Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om finansiering av fv. 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland
Dette dokument
- Innst. 50 S (2012–2013)
- Kildedok: Prop. 149 S (2011–2012)
- Dato: 08.11.2012
- Utgiver: transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om finansiering av fylkesveg 545 i Fitjar og Stord kommunar ved forlenging av eksisterande bompengeinnkrevjing på ferjesambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg med to år. I tillegg til bompengar er det lagt til grunn fylkeskommunale midlar. Delar av dei fylkeskommunale midlane er føresett forskottert av lokalt næringsliv.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2001–2002) slutta Stortinget seg til delvis bompengefinansiert utbygging av delstrekningar på E39 på Stord mellom Borevik, like sør for Jektevik, og Sandvikvåg. Innkrevjinga skulle gjennomførast ved påslag på ferjetakstane på sambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg. Bompengeinnkrevjinga starta opp i 2002 og var føresett avslutta ved utgangen av 2008. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2008–2009) blei bompengeperioden utvida med fire år til utgangen av 2012. Den samla økonomiske ramma for utbygginga av E39 på Stord er om lag 420 mill. kroner i 2012-prisnivå.
Det er rekna med at utbygginga innafor fastsett økonomisk ramme vil halda fram til 2015. Den fastsette ramma er likevel ikkje tilstrekkeleg til å byggja ut alle attståande delstrekningar på E39 mellom Borevik og Sandvikvåg.
Fv. 545 går på vestsida av Stord. Delar av vegen er smal og svingete. Vegen er einaste omkjøringsveg dersom E39 må stengast. Det er eit mål å gjera vegen tryggare for gåande og syklande ved å etablera gang- og sykkelveg. Det er aktuelt å gjennomføra fire prosjekt:
Kostnadene ved å gjennomføra alle fire prosjekta er førebels rekna til om lag 70 mill. kroner. Det er stor uvisse ved kostnadene, m.a. fordi reguleringsplanen skal reviderast. Eitt av prosjekta blir gjennomført i 2012 med forskotterte midlar. Dei andre prosjekta blir starta opp når finansieringa er avklart.
Bompengesøknaden for «Bompengepakken Stord vestside» er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Statens vegvesen og Fitjar og Stord kommunar. Den lokalpolitiske behandlinga går elles fram av pkt. 4 i proposisjonen.
Det er lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 59 mill. kroner i 2012-prisnivå. Det er ikkje lagt til grunn låneopptak.
Bompengepakkar er meir fleksible enn bompengeopplegg for enkeltprosjekt. Samferdselsdepartementet vil peika på at det er stor uvisse ved kostnadsoverslaga som ligg føre, m.a. fordi reguleringsplanen skal reviderast. Dei aktuelle prosjekta er ikkje fullfinansierte. Omfanget av utbygginga vil bli tilpassa den økonomiske ramma. Sidan utbygginga omfattar fleire mindre prosjekt, bør det ikkje vere problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.
Finansieringa av utbygginga er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar (18 mill. kroner). Delar av dei fylkeskommunale midlane er føresett forskottert av lokalt næringsliv.
Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga skal starta opp 1. januar 2013 som ei direkte vidareføring av dagens innkrevjing på ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg. Det er lagt til grunn ein bompengeperiode på to år for å finansiera opprustinga av fv. 545. Det er rekna med netto bompengeinntekter på vel 20 mill. kroner pr. år, eller 41 mill. kroner over to år.
Hordaland fylkeskommune er bompengeselskap for dagens bompengeordning. Det er lagt opp til at fylkeskommunen skal vera bompengeselskap også ved vidareføringa.
Det er rekna med at trafikken til og frå Fitjar er i storleiksorden 15 pst. av trafikken på ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg. Årsdøgntrafikken på fv. 545 er om lag 1 100 kjøretøy.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om finansiering av fv. 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland, vil det bli inngått tilleggsavtale mellom Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med dei vilkåra som er lagt til grunn i proposisjonen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Anne Marit Bjørnflaten, Susanne Bratli, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Magne Rommetveit og Tone Merete Sønsterud, frå Framstegspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Bård Hoksrud og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Lars Myraune og Ingjerd Schou, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Knut Arild Hareide, syner til at fv. 545, som går på vestsida av Stord, er einaste omkøyringsveg dersom E39 på austsida må stengast. Delar av vegen er smal og svingete og det er eit mål å gjera vegen tryggare for gåande og syklande ved å etablera gang- og sykkelveg.
Komiteen merkar seg at realisering av dei fire aktuelle delprosjekta vil innebera at fv. 545 både vil verta meir trafikksikker og lettare framkomeleg:
1. Fitjar sentrum–Rimbareid får utbetring til tofelts veg og gang- og sykkelveg, 1,2 km.
2. Sagvåg bru vert utvida med ny køyrebane og får utbetra gangbru.
3. Strekninga ved kommunegrensa mellom Stord og Fitjar, om lag 2 km, får breiddeutviding og fjerning av sidehinder.
4. Rimbareid–Vik får utbetring til tofelts veg og gang- og sykkelveg, om lag 2 km.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, registrerer at kostnaden ved å gjennomføra dei fire prosjekta førebels er rekna til om lag 70 mill. kroner, men at det er knytt uvisse ved kostnadene, m.a. fordi reguleringsplanen skal reviderast. Omfanget av utbygginga vil bli tilpassa den økonomiske ramma. Sidan utbygginga omfattar fleire mindre prosjekt, bør det ikkje vera problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.
