Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma)
Dette dokument
- Innst. 34 L (2011–2012)
- Kildedok: Prop. 114 L (2010–2011)
- Dato: 27.10.2011
- Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Innledning
- 1.2 Oppretting og presiseringar i folketrygdlova
- 1.3 Presisering i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser
- 1.4 Endring i lov om Statens pensjonskasse
- 1.5 Endring i lov om pensjonsordning for sykepleiere
- 1.6 Endring i lov om pensjonsordning for statsråder
- 1.7 Endringar i lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter
- 1.8 Presisering i lovene om personskadetrygd
- 1.9 Ikraftsetjing
- 2. Komiteens merknader
- 3. Forslag fra mindretall
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
I proposisjonen fremjas det forslag til endringar i:
lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner
lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder
lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser
lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd
lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere
lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd.
Etter at ny fleksibel alderspensjon i folketrygda blei innført frå 1. januar 2011 med dei tilhøyrande tilpassingane av tenestepensjon og AFP i offentleg sektor, har det vist seg nødvendig å klargjere enkelte føresegner i dei nemnde lovene.
Endringane som er foreslått, er dels klargjering av gjeldande rett og dels rein oppfølging av det endra regelverket i folketrygda og dei offentlege tenestepensjonsordningane frå 2011. Vidare er det foreslått ei rekkje språklege og lovtekniske opprettingar. Departementet ser det derfor slik at det ikkje har vore nødvendig å sende forslaga på alminneleg høyring.
Det visas til proposisjonens kapittel 2 hvor det gjeras greie for bakgrunnen for lovforslaga og kapittel 10 hvor det gjeras greie for merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget.
For å ha rett til alderspensjon må ein ha minst tre års trygdetid. For flyktningar er det gjort unntak frå kravet om tre års trygdetid i § 19-2 andre ledd. Personar som har rett til uførepensjon på grunn av ein yrkesskade, men som ikkje har minst tre års trygdetid, får i dag uførepensjon livet ut. Det foreslåas å endre desse reglane, slik at også denne gruppa går over på alderspensjon når dei har fylt 67 år.
Det foreslåas vidare å presisere at kravet om tre års trygdetid for å få rett til alderspensjon heller ikkje gjeld for personar som har rett til pensjon til attlevande ektefelle.
For rett til garantipensjon må ein anten vere medlem i folketrygda eller ha minst 20 års trygdetid i Noreg. For å ha rett til garantipensjon etter særlege regler for flyktningar, må ein også vere medlem av trygda. Ved endringar i medlemskapen må garantipensjonen derfor bli rekna om. Det foreslåas ein forskriftsheimel for å kunne gje nærmare reglar om omrekninga.
Det foreslåas elles nokre språklege opprettingar i folketrygdlova. Det gjeld tilvisingar til ny alderspensjon (nytt kapittel 20), oppheving av reglar om feilutbetaling av alderspensjon på grunn av for høg inntekt og presiseringar i kapittel 3 som følgje av at minstepensjon og særtillegg for alderspensjonistar er erstatta av minste pensjonsnivå og pensjonstillegg.
Frå 2011 skal grunnbeløpet fastsetjast av Kongen og ikkje vedtakast av Stortinget som før. I tråd med denne endringa foreslåas det ei oppretting i reglane for minstekrav til inntekt for å ha rett til dagpengar.
Vidare foreslåas det ei oppretting i reglane for barnetillegg etter §§ 3-25 og 3-26 som følgje av at ordninga med tidsavgrensa uførestønad blei oppheva og arbeidsavklaringspengar innførte frå 1. mars 2010. Det er gjeve eigne føresegner om barnetillegg til arbeidsavklaringspengar i folketrygdlova kapittel 11.
Det foreslåas også ein språkleg oppretting i reglane for opptening av inntektspensjon for uførepensjonistar.
Forslaget vil isolert sett gje ei innsparing sjølv om den er svært marginal, då det er yttarst få personar som får uførepensjon etter særreglane i § 12-18 fjerde ledd (mellom 0 og 5 personar kvart år). Forslaga har elles ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det foreslås enkelte endringar i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser i samband med at det frå 1. januar 2011 er innført enkelte nye tillegg (minstenivåtillegg) til alderspensjonen og uførepensjonen i folketrygda. Tillegga skal sikre at pensjonen til kvar tid er på det nivået som i folketrygdlova § 19-8 er definert som minste pensjonsnivå, alt etter sivilstand og inntekta og pensjonen til ein eventuell ektefelle. Som dei andre komponentane i pensjonane frå folketrygda skal desse tillegga vere samordningspliktige. Det følgjer av bruttosystemet i offentleg sektor som er ført vidare frå 2011. Det foreslåas likevel at tillegga blir nemnde eksplisitt i samordningslova. Tillegga til alderspensjonen i folketrygda blir gjevne som eit kronetillegg til pensjonen og blir ikkje levealdersjusterte. Det foreslåas derfor at heller ikkje samordningsfrådraga for desse tillegga blir levealdersjusterte.
Det leggas til grunn at endringane over ikkje har økonomiske eller administrative konsekvensar.
Opptening av tilleggspensjon i folketrygda for åra ein person fyller 67, 68 eller 69 år, etter uttak av heil tenestepensjon, skal etter gjeldande reglar haldast utanfor samordning. Fordi ein frå 1. januar 2010 kan tene opp tilleggspensjon til og med det året ein fyller 75 år, foreslåas det å endre føresegna om samordningsfritak i samsvar med endringa i folketrygda.
Statens pensjonskasse anslår at gjeldande samordningsfritak for økt opptening av folketrygd etter uttak av heil tenestepensjon for aldersgruppa 67–70 år utgjer ein meirutgift opp mot 5 mill. kroner i året. For aldersgruppa 70–75 år føreligg det førebels ingen data. Sjølv om dette er ei større aldersgruppe, er det rimeleg å leggje til grunn at forslaget til samordningsfritak for denne gruppa vil gje om lag dei same årlege meirutgiftene som for aldersgruppa 67–70 år, då yrkesaktiviteten er vesentleg lågare etter 70 år.
Det foreslås ei presisering når det gjeld fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i etterlatnepensjonen i Statens pensjonskasse når den avdøde medlemmen har teke ut alderspensjon eller avtalefesta pensjon og døyr før fylte 67 år.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 (65) år i alderspensjonen til den avdøde. Statens pensjonskasse har berekna kostnadene av forslaget til å kunne utgjere opp mot 5 mill. kroner i året.
Det foreslåas at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år (65 år) for alderspensjonistar og AFP-pensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når etterlatnepensjonen skal bereknast.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha skjedd ved fylte 67 år (65 år) i alderspensjonen til den avdøde.
Det foreslåas at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år for alderspensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når pensjonen skal bereknast.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, og Statens pensjonskasse anslår kostnadene å være heilt marginale. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på tidspunktet for dødsfallet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 år i alderspensjonen til den avdøde.
Det foreslåas at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år for alderspensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når pensjonen skal bereknast.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, og Statens pensjonskasse anslår kostnadene å være heilt marginale. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 år i alderspensjonen til den avdøde.
Det foreslåas ei mindre endring i personskadetrygdene, det vil seie i lovene om krigspensjonering og lov om yrkesskadetrygd. I samsvar med dei nye reguleringsprinsippa i folketