Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

10. Virksomheten til Statens finansfond 2012

Statens finansfond (Finansfondet) vart skipa 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009. Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009. Finansdepartementet legg opp til at Statens finansfond vert avvikla i 2014, sjå nærare omtale i avsnitt 3.2.4.

Målet med Finansfondet er å «bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggja særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruera fondet.

Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september 2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.

Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet, representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosentpoeng. Alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.

Komiteen tar omtalen til orientering.

Komiteen viser til at Statens finansfond ble etablert som et midlertidig tiltak for å bidra med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette dem i bedre stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet gjennom finanskrisa. Komiteen merker seg at Statens finansfond per 14. januar 2013 hadde kapitalinnskudd på 484 mill. kroner fordelt på 14 banker, og at fondet legger til grunn at flere av bankene trolig vil løse inn kapitalinnskuddene før årsskiftet 2013/2014. Komiteen slutter seg på denne bakgrunn til regjeringens plan om at Statens finansfond avvikles første kvartal 2014, og at forvaltningen av gjenstående engasjementer overføres Folketrygdfondet.