1.1 Innleiing

Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2011.

1.2 Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

UDI har i 2011 motteke eit krav frå Skatteetaten på meirverdiavgift ved kjøp av tenester frå utlandet i perioden 2003 til 2010. Meirbehovet (inkl. renter og tilleggskrav) er anslått til 6,4 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490 post 72.

UDI har fått tilsegn om ein refusjon på 3,5 mill. kroner frå EUs yttergrensefond, knytt til utvikling av teknologiske løysingar for tilgang til Visa Informations System (VIS) i 2010 (jf. EFFEKT-programmet). På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3490 post 5.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 9,9 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, kan nyttast under post 60

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 16 620, og at det vil kome 11 000 asylsøkjarar til Noreg i 2011, jf. Prop. 120 S (2010–2011). Nyare prognoser viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 16 520, og at det vil kome om lag 10 000 asylsøkjarar til Noreg i 2011. Mindreutgiftene som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak vert anslått til 10,368 mill. kroner.

Reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar i mottak har ført til eit forventa mindreforbruk på 150 mill. kroner.

Vidare vert det foreslått å overføre 15 mill. kroner til alternativ mottaksplassering (AMOT) under kap. 490 post 60, jf. omtale under kap. 490 post 60.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 21 med 175,368 mill. kroner.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting

Det er venta eit mindreforbruk på posten som følgje av at UDI har overtatt registreringssamtalene frå politiet og at det i nokre saker ikkje er behov for eit ordinært asylintervju i tillegg. Vidare er det forventa færre intervju som følgje av at dei nye prognosane anslår 1 000 færre asylsøkjarar i 2011 enn kva som tidlegare er lagt til grunn.

På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 6 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

På bakgrunn av samansettinga av og talet på bebuarar i asylmottak vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 60 med 2,566 mill. kroner. Særleg er det venta færre einslege mindreårige asylsøkjarar i 2011 enn tidlegare lagt til grunn, og ein kan dermed redusere den øyremerka delen til verjeordninga.

Utgiftene til barnehage for asylsøkjarbarn vert om lag 15 mill. kroner lågare enn venta pga. færre barn i målgruppa og fordi ikkje alle barna i målgruppa har tilbod om plass i barnehage.

Justisdepartementet foreslår å budsjettere midlane til alternativ mottaksplassering (AMOT) under post 60, slik det også er lagt opp til for 2012. Tiltaket vert no rekneskapsført under post 60, men budsjettert på post 21, jf. stikkordet «kan nyttast under post 60». På denne bakgrunn vert det foreslått å overføre 15 mill. kroner frå kap. 490 post 21 til kap. 490 post 60, jf. omtale under post 21.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 60 med 2,566 mill. kroner.

Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, kan nyttast under post 60

At det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2011 vert noko lågare enn det som tidligare har vorte lagt til grunn gir eit venta mindreforbruk på 3,072 mill. kroner.

Endringar i bebuarsamansetninga, særleg ein større del personar med såkalla dublin-status (personar som ikkje får realitetshandsama asylsøknaden sin i Noreg) og endeleg avslag, utgjer eit ytterlegare forventa mindreforbruk på 10 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 70 med 13,072 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast

Det er venta eit mindreforbruk under posten på 28,4 mill. kroner i 2011 knytt til forsinkingar i framdrifta med etablering av omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i opphavslandet, etablering av tilbaketakingsavtaler samt enkelte prosjekt i Noreg.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1, kap. 440 post 21 og kap. 441 post 1.

Vidare vert det foreslått ein reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72 med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490 post 1.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 28,4 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 75 med 4,95 mill. kroner.

1.3 Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 28,4 mill. kroner.

Post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 75 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 3 med 0,939 mill. kroner.

Post 4 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 21, post 60 og post 70 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 326,226 mill. kroner.

Post 5 Tilfeldige inntekter

UDI har fått tilsegn om ein refusjon på 3,5 mill. kroner frå EUs yttergrensefond knytt til utvikling av teknologiske løysningar for tilgang til VIS i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3490 post 5 med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490 post 1.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 1 Driftsutgifter

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 491 post 1 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 491 post 21, jf. omtale under kap. 491 post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga i UNE i 2011.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndhandsaming

På grunn av færre nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner under kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 491 post 1.