Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Regjeringa vil styrkje utdanning og forsking på det helse- og sosialfaglege området, med utgangspunkt i nye utfordringar og kompetansebehov i helse- og velferdstenestene. Meldinga femner om heile feltet av helse- og sosialfaglege utdanningar, frå vidaregåande opplæring til fagskoleutdanning og høgare utdanning, samt forsking og utvikling.

Regjeringa legg i meldinga fram ein samla politikk for å satse langsiktig på å utvikle dei einskilde utdanningane, i forhold til kvarandre og til det yrkesfeltet dei førebur til. Meldinga er meint å gi eit fundament og ei tydeleg retning for det utviklingsarbeidet som i neste omgang må finne stad i utdanningssystemet, i nært samarbeid med partane i arbeidslivet, brukarorganisasjonar og andre relevante aktørar. Målet er kunnskapsbaserte tenester, som set brukarane i sentrum og bidreg til betre helse og velferd for heile befolkninga.

Regjeringa peikar i meldinga på nokre generelle utviklingstrekk og sentrale utfordringar for det nors-ke velferdssamfunnet, endringar i trongen for helse- og velferdstenester og dei reformene som er sette i verk i tenestene som følgje av dette. Meldinga analyserer korleis utdanning og forsking betre skal fremje den kompetansen som trengst. Regjeringa ser det som viktig å styrke ulike former for samspel mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, og mellom nivå og fagområde i utdanningssystemet. Meldinga drøftar konsekvensane av dette for ulike utdanningsnivå og for forsking, og føreslår tiltak og grunnlag for vidare utviklingsprosessar.

Helse- og velferdstenestene vert i meldinga nytta som ei samlenemning for arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav), barnevernet og helse- og omsorgstenestene på alle nivå, inkludert statlege, fylkeskommunale, kommunale og private tenesteytarar og -tilbod. Med helse- og omsorgstenestene meiner ein den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta, tannhelsetenesta og private tilbydarar. Helse- og sosialfagleg utdanning vert nytta som ei samlenemning på alle nivå. Med grunnutdanning meiner ein førstegangsutdanning som gir rett til å utøve eit yrke.

Regjeringa viser til at samar som urfolk har rettar regulerte i norsk lov og internasjonale konvensjonar. Grunnutdanningane i så vel vidaregåande opplæring som høgare utdanning må difor sørgje for å gi kunnskap om samisk språk og kultur og om samiske samfunnsforhold.

Når det gjeld vidaregåande opplæring, har ei arbeidsgruppe oppnemnd av Kunnskapsdepartementet føreslått nye opplæringsmodellar for helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Framlegget går ut på at elevane vekslar mellom opplæring i skole og bedrift undervegs i heile løpet (i staden for to år i skole og to år i praksis). Det skal vere same kompetansekrav til ferdige kandidatar som elles. Ein vekslingsmodell vil kunne tilpassast vaksne sine behov og verke motiverande for unge.

Regjeringa meiner ulike modellar for veksling bør prøvast ut i fire år. Departementet vil be Utdanningsdirektoratet og Fagleg råd for helse- og sosialfag om å utarbeide forslag til korleis ein kan strukturere opplæringa i eit vekslingslaup. Omfanget vert å avgjere etter dialog med fylkeskommunane.

Ein vekslingsmodell vil verke inn på om det let seg gjere å velje påbygging til studiekompetanse tredje året. Ungdom vil òg måtte velje lærefag tidlegare enn i dag. Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) har føreslått ei utgreiing av rett til å ta påbygging også etter fullført fagbrev. Regjeringa vil vurdere dette nærmare.

Nasjonale retningsliner for dokumentasjon, vurdering og verdsetting av realkompetanse er under utgreiing i Utdanningsdirektoratet.

For å gjere helse- og sosialfagleg utdanning meir freistande vil regjeringa leggje til rette for at slik utdanning kan gi grunnlag for opptak til høgare utdanning gjennom den såkalla Y-vegen (tilrettelagd ordning for studentar med relevant fagutdanning). Regjeringa vil stimulere til å få prøvd ut avgrensa ordningar der helsefagarbeidarar kan få opptak til sjukepleiar- og vernepleiarutdanning, og tilsvarande barne- og ungdomsarbeidarar opptak til barnevernspedagog- og førskolelærarutdanning. Ingeniørutdanninga har gode røynsler med Y-vegen.

Regjeringa vil òg vurdere å endre kravet om 5 års praksis for praksiskandidatar (ordning for dokumentasjon av kompetanse), slik at reduserte stillingar skal kunne gi full utteljing. Dette må vurderast nærmare, likeeins om krava skal gjelde alle fag eller berre nokre av dei.

Regjeringa vil marknadsføre fagutdanning tydelegare som ein karriereveg for helsefagarbeidarar. Ei kandidatundersøking blir sett i verk for å få kunnskap om m.a. dei med fullført fagskoleutdanning finn sysselsetting, går vidare til anna utdanning eller startar bedrift.

Regjeringa vil vidareutvikle fagskolesektoren som arena for spesialisering i tråd med kompetansebehova i tenestene. Fagskole skal etter lova byggje på relevant vidaregåande opplæring og er meint å vere ein stad for fagleg nyorientering. Regjeringa viser til dette og vil opne for at helse- og sosialfagleg fagskole kan byggje på anna vidaregåande opplæring enn fagbrev eller yrkeskompetanse i helse- og sosialfag. Men ei slik løysing skal ikkje gi grunnlag for autorisasjon som helsepersonell. Føremålet er kompetanseheving for nye grupper og auka rekruttering. For vaksne vil det vere viktig at det finst tilbod på deltid.

