til det, å varsle sosialtenesta i kommunen dersom leigar mislegheld kontrakten.

Regjeringa gjorde Husleigetvistutvalet til ei permanent ordning i 2009 og har også utvida ordninga til å gjelde Hordaland og Sør- og Nord-Trøndelag i tillegg til Oslo og Akershus.

For å sikre tryggare rammer rundt bustadkjøp la regjeringa ned forbod mot å etablere låginnskotsburettslag i 2011. I dag kan det maksimalt vere 75 pst. fellesgjeld ved stifting av nye burettslag. Etter framlegg frå departementet blei det i 2010 vedteke nye lovføresegner som skal tryggje burettslagsmodellen.

Husbanken sitt grunnlån har medverka til oppføring av rundt 40 000 bustader og utbetring av 1 100 bustader med gode kvalitetar frå 2006 til 2012. Dette er om lag 20 pst. av alle bustader som er bygde i denne perioden. Sidan 2006 har Husbanken gjeve tilskot til rundt 8 000 kommunale utleigebustader og 6 500 studenthyblar. Sidan 2008 er det blitt gjeve investeringstilskot til nær 3 000 omsorgsbustader.

I perioden frå 2006 til 2012 er det blitt gjeve 60 000 startlån og 10 000 tilskot til personar for etablering i eigd bustad.

I 2012 blei det innført eit tilskot til bustadetablering i distrikta.

Det blir i meldinga peikt på at regjeringa har betra handsaminga av bustader i formuesskatten, mellom anna ved å innføre nye reglar for verdsetjing frå og med inntektsåret 2010. Dette har gjeve positive verknader på både utjamnings- og effektivitetseigenskapane til formuesskatten.

For å få innspel til korleis sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken bør løysast i åra framover, sette regjeringa i 2010 ned eit offentleg utval.

Utvalet tolka mandatet først og fremst som eit oppdrag der det skulle gjevast tilrådingar om tiltak for å betre situasjonen for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Utvalet rekna ut at rundt 150 000 personar ikkje får den hjelpa dei treng for å dekkje eit av basisbehova sine – nemleg det å bu godt og trygt.

I meldinga er det vist til fire punkter som ein oppsummering av innstillinga frå utvalet:

  • Bustad gjev meir velferd

  • Bustadsosialt løft i kommunane

  • Bustadeige for fleire vanskelegstilte

  • Ein meir velfungerande leigemarknad

Sjå nærmare omtale i meldinga punkt 1.7.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Lise Christoffersen, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, fra Høyre, Øyvind Halleraker og Michael Tetzschner, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Aksel Hagen, fra Senterpartiet, Heidi Greni, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til Meld. St. 17 (2012–2013) Byggje – bu – leve. Ein bustadpolitikk for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at boligpolitikken i all hovedsak har vært vellykket. Nesten åtte av ti husholdninger eier sin egen bolig, vi har høy standard og romslige boliger, og det er få som står helt utenfor boligmarkedet.

En god bolig er sammen med muligheten for arbeid, rett til utdanning og nødvendige helse- og omsorgstjenester, pilarene i det norske velferdssamfunnet.

Den enkelte har selv ansvar for å skaffe seg en bolig. Samtidig er det et offentlig ansvar å legge til rette for et velfungerende marked, slik at alle har muligheten til å skaffe seg en bolig og kan bo godt.

Flertallet viser til at det er helt sentralt å legge til rette for at det bygges nok boliger. Staten må sikre gode rammebetingelser for boligbygging. Kommunene må sikre og regulere nok areal til boligformål, sørge for rask byggesaksbehandling og fremskaffe kommunale utleieboliger.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, viser til at boligpolitikken, sammen med annen velferdspolitikk, skal sikre at de som faller utenfor, får den hjelpen de trenger for å bo godt og trygt.

