Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I proposisjonen blir det fremja forslag til endringar i:

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven).

  • Lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering.

  • Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven).

  • Lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen (arbeids- og velferdsforvaltningsloven).

Som følgje av at reglane om førebels uførepensjon blir oppheva, er det nødvendig å gjere endringar i følgjande lover:

  • Lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar.

  • Lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner.

  • Lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn.

  • Lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskarar.

  • Lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser.

  • Lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

  • Lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven).

  • Lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven).

  • Lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse.

I proposisjonen blir desse endringane foreslått på bakgrunn av budsjettforslag for 2012:

  • skjerping av aktivitetskravet for einsleg mor eller far som får overgangsstønad frå folketrygda, slik at aktivitetskravet skal gjelda frå det yngste barnet fyller eitt år

  • arbeidsgivarar sin lønnspliktperiode under permittering blir auka frå 5 til 10 dagar for permitterte som har fått redusert arbeidstida si med minst 40 pst.

  • ny føresegn i arbeidsmiljøloven som gir heimel til å gi forskrift om offentleg godkjenningsordning i reinhaldsbransjen.

Det blir vidare foreslått:

  • at Kongen i forskrift kan fastsetje verknadstidspunktet for endringa i kravet til minsteinntekt for rett til dagpengar under arbeidsløyse som følgje av endringar i grunnbeløpet

  • at reglane om rett til sjukepengar for personar som er for unge til å ha pensjonsgivande inntekt blir oppheva som følgje av at nedre aldersgrense for pensjonsgivande inntekt blei senka frå 17 til 13 år frå 2010

  • at regelen om førebels uførepensjon etter folketrygdloven § 12-16 blir oppheva som følgje av at regelen er overflødig ettersom ein kan få rett til arbeidsavklaringspengar i ventetid på uførepensjon etter folketrygdloven § 11-13 andre ledd bokstav c.

Det blir i tillegg foreslått enkelte lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdloven og arbeids- og velferdsforvaltningsloven. Det blir vist til proposisjonens kapittel 7 der dette er nærmare gjort greie for.

Det vises til proposisjonens kapittel 8 der det er gjort greie for merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget.

I den siste tida har overgangsstønaden blitt vurdert i eit kritisk lys. Spørsmålet er om tre år utan krav til yrkesrelatert aktivitet bidrar til å styrkje eller svekkje formålet om å gjere den einslege forsørgjaren sjølvhjelpen.

Det vises i proposisjonen til funn gjort i Fafo-rapport 2010:32 «Stønadsordningen for enslige forsørgere. Hvordan fungerer den for mottakere med innvandringsbakgrunn?» og NOU 2011:7 «Velferd og migrasjon» (Brochmann-utvalet). Både Brochmann-utvalet og Fafo-rapporten anbefaler omleggingar i stønaden, blant anna at kravet til aktivitet skal gjelde frå barnet fyller eitt år.

I lovendringane frå 1998 blei det vist til fleire nye tiltak som letta tilhøvet for småbarnsforeldre. Det er og i åra etter innført ytterlegare tiltak og det er derfor no grunn til å endre krava til aktivitet for å komme ut i arbeidslivet.

Styrka krav til aktivitet reduserer den passive stønadsperioden og fører med seg betre økonomiske kår for einslege foreldre og barna deira fordi forsørgjaren får sterkare band til arbeidslivet eller tar utdanning som gir betre føresetnader på arbeidsmarknaden. Frå barnet fyller eitt år bør det derfor gjelde krav til yrkesretta aktivitet i tråd med § 15-8.

Einslege foreldre skal framleis ha rett til overgangsstønad i det første leveåret til barnet utan krav til aktivitet utanfor heimen, likt med yrkesaktive foreldre som er i lønna fødselspermisjon. Den samla stønadsperioden er heller ikkje foreslått endra.

Omfanget av aktiviteten foreslåas skal vere på gjeldande nivå.

Arbeids- og velferdsetaten skal sikre informasjon om at aktivitetsplikta kjem tidlegare, og elles sikre god oppfølging, særlig av dei som registrerer seg som arbeidssøkjarar. For einslege med minoritetsbakgrunn, kor manglande norskkunnskapar kan vere eit hinder for å komme i arbeid, bør ein vurdere å gi tilpassa norskopplæring i kombinasjon med andre tiltak. Regelverket inneheld unntak frå aktivitetskravet dersom forelderen ikkje lykkast med å få tak i tilfredsstillande tilsyn til barnet.

Det vises til § 15-8 første ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2012, og får verknad for personar som får innvilga overgangsstønad tidlegast frå same tidspunkt.

Endringa vil føre til ei innsparing i 2012 på budsjettet for overgangsstønad på om lag 28 mill. kroner, ein auke på stønad til barnetilsyn på 9 mill. kroner, samt ein auke på utdanningsstønad på om lag 1 mill. kroner. Endringa vil gjelde alle mottakarar frå og med 2015, og gir ei anslått innsparing i overgangsstønad på om lag 143 mill. kroner, ein auke på om lag 44 mill. kroner til stønad til barnetilsyn, samt ein auke på om lag 7,5 mill. kroner til utdanningsstønad. Endringa kan føre med seg noko auka administrative kostnader for Arbeids- og velferdsetaten.

