Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens melding om verksemda i 2012

Dette dokument

  • Innst. 400 S (2012–2013)
  • Kildedok: Dokument 2 (2012–2013)
  • Dato: 04.06.2013
  • Utgiver: kontroll- og konstitusjonskomiteen
  • Sidetall: 4
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte inn slik det er føresett, og at statlege midlar og verdiar blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader.

Visjonen for den inneverande strategiperioden, 2010–2014, er å «bidra effektivt til Stortingets kontroll og fremme god forvaltning». Det er definert fem strategiske hovudmål for perioden:

  • Riksrevisjonen har allmenn tillit, og rolla og oppgåvene er godt kjende i Stortinget og forvaltninga.

  • Revisjonen blir gjennomført på ein einskapleg måte og held høg fagleg kvalitet.

  • Riksrevisjonen har kompetanse til å gjennomføre arbeidsoppgåvene på ein effektiv og tilfredsstillande måte.

  • Riksrevisjonen er ein leiande aktør innan utvikling av offentleg revisjon internasjonalt.

  • Riksrevisjonen er ein god arbeidsplass som trekkjer til seg og held på kompetente og engasjerte medarbeidarar.

Ipsos MMI gjennomførte på oppdrag av Riksrevisjonen ei opinionsundersøking i 2012. Resultatet viste mellom anna at 84 pst. meiner at Riksrevisjonen har høgt truverde og høg integritet.

I PR-barometeret Samfunn 2012 scorar Riksrevisjonen høgare på alle dei fire omdømmespørsmåla i undersøkinga enn det som er gjennomsnittet for statlege institusjonar.

Brukarundersøkingar i forvaltninga som blei gjennomførte etter at revisjonsresultata i alle dei tre revisjonstypane var lagde fram, viser gode resultat. Særleg blir dialogen med Riksrevisjonen opplevd som god, og dei tilsette i Riksrevisjonen blir oppfatta som profesjonelle og kompetente.

Ein stor del av forvaltninga (82 pst. av respondentane) meiner at Riksrevisjonen har tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføre oppgåvene sine, jf. dei nemnde brukarundersøkingane.

I 2012 arrangerte Riksrevisjonen åtte pressekonferansar i samband med offentleggjering av dokument.

Mediestatistikken viser at omtalen av Riksrevisjonen var større i 2012 enn i 2011. Dei mest omtalte rapportane i 2012 dreidde seg om kontrollen med forvaltninga av statlege selskap for 2010, undersøkinga av korleis politiet arbeider med vinningskriminalitet, undersøkinga om effektiv ressursutnytting i Nav, undersøkinga av havbruksforvaltninga og rapporten om den årlege revisjonen og kontrollen for budsjettåret 2011. Den negative omtalen av Riksrevisjonen har gått ned frå 5 pst. i 2011 til 3 pst. i 2012.

Opinionsundersøkinga viser at journalistane er svært tilfredse med kommunikasjonsarbeidet til Riksrevisjonen

Den årlege finansielle revisjonen for rekneskapsåret 2011 omfatta 17 departement og statsministerens kontor, med til saman 218 underliggjande etatar, i tillegg til Stortinget og tre verksemder som ligg under Stortinget.

Resultata frå brukarundersøkinga om rekneskapsrevisjon for rekneskapsåret 2011 byggjer på svar frå 196 reviderte verksemder og departement. Alle dei fire måla er nådde med god margin. Resultata viser også ei gledeleg utvikling på to av måla, med ytterlegare forbetringar av resultatnivået frå året før.

Resultata frå brukarundersøkinga om selskapskontrollen for rekneskapsåret 2011 er utarbeidde på grunnlag av svar frå 24 respondentar – departement og statsføretak/selskap som har vore gjenstand for utvida kontroll.

Den beste måloppnåinga får dei utvida kontrollane på målet om god dialog med forvaltninga. Forvaltninga er i hovudsak fornøgd med informasjonen dei får, og meiner Riksrevisjonen kommuniserer på ein sakleg og balansert måte. I gjennomgangen av brukarundersøkingane er det likevel identifisert nokre forslag til ei ytterlegare styrking av kommunikasjonen.

Dårlegast og mest varierande resultat har det vore på målet om god rettleiing. Heller ikkje når det gjeld presentasjonen av revisjonsresultat, er måloppnåinga tilfredsstillande. Riksrevisjonen vil leggje vekt på desse momenta særskilt i tida framover.

I 2012 sende Riksrevisjonen 15 forvaltningsrevisjonar til Stortinget. Desse forvaltningsrevisjonane dokumenterer svak måloppnåing, låg effektivitet og/eller svak forvaltningspraksis på dei undersøkte områda. På ulike måtar er det også eit gjennomgåande tema at forvaltninga bør tilpasse styringa, oppfølginga og kontrollen betre til dei måla og krava som gjeld for verksemda eller området.

Riksrevisjonen følgjer opp alle forvaltningsrevisjonar som er behandla i Stortinget, ved å kontrollere at forvaltninga har sett i verk tiltak for å rette opp påviste manglar. Dette skjer normalt tre år etter stortingsbehandlinga. Resultata blir presenterte for Stortinget i det årlege Dokument 3:1.

