I proposisjonen gjer Nærings- og handelsdepartementet
greie for forpliktingane Noreg tok på seg på ministerrådsmøtet i
den europeiske romorganisasjonen ESA i Napoli 20. og 21. november
2012. Forpliktingane vart gjorde under føresetnad av at Stortinget
samtykte. Det blir gjort greie for kva følgjer desse forpliktingane
får for statsbudsjettet for 2013.
Den geografiske plasseringa, topografien og
dei store havområda våre gjer at Noreg har særleg stor nytte av
rombasert infrastruktur. Slik infrastruktur er i dag heilt avgjerande
for ei forsvarleg og effektiv drift av samfunnet.
Romverksemd inneber avansert utviklingsarbeid og
store og kostbare system som få land er i stand til å realisere
på ein effektiv måte på eiga hand. Som dei fleste land må Noreg
derfor basere seg på internasjonalt samarbeid om vi skal kunne utvikle
den rombaserte infrastrukturen samfunnet vårt er avhengig av. Den
viktigaste plattforma for norsk romverksemd er deltakinga i den
europeiske romorganisasjonen ESA. Vidare deltek Noreg i EU-programma
Galileo (satellittnavigasjon) og Copernicus (jordobservasjon) og
i bilateralt samarbeid med ei rekkje land.
Kjenneteikn ved romverksemda er at teknologiutvikling,
brukarinteresser og strategiske omsyn er ein del av nær sagt alle
prosjekt, og at ringverknadene av verksemda ofte viser seg på fleire
område både innanfor og utanfor romverksemda.
Norsk Romsenter vart oppretta i 1987 og er eit statleg
forvaltningsorgan under Nærings- og handelsdepartementet. Norsk
Romsenter forvaltar den norske medlemskapen i ESA og følgjer opp
andre saker som gjeld nasjonal og internasjonal romverksemd.
Ministerrådsmøtet er det øvste organet i ESA
og blir normalt halde kvart tredje år. Under ministerrådsmøta tek
medlemslanda stilling til finansielle bidrag og andre overordna
føringar for organisasjonen. Det finansielle bidraget frå medlemslanda
til ESA er todelt. Den obligatoriske kontingenten er knytt til netto
nasjonalinntekta (NNI) til landa og skal finansiere administrasjonen
og vitskapsprogrammet til ESA. I tillegg kan landa forplikte seg
til deltaking i ulike frivillige program. Det er særleg desse programma
som er av interesse for Noreg, ettersom dei omfattar område der
vi har store industriinteresser (f.eks. satellittkommunikasjon)
eller brukarinteresser (f.eks. jordobservasjon).
I Prop. 1 S (2012–2013) kap. 922 Romvirksomhet
vart det informert om at vedtaka på ministerrådsmøtet ville kunne
føre til endringar i løyvingane til ESA-programma. For å dekkje
inn utbetalingar i 2013 som ville komme som følgje av nye forpliktingar,
vart det løyvd 113,6 mill. kroner.
Under ministerrådsmøtet i Napoli tok Noreg på seg
nye forpliktingar på 144,42 mill. euro med utbetalingar fram til
2022. Det vart teke atterhald om at Stortinget samtykte.
Dei viktigaste årsakene til norsk engasjement
i nasjonal og internasjonal romverksemd har vore omsynet til industri-
og teknologiutvikling, og at ein vil bidra til å dekkje nasjonale
brukarbehov. Med utgangspunkt i dette vart dei norske deklarasjonane
under ministerrådsmøtet fordelte på program som gir gode industrielle
moglegheiter for norske verksemder, eller som gir store bidrag til
nasjonale behov, først og fremst innan meteorologi og miljø- og
jordobservasjon.
Tabellen nedenfor viser norske økonomiske forpliktelser
til ESA-programmene.
Nye norske deklarasjonar
til ESA-program
Område | Program | mill. euro | Periode |
Teknologiutvikling og
innovasjon | GSTP Period 6 | 25,40 | 2013–2020 |
PRODEX | 6,70 | 2013–2015 |
Satellittkommunikasjon | ARTES (Advanced Research and | | |
Telecommunication System) | 33,08 | 2013–2020 |
Satellittnavigasjon | European GNSS Evolution | 3,61 | 2013–2015 |
Jordobservasjon | Earth Observation Envelope Programme
Period 4 | 22,40 | 2013–2021 |
| MetOp Second Generation | 18,64 | 2013–2022 |
| GMES Space Component Segment 3 | 4,05 | 2013–2020 |
| Climate Change Initiative | 3,00 | 2013–2014 |
Romstasjon, mikrogravitasjon og utforsking
av solsystemet | ISS Exploitation Phase 2 | 6,59 | 2014–2018 |
ELIPS Period 4 | 3,10 | 2013–2017 |
Aurora ExoMars | 0,30 | 2013–2019 |
Aurora Mars Robotic Exploration Preparation | 0,69 | 2013–2017 |
Romovervaking | Space Situational Awareness Period 2 | 4,00 | 2013–2016 |
Romtransport | Adapted Ariane 5 ME and Ariane 6 Activities | 6,50 | 2013–2016 |
| Launchers Exploitation Accompaniment Programme | 2,37 | 2013–2015 |
| FLPP Period 3 | 4,00 | 2013–2016 |
Sum | | 144,42 | |
Deltakinga i nye ESA-program får ingen administrative
følgjer og blir teken hand om av den eksisterande administrasjonen
i Norsk Romsenter.
Forventa utbetalingsprofil
for forpliktingane som vart inngått ved ministerrådsmøtet i Napoli
År | | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020–2022 | Sum |
Nye frivillige
program, Napoli 2012 | euro | 14,2 | 22,4 | 27,4 | 26,3 | 19,9 | 15,9 | 9,5 | 8,9 | 144,4 |
kroner | 108,3 | 170,4 | 208,3 | 200,0 | 151,5 | 121,2 | 72,0 | 67,4 | 1 099,1 |
Av forpliktingane som er inngått i Napoli,
skal 14,2 mill. euro utbetalast i 2013.
På ministerrådsmøtet i Napoli vart det inngått forpliktingar
på 144,42 mill. euro. Desse kjem i tillegg til forpliktingar som
var inngått tidlegare. Ved inngangen til 2013 utgjorde dette 49,08 mill.
euro. Dei samla forpliktingane utgjer dermed 193,5 mill. euro. For
2013 er det vedteke ei løyving på 36,97 mill. euro. Ut frå dette
er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 156,53 mill. euro for 2013.