Permitteringsregelverket har som konsekvens at staten overtek deler av verksemdene sine lønnsplikt ved å utbetale dagpengar for ein periode. Regelverket har vore gjenstand for hyppige endringar.

Det er ikkje naudsynt å vidareføre dei særskilt gunstige ordningane i samband med permitteringar. Dei endringane som blei sette i verk i samband med finanskrisa i 2009, kan derfor opphevast med verknad frå og med 1. januar 2012. Endringa skal gjelde for nye permitteringar.

Det viser til § 3 nr. 1 første ledd bokstav a i lovforslaget.

Det vil samtidig bli gjort forskriftsendringar om at lønnsplikta til arbeidsgivarar trer inn att etter 30 veker med permittering og om at retten til dagpengar under permittering blir redusert frå 52 til 30 veker. Vidare vil kravet til tap av arbeidstid for rett til dagpengar under permittering bli sett til 50 pst., som er hovudregelen etter folketrygdloven § 4-3. Endringane i forskrifta skal også gjelde for nye permitteringar.

Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2012. Det er lagt til grunn at endringa i talet på dagar med lønnsplikt for arbeidsgivarar vil føre til ei innsparing på dagpengebudsjettet på om lag 50 mill. kroner i 2012. Endringa vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

Forslaget til forskrift gjer det naudsynt å utvide heimelen i arbeidsmiljøloven § 4-1 til også å gjelde forskrift om godkjenningsordning, jf. forslagets § 4-1 (nytt åttande ledd). Det leggjas til grunn at id-korta i den nye ordninga allereie har naudsynt heimel i arbeidsmiljøloven § 4-1 sjuande ledd.

Etter forslaget til forskrift skal godkjenningsordninga gjelde reinhaldsverksemder. Det vil og seie verksemder som ikkje sysselset arbeidstakarar. Det leggjas til grunn at det allereie finst naudsynt heimel til å gi forskrifta eit slikt verkeområde i arbeidsmiljøloven § 1-4 første ledd.

Godkjenningsordninga byggjer på tre hovudelement: førehandsvurdering av alle verksemder, etterfølgjande tilsyn og vilkår for tenestekjøp frå reinhaldsverksemder.

For å sikre at godkjenningsordninga blir tilstrekkeleg effektiv, foreslåas det at det ikkje skal vere lov å nytte tenester frå verksemder som ikkje har godkjenning. Eit slikt vilkår må gå direkte fram av lova. Ved å innføre eit offentleg tilgjengeleg register vil det bli enkelt for brukarar av tenestene å skaffe seg kunnskap om kva verksemder som er godkjende. Å knytte rettsverknader til bruk av reinhaldsverksemder som ikkje er godkjende vil difor ikkje vere urimeleg byrdefullt. Det foreslåas at Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med forbodet mot å nytte reinhaldstenester frå verksemder som ikkje er godkjende, og at Arbeidstilsynet skal nytte sine ordinære sanksjonsmiddel, jf. arbeidsmiljøloven kapittel 18. Ein tenestekjøpar vil kunne få pålegg om å nytte ei godkjend verksemd, og pålegget kan følgjast opp med tvangsmulkt og eventuell stansing. Arbeidstilsynet har ikkje tilsynskompetanse i høve til tenestekjøparar i forbrukarmarknaden, og sanksjonane til Arbeidstilsynet difor berre kan rette seg mot næringsdrivande tenestekjøparar i denne samanhengen. Lovforslaget inneber også at brot på plikta til å vere godkjend, og brot på forbodet mot å nytte tenester frå verksemder som ikkje er godkjend skal vere straffbart i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 19. Heller ikkje straffeansvaret gjeld for forbrukarar, jf. arbeidsmiljøloven § 19-1.

Det vises til proposisjonens kapittel 4.1 der det blir gjort nærmare greie for godkjenningsordninga når det gjeld:

  • Tilhøvet til EØS-retten.

  • Tilhøvet til tenestereglane – utsendingsdirektivet.

  • Tilhøvet til tenestereglane – tenestedirektivet.

  • Tilhøvet til etableringsreglane – tenestedirektivet.

Det foreslåas at endringa trer i kraft straks. Forslaget vil få økonomiske og administrative konsekvensar for staten knytt til etablering og drift av godkjenningsordninga, og til styrka tilsynsinnsats. Det er sett av 10 mill. kroner til treparts bransjeprogram i reinhaldsbransjen på statsbudsjettet for 2011. For 2012 er det foreslått å løyve 20 mill. kroner til etablering og drift av godkjenningsordninga, og auka tilsyn med reinhaldsbransjen.

Forslaget vil også føre til økonomiske konsekvensar for reinhaldsverksemder i form av kostnader med å få utferda id-kort, og til visse administrative konsekvensar knytt til å gjennomføre ein søknadsprosess med plikt til å leggje fram dokumentasjon.

Det er no Kongen i statsråd som formelt vedtek nytt grunnbeløp. Det vil ofte vere kort tid frå forslaget til nytt grunnbeløp blir kjend til det får verknad. Tidlegare blei forslaget kjend idet det blei fremja ein proposisjon for Stortinget.

For å leggje til rette for at Arbeids- og velferdsetaten har tilstrekkeleg tid til å førebu iverksetjinga, bør tidspunktet for iverksetjinga vere noko seinare enn den andre påfølgjande måndagen etter vedtaket.