Et tredje flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det er vesentlig at kommunene vurderer og legger til rette for en helhetlig planlegging, og at nødvendig infrastuktur og fellesgoder kommer på plass i boligområdene til riktig tid. Dette flertallet viser i denne sammenhengen til at regjeringen har varslet at den vil effektivisere plan- og byggesakprosessen, herunder vurdere bruken av rekkefølgekrav.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at de aller fleste husholdninger i Norge eier sin egen bolig. Disse medlemmer mener dette er viktig da eiendomsrett er en grunnlovsfestet rettighet, og den privateide boligmassen i Norge er det fremste beviset på at eiendomsrett for folk flest er hjemmene deres. Eiendomsrett og eierskap til egen bolig er noe disse medlemmer mener skaper engasjement, tilhørighet, frihet og trygghet for enkeltmennesket og familien.

Disse medlemmer mener at en god boligpolitikk er å sikre at boligmarkedet fungerer på en god måte, gjennom blant annet å sørge for at offentlige reguleringer ikke unødig forsinker eller fordyrer boligbygging, raskere saksbehandling av byggesaker og valgfrihet av tilrettelegging ved bygging, og i forhold til om man bygger eierboliger eller leieboliger. Offentlige myndigheter som stat og kommune må sørge for at rammebetingelsene for boligbygging er gode og at det reguleres areal for boligformål. Disse medlemmer mener det vil være uheldig å øke offentlig eierskap i boligmassen, og det vil virke uheldig inn på et boligmarked som i så stor grad består av selveiende husholdninger. Disse medlemmer oppfatter det ikke som en fornuftig målsetting å sosialisere boligmassen.

Disse medlemmer vil understreke at en bolig er mer enn stedet vi bor, det er hjemmet vårt. Derfor er det viktig å legge til rette for at alle har et sted å bo, at det bygges nok boliger og at folk flest får råd til å bo i boligene.

Vi blir stadig flere nordmenn. Disse medlemmer viser til at det bygges for tiden ca. 10 000 boliger for lite hvert år. I tillegg er det en intern flytting i Norge i retning av tettstedene. Det er derfor flere som vil ha bolig enn det er boliger i markedet, og da presses prisene opp. Prisen på eneboliger er firedoblet de siste 20 årene, og prisen på leiligheter er syvdoblet. Dette gjør det utfordrende, spesielt for unge førstegangsetablerende, å komme inn på boligmarkedet.

Disse medlemmer viser til at fire av fem eier sin egen bolig i Norge, noe som er den høyeste eierandelen i Norden, og blant de høyeste i verden. Disse medlemmer ønsker å bygge opp under eierlinjen og «selveierdemokratiet», fordi det at folk flest eier bolig bidrar til høy velstand for et bredt lag av befolkningen. Boligeie gir sterke insentiver til vedlikehold, og er derfor medvirkende til at standarden i boligmassen er svært høy.

Disse medlemmer vil understreke at boligmarkedet styres av tilbud og etterspørsel. Etterspørselen er i dag svært stor i enkelte områder, og disse medlemmer har derfor flere konkrete tiltak for å hjelpe på tilbudssiden. Disse medlemmer mener det viktigste politiske tiltaket er å sørge for at det bygges nok boliger. Her er rammevilkårene for byggenæringen viktig, fordi den bokstavelig talt produserer dine og mine hjem. Mangel på godkjente arealplaner, lite helhetlig planlegging, statlige innsigelser, samt størrelsen på kommunenes tomtereserver og flaskehalser i byggesaksbehandlingen har lenge begrenset boligbyggingen. Dette vil disse medlemmer endre.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet peker på at befolkningsveksten er historisk høy. I tillegg til at denne veksten siden 2005 har vært innvandringsdrevet, er det også stor intern flytting i landet. Prisene i boligmarkedet har økt langt mer enn for andre varer og tjenester. Denne utfordringen merkes best for førstegangsetablererne i boligmarkedet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at boligprisene er høye, og mange grupper holdes i dag utenfor boligmarkedet, spesielt i byområdene. Unge, studenter og førstegangsetablerere møter høye terskler for å kunne stå på egne ben. Stadig strengere krav til bygging av boliger gjør det lite lønnsomt å bygge mindre boliger. Det er behov for en styrket innsats for å stimulere til boligbygging i pressområdene, slik at flere får anledning til å kjøpe og eie egen bolig.

