Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Olje- og energidepartementet
Dette dokument
- Innst. 142 S (2011–2012)
- Kildedok: Prop. 27 S (2011–2012)
- Dato: 13.12.2011
- Utgiver: energi- og miljøkomiteen
- Sidetall: 5
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Kap. 1810 Oljedirektoratet
- Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
- Kap. 1833 CO2-handtering
- Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums-verksemda
- Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen
- Kap. 4800 Olje- og energidepartementet
- Kap. 4810 Oljedirektoratet
- Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
- Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet
- Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda
- Statnett som registeransvarleg under elsertifikatordninga
- Merknader frå komiteen
- Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
Olje- og energidepartementet (OED) foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet for 2011. Departementet gjer òg greie for bruk av fullmakt under petroleumsverksemda, og for Statnetts oppgåve som registeransvarleg under elsertifikatordninga.
Det vert foreslått endringar i statsbudsjettet for 2011 på følgjande kapitler:
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner knytt til handsaming og oppfølging av søknader om utvinningsløyver.
Nytt forslag til løyving er 235,3 mill. kroner.
Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 4 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving er 194,1 mill. kroner.
Det blir vist til omtale ovanfor og auka driftsutgifter som NVE har hatt som følgje av flaumhendingane i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 423,6 mill. kroner.
Det blir vist til omtale ovanfor. Det blir foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 125,3 mill. kroner.
Vidare blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 50 til 114 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.
Det blir vist til omtale ovanfor og auka utgifter som følgje av tapt utstyr etter flaumhendingane i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 9,2 mill. kroner.
Det blir vist til omtale ovanfor. Det blir foreslått ein fullmakt til å pådra forpliktingar for inntil 10 mill. kroner utover gitt løyving, jf. Forslag til vedtak II.
Nytt forslag til løyving er 437 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2010, utgjer totalt om lag 497 mill. kroner for 2011.
Nytt forslag til løyving er 730 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2010, utgjer totalt 1 455 mill. kroner for 2011.
Kap. 2440, post 30 Investeringar blir redusert med 4 000 mill. kroner, frå 25 000 til 21 000 mill. kroner.
Kap. 5440, post 24 Driftsresultat blir auka med netto 12 900 mill. kroner, frå 110 600 til 123 500 mill. kroner.
Dei foreslåtte endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 16 900 mill. kroner, frå 108 800 til 125 700 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 9 mill. kroner som følgje av lågare utgifter knytt til fjerningsarbeid.
Nytt forslag til løyving er 1,6 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 0,15 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving er 1,25 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 3,1 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande auke av løyvinga under kap. 1810 post 21.
Nytt forslag til løyving er 16,8 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 4 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 1810 post 21.
Nytt forslag til løyving er 70,4 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 3,5 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving er 55,5 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 6,5 mill. kroner.
Det blir ikkje foreslått løyving under posten i 2011.
Som ein del av den årlege handsaminga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytta til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2010–2011).
Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruk av fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel i høve til 2011, for: Visund Sør, Hyme, Vigdis Nordøst, Stjerne, Atla og Brynhild.
Departementet viser til at som ein del av forvaltinga av elsertifikatordninga skal det opprettast eit elektronisk register for elsertifikat, jf. Prop. 101 L (2010–2011). Det leggjast opp til at Statnett SF skal vere registeransvarleg og kan få dekt sine faktiske kostnader gjennom gebyr, og at departementet kan fastsetje nærmare reglar om gebyr for registrering og kontoføring i elsertifikatregisteret. Dei samla gebyra skal tilsvare dei faktiske kostnadene registeransvarleg har ved effektiv utvikling og drift i ordninga si levetid.
NVE har ansvar for å følgje opp og godkjenne Statnetts gebyrstruktur under elsertifikatordninga.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bendiks H. Arnesen, Espen Granberg Johnsen, Marianne Marthinsen, Tor-Arne Strøm og Eirin Sund, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Oskar J. Grimstad og Henning Skumsvoll, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, frå Senterpartiet, leiaren Erling Sande, og frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, viser til dei foreslåtte endringane på statsbudsjettet for 2011.