Også for dei som søkjer om dagpengar er det ein fordel at iverksetjinga ikkje blir sett for tidleg. Det vil vere praktisk at også tidspunktet for iverksetjinga blir fastsett ved kg.res.

I Prop. 114 L (2010–2011) Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma), jf. Innst. 34 L (2011–2012) er det vedteke å endre ordlyden i folketrygdloven § 4-4 femte ledd med verknad frå 1. januar 2012. Forslaget i proposisjonen her er meint å endre på den endringa som blir vedteke gjennom handsaminga av Prop. 114 L (2010–2011). jf. Innst. 34 L (2011–2012).

Det visas til § 4-4 femte ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft frå 1. januar 2012. Den foreslåtte endringa vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Spørsmålet er om det framleis er naudsynt med ein særregel for rett til sjukepengar for dei som er for unge til å ha pensjonsgivande inntekt, det vil seie under 13 år.

Aldersgrensa i arbeidsmiljøloven må vere utgangspunktet for rett til sjukepengar, og det er ikkje lenger naudsynt med ein regel om at ein kan få sjukepengar sjølv om ein er for ung til å ha pensjonsgivande inntekt. At det ikkje vil bli gitt sjukepengar til dei under 13 år, vil ikkje vere til hinder for at ein i spesialtilfelle, jf. arbeidsmiljøloven § 11-1 første ledd bokstav a, i kontrakten gjer avtale om eventuell kompensasjon ved sjukdom.

Det visas til § 8-3 første ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft frå 1. januar 2012. Endringa har ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Vigdis Giltun og Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, Sylvi Graham og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, fra Senterpartiet, Magnhild Eia, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til Prop. 7 L (2011–2012) Endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2011).

Komiteen har mottatt rettebrev vedrørende endingar i lovforslaget romertall XI. Rettebrevet av 25. november 2011 følger vedlagt innstillinga. Komiteen viser til at forslagene til endringer er innarbeidet.

Komiteen er enig i at det å være i aktivitet og arbeid er viktig for levekår og livskvalitet til den enkelte og for den samla verdiskapinga i samfunnet.

Enslige forsørgere har spesielle utfordringer knytta til å forene aktivitet og arbeid med omsorgsoppgaver for små barn. Enslige forsørgere har opp gjennom tiden vært omfattet av stigmatisering og mye skam. Slik er det ikke lenger, men det har tatt lang tid å få politisk enighet om at disse skal være omfattet av spesielle ordninger. Først i 1964 kom det inn ordninger for enker og morstrygd, og først i 1980 ble stønad til skilte og separerte omfattet av ordninger i Lov om folketrygd.

Komiteen viser til at utviklingen i aktivitet og arbeid har vist positive tendenser de senere år, og at mange kan kombinere yrkesaktivitet med omsorgsoppgaver.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at vi lever i et kompetansesamfunn og at det å kunne tilegne seg tilstrekke kunnskap til å kunne fungere i arbeid er viktig og er tilfreds med at utdanningsstøtte er en del av stønadsordningen.

Komiteen ser behov for å styrke aktivitetskravet for denne gruppen, slik at eneforsørgere raskest mulig får muligheter til å delta i arbeidslivet.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at einslege forsørgjarar som bruker perioden med overgangsstønad til kvalifisering lykkes i stor grad i å kome i arbeid og få ein lønnsinntekt som sikrar mot fattigdom. Difor er det viktig at einslige forsørgjarar raskare kjem i gang med yrkesretta aktivitet gjennom arbeid, utdanning eller bistand frå Nav i den tida overgangsstønaden kan nyttas til inntekt den tida kvalifiseringa gjeld. God barnehagedekning har bidrege til at dette nå vil være mykje enklare.

Fleirtalet viser til at aktivitetskravet for overgangsstønad kan fyllast ved å vere i arbeid eller utdanning som utgjør minst 50 pst., eller stå tilmeldt Arbeids- og velferdsetaten som arbeidssøkjar. Overgangsstønad kan som hovudregel gis frå opp til to månader før fødselen, til det yngste barnet fyller åtte år, men ikkje i meir enn til saman tre år etter at det yngste barnet blei fødd. Mottakarar av overgangsstønad som står tilmeldt Nav som arbeidssøkjare skal følgjast opp. Fleirtalet viser til regelverket som seier at aktivitetskravet kan falle bort midlertidig dersom du eller barnet er sjukt, eller om du ikkje har nokon som kan passe barnet (plass i barnehage, SFO eller liknande). Desse situasjonane gjev rett til overgangsstønad sjølv om aktivitetskravet ikkje er oppfylt.

Et annet flertall, alle unntatt medlemmet fra Kristelig Folkeparti, er tilfreds med at endringen i aktivitetskravet skjer for nye tilfeller fra 1. januar 2012.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader i forbindelse med behandling av Prop. 1 S (2011–2012) i Innst. 15 S (2011–2012), under kap. 2620 post 70, og post 73.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine merknader i forbindelse med behandlingen av Prop. 1 S (2011–2012) i Innst. 15 S (2011–2012), under kap. 2620 post 70.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti går imot forslaget om at det skal stilles aktivitetskrav for overgangsstønad allerede når yngste barn fyller 1 år. Det fratar enslige valgfrihet for omsorg for egne barn. Enslige kan komme i en situasjon der de er uten barnehageplass og mister overgangsstønad slik at de blir presset over på sosialhjelp. For enslige kan det være veldig krevende å kombinere omsorgsansvar med aktivitet. Ved å stille aktivitetskravet allerede når yngste barn fyller 1 år blir det ekstra krevende for enslige forsørgere.

