Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I proposisjonen blir det fremja forslag til endringar i:

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven).

  • Lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering.

  • Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven).

  • Lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen (arbeids- og velferdsforvaltningsloven).

Som følgje av at reglane om førebels uførepensjon blir oppheva, er det nødvendig å gjere endringar i følgjande lover:

  • Lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar.

  • Lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner.

  • Lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn.

  • Lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskarar.

  • Lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser.

  • Lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

  • Lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven).

  • Lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven).

  • Lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse.

I proposisjonen blir desse endringane foreslått på bakgrunn av budsjettforslag for 2012:

  • skjerping av aktivitetskravet for einsleg mor eller far som får overgangsstønad frå folketrygda, slik at aktivitetskravet skal gjelda frå det yngste barnet fyller eitt år

  • arbeidsgivarar sin lønnspliktperiode under permittering blir auka frå 5 til 10 dagar for permitterte som har fått redusert arbeidstida si med minst 40 pst.

  • ny føresegn i arbeidsmiljøloven som gir heimel til å gi forskrift om offentleg godkjenningsordning i reinhaldsbransjen.

Det blir vidare foreslått:

  • at Kongen i forskrift kan fastsetje verknadstidspunktet for endringa i kravet til minsteinntekt for rett til dagpengar under arbeidsløyse som følgje av endringar i grunnbeløpet

  • at reglane om rett til sjukepengar for personar som er for unge til å ha pensjonsgivande inntekt blir oppheva som følgje av at nedre aldersgrense for pensjonsgivande inntekt blei senka frå 17 til 13 år frå 2010

  • at regelen om førebels uførepensjon etter folketrygdloven § 12-16 blir oppheva som følgje av at regelen er overflødig ettersom ein kan få rett til arbeidsavklaringspengar i ventetid på uførepensjon etter folketrygdloven § 11-13 andre ledd bokstav c.

Det blir i tillegg foreslått enkelte lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdloven og arbeids- og velferdsforvaltningsloven. Det blir vist til proposisjonens kapittel 7 der dette er nærmare gjort greie for.

Det vises til proposisjonens kapittel 8 der det er gjort greie for merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget.

I den siste tida har overgangsstønaden blitt vurdert i eit kritisk lys. Spørsmålet er om tre år utan krav til yrkesrelatert aktivitet bidrar til å styrkje eller svekkje formålet om å gjere den einslege forsørgjaren sjølvhjelpen.

Det vises i proposisjonen til funn gjort i Fafo-rapport 2010:32 «Stønadsordningen for enslige forsørgere. Hvordan fungerer den for mottakere med innvandringsbakgrunn?» og NOU 2011:7 «Velferd og migrasjon» (Brochmann-utvalet). Både Brochmann-utvalet og Fafo-rapporten anbefaler omleggingar i stønaden, blant anna at kravet til aktivitet skal gjelde frå barnet fyller eitt år.

I lovendringane frå 1998 blei det vist til fleire nye tiltak som letta tilhøvet for småbarnsforeldre. Det er og i åra etter innført ytterlegare tiltak og det er derfor no grunn til å endre krava til aktivitet for å komme ut i arbeidslivet.

Styrka krav til aktivitet reduserer den passive stønadsperioden og fører med seg betre økonomiske kår for einslege foreldre og barna deira fordi forsørgjaren får sterkare band til arbeidslivet eller tar utdanning som gir betre føresetnader på arbeidsmarknaden. Frå barnet fyller eitt år bør det derfor gjelde krav til yrkesretta aktivitet i tråd med § 15-8.

Einslege foreldre skal framleis ha rett til overgangsstønad i det første leveåret til barnet utan krav til aktivitet utanfor heimen, likt med yrkesaktive foreldre som er i lønna fødselspermisjon. Den samla stønadsperioden er heller ikkje foreslått endra.

Omfanget av aktiviteten foreslåas skal vere på gjeldande nivå.

