Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Det er for tiden problemer med talerlisten. Vi jobber med å løse det.

Samandrag

I proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2012.

Det blir i proposisjonen føreslått å flytte midlar til det pågåande arbeidet med IKT-utvikling i IMDi, jf. forslaga om flytting av midlar til denne posten under kap. 821 post 62 og kap. 821 post 71.

BLD føreslår i proposisjonen å flytte 3,66 mill. kroner til posten frå kap. 821 post 62 og 0,26 mill. kroner frå kap. 821 post 71. Totalt føreslår BLD å auke kap. 820 post 1 med 3,92 mill. kroner.

Det er anslått at behovet i 2012 aukar med om lag 26 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012). Hovudårsaka til endringa er ein auke i talet på vaksne og barn som utløyser tilskot, noko som medfører ein auke i utgiftene på 56 mill. kroner. Talet på einslege vaksne som utløyser tilskot har gått ned og medfører ein reduksjon i utgiftene på 24 mill. kroner.

BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga med 26,03 mill. kroner.

Behovet i 2012 blir anslått å gå ned med 19,3 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med 19,30 mill. kroner.

Det er eit mindreforbruk til forsøket med gratis kjernetid på 3,66 mill. kroner i 2012.

BLD føreslår i proposisjonen å flytte midlane til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med utvikling av nytt IKT-system, jf. omtale under kap. 820 post 1.

BLD føreslår i proposisjonen å flytte 3,66 mill. kroner frå kap. 821 post 62 til kap. 820 post 1.

Etter avslutta klagebehandling står det, under delordninga Tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, igjen 258 000 kroner. BLD føreslår i proposisjonen å flytte midlane til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med utvikling av nytt IKT-system, jf. omtale under kap. 820 post 1.

BLD føreslår i proposisjonen å flytte 0,26 mill. kroner frå kap. 821 post 71 til kap. 820 post 1.

Behovet er no venta å bli lågare enn føresett.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med 2,24 mill. kroner.

Behovet i 2012 blir anslått å auke med om lag 6,4 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i utgiftene til norskopplæring i mottak som følgje av ein nedgang i talet på asylsøkjarar. Ein auke i talet på personar som utløyser År 1-tilskot og ein korreksjon i anslaget til fylkesmennene for utbetaling av tilskot for 2012 utgjer ein mindre del av endringa.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med 6,35 mill. kroner.

Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Det er anslått at behovet på posten aukar med om lag 12,8 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011–2012). Auken kjem av at prognosen for talet på overføringsflyktningar som blir busette i 2012 er auka med 170 personar.

BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga med 12,83 mill. kroner.

Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Det er anslått at behovet på posten aukar med om lag 16,0 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011–2012). Auken kjem av kortare opphald i mottak før busetjing.

BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga med 16,01 mill. kroner.

Nokre utgifter i mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Det er anslått at behovet på posten blir redusert med om lag 6,6 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011–2012). Reduksjonen kjem av ein nedgang i talet på asylsøkjarar.

BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med 6,61 mill. kroner.