2. Produktavgift på førstehåndsomsetning av fisk
Av næringsinntekt skal det normalt svarast 11 pst. trygdeavgift, medan satsen er 7,8 pst. for lønsinntekt. Næringsdrivande i fiskerinæringa betalar også 7,8 pst. trygdeavgift. Mellomlegget opp til 11 pst. blir dekt av ei særskilt produktavgift. Produktavgifta skal, forutan å dekkje mellomlegget i trygdeavgifta, òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidsledige i næringa. Det skal svarast produktavgift av all fangst frå norskregistrerte fartøy. I statsbudsjettet for 2013 blei det vedteke å setje produktavgifta til 2,6 pst. for 2013. I brev 12. april 2013 tilrår Fiskeri- og kystdepartementet at satsen blir oppjustert til 3 pst. frå og med 1. juli 2013.
Fiskeri- og kystdepartementet har vidare opplyst at produktavgifta har eit akkumulert overskot per 1. januar 2013 på 71,9 mill. kroner. Årsaka er i hovudsak at førstehandsverdien i 2011 var langt høgare enn det som blei lagt til grunn ved fastsetjing av produktavgifta for 2011. I 2012 var inntekter og utgifter om lag i balanse. Ifølgje berekningar frå Fiskeri- og kystdepartementet er differansen i avgiftsinntekter mellom ein sats på 3,5 pst. og ein sats på 3 pst. 65 mill. kroner. Eit prinsipp for produktavgifta er kostnadsdekking over tid.
Finansdepartementet foreslår derfor å auke produktavgifta til 3 pst. frå 1. juli 2013, i tråd med forslag og berekningar frå Fiskeri- og kystdepartementet. Det blir vist til forslag til vedtak om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringa for 2013.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.