Fleirtalet har merka seg at finansiering av utbygginga er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar (18 mill. kroner), og at deler av dei fylkeskommunale midlane er føresett forskottert av lokalt næringsliv.
Fleirtalet syner til at den føreslegne bompengeinnkrevjinga frå 1. januar 2013 vil vera ei direkte vidareføring av dagens innkrevjing på ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg og at det vert lagt til grunn ein bompengeperiode på to år. Det vert rekna med netto inntekter på 41 mill. kroner i bompengar.
Fleirtalet har merka seg at bompengeinnkrevjinga som starta på ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg i 2002, og som skal avsluttast ved utgangen av 2012, har delfinansiert opprustinga på E39 over Stord. Om lag 15 pst. av ferjetrafikken ved sambandet nyttar fv. 545.
Fleirtalet vil ut frå dette sjå det som rimeleg at ferjetrafikantane desse to åra er med på spleiselaget for også å rusta opp den viktige avlastingsvegen fv. 545.
Fleirtalet registrerer at Os kommune har gått imot finansieringsopplegget for fv. 545, med grunngjeving i at E39 først og fremst er viktig som stamveg mellom Bergen og Stavanger. Kommunane Fitjar og Stord samt Hordaland fylkeskommune stør finansieringsopplegget.
Fleirtalet vurderer det ut frå dette til å vera tilstrekkeleg lokalpolitisk tilslutnad til opplegget.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet minner om at Norge er blitt et svært rikt land, men at et gammeldags og dårlig vedlikeholdt veinett reduserer konkurransekraft og verdiskaping, øker faren for trafikkulykker og forsterker miljøvirkningene fra veitrafikken.
Disse medlemmer mener at en større del av Norges finansielle rikdom må investeres i norsk realkapital i Norge og at finansinvesteringene i et internasjonalt urolig og risikofylt finansmarked bør reduseres. Disse medlemmer peker også på at bruk av bompengefinansiering til veibygging i Norge er en svært kostbar finansieringsform for bilistene. Disse medlemmer mener at staten skal ha ansvar for en forsvarlig veiutbygging i landet og at bruk av bompenger, veiprising eller annen direkte trafikantbetaling er en ytterligere beskatning av trafikantene. Disse medlemmer mener statens ansvar skal omfatte både riks- og fylkesveier og minner om at Fremskrittspartiet vil omgjøre forvaltningsreformen og avvikle ordningen med fylkeskommuner.
Disse medlemmer peker også på at bruken av bompengefinansiering har økt kraftig under rødgrønn regjering. I perioden 2005–2009 ble det med stemmene fra regjeringspartiene Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, og med tilslutning fra partiene Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre i Stortinget, vedtatt prosjekter med bompengefinansiering der samlet bompengebeløp var ca. 68 mrd. kroner med tillegg av hhv. 7,6 mrd. kroner til dekning av renter og 5,4 mrd. kroner til dekning av innkrevingskostnader. Samlet var beløpet 81 mrd. kroner og innebærer en omfattende ekstra skatt på transport vedtatt av alle partier med unntak av Fremskrittspartiet.
Disse medlemmer viser til at hittil i perioden 2009–2013 er tallene inklusiv prosjektene omtalt i inneværende sak, ca. 23 mrd. kroner i bompenger, 13,5 mrd. kroner i renter og 2,6 mrd. kroner i innkrevingskostnader, samlet 39.1 mrd. kroner. Også dette en omfattende ekstra skatt på transport vedtatt med stemmene til regjeringspartiene Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet og med tilslutning fra partiene Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre.
Disse medlemmer legger vekt på at fv. 545 går på vestsiden av Stord og er eneste omkjøringsvei dersom E39 på østsiden må stenges. Disse medlemmer vurderer utbedringsprosjektet for fv. 545 som består av 4 mindre delprosjekter, slik det er omtalt i saken, som et relevant og nødvendig sikringstiltak knyttet til E39 som er en av landets viktigste europaveier. Disse medlemmer legger derfor til grunn at staten bidrar med finansieringsmidler i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
«Stortinget samtykker i at prosjektene på fv. 545 i Fitjar og Stord kommune i Hordaland, slik de er beskrevet i Prop. 149 S (2011–2012), gjennomføres som et fellesprosjekt finansiert av Hordaland fylkeskommune med 18 mill. 2012-kroner og staten ved Statens vegvesen med 41 mill. 2012-kroner. Stortinget legger til grunn at staten forskotterer sitt eget bidrag, og at endelig finansiering for statens samlede bidrag til prosjektet legges inn i revidert nasjonalbudsjett for 2013.»
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 1
Stortinget samtykker i at prosjektene på fv. 545 i Fitjar og Stord kommune i Hordaland, slik de er beskrevet i Prop. 149 S (2011–2012), gjennomføres som et fellesprosjekt finansiert av Hordaland fylkeskommune med 18 mill. 2012-kroner og staten ved Statens vegvesen med 41 mill. 2012-kroner. Stortinget legger til grunn at staten forskotterer sitt eget bidrag, og at endelig finansiering for statens samlede bidrag til prosjektet legges inn i revidert nasjonalbudsjett for 2013.
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjera følgjande
vedtak:
I
Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av fv. 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland. Vilkåra går fram av Prop. 149 S (2011–2012) og Innst. 50 S (2012–2013).
II
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 8. november 2012
Knut Arild Hareide |
Magne Rommetveit |
leiar |
ordførar |