Innstilling fra næringskomiteen om Noregs deltaking i europeiske romprogram
Dette dokument
- Innst. 278 S (2012–2013)
- Kildedok: Prop. 74 S (2012–2013)
- Dato: 30.04.2013
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I proposisjonen gjer Nærings- og handelsdepartementet greie for forpliktingane Noreg tok på seg på ministerrådsmøtet i den europeiske romorganisasjonen ESA i Napoli 20. og 21. november 2012. Forpliktingane vart gjorde under føresetnad av at Stortinget samtykte. Det blir gjort greie for kva følgjer desse forpliktingane får for statsbudsjettet for 2013.
Den geografiske plasseringa, topografien og dei store havområda våre gjer at Noreg har særleg stor nytte av rombasert infrastruktur. Slik infrastruktur er i dag heilt avgjerande for ei forsvarleg og effektiv drift av samfunnet.
Romverksemd inneber avansert utviklingsarbeid og store og kostbare system som få land er i stand til å realisere på ein effektiv måte på eiga hand. Som dei fleste land må Noreg derfor basere seg på internasjonalt samarbeid om vi skal kunne utvikle den rombaserte infrastrukturen samfunnet vårt er avhengig av. Den viktigaste plattforma for norsk romverksemd er deltakinga i den europeiske romorganisasjonen ESA. Vidare deltek Noreg i EU-programma Galileo (satellittnavigasjon) og Copernicus (jordobservasjon) og i bilateralt samarbeid med ei rekkje land.
Kjenneteikn ved romverksemda er at teknologiutvikling, brukarinteresser og strategiske omsyn er ein del av nær sagt alle prosjekt, og at ringverknadene av verksemda ofte viser seg på fleire område både innanfor og utanfor romverksemda.
Norsk Romsenter vart oppretta i 1987 og er eit statleg forvaltningsorgan under Nærings- og handelsdepartementet. Norsk Romsenter forvaltar den norske medlemskapen i ESA og følgjer opp andre saker som gjeld nasjonal og internasjonal romverksemd.
Ministerrådsmøtet er det øvste organet i ESA og blir normalt halde kvart tredje år. Under ministerrådsmøta tek medlemslanda stilling til finansielle bidrag og andre overordna føringar for organisasjonen. Det finansielle bidraget frå medlemslanda til ESA er todelt. Den obligatoriske kontingenten er knytt til netto nasjonalinntekta (NNI) til landa og skal finansiere administrasjonen og vitskapsprogrammet til ESA. I tillegg kan landa forplikte seg til deltaking i ulike frivillige program. Det er særleg desse programma som er av interesse for Noreg, ettersom dei omfattar område der vi har store industriinteresser (f.eks. satellittkommunikasjon) eller brukarinteresser (f.eks. jordobservasjon).
I Prop. 1 S (2012–2013) kap. 922 Romvirksomhet vart det informert om at vedtaka på ministerrådsmøtet ville kunne føre til endringar i løyvingane til ESA-programma. For å dekkje inn utbetalingar i 2013 som ville komme som følgje av nye forpliktingar, vart det løyvd 113,6 mill. kroner.
Under ministerrådsmøtet i Napoli tok Noreg på seg nye forpliktingar på 144,42 mill. euro med utbetalingar fram til 2022. Det vart teke atterhald om at Stortinget samtykte.
Dei viktigaste årsakene til norsk engasjement i nasjonal og internasjonal romverksemd har vore omsynet til industri- og teknologiutvikling, og at ein vil bidra til å dekkje nasjonale brukarbehov. Med utgangspunkt i dette vart dei norske deklarasjonane under ministerrådsmøtet fordelte på program som gir gode industrielle moglegheiter for norske verksemder, eller som gir store bidrag til nasjonale behov, først og fremst innan meteorologi og miljø- og jordobservasjon.
Tabellen nedenfor viser norske økonomiske forpliktelser til ESA-programmene.