Dette medlem mener denne endringen også fratar mulighet til forutsigbarhet for aleneforeldre. Hvis en får barnehageplass midt i året, faller plutselig overgangsstønaden bort, samtidig som en må betale for barnehageplass uten at en har fått jobb enda. Dette medlem går derfor imot dette forslaget.

Komiteen viser til at det er en usikker situasjon på arbeidsmarkedet. Den økonomiske krise og usikkerhet i flere lands statsøkonomi i Europa vil påvirke Norge, men det er stor usikkerhet fremdeles, både om konsekvensene for Norske arbeidsplasser og i hvilket omfang krisen i Europa vil få, i Europa og i Norge.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, gir sin tilslutning til det fremlagte forslag om endringer i permitteringsregelverket på det nåværende tidspunkt. Vi har ikke tilstrekkelig kunnskap om hvordan krisen vil ramme i Norge, og det er derfor avgjørende viktig å holde fast på de signaler regjeringen har gitt om at de vil følge utviklingen nøye og iverksette nødvendige tiltak på riktig tidspunkt, slik regjeringen gjorde ved forrige finanskrise.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg at regjeringen i Prop. 7 L (2011–2012) legger til grunn at det:

«ikke er naudsynt å vidareføre dei særskilt gunstige ordningane i samband med permitteringer. Dei endringane som blei sette i verk i samband med finanskrisa i 2009, kan derfor opphevast med verknad frå og med 1. januar 2012.»

Disse medlemmer har merket seg at det ved utgangen av september 2011 var registrert om lag 5 570 permitterte og at dette er en nedgang på mer enn 34 pst. sammenlignet med samme måned i 2010.

Utviklingen i flere andre land i Europa og den nærmeste fremtiden for eksportrettet næringsliv i Norge er etter disse medlemmers mening usikker. Også i finanstalen i Stortinget høsten 2011 pekte finansministeren på de vanskelige tidene i mange land i Europa og at ledigheten blant ungdom er høy. Disse medlemmer anser derfor at å fjerne de muligheter for permitteringer som ble innført i 2009, på det nåværende tidspunkt, er lite forutseende og gir gale signaler til arbeidsgiverne. Disse medlemmer frykter at det å fjerne endringene i permitteringsregelverket nå, vil kunne hindre opprettelsen av nye arbeidsplasser og bidra til økt press på arbeidsstokken i enkelte bedrifter.

Disse medlemmer vil peke på at bevilgningen på kap. 2541 post 70 – Dagpenger – er en overslagsbevilgning og at behovet vil styre utgiftene.

Disse medlemmer viser til sine merknader i Innst. 15 S (2011–2012) der Fremskrittspartiet går imot å fjerne endringene i permitteringsregelverket fra 2009. På denne bakgrunn vil disse medlemmer stemme imot forslaget til endringer i permitteringsregelverket.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til sine merknader i forbindelse med behandlingen av Prop. 1 S (2011–2012) i Innst. 15 S (2011–2012), under kap. 2541.

Komiteen er tilfreds med regjeringa si satsing for å få til ordna førehald i reinhaldsbransjen. Dei tre partane i arbeidslivet har saman komme fram til ordningar som har som føremål å få bukt med dei mange tilfella av useriøsitet, sosial dumping og utstøyting frå arbeidslivet, som man har funne i denne bransjen.

Komiteen er tilfreds med dei nye ordningane og ser fram til den vidare handsaminga av desse tiltaka og er samd i dei framlagte føresegna. Ei godkjenningsordning, betre tilsyn og handsaming av dei nye reglane, er viktig. Komiteen er tilfreds med at kravet til godkjenning og ansvaret for å finne ut om verksemda er registrert i det offentlige registrert føreligg. Straffereaksjonen som er foreslått er eit godt verkemiddel og vil ha ein førebyggjande effekt. Komiteen er kjend med at det er begrensningar i tilhøve til å føra kontroll med tenestekjøparar i forbukarmarknaden. Arbeidstilsynets moglegheiter til å føra tilsyn gjeld næringsdrivande verksemder i denne omgang.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er kjend med at forslaget til nytt grunnbeløp tidlegare blei kjend idet det blei fremja ein proposisjon for Stortinget, og Arbeids- og velferdsetaten hadde då noko lengre tid til å førebu iverksetjinga før det formelle vedtaket blei gjort av Stortinget, enn no. Når Kongen i statsråd no formelt vedtek nytt grunnbeløp, vil det ofte vere kort tid frå nytt grunnbeløp blir kjend til det får verknad, som no er «den andre påfølgende mandagen» etter det formelle vedtaket, jf. folketrygdlova § 4-4 femte ledd. For å tilretteleggje for at Arbeids- og velferdsetaten har tilstrekkjeleg tid til å førebu iverksetjinga, bør iverksetjingstidspunktet vere noko seinare enn den andre påfølgjande måndagen etter vedtaket.

