Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Justis- og politidepartementet

Dette dokument

  • Innst. 125 S (2011–2012)
  • Kildedok: Prop. 18 S (2011–2012), kap. 490, 3490 og 491
  • Dato: 08.12.2011
  • Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 4
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2011.

UDI har i 2011 motteke eit krav frå Skatteetaten på meirverdiavgift ved kjøp av tenester frå utlandet i perioden 2003 til 2010. Meirbehovet (inkl. renter og tilleggskrav) er anslått til 6,4 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490 post 72.

UDI har fått tilsegn om ein refusjon på 3,5 mill. kroner frå EUs yttergrensefond, knytt til utvikling av teknologiske løysingar for tilgang til Visa Informations System (VIS) i 2010 (jf. EFFEKT-programmet). På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3490 post 5.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 9,9 mill. kroner.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 16 620, og at det vil kome 11 000 asylsøkjarar til Noreg i 2011, jf. Prop. 120 S (2010–2011). Nyare prognoser viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 16 520, og at det vil kome om lag 10 000 asylsøkjarar til Noreg i 2011. Mindreutgiftene som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak vert anslått til 10,368 mill. kroner.

Reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar i mottak har ført til eit forventa mindreforbruk på 150 mill. kroner.

Vidare vert det foreslått å overføre 15 mill. kroner til alternativ mottaksplassering (AMOT) under kap. 490 post 60, jf. omtale under kap. 490 post 60.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 21 med 175,368 mill. kroner.

Det er venta eit mindreforbruk på posten som følgje av at UDI har overtatt registreringssamtalene frå politiet og at det i nokre saker ikkje er behov for eit ordinært asylintervju i tillegg. Vidare er det forventa færre intervju som følgje av at dei nye prognosane anslår 1 000 færre asylsøkjarar i 2011 enn kva som tidlegare er lagt til grunn.

På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 6 mill. kroner.

På bakgrunn av samansettinga av og talet på bebuarar i asylmottak vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 60 med 2,566 mill. kroner. Særleg er det venta færre einslege mindreårige asylsøkjarar i 2011 enn tidlegare lagt til grunn, og ein kan dermed redusere den øyremerka delen til verjeordninga.

Utgiftene til barnehage for asylsøkjarbarn vert om lag 15 mill. kroner lågare enn venta pga. færre barn i målgruppa og fordi ikkje alle barna i målgruppa har tilbod om plass i barnehage.

Justisdepartementet foreslår å budsjettere midlane til alternativ mottaksplassering (AMOT) under post 60, slik det også er lagt opp til for 2012. Tiltaket vert no rekneskapsført under post 60, men budsjettert på post 21, jf. stikkordet «kan nyttast under post 60». På denne bakgrunn vert det foreslått å overføre 15 mill. kroner frå kap. 490 post 21 til kap. 490 post 60, jf. omtale under post 21.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 60 med 2,566 mill. kroner.

At det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2011 vert noko lågare enn det som tidligare har vorte lagt til grunn gir eit venta mindreforbruk på 3,072 mill. kroner.

Endringar i bebuarsamansetninga, særleg ein større del personar med såkalla dublin-status (personar som ikkje får realitetshandsama asylsøknaden sin i Noreg) og endeleg avslag, utgjer eit ytterlegare forventa mindreforbruk på 10 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 70 med 13,072 mill. kroner.

Det er venta eit mindreforbruk under posten på 28,4 mill. kroner i 2011 knytt til forsinkingar i framdrifta med etablering av omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i opphavslandet, etablering av tilbaketakingsavtaler samt enkelte prosjekt i Noreg.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1, kap. 440 post 21 og kap. 441 post 1.

Vidare vert det foreslått ein reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72 med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490 post 1.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 28,4 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 75 med 4,95 mill. kroner.

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 28,4 mill. kroner.

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 75 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 3 med 0,939 mill. kroner.

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 21, post 60 og post 70 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 326,226 mill. kroner.

UDI har fått tilsegn om ein refusjon på 3,5 mill. kroner frå EUs yttergrensefond knytt til utvikling av teknologiske løysningar for tilgang til VIS i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3490 post 5 med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490 post 1.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 491 post 1 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 491 post 21, jf. omtale under kap. 491 post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga i UNE i 2011.

På grunn av færre nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner under kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 491 post 1.

Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås, frå Senterpartiet, Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, handsamar i innstillinga dei budsjettkapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bolig.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2011 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

490

Utlendingsdirektoratet

1

Driftsutgifter, vert auka med

9 900 000

frå kr 747 261 000 til kr 757 161 000

21

Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, kan nyttast under post 60, vert redusert med

175 368 000

frå kr 1 928 062 000 til kr 1 752 694 000

22

Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, vert redusert med

6 000 000

frå kr 53 000 000 til kr 47 000 000

60

Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar, vert redusert med

2 566 000

frå kr 230 380 000 til kr 227 814 000

70

Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, kan nyttast under post 60, vert redusert med

13 072 000

frå kr 510 699 000 til kr 497 627 000

72

Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast, vert redusert med

28 400 000

frå kr 110 357 000 til kr 81 957 000

75

Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast, vert redusert med

4 950 000

frå kr 14 962 000 til kr 10 012 000

491

Utlendingsnemnda

1

Driftsutgifter, vert auka med

3 000 000

frå kr 250 328 000 til kr 253 328 000

21

Spesielle driftsutgifter, nemndhandsaming, vert redusert med

3 000 000

frå kr 13 000 000 til kr 10 000 000

Inntekter

3490

Utlendingsdirektoratet

1

Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

28 400 000

frå kr 108 857 000 til kr 80 457 000

3

Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

939 000

frå kr 14 795 000 til kr 13 856 000

4

Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

326 226 000

frå kr 1 267 866 000 til kr 941 640 000

5

Tilfeldige inntekter, vert auka med

3 500 000

frå kr 10 000 000 til kr 13 500 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 8. desember 2011

Heikki Holmås

leiar og ordførar