Komiteen har elles ingen merknader.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slike
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2011 gjøres følgende endringer:
Kap. | Post | Formål | Kroner | Kroner |
Utgifter | ||||
1810 | Oljedirektoratet | |||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 3 100 000 | ||
frå kr 232 200 000 til kr 235 300 000 | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med | 4 000 000 | ||
frå kr 198 100 000 til kr 194 100 000 | ||||
1820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | |||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 800 000 | ||
frå kr 422 800 000 til kr 423 600 000 | ||||
22 | Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60, blir auka med | 25 000 000 | ||
frå kr 100 300 000 til kr 125 300 000 | ||||
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir auka med | 200 000 | ||
frå kr 9 000 000 til kr 9 200 000 | ||||
2490 | NVE Anlegg | |||
24 | Driftsresultat | 0 | ||
Spesifikasjon: | ||||
Driftsinntekter | -77 000 000 | |||
Driftsutgifter | 70 300 000 | |||
Avskrivingar | 5 600 000 | |||
Renter av statens kapital | 1 100 000 | |||
0 | ||||
1833 | CO2-handtering | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med | 153 000 000 | ||
frå kr 590 000 000 til kr 437 000 000 | ||||
72 | Lån, TCM DA, kan overførast, blir redusert med | 150 000 000 | ||
frå kr 880 000 000 til kr 730 000 000 | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
30 | Investeringar, blir redusert med | 4 000 000 000 | ||
frå kr 25 000 000 000 til kr 21 000 000 000 | ||||
2442 | Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med | 9 000 000 | ||
frå kr 10 600 000 til kr 1 600 000 | ||||
Inntekter | ||||
4800 | Olje- og energidepartementet | |||
70 | Garantiprovisjon, Gassco, blir redusert med | 150 000 | ||
frå kr 1 400 000 til kr 1 250 000 | ||||
4810 | Oljedirektoratet | |||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 3 100 000 | ||
frå kr 13 700 000 til kr 16 800 000 | ||||
2 | Oppdrags- og samarbeidsverksemda, blir redusert med | 4 000 000 | ||
frå kr 74 400 000 til kr 70 400 000 | ||||
4820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | |||
1 | Gebyrinntekter, blir redusert med | 3 500 000 | ||
frå kr 59 000 000 til kr 55 500 000 | ||||
5582 | Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet | |||
70 | Bidrag til kulturminnevern, blir redusert med | 6 500 000 | ||
frå kr 6 500 000 til 0 | ||||
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
24 | Driftsresultat, blir auka med | 12 900 000 000 | ||
frå kr 110 600 000 000 til kr 123 500 000 000 | ||||
Spesifikasjon: | ||||
Driftsinntekter | 180 700 000 000 | |||
Driftsutgifter | -32 000 000 000 | |||
Leite- og feltutviklingsutgifter | -2 000 000 000 | |||
Avskrivingar | -16 600 000 000 | |||
Renter av statens kapital | -6 600 000 000 | |||
123 500 000 000 | ||||
30 | Avskrivingar, blir auka med | 100 000 000 | ||
frå kr 16 500 000 000 til kr 16 600 000 000 | ||||
80 | Renter av statens kapital, blir redusert med | 100 000 000 | ||
frå kr 6 700 000 000 til kr 6 600 000 000 |
II
Fullmakt til å inngå forplikting ut over gitt løyvingStortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet i 2011 kan pådra seg forpliktingar utover gitt løyving, men slik at samla ramme for nye og gamle forpliktingar ikkje overstiger følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
1820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | ||
22 | Flaum- og skredførebygging | 114,0 | |
60 | Tilskot til skredførebygging | 10,0 |
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. desember 2011
Erling Sande |
ordførar og leiar |