Fleirtalet viser til behovet for endringar i folketrygdloven slik at det ikkje blir ulempe for mottakarar av dagpengar og at også tidspunktet for iverksetjinga også fastsettast av Kongen i Statsråd og sluttar seg til departementets vurderingar og konklusjonar i denne saka.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet var imot å overføre vedtak om fastsetting av grunnbeløpet fra Stortinget til Kongen i statsråd.

Disse medlemmer har merket seg at Prop. 7 L (2011–2012) slår fast at, sitat:

«Datoen for vedtaket om nytt grunnbeløp vil kunne variere noko frå år til år»,

noe disse medlemmer mener vil være uheldig og lite forutsigbart for brukere og for Nav som skal administrere vedtaket. Det vil gjøre det vanskeligere for alle som blir berørt å planlegge saker som har tilknytning til grunnbeløpet og G-reguleringen.

Disse medlemmer mener det er viktig at virkningstidspunktet for G-reguleringen legges til et fastsatt tidspunkt slik at det ikke skal være tvil om hvilket grunnbeløp som skal legges til grunn for beregning av ytelser. Disse medlemmer anser at den andre mandagen etter vedtaket om regulering, slik det er vedtatt gjennom behandlingen av Prop. 114 L (2010–2011) Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma), jf. Innst. 34 L (2011–2012), er et riktig tidspunkt for virkningen når det gjelder dagpenger og vil ikke støtte forslaget i Prop. 7 L (2011–2012) om fastsettelse ved kgl.res.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at særreglene for eldre dagpengemottakere ble endret med virkning fra 1. januar 2011 med en overgangsperiode på ett år for dem som på det tidspunkt var i ordningen og hadde fylt 63 år. Fra og med 1. januar 2012 vil ingen dagpengemottakere ha rett til dagpenger i mer enn to år.

Flertallet understreker at overgangsordningen i 2011 etter Stortingets intensjon skulle være tilstrekkelig til å sikre god forvaltning og ivaretaking av de som var omfattet av overgangsordningen etter avvikling av særreglene for eldre dagpengemottakere, men at dette i mange tilfeller viser seg ikke å være tilfelle. Flertallet viser derfor til at regjeringen nå går systematisk igjennom denne informasjonen for å sikre at eldre dagpengemottakere følges opp og sikres etter intensjonen. Flertallet viser til svarbrev fra statsråden av 24. november 2011 på spørsmål fra stortingsrepresentantene Trettebergstuen og Andersen av 23. november 2011. I svaret fremgår det at statsråden vurderer det slik at det overfor denne gruppen kan være gitt ufullstendig informasjon fra Arbeids- og velferdsetaten, samt at oppfølgingen kan ha kommet for sent i gang. På denne bakgrunn foreslås en seksmåneders forlengelse av overgangsordningen til 1. juli 2012.

Langtidsledighetsgarantien utvides fra 2012. Ved en slik forlengelse, kan denne gruppen få en rimelig omstillingsperiode og sikres forsvarlig oppfølging.

Overgangsreglene er en del av lovvedtaket 17. desember 2010 nr. 80 om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover, som bl.a. omfattet vedtak om oppheving av særreglene. Vedtak om forlengelse av overgangsreglene frem til 1. juli 2012 må derfor vedtas som en endring av dette lovvedtaket.

Flertallet fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«XIV

I lov 17. desember 2010 nr. 80 om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover skal del IV andre punktum lyde:

For medlem som per 31. desember 2010 er minst 63 år og som har fremma krav om dagpengar som gir rett til dagpengar før 1. januar 2011, får opphevinga av § 4-17 verknad først frå 1. juli 2012.

XV

Iverksetjing og overgangsreglar nr. 3 skal lyde:

  • 3. Endringa i del XIV trer i kraft straks.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at man gikk i mot å oppheve særreglene for personer over 64 år, og viser til sine merknader i forbindelse med behandling av Innst. 15 S (2010–2011).

Disse medlemmer er fortsatt av sammen formening, og vil derfor gå i mot den foreslåtte lovendring.

Disse medlemmer viser for øvrig også til sine merknader av Prop. 1 S (2011–2012) i Innst. 15 S (2011–2012), under kap. 2541.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, visar til Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) Om lov om endringar i folketrygdlova (ny alderspensjon), der dette blei drøfta og Stortinget vedtok å vidareføre gjeldande reglar, jf. Innst. O. nr. 67 (2008–2009). Fleirtalet gjer sin tilslutning til departementets føresegn.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter ikke forslaget om å fjerne første ledd i § 8-3 i folketrygdloven. Disse medlemmer anser at det må gjelde like rettigheter til sykepenger for alle som har lønnsinntekt over et visst nivå, slik at forutsigbarhet og trygghet for planlagt virksomhet skal gjelde uavhengig av arbeidstakerens alder.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover

I

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

§ 3-2 fjerde ledd bokstav a skal lyde:

a) som får uførepensjon eller alderspensjon,

§ 3-24 tredje ledd bokstav c skal opphevast.

§ 3-26 tredje ledd bokstav a skal lyde:

a) pensjonsytelser og overgangsstønad fra folketrygden

§ 4-4 femte ledd skal lyde:

Når grunnbeløpet blir regulert etter § 1-4, skal endringen i kravet til minsteinntekt først gjelde fra og med det tidspunktet Kongen bestemmer.

