1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Vedtaket i EØS-komiteen
- 1.3 Forholdet til norsk rett
- 1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
- 1.5 Konklusjon
EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012, i vedtak nr. 52/2012, å endre vedlegg V til EØS-avtalen slik at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen blir teken inn i avtalen.
Gjennomføringa av forordninga i norsk rett krev lovvedtak. Derfor blei vedtaket i EØS-komiteen fatta med atterhald om samtykke frå Stortinget, jf. Grunnloven § 26 andre ledd.
Det visast til proposisjonens kapittel 2 der det er gjort nærare greie om forordninga.
EØS-komiteen sitt vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 inneber at vedlegg V om fri rørsle for arbeidstakarar i EØS-avtalen skal endrast. Vedtaket slår fast at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 blir teken inn i EØS-avtalen i staden for forordning (EØF) 1612/68.
Artikkel 1 slår fast at i vedlegg V til avtalen skal europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen gjelde, med tilpassingar i artikkel 36 nr. 1 og nr. 2.
Artikkel 2 fastset at teksten til forordning (EU) nr. 492/2011 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal gjelde.
Artikkel 3 slår fast at vedtaket vert sett i verk 1. mai 2012, under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter avtalens artikkel 103 nr. 1.
Artikkel 4 fastset at vedtaket skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Gjennomføringa av forordning (EU) nr. 492/2011 krev endringar i lovverket.
Den tidlegare forordninga, (EØF) 1612/68, er gjennomført i norsk rett i EØS-arbeidstakarlova av 27. november 1992 nr. 112. Forordning (EU) nr. 492/2011 inneheld i hovudsak ingen materielle endringar, men krev enkelte terminologiske endringar og tilpassingar i EØS-arbeidstakarlova.
Arbeidsdepartementet la 28. september 2012 fram Prop. 152 L (2011–2012) Lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova), jf. Innst 82 L (2011–2012).
Det har ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege å gjennomføre forordning (EU) nr. 492/2011 i Noreg.
Fri rørsle av arbeidskraft er eit viktig og berande prinsipp i EØS-avtalen, og forordning (EU) nr. 492/2011 oppdaterer og vidarefører føresegner på dette området som tidlegare er gjennomførte i norsk rett.
Arbeidsdepartementet tilrår å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen i EØS-avtalen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.