Arbeids- og velferdsetaten skal sikre informasjon om at aktivitetsplikta kjem tidlegare, og elles sikre god oppfølging, særlig av dei som registrerer seg som arbeidssøkjarar. For einslege med minoritetsbakgrunn, kor manglande norskkunnskapar kan vere eit hinder for å komme i arbeid, bør ein vurdere å gi tilpassa norskopplæring i kombinasjon med andre tiltak. Regelverket inneheld unntak frå aktivitetskravet dersom forelderen ikkje lykkast med å få tak i tilfredsstillande tilsyn til barnet.

Det vises til § 15-8 første ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2012, og får verknad for personar som får innvilga overgangsstønad tidlegast frå same tidspunkt.

Endringa vil føre til ei innsparing i 2012 på budsjettet for overgangsstønad på om lag 28 mill. kroner, ein auke på stønad til barnetilsyn på 9 mill. kroner, samt ein auke på utdanningsstønad på om lag 1 mill. kroner. Endringa vil gjelde alle mottakarar frå og med 2015, og gir ei anslått innsparing i overgangsstønad på om lag 143 mill. kroner, ein auke på om lag 44 mill. kroner til stønad til barnetilsyn, samt ein auke på om lag 7,5 mill. kroner til utdanningsstønad. Endringa kan føre med seg noko auka administrative kostnader for Arbeids- og velferdsetaten.

Permitteringsregelverket har som konsekvens at staten overtek deler av verksemdene sine lønnsplikt ved å utbetale dagpengar for ein periode. Regelverket har vore gjenstand for hyppige endringar.

Det er ikkje naudsynt å vidareføre dei særskilt gunstige ordningane i samband med permitteringar. Dei endringane som blei sette i verk i samband med finanskrisa i 2009, kan derfor opphevast med verknad frå og med 1. januar 2012. Endringa skal gjelde for nye permitteringar.

Det viser til § 3 nr. 1 første ledd bokstav a i lovforslaget.

Det vil samtidig bli gjort forskriftsendringar om at lønnsplikta til arbeidsgivarar trer inn att etter 30 veker med permittering og om at retten til dagpengar under permittering blir redusert frå 52 til 30 veker. Vidare vil kravet til tap av arbeidstid for rett til dagpengar under permittering bli sett til 50 pst., som er hovudregelen etter folketrygdloven § 4-3. Endringane i forskrifta skal også gjelde for nye permitteringar.

Det foreslåas at endringa trer i kraft 1. januar 2012. Det er lagt til grunn at endringa i talet på dagar med lønnsplikt for arbeidsgivarar vil føre til ei innsparing på dagpengebudsjettet på om lag 50 mill. kroner i 2012. Endringa vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

Forslaget til forskrift gjer det naudsynt å utvide heimelen i arbeidsmiljøloven § 4-1 til også å gjelde forskrift om godkjenningsordning, jf. forslagets § 4-1 (nytt åttande ledd). Det leggjas til grunn at id-korta i den nye ordninga allereie har naudsynt heimel i arbeidsmiljøloven § 4-1 sjuande ledd.

Etter forslaget til forskrift skal godkjenningsordninga gjelde reinhaldsverksemder. Det vil og seie verksemder som ikkje sysselset arbeidstakarar. Det leggjas til grunn at det allereie finst naudsynt heimel til å gi forskrifta eit slikt verkeområde i arbeidsmiljøloven § 1-4 første ledd.

Godkjenningsordninga byggjer på tre hovudelement: førehandsvurdering av alle verksemder, etterfølgjande tilsyn og vilkår for tenestekjøp frå reinhaldsverksemder.