§ 8-3 første ledd andre punktum skal opphevast. Tredje og fjerde punktum blir andre og tredje punktum.

§ 8-50 første ledd skal lyde:

Det ytes ikke sykepenger til et medlem som mottar hel uførepensjon etter kapittel 12.

§ 8-50 andre ledd skal lyde:

Til et medlem som mottar gradert uførepensjon ytes det sykepenger etter bestemmelsene i kapitlet her ut fra den arbeidsinntekt som medlemmet har i tillegg til ytelsen.

§ 9-3 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det ytes ikke stønad til medlem som er fylt 70 år.

§ 10-4 skal lyde:

§ 10-4. Alder

Det er et vilkår for rett til stønad etter § 10-5 at krav er framsatt før fylte 67 år. Stønad etter § 10-7 bokstavene e til g gitt i medhold av § 10-5 kan ytes fram til vedkommende fyller 70 år.

Stønad til anskaffelse av bil i medhold av § 10-6 gis bare når vilkårene for rett til slik stønad var oppfylt før vedkommende fylte 70 år.

§ 10-5 fjerde ledd første punktum skal lyde:

Det ytes ikke stønad etter denne paragrafen til en person som mottar uførepensjon eller avtalefestet pensjon som det godskrives pensjonspoeng for, se § 3-19 sjette ledd.

§ 11-13 fjerde ledd skal lyde:

Arbeidsavklaringspenger kan gis til studenter som har behov for aktiv behandling for å kunne gjenoppta studiene.

Tiande strekpunktet i innhaldsoversikta til kapittel 12 blir oppheva.

§ 12-5 overskrifta skal lyde:

§ 12-5 Hensiktsmessig behandling og arbeidsrettede tiltak

§ 12-5 andre ledd første punktum skal lyde:

Når det skal avgjøres om et behandlingstiltak eller et arbeidsrettet tiltak er hensiktsmessig, legges det vekt på alder, evner, utdanning, yrkesbakgrunn og arbeidsmuligheter.

§ 12-13 nytt sjuande ledd skal lyde:

Uførepensjon tilstått i medhold av § 12-2 fjerde ledd beregnes på grunnlag av trygdetid til og med kalendermåneden før uføretidspunktet og poengår til og med kalenderåret før nevnte tidspunkt. For øvrig gjelder reglene i første til sjette ledd.

§ 12-14 første ledd bokstav a skal lyde:

a) ektefellen mottar alderspensjon, uførepensjon eller avtalefestet pensjon som det godskrives pensjonspoeng for, se § 3-19 sjette ledd, og

§ 12-16 blir oppheva.

§ 15-8 første ledd innleiinga skal lyde:

Når det yngste barnet har fylt ett år, er det et vilkår for rett til overgangsstønad etter § 15-6 andre og åttende ledd at den enslige moren eller faren enten

§ 15-14 første punktum skal lyde:

Overgangsstønad etter dette kapitlet faller bort i den utstrekning vedkommende mottar ytelser til livsopphold fra folketrygden i form av pensjon eller overgangsstønad som gjenlevende ektefelle, alderspensjon, uførepensjon eller tilsvarende ytelser fra utlandet.

§ 16-10 første ledd bokstav b skal lyde:

b) får rett til uførepensjon, eller

§ 17-11 første ledd bokstav b skal lyde:

b) når vedkommende får rett til uførepensjon, eller

§ 18-7 andre ledd skal lyde:

Barnepensjonen faller bort i den utstrekning barnet har rett til uførepensjon.

§ 19-4 tredje punktum skal lyde:

Det gis ikke alderspensjon til en person som mottar hel uførepensjon.

§ 19-8 tredje ledd skal lyde:

Lav sats ytes til den som lever sammen med en ektefelle som mottar uførepensjon, alderspensjon eller avtalefestet pensjon som nevnt i § 3-19 sjette ledd.

§ 19-17 første ledd bokstav a skal lyde:

a) ektefellen mottar alderspensjon, uførepensjon eller avtalefestet pensjon som det godskrives pensjonspoeng for, se § 3-19 sjette ledd, og

§ 20-9 andre ledd bokstav a skal lyde:

a) som får uførepensjon eller alderspensjon, eller

§ 22-10 tredje ledd bokstav b blir oppheva.

§ 22-10 fjerde ledd bokstav b skal lyde:

b) tilleggsstønader (§11-12)

§ 22-12 andre ledd første punktum skal lyde:

Uførepensjon til en person som har rett til sykepenger, utbetales fra og med den måneden retten til sykepenger utløper.

§ 22-13 fjerde ledd ny bokstav d skal lyde:

d) Arbeidsavklaringspenger etter kapittel 11 gis tidligst fra det tidspunktet da kravet ble satt fram.

II

I lov 6. mai 1988 nr. 22 om arbeidsgivers lønnsplikt under permittering skal § 3 nr. 1 første ledd bokstav a lyde:

a) 10 arbeidsdager ved hel permittering og ved minst 40 % reduksjon av arbeidstiden,

III

I lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen skal §14 a tredje ledd lyde:

Brukere som har fått fastslått at de har et bistandsbehov, har rett til å delta i utarbeidelsen av en konkret plan for hvordan de skal komme i arbeid (aktivitetsplan). Det skal likevel ikke utarbeides aktivitetsplaner for personer som har rett til kvalifiseringsprogram etter lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 29.