Når det gjeld høgare utdanning, vil regjeringa utvikle vidare hovudmodellen for dei helse- og sosial-faglege profesjonsutdanningane. Arbeid blir sett i gang for å utvikle felles innhald i alle grunnutdanningane. Kompetansekrava knytte til dei ein-skilde utdanningane vil bli nærmare vurderte.

Regjeringa meiner at struktur og innhald i dei helse- og sosialfaglege utdanningane må spegle kompetansebehova i tenestene. Grunnutdanningane for kjerneområda må vere breie og ha ein solid velferdsfagleg kunnskapsplattform som førebur for den tverrprofesjonelle yrkesutøvinga i tenesta. I tillegg er det trong for meir spisskompetanse og spesialisering i vidareutdanning og på mastergradsnivå. På sikt bør alle kortare vidareutdanningar kunne passast inn i ein mastergrad, med den føresetnaden at dei held naudsynt fagleg nivå.

For å sikre god overgang frå utdanning til yrkesliv vil regjeringa i samarbeid med arbeidsgjevarane vurdere behovet for ulike former for rettleiing for nyutdanna kandidatar i helse- og velferdstenestene, gjerne ulike ordningar alt etter område. Vidareutdanningstilbod for å kvalifisere tilsette i barnevernet til å gi profesjonell rettleiing til nyutdanna og nytilsette kollegar skal setjast i gang. Liknande tilbod vil bli vurderte på andre område.

Praksisstudium inngår i alle dei 18 helse- og sosial-faglege grunnutdanningane, men organiseringa og rammevilkåra er særs ulike. Regjeringa vil setje i gang eit utviklingsarbeid for å heve kvaliteten og relevansen i praksisstudia i den helse- og sosialfaglege høgare utdanninga. Dette vil finne stad i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren og helse- og velferdstenestene. Ein skal m.a. sjå på omfanget av praksis for kvar utdanning, innføre tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) som del av praksis og utvikle indikatorar for kvalitet. Krav til rettleiingskompetanse skal òg vurderast. Regjeringa vil vurdere å lovfeste plikt for alle helse- og velferdstenestene til å ha praksisplassar og til å gi rettleiing innafor avtalte rammer.

Regjeringa vil drøfte med Universitets- og høgskolerådet korleis ein kan styrke den faglege samordninga innafor ramma av nasjonale krav. Regjeringa vil vurdere å erstatte rammeplanar for einskildutdanningar med ei felles forskrift for alle dei helse- og sosialfaglege grunnutdanningane i høgare utdanning. Ei eventuell forskrift skal fastsetje krav til felles innhald i utdanningane. Elles skal systemet med vurdering av om ein er skikka til yrket, førast vidare og bli betre.

Meldinga omtalar nærmare nokre einskilde utdanningsområde og gjer framlegg om særskilte tiltak. Dette gjeld styrking av sosialfagleg arbeid og kompetanse. Mellom anna vil Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga og Noregs forskingsråd få i oppdrag å setje i verk ei samla evaluering av dei sosialfaglege grunnutdanningane og forskinga i aktuelle fagmiljø. Regjeringa vil gå i dialog med universiteta om endringar i profesjonsstudiet i medisin, med opning for ein 3-årig BA som sjølvstendig yrkeskvalifikasjon. Vidare vil regjeringa vurdere struktur, organisering og fagleg innhald for all utdanning i prehospitalt arbeid. Regjeringa vil òg leggje til rette for strukturelle endringar i farmasiutdanninga, styrke utdanningane på ernæringsområdet og følgje opp Stortingets vedtak om å etablere kiropraktorutdanning i Noreg.

Når det gjeld forsking, vil regjeringa etablere eit forskingsprogram under Noregs forskingsråd for å utvikle helse- og velferdstenestene og dei helse- og sosialfaglege utdanningane. Meldinga legg elles vekt på auka samarbeid og koordinering av FoU-ressur-sane innafor helse- og sosialfaga. Viktig er òg felles forskingsinnsats på tvers av fagmiljø og institusjonar, jf. SAK-politikken. Regjeringa vil etablere fleire nasjonale forskerskolar som kan knyte saman stipendiatar innafor same fagfelt ved ulike institusjonar. Regjeringa vil kome attende m.a. til omgrepet fors-kingsbasert utdanning i forskingsmeldinga, som blir lagt fram i 2013.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar av tiltaka i meldinga, peikar regjeringa på at det vil ta mange år før ein kan dra nytte av investeringane i utdanning og forsking. Meldinga skal danne grunnlaget for eit langsiktig utviklingsarbeid og peike ut retninga for arbeidet.

Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med dei departementa som er ansvarlege for helse- og velferdstenestene, følgje opp dei ulike aktørane og prosessane gjennom dialog og styringsdokument i åra framover. Med ein slik tidshorisont vil fleire av dei økonomiske og administrative konsekvensane knytte til langsiktige behov og ambisjonar måtte bli vurderte og teke stilling til i seinare budsjettår. Dei konkrete tiltaka blir dekka innafor budsjettramma for 2012.

Forslaget om vekslingsmodell innafor vidaregåande opplæring vil kunne gi administrativt meirarbeid. Men elles gir ikkje tiltaket meirkostnader dersom ein føreset at den samla tida i skole og bedrift blir som no.

Tiltaka innafor høgare utdanning ligg lengst fram i tid. Føringane i meldinga inneber eit betydeleg ut-vik-lingsarbeid ved universitet og høgskolar og hos deira samarbeidspartnarar, eit arbeid dei må prioritere som del av det faglege og organisatoriske utvik-lingsarbeidet ved kvar institusjon.

Nasjonale prosessar for å vidareutvikle feltet vil gå føre seg i arbeidsgrupper og utval med brei deltaking. Dei nærmare konsekvensane her vil avhenge av resultata og må greiast ut som ein del av utviklingsarbeidet.