Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Virksomheten til Norges Bank i 2012

Etter lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbanklova) § 1 fyrste ledd skal Noregs Bank vera utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken skal òg forvalta Statens pensjonsfond utland (SPU) og sine eigne valutareservar. Etter sentralbanklova § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggja desse dokumenta fram for Kongen og kunngjera dei for Stortinget. Årsmeldinga frå Noregs Bank for 2012 følgjer i tillegg til bankens eigen rapport om forvaltninga av SPU i 2012 som uprenta vedlegg til denne meldinga.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden snarast råd etter å ha fått papira senda årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, fråsegn frå representantskapet om protokollar frå hovudstyret og eventuelle fråsegner om andre tilhøve som gjeld banken, til Riksrevisjonen. Det følgjer òg at statsråden skal greia ut for Riksrevisjonen om korleis styringsretten som ligg hjå departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, har vore nytta. Departementet sender årsrekneskapen til Riksrevisjonen når departementet har fått han frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og i saker der ein lèt vera å instruera. Finansministeren gjev ei særskild utgreiing om verksemda i Noregs Bank til Riksrevisjonen.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva Noregs Bank har med å forvalta SPU, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og eit særskilt mandat fastsett av Finansdepartementet. Forvaltninga av Statens pensjonsfond vert omtala i ei særskild melding til Stortinget, jf. Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012.

Under punkt 7.5 i meldinga vert utøvinga av pengepolitikken i 2012 vurdert. Pengepolitikken i tidlegare år er drøfta i finansmarknadsmeldingane for dei respektive åra. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2012 og dessutan vurderingar frå nokre andre institusjonar. Departementet sine vurderingar kjem til slutt.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.

Komiteen tar omtalen til orientering.

Komiteen viser til at Norges Banks hovedstyre leder den utøvende og rådgivende virksomheten til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med bankens drift og med at reglene for bankens virksomhet blir fulgt. Representantskapet har sitt eget sekretariat, og det fastsetter Norges Banks regnskap og vedtar budsjettet. Komiteen viser til at det de siste årene har skjedd flere endringer som gjelder representantskapet. I 2009 ble tilsyns- og kontrollansvaret til representantskapet presisert i sentralbankloven, og fra 2010 skal representantskapet ikke sende meldingen om sin virksomhet til Finansdepartementet, men direkte til Stortinget.

Komiteen mener det er viktig at det løpende vurderes hvordan tilsynet med bankens virksomhet kan utvikles videre, herunder representantskapets rolle.

Komiteen viser for øvrig sine merknader i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond 2012 og Dokument 9 (2012–2013) Rapport til Stortinget fra Norges Banks representantskap for 2012.