IV

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. skal § 4-1 nytt åttande ledd lyde:

(8) Når hensynet til helse, miljø og sikkerhet tilsier det, kan departementet i forskrift gi bestemmelser om at virksomheter som tilbyr renholdstjenester må godkjennes av Arbeidstilsynet, og om det nærmere innholdet i en slik godkjenningsordning. Når det stilles krav om slik godkjenning, vil det være ulovlig å benytte tjenester fra virksomheter uten godkjenning.

V

I lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner skal desse endringane gjerast:

§ 18 nr. 1 tredje ledd første punktum skal lyde:

Har invaliden rett til overgangsstønad fra folketrygden som inneholder tilleggspensjon, gjelder bestemmelsene i første ledd på samme måte.

§ 18 nr. 1 sjette ledd første punktum skal lyde:

Dersom det ytes overgangsstønad fra folketrygden som inneholder tilleggspensjon, gjelder bestemmelsene i fjerde ledd på samme måte.

VI

I lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner skal desse endringane gjerast:

§ 23 nr. 1 tredje ledd første punktum skal lyde:

Har invaliden rett til overgangsstønad fra folketrygden som inneholder tilleggspensjon, gjelder bestemmelsene i første ledd på samme måte.

§ 23 nr. 1 sjette ledd første punktum skal lyde:

Dersom det ytes overgangsstønad fra folketrygden som inneholder tilleggspensjon, gjelder bestemmelsene i fjerde ledd på samme måte.

VII

I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn skal desse endringane gjerast:

§ 4 nr. 3 skal lyde:

3. Alderspensjon ytes til og med den kalendermåned pensjonisten fyller 67 år, eller til den kalendermåned pensjonisten får uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger etter lov om folketrygd for hel uførhet eller full avtalefestet pensjon som omfattes av lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 1 nr. 1 første ledd bokstav d.

§ 5 nr. 2 skal lyde:

2. For pensjonist som har uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger etter lov om folketrygd for mindre enn hel uførhet eller gradert avtalefestet pensjon som omfattes av lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 1 nr. 1 første ledd bokstav d, bortfaller en forholdsmessig del av alderspensjonen som svarer til uføre-graden eller pensjonsgraden.

§ 16 nr. 1 bokstav e skal lyde:

e) på det tidspunkt vilkårene i bokstav a-d er oppfylt, ikke får uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger fra folketrygden for hel uførhet eller full avtalefestet pensjon som omfattes av samordningsloven § 1 nr. 1 første ledd bokstav d.

§ 28 nr. 2 første punktum skal lyde:

2. Den som er innvilget eller innvilges alderspensjon etter denne loven og uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger fra folketrygden eller avtalefestet pensjon som omfattes av samordningsloven § 1 nr. 1 første ledd bokstav d med virkning fra et tidspunkt før 1. januar 2001, har rett til alderspensjon etter bestemmelsene i denne loven som gjaldt før denne datoen, herunder pensjon etter satser som nevnt i nr. 1.

§ 29 nr. 2 første punktum skal lyde:

2. Til en pensjonist som får uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger fra folketrygden, eller avtalefestet pensjon som omfattes av samordningsloven § 1 nr. 1 første ledd bokstav d, som er mindre enn det alderspensjon etter denne loven ville utgjøre hvis han ikke hadde hatt slik ytelse fra folketrygden eller avtalefestet pensjon, gis det et overgangstillegg som tilsvarer forskjellen.

VIII

I lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere skal § 8 andre ledd første punktum lyde:

Alderspensjon oppheves fra og med kalendermåneden etter den måned da pensjonisten fylte 67 år eller fra og med den kalendermåned da pensjonisten får rett til uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger etter loven om folketrygd for hel uførhet eller tar ut full avtalefestet pensjon som nevnt i samordningsloven § 1 nr. 1 første ledd bokstav d.

IX

I lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser skal desse endringane gjerast:

§ 19 andre ledd første punktum skal lyde:

Bestemmelsene i nr. 1 og 3 gjelder tilsvarende for samordning av tjenestepensjon med uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger etter loven om folketrygd.

§ 20 tredje ledd første punktum skal lyde:

Bestemmelsene i første og annet ledd gjelder tilsvarende for samordning av pensjon fra personskadetrygd med uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger etter loven om folketrygd.

§ 21 tredje ledd skal lyde:

Bestemmelsen i første og annet ledd gjelder tilsvarende for samordning av pensjoner fra tjenestepensjonsordning, personskadetrygd og uførepensjon eller arbeidsavklaringspenger etter loven om folketrygd.

X

I lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd skal desse endringane gjerast:

§ 11 nr. 4 første ledd skal lyde:

4. Til enslig person som har rett til pensjon etter denne lov eller sykepenger etter bestemmelsene i pkt. 2, annet eller tredje ledd og som er innlagt i institusjon som omfattes av folketrygdloven § 3-27 eller § 3-29, skal det fra og med den andre kalendermåned etter den måned da forpleiningen tok til bare utbetales en så stor del av nevnte ytelser etter denne lov som sammen med de sykepenger, arbeidsavklaringspenger og den pensjon eller overgangsstønad som vedkommende eventuelt har rett til etter lov om folketrygd, svarer til 10 prosent av full og ikke samordnet pensjon etter denne lov, tillagt 15 prosent av folketrygdens grunnbeløp.