Resultata frå brukarundersøkinga i 2012 om forvaltningsrevisjonen er utarbeidde på grunnlag av 16 rapportar og svar frå 26 respondentar – i 17 departement og 9 verksemder.

Forvaltningsrevisjonen når måla på to av dei fire målområda. Dei dårlegaste og mest varierande resultata har vore på målet om god rettleiing. Heller ikkje når det gjeld presentasjon av revisjonsresultat, er måloppnåinga tilfredsstillande. Riksrevisjonen har tru på at det nye formatet for Dokument 3 vil gjere formidlinga av revisjonsresultata betre. Samtidig vil Riksrevisjonen leggje vekt på at resultata av revisjonen blir presenterte på ein balansert måte.

Riksrevisjonen har som strategisk mål for det internasjonale engasjementet å vere ein leiande aktør innan utvikling av offentleg revisjon internasjonalt.

Riksrevisjonen har som mål aktivt å søkje oppdrag som ekstern revisor i internasjonale organisasjonar som er viktige for Noreg. I tråd med prinsippa til INTOSAI ønskjer Riksrevisjonen gjennom dette arbeidet å påverke til større openheit og betre forvaltning i dei mange internasjonale organisasjonane som Noreg er medlem av.

Riksrevisjonen har som intensjon kontinuerleg å ha fem–åtte oppdrag som ekstern revisor i internasjonale organisasjonar.

I 2012 avslutta Riksrevisjonen leiinga av eit internasjonalt team som gjennomførte fagfellevurderinga av den finske riksrevisjonen. Riksrevisjonen har i 2012 også delteke i fagfellevurdering av forvaltningsrevisjonen i den islandske riksrevisjonen.

INTOSAI har vedteke eit felles rammeverk for standardar og retningslinjer for offentleg revisjon som gjer det mogleg for alle riksrevisjonar å utføre revisjon etter dei same standardane. Riksrevisjonen har tidlegare vore med på å utvikle dei internasjonale standardane (ISSAI) for dei ulike revisjonstypane, og er òg med i arbeidet med å implementere dette rammeverket.

Riksrevisjonen har også i 2012 hatt koordineringsansvar for eit prosjekt innan miljøansvarleg, berekraftig informasjonsteknologi (Green IT) og delteke i prosjekt knytte til nettskya (Cloud Computing) og optimalisering av ikt-ressursar i offentleg sektor. I 2012 har den europeiske ikt-arbeidsgruppa bistått medlemmene med å gjere ei eigenvurdering av korleis ikt-revisjon er organisert og utført i riksrevisjonar, og Riksrevisjonen har vore med på å oppdatere rammeverket for eigenvurderingar.

I miljøarbeidsgruppa til INTOSAI har Noreg i 2012 hatt ansvaret for å leie eit prosjekt for utarbeiding av ein rettleiar om integrering av perspektivet om mislegheiter i revisjon av miljø- og ressursforvaltning. Rettleiaren skal publiserast i juni 2013.

Riksrevisjonen blei i 2006 medlem av INTOSAIs arbeidsgruppe for institusjonsutvikling av riksrevisjonar for å styrkje kompetansen sin i samband med at denne typen utviklingssamarbeid blei eit satsingsområde for Riksrevisjonen. Gruppa har utvikla fleire rettleiingar for korleis ein best utviklar riksrevisjonar og stimulerer til større grad av samordning av kapasitetsbyggingsaktivitetar mellom medlemmene i INTOSAI.

Målet for utviklingssamarbeidet er å bistå riksrevisjonar i utviklingsland og overgangsland, slik at dei kan bidra meir effektivt til å fremme godt styresett. I dette arbeidet tek Riksrevisjonen utgangspunkt i dei internasjonale standardane for offentleg revisjon, i tillegg til døme på velfungerande regionale løysingar, og gir opplæring og rettleiing innan ulike revisjonsformer og styrking av institusjonane.

Riksrevisjonen hadde i 2012 samarbeid med riksrevisjonane i Makedonia, Malawi, Nepal, Uganda og Zambia og ein institusjonell partnarskap med sekretariatet for engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika (AFROSAI-E). Samarbeidet med riksrevisjonen i Serbia blei avvikla i 2012, på bakgrunn av at landet no har inngått eit omfattande samarbeid med EU.

Ein del av bistanden blir gitt gjennom rådgivarar frå Riksrevisjonen som arbeider i andre riksrevisjonar/samanslutningar over fleire år. Det gjeld bistanden til Malawi, Zambia og AFROSAI-E. Resten av bistanden blir gitt i form av korttidsoppdrag som varer nokre veker.