Disse medlemmer mener det ordinære kredittmarkedet, der solide banker sørger for boliglån til boligkjøpere, skal være den viktigste forutsetning for at vanlige mennesker kan anskaffe bolig og bli selveiere. Det skjerpede kravet til egenkapital legger mer vekt på sparehistorikk enn nåværende og fremtidig gjeldsbetjeningsevne i husstanden, og har ført til et stort press mot Husbankens startlånordning. Grupper som normalt kunne fått lån i vanlig bank, blir presset over i Husbankens startlånordning. Derfor bør gjeldsgraden til en låntaker i større grad være gjenstand for individuell vurdering av nåværende og fremtidig evne til å betale lån og avdrag, snarere enn sparehistorikk.

Disse medlemmer viser til at mange studenter opplever at det ved studiestart er vanskelig å få tak i egnet bolig. Tilgangen på studentboliger er begrenset, og det er også et betydelig press i leiemarkedet i de store byene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet i sitt alternative statsbudsjett for 2013 fremmet forslag om å bygge 1 000 flere studentboliger enn regjeringen, men ble nedstemt.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre har foreslått å legge til rette for flere studentboliger, som for eksempel ved å fjerne kostnadstaket for bygging av studentboliger, og å bygge langt flere studentboliger i pressområdene enn det det er lagt opp til i 2013.

Samtidig vil komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre benytte Husbanken som et nyttig redskap for å supplere det ordinære kredittmarkedet ved å stille til disposisjon lånemidler for å gjøre boligmarkedet tilgjengelig for flere ut fra boligsosiale hensyn.

Disse medlemmer mener Husbanken også er viktig i den allmenne boligforsyningen i vanskelige tider.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at for å få bygget flere boliger må det handles på flere nivåer. På det statlige nivå må bruken av innsigelser koordineres og begrenses. Brukerne av innsigelse må pålegges gjennom instruks å holde seg til plan- og bygningsloven som sier at innsigelse bare skal brukes når nasjonale eller sterke regionale interesser er på spill. Samtidig mener disse medlemmer at byråkratiet og kravene i planleggingsprosessen må forenkles.

Disse medlemmer mener at lokale og regionale boligprosjekter må utløse statlige investeringer i infrastruktur, og vi må bygge enkel, rask og miljøvennlig transport til nye utbyggingsområder. Går tog og bane oftere og fortere, og blir veiene bedre, kan man bosette seg lenger unna jobb og boligmarkedet blir større, noe som vil virke avlastende og prisutjevnende på boligmarkedet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener det er vesentlig for å nå målet om billigere boliger, at byggenæringen kan kutte sine kostnader. Byggenæringen må også selv bidra til mer rasjonell produksjon. I dag er det 22 000 boliger som er klare til å bli bygget på ferdigregulerte tomter bare i Oslo. Likevel er utbyggere tilbakeholdne fordi den statlige politikken gir usikkerhet.

Disse medlemmer har erfart at byggenæringen har et ønske om å bygge flere boliger raskere. Daglig møter imidlertid næringen utfordringer som står i veien for næringens behov. Bedriftenes hverdag er preget av et byråkratisert samfunn dominert av skjemaer, rapporteringer og innsigelser fra en rekke offentlige organer som ikke er samkjørte i sine innspill. Dette gjelder små prosjekter, men særlig gjør det seg gjeldende for store og viktige prosjekter i og rundt byene. Prosjekter som er helt avgjørende for at vi skal kunne møte befolkningsveksten som kommer.

Disse medlemmer viser til at årlig koster det såkalte skjemaveldet norske bedrifter over 60 mrd. kroner. Disse medlemmer vil redusere næringslivets totale administrative byrder med 25 pst. Dette skal særlig skje gjennom forenklinger i regnskaps- og bokføringsregelverket, i aksjeloven, samt i bedriftenes innrapporterings- og statistikkforpliktelser.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti mener regjeringen dessverre ikke har ført en aktiv boligpolitikk, og viser til at det de siste årene har vært en betydelig avstand mellom byggede boliger, og behovet for bolig. Disse medlemmer er derfor positive til at det nå kommer en stortingsmelding om boligpolitikken, men mener at meldingen dessverre blir for vag, der en for stor del av tiltakene består i å videreføre nåværende politikk. Disse medlemmer mener at det i meldingen dessverre ikke fremmes konkrete nok tiltak for å løse den situasjonen Norge står overfor.

