Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Olje- og energidepartementet (OED) foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet for 2011. Departementet gjer òg greie for bruk av fullmakt under petroleumsverksemda, og for Statnetts oppgåve som registeransvarleg under elsertifikatordninga.

Det vert foreslått endringar i statsbudsjettet for 2011 på følgjande kapitler:

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner knytt til handsaming og oppfølging av søknader om utvinningsløyver.

Nytt forslag til løyving er 235,3 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 4 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving er 194,1 mill. kroner.

Det blir vist til omtale ovanfor og auka driftsutgifter som NVE har hatt som følgje av flaumhendingane i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 423,6 mill. kroner.

Det blir vist til omtale ovanfor. Det blir foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 125,3 mill. kroner.

Vidare blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 50 til 114 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.

Det blir vist til omtale ovanfor og auka utgifter som følgje av tapt utstyr etter flaumhendingane i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 9,2 mill. kroner.

Det blir vist til omtale ovanfor. Det blir foreslått ein fullmakt til å pådra forpliktingar for inntil 10 mill. kroner utover gitt løyving, jf. Forslag til vedtak II.

Nytt forslag til løyving er 437 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2010, utgjer totalt om lag 497 mill. kroner for 2011.

Nytt forslag til løyving er 730 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2010, utgjer totalt 1 455 mill. kroner for 2011.

Kap. 2440, post 30 Investeringar blir redusert med 4 000 mill. kroner, frå 25 000 til 21 000 mill. kroner.

Kap. 5440, post 24 Driftsresultat blir auka med netto 12 900 mill. kroner, frå 110 600 til 123 500 mill. kroner.

Dei foreslåtte endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 16 900 mill. kroner, frå 108 800 til 125 700 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 9 mill. kroner som følgje av lågare utgifter knytt til fjerningsarbeid.

Nytt forslag til løyving er 1,6 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,15 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving er 1,25 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått auka med 3,1 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande auke av løyvinga under kap. 1810 post 21.

Nytt forslag til løyving er 16,8 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 4 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 1810 post 21.

Nytt forslag til løyving er 70,4 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 3,5 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving er 55,5 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,5 mill. kroner.

Det blir ikkje foreslått løyving under posten i 2011.

Som ein del av den årlege handsaminga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytta til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2010–2011).

Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruk av fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel i høve til 2011, for: Visund Sør, Hyme, Vigdis Nordøst, Stjerne, Atla og Brynhild.

Departementet viser til at som ein del av forvaltinga av elsertifikatordninga skal det opprettast eit elektronisk register for elsertifikat, jf. Prop. 101 L (2010–2011). Det leggjast opp til at Statnett SF skal vere registeransvarleg og kan få dekt sine faktiske kostnader gjennom gebyr, og at departementet kan fastsetje nærmare reglar om gebyr for registrering og kontoføring i elsertifikatregisteret. Dei samla gebyra skal tilsvare dei faktiske kostnadene registeransvarleg har ved effektiv utvikling og drift i ordninga si levetid.

NVE har ansvar for å følgje opp og godkjenne Statnetts gebyrstruktur under elsertifikatordninga.