Riksrevisjonen varslar at dei vil vere særleg merksam på og følgje med på desse områda i åra framover:

  • Berekrafta i offentlege velferdsordningar

  • Økonomiske rammer og effektiv ressursbruk i staten

  • Kommunal tenesteproduksjon

  • Ikt

  • Helse og omsorg

  • Samfunnstryggleik og beredskap

  • Forsvarssektoren

  • Samferdsel

  • Kunnskapsområdet

  • Økonomisk kriminalitet

  • Globalisering

  • Miljø- og klimautfordringar

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Per Rune Henriksen, Martin Kolberg og Marit Nybakk, fra Fremskrittspartiet, lederen Anders Anundsen, Ulf Erik Knudsen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Per-Kristian Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, og fra Venstre, Trine Skei Grande, viser til Riksrevisjonens årsmelding for 2012. Meldingen gjør rede for Riksrevisjonens rammevilkår, styringssystem og måloppnåelse i 2012. Komiteen har merket seg at Riksrevisjonens visjon er å «bidra effektivt til Stortingets kontroll og fremme god forvaltning», og videre at det er definert fem strategiske hovedmål for perioden 2010–2014. Disse handler i all hovedsak om at Riksrevisjonen skal etterstrebe allmenn tillit og at dens rolle og mål er godt kjent i Stortinget og forvaltningen, at revisjonen blir gjennomført på en enhetlig måte og holder høy faglig kvalitet, at Riksrevisjonen har kompetansen som skal til for å gjennomføre arbeidsoppgavene på en effektiv og tilfredsstillende måte, at den er en ledende aktør internasjonalt og en god arbeidsplass. Etter komiteens oppfatning viser årsmeldingen at Riksrevisjonen arbeider iherdig og målrettet for visjonen og hovedmålene.

Komiteen har videre merket seg at Riksrevisjonen i ulike opinionsundersøkelser scorer svært høyt på både troverdighet, integritet, profesjonalitet og kompetanse. Komiteen har også merket seg at forvaltningen i det store og hele synes å være tilfreds med det arbeidet Riksrevisjonen utfører. Brukerundersøkelsen har dokumentert at forvaltningen særlig opplever god dialog med Riksrevisjonen. Det kommer også frem at 82 prosent av respondentene i forvaltningen opplever at Riksrevisjonen har tilstrekkelig kompetanse i gjennomføringen av oppgavene.

Komiteen har merket seg at brukerundersøkelsene fra Riksrevisjonens arbeid med selskapskontroll og forvaltningsrevisjon er nokså sammenfallende. Riksrevisjonen har et varierende resultat på måloppnåelsen på to punkt: god rettledning og presentasjon av revisjonsresultat. Komiteen er tilfreds med at Riksrevisjonen vil legge vekt på å forbedre disse to punktene.

I 2012 sendte Riksrevisjonen 15 forvaltningsrevisjonsrapporter til Stortinget. Disse forvaltningsrevisjonene dokumenterer svak måloppnåelse, lav effektivitet og/eller svak forvaltningspraksis på de undersøkte områdene. På ulike måter er det også et gjennomgående tema at forvaltningen bør tilpasse styringen, oppfølgingen og kontrollen bedre til de mål og krav som gjelder for virksomhetene eller området.

Komiteen har merket seg at Riksrevisjonen deltar i en rekke internasjonale aktiviteter og konstaterer at det er i pakt med Riksrevisjonens målsetting om å være en ledende aktør innen utvikling av offentlig revisjon internasjonalt. Komiteen er tilfreds med arbeidet som legges ned fra Riksrevisjonens side for å medvirke til større åpenhet og bedre forvaltning i de internasjonale organisasjonene som Norge er medlem av.

Komiteen har også merket seg det utstrakte arbeidet som blir utført av Riksrevisjonen i forbindelse med bistand til utvikling av riksrevisjoner i andre land. Komiteen mener dette er et viktig arbeid for å fremme bedre og mer effektivt styresett i utviklingsland.

Komiteen ser at Riksrevisjonen har et unikt ståsted overfor forvaltningen. Det er av avgjørende betydning at Riksrevisjonen følger med på de reformer, utviklingsprosesser og planer som til enhver tid skjer i norsk forvaltning. Etter komiteens oppfatning er det også viktig at Riksrevisjonen tar tak i problemstillinger og utfordringer som går på tvers av departementene. Komiteen viser til at Riksrevisjonen har listet opp utviklingstrekk innen forvaltningen som vil ha betydning for revisjonen fremover. Dette omfatter bærekraften i offentlige velferdsordninger, økonomiske rammer og effektiv ressursbruk i staten, kommunal tjenesteproduksjon, ikt, helse og omsorg, samfunnssikkerhet og beredskap, forsvarssektoren, samferdsel, kunnskapsområdet, økonomisk kriminalitet, globalisering og miljø- og klimautfordringer. Komiteen gir sin tilslutning til at Riksrevisjonen retter spesiell oppmerksomhet mot disse store og viktige områdene i årene fremover. Dette er viktig for å sikre at Stortingets målsettinger nås. Samtidig vil komiteen understreke at det er viktig at Riksrevisjonen har nødvendig fleksibilitet i sin organisering til å fange opp nye utfordringer og problemområder som kanskje ikke inngår i planverket.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Dokument 2 (2012–2013) – Riksrevisjonens melding om verksemda i 2012 – vedlegges protokollen.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 4. juni 2013

Anders Anundsen

Martin Kolberg

leder

ordfører