Disse medlemmer viser til at det i 2011 kun ble bygget 28 000 nye boliger, til tross for at Prognosesenteret anslår det årlige boligbehovet til ca. 38 000 nye boliger. Disse medlemmer frykter at den lave boligbyggingen vil føre til en videre oppheting av et allerede opphetet boligmarked. Disse medlemmer viser til at administrerende direktør Baard Schumann i Selvaag Bygg har uttalt til Finansavisen at boligprisene kunne vært 10–20 pst. lavere dersom regjeringen hadde ført en aktiv boligpolitikk.

Disse medlemmer mener samferdselsprosjekter må planlegges slik at det stimuleres til at utbyggingsmønsteret rettes mot sentrale kollektivknutepunkt i byer og tettsteder og mot sentrumsnære områder med muligheter for utbygging med mindre arealkonflikter.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at forvaltningen av boligpolitikken er spredt på mange departementer og statlige etater – dette skaper en fragmentert boligpolitikk. Det er viktig å sørge for en mer strømlinjeformet og helhetlig boligpolitikk på statlig nivå, slik at det bedre tilrettelegges for bygging av flere boliger. Disse medlemmer mener derfor at boligforvaltningen bør samles i ett departement.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener at egen bolig i et trygt bomiljø er et av de viktigste velferdsgodene i samfunnet. Selv om en i Norge har høy boligstandard, finnes det fortsatt mennesker uten fast bolig. Dette medlem mener at hovedmålet i boligpolitikken derfor må være å legge til rette for et stabilt boligmarked der alle får mulighet til å bo i egen bolig. Dette medlem mener at det å ha et sted å bo er grunnleggende for å kunne fungere i dagens samfunn, og at bolig dermed er ett av fundamentene i den norske velferdspolitikken.

Dette medlem mener det er behov for nye grep for å få flere boliger, samtidig som det er viktig å unngå byspredning av hensyn til klima, jordvern og sosial kapital. Norges bolig- og byutviklingspolitikk er ikke bærekraftig. Dette medlem viser til at det aldri har vært en høyere befolkningsvekst enn nå, med en vekst i 2011 på 65 000 personer eller 1,3 pst. Dette medlem viser til at befolkningen i 2012 passerte 5 millioner innbyggere, og at omtrent fire av fem nordmenn bor i byer og tettsteder. Dette medlem viser til at det er i byer og tettsteder veksten er sterkest.

Dette medlem viser til at boligprisene har firedoblet seg siden 1993 og nå er høyere enn noen gang i norsk historie. Denne økningen skyldes ikke bare befolkningsveksten, men også veksten i norsk økonomi, lav rente og endrede familiemønstre som har gitt flere enkeltpersonshusholdninger og dermed flere husholdninger totalt og økt etterspørsel etter boliger.

Dette medlem mener det er nødvendig å drøfte behovet og mulighetene for en mer bærekraftig boligpolitikk, og peker på at bærekraftighet ikke bare handler om å bygge hus med bærekraftige materialer, men også om byer og tettsteders design. Dette medlem mener det må tilstrebes en by- og tettstedsutvikling som i større grad legger til rette for at vi kan bo, arbeide og handle på samme sted.

Dette medlem peker på at fortetting og høyere hus er viktigst i de store byene, men også mindre tettsteder må utnytte sentraene bedre til boliger, næringsbygg, butikker og restauranter. Dette medlem viser til at det i dag dessverre er altfor mange eksempler på mindre byer og tettsteder som planlegger på en måte som ikke er forenlig med hensynet til klima, jordvern og velfungerende lokalsamfunn. Dette medlem mener det derfor er behov for skjerpede, statlige retningslinjer om fortetting som også gjelder for mindre tettsteder.