For å sikre at godkjenningsordninga blir tilstrekkeleg effektiv, foreslåas det at det ikkje skal vere lov å nytte tenester frå verksemder som ikkje har godkjenning. Eit slikt vilkår må gå direkte fram av lova. Ved å innføre eit offentleg tilgjengeleg register vil det bli enkelt for brukarar av tenestene å skaffe seg kunnskap om kva verksemder som er godkjende. Å knytte rettsverknader til bruk av reinhaldsverksemder som ikkje er godkjende vil difor ikkje vere urimeleg byrdefullt. Det foreslåas at Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med forbodet mot å nytte reinhaldstenester frå verksemder som ikkje er godkjende, og at Arbeidstilsynet skal nytte sine ordinære sanksjonsmiddel, jf. arbeidsmiljøloven kapittel 18. Ein tenestekjøpar vil kunne få pålegg om å nytte ei godkjend verksemd, og pålegget kan følgjast opp med tvangsmulkt og eventuell stansing. Arbeidstilsynet har ikkje tilsynskompetanse i høve til tenestekjøparar i forbrukarmarknaden, og sanksjonane til Arbeidstilsynet difor berre kan rette seg mot næringsdrivande tenestekjøparar i denne samanhengen. Lovforslaget inneber også at brot på plikta til å vere godkjend, og brot på forbodet mot å nytte tenester frå verksemder som ikkje er godkjend skal vere straffbart i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 19. Heller ikkje straffeansvaret gjeld for forbrukarar, jf. arbeidsmiljøloven § 19-1.

Det vises til proposisjonens kapittel 4.1 der det blir gjort nærmare greie for godkjenningsordninga når det gjeld:

  • Tilhøvet til EØS-retten.

  • Tilhøvet til tenestereglane – utsendingsdirektivet.

  • Tilhøvet til tenestereglane – tenestedirektivet.

  • Tilhøvet til etableringsreglane – tenestedirektivet.

Det foreslåas at endringa trer i kraft straks. Forslaget vil få økonomiske og administrative konsekvensar for staten knytt til etablering og drift av godkjenningsordninga, og til styrka tilsynsinnsats. Det er sett av 10 mill. kroner til treparts bransjeprogram i reinhaldsbransjen på statsbudsjettet for 2011. For 2012 er det foreslått å løyve 20 mill. kroner til etablering og drift av godkjenningsordninga, og auka tilsyn med reinhaldsbransjen.

Forslaget vil også føre til økonomiske konsekvensar for reinhaldsverksemder i form av kostnader med å få utferda id-kort, og til visse administrative konsekvensar knytt til å gjennomføre ein søknadsprosess med plikt til å leggje fram dokumentasjon.

Det er no Kongen i statsråd som formelt vedtek nytt grunnbeløp. Det vil ofte vere kort tid frå forslaget til nytt grunnbeløp blir kjend til det får verknad. Tidlegare blei forslaget kjend idet det blei fremja ein proposisjon for Stortinget.

For å leggje til rette for at Arbeids- og velferdsetaten har tilstrekkeleg tid til å førebu iverksetjinga, bør tidspunktet for iverksetjinga vere noko seinare enn den andre påfølgjande måndagen etter vedtaket.

Også for dei som søkjer om dagpengar er det ein fordel at iverksetjinga ikkje blir sett for tidleg. Det vil vere praktisk at også tidspunktet for iverksetjinga blir fastsett ved kg.res.

I Prop. 114 L (2010–2011) Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma), jf. Innst. 34 L (2011–2012) er det vedteke å endre ordlyden i folketrygdloven § 4-4 femte ledd med verknad frå 1. januar 2012. Forslaget i proposisjonen her er meint å endre på den endringa som blir vedteke gjennom handsaminga av Prop. 114 L (2010–2011). jf. Innst. 34 L (2011–2012).

Det visas til § 4-4 femte ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft frå 1. januar 2012. Den foreslåtte endringa vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Spørsmålet er om det framleis er naudsynt med ein særregel for rett til sjukepengar for dei som er for unge til å ha pensjonsgivande inntekt, det vil seie under 13 år.

Aldersgrensa i arbeidsmiljøloven må vere utgangspunktet for rett til sjukepengar, og det er ikkje lenger naudsynt med ein regel om at ein kan få sjukepengar sjølv om ein er for ung til å ha pensjonsgivande inntekt. At det ikkje vil bli gitt sjukepengar til dei under 13 år, vil ikkje vere til hinder for at ein i spesialtilfelle, jf. arbeidsmiljøloven § 11-1 første ledd bokstav a, i kontrakten gjer avtale om eventuell kompensasjon ved sjukdom.

Det visas til § 8-3 første ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft frå 1. januar 2012. Endringa har ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.