§ 11 nr. 4 andre ledd skal lyde:

Til person som forsørger ektefelle eller barn skal det i tilfelle som nevnt i første ledd bare utbetales en så stor del av pensjon eller sykepenger etter denne lov, som sammen med de sykepenger, arbeidsavklaringspenger og den pensjon eller overgangsstønad som vedkommende eventuelt har rett til etter lov om folketrygd, svarer til 10 prosent av full og ikke samordnet pensjon etter denne lov, tillagt 15 prosent av folketrygdens grunnbeløp, samt pensjon etter §§ 19 og 22 i denne lov.

§ 12 nr. 3 fjerde ledd første punktum skal lyde:

Dersom den skadede har rett til overgangsstønad fra folketrygden som inneholder tilleggspensjon, gjelder bestemmelsene i annet ledd på samme måte.

§ 19 nr. 1 tredje ledd første punktum skal lyde:

Dersom det ytes overgangsstønad fra folketrygden som inneholder tilleggspensjon, gjelder bestemmelsene i annet ledd på samme måte.

XI

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal desse endringane gjerast:

§ 6-81 første ledd første punktum skal lyde:

(1) Fra og med den måned skattyter mottar uførepensjon fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3, gis det et særfradrag i alminnelig inntekt på 2.667 kroner pr. påbegynt måned.

§ 6-81 andre ledd første punktum skal lyde:

(2) Andre skattytere enn nevnt i første ledd som har mottatt uførepensjon eller uførepensjon etter andre lover, skal for hver påbegynt måned slike ytelser er mottatt, ha et særfradrag lik halvparten av månedsfradraget etter første ledd.

§ 17-1 første ledd bokstav a skal lyde:

a) mottar uførepensjonetter folketrygdloven fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3. Dette gjelder ikke skattyter som samtidig mottar arbeidsavklaringspenger fra folketrygden.

XII

I lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor skal § 16 lyde:

§ 16 Forholdet til ytelser fra folketrygden mv.

Avtalefestet pensjon etter kapitlet her må ikke kunne ytes for tidsrom hvor det ytes arbeidsavklaringspenger, uførepensjon, etterlattepensjon eller alderspensjon fra folketrygden.

XIII

I lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse skal § 3 bokstav e første punktum lyde:

e) Det ytes ikke avtalefestet pensjon etter loven her for tidsrom hvor det ytes arbeidsavklaringspenger, uførepensjon eller pensjon til gjenlevende ektefelle fra folketrygden.

XIV

I lov 17. desember 2010 nr. 80 om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover skal del IV andre punktum lyde:

For medlem som per 31. desember 2010 er minst 63 år og som har fremma krav om dagpengar som gir rett til dagpengar før 1. januar 2011, får opphevinga av § 4-17 verknad først frå 1. juli 2012.

XV

Iverksetjing og overgangsreglar

  • 1. Endringane i folketrygdlova §§ 9-3, 11-13, 12-5, 12-13, § 22-10 fjerde ledd og § 22-13, i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 14a og endringa i arbeidsmiljølova § 4-1 trer i kraft straks.

  • 2. Dei andre endringane i folketrygdlova og endringane i del II, V, VI, VII, VIII, IX, X, XI, XII og XIII trer i kraft 1. januar 2012. Personar som mottek førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16, mottek likevel ytinga fram til Arbeids- og velferdsetaten har handsama kravet om uførepensjon.

  • 3. Endringa i del XIV trer i kraft straks.

Jeg viser til Prop. 7 L (2011-2012) Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover der Arbeidsdepartementet foreslår enkelte endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) i forbindelse med forslaget om å oppheve folketrygdytelsen foreløpig uførepensjon. I forbindelse med denne opphevingen må begrepet ”foreløpig uførepensjon” tas ut flere steder i lovverket, herunder skatteloven §§ 6-81 og 17-1.

Ved en feil ble det i endringsteksten til lovforslaget til skatteloven § 6-81 første ledd første punktum og § 17-1 første ledd bokstav a skrevet ” uførepensjon etter folketrygdloven”, mens det riktige skal være ”uførepensjon”. Dette fordi bestemmelsen også omfatter uførepensjon etter andre ordninger enn folketrygden. Det opprinnelige forslaget til endring av skatteloven § 6-81 andre ledd er korrekt slik det er fremmet i Prop. 7 L.

Jeg anmoder om at arbeids- og sosialkomiteen i sin innstilling retter opp dette i samsvar med gjennomgangen nedenfor.

Lovforslaget, s. 28 romertall XI, endringer i skatteloven § 6-81 første ledd første punktum og § 17-1 første ledd bokstav a:

§ 6-81 første ledd første punktum skal lyde:

(1) Fra og med den måned skattyter mottar uførepensjon fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3, gis det et særfradrag i alminnelig inntekt på 2 667 kroner pr. påbegynt måned.

§ 17-1 første ledd bokstav a skal lyde:

  • a) mottar uførepensjon fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3. Dette gjelder ikke skattyter som samtidig mottar arbeidsavklaringspenger fra folketrygden.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 29. november 2011

Robert Eriksson

Kari Henriksen

leder

ordfører