Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Under programområde 2 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om ein netto reduksjon i løyvingane på 986,9 mill. kroner.

Under programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om å omfordele 149,8 mill. kroner som følgje av mindrebehov på enkelte postar.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 251 mill. kroner.

Reduksjonsforslaget skuldast i hovudsak mindreforbruk under FNs fredsoperasjonar og mindrebehov for m.a. kontingentar til fleire internasjonale organisasjonar.

Samla blir det foreslått ein reduksjon i løyvingane under kap. 117 EØS-finansieringsordningane på 735,936 mill. kroner fordelt på følgjande postar:

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 155,936 mill. kroner.

Det er lagt opp til at utbetalingar i 2013 blir dekka av attverande løyving i 2012 som blir overførd til 2013. Det blir lagt til grunn at det ikkje vil vera utbetalingar under EØS-ordninga 2004–2009 etter 2013.

Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner.

Det auka behovet skuldast at avtalefesta, attendehaldne beløp vert utbetalt når endeleg sluttrapport for prosjekta er godkjende.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 300 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 300 mill. kroner.

Det blir foreslått å auka løyvinga på posten med 7,55 mill. kroner for å støtte eit prosjekt om institusjonsutvikling innan hydrologi og vassforsyning i Afghanistan.

Det er eit meirbehov for støtte til prosjekt i regi av sivilt samfunn.

Det blir foreslått å auka løyvinga på posten med 30 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 26,5 mill. kroner.

Det vert gjort framlegg om auka støtte til tiltak gjennom FNs naudhjelpsfond, CERF.

Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 20,241 mill. kroner.

Det er behov for humanitær hjelp til flyktningar i leiar m.a. i Kenya, Sudan og Etiopia.

Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 32 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 105,991 mill. kroner.

Det er behov for støtte til arbeidet med reformer i Verdas helseorganisasjon (WHO). Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 10 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 50 mill. kroner til kampen mot polio gjennom WHO.

Det blir gjort framlegg om ein samla auke i løyvinga på til saman 60 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 13,3 mill. kroner.

Noreg skal satse på fleirnasjonale mekanismar som betaler for verifiserte reduksjonar av klimautslepp. Karbonfondet i Verdsbanken (Forest Carbon Partnership Facility) er for tida den einaste fleirnasjonale mekanismen som svarar på denne føringa.

Verdsbanken ber om overføring av eit avtalt tilskot på 300 mill. kroner. I tillegg ber Verdsbanken om at Noreg vurderer å inngå ny avtale om ytterlegare støtte.

Midlane vil ikkje bli utbetalt til skoglanda med ein gong, men vil bli nytta som tryggleik for å gje tilsegn om utbetalingar ved framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar. Dette medfører behov for unntak frå stortingsvedtak av 8. november 1984, jf. forslag til vedtak.