Nye norske deklarasjonar til ESA-program
Område | Program | mill. euro | Periode |
Teknologiutvikling og innovasjon | GSTP Period 6 | 25,40 | 2013–2020 |
PRODEX | 6,70 | 2013–2015 | |
Satellittkommunikasjon | ARTES (Advanced Research and | ||
Telecommunication System) | 33,08 | 2013–2020 | |
Satellittnavigasjon | European GNSS Evolution | 3,61 | 2013–2015 |
Jordobservasjon | Earth Observation Envelope Programme Period 4 | 22,40 | 2013–2021 |
MetOp Second Generation | 18,64 | 2013–2022 | |
GMES Space Component Segment 3 | 4,05 | 2013–2020 | |
Climate Change Initiative | 3,00 | 2013–2014 | |
Romstasjon, mikrogravitasjon og utforsking av solsystemet | ISS Exploitation Phase 2 | 6,59 | 2014–2018 |
ELIPS Period 4 | 3,10 | 2013–2017 | |
Aurora ExoMars | 0,30 | 2013–2019 | |
Aurora Mars Robotic Exploration Preparation | 0,69 | 2013–2017 | |
Romovervaking | Space Situational Awareness Period 2 | 4,00 | 2013–2016 |
Romtransport | Adapted Ariane 5 ME and Ariane 6 Activities | 6,50 | 2013–2016 |
Launchers Exploitation Accompaniment Programme | 2,37 | 2013–2015 | |
FLPP Period 3 | 4,00 | 2013–2016 | |
Sum | 144,42 |
Deltakinga i nye ESA-program får ingen administrative følgjer og blir teken hand om av den eksisterande administrasjonen i Norsk Romsenter.
Forventa utbetalingsprofil for forpliktingane som vart inngått ved ministerrådsmøtet i Napoli
År | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020–2022 | Sum | |
Nye frivillige program, Napoli 2012 | euro | 14,2 | 22,4 | 27,4 | 26,3 | 19,9 | 15,9 | 9,5 | 8,9 | 144,4 |
kroner | 108,3 | 170,4 | 208,3 | 200,0 | 151,5 | 121,2 | 72,0 | 67,4 | 1 099,1 |
Av forpliktingane som er inngått i Napoli, skal 14,2 mill. euro utbetalast i 2013.
På ministerrådsmøtet i Napoli vart det inngått forpliktingar på 144,42 mill. euro. Desse kjem i tillegg til forpliktingar som var inngått tidlegare. Ved inngangen til 2013 utgjorde dette 49,08 mill. euro. Dei samla forpliktingane utgjer dermed 193,5 mill. euro. For 2013 er det vedteke ei løyving på 36,97 mill. euro. Ut frå dette er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 156,53 mill. euro for 2013.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Torgeir Dahl og Svein Flåtten, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, bemerker at norsk deltagelse i europeiske romprogram er viktig både for å gi oss nødvendig teknologisk infrastruktur, men også for norsk næringsliv og norske forskningsmiljøer som drar synergier av dette. Komiteen ser at dette samarbeidet gir store ringvirkninger som brer seg langt ut i norsk næringsliv og forskningsmiljøer.
Komiteen merker seg at proposisjonen er en redegjørelse for de forpliktelser Norge har påtatt seg ved ministerrådsmøtet i den europeiske romorganisasjonen ESA i Napoli 20. og 21. november 2013. Regjeringen varslet i Prop. 1 S (2012–2013), statsbudsjettet, at vedtak gjort på ministerrådsmøtet kunne føre til behov for tilleggsbevilgninger, og redegjør for disse behovene i denne proposisjonen. Forpliktelsene er inngått under forutsetning av Stortingets godkjennelse.
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Tilsegnsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 2013 kan gi tilsegn om tilskot på 156,53 mill. euro utover gitt løyving under kap. 922 post 71 for å delta i dei frivillige programma til den europeiske romorganisasjonen ESA. Samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar skal likevel ikkje overstige 193,5 mill. euro.
Oslo, i næringskomiteen, den 30. april 2013
Terje Aasland |
Frank Bakke-Jensen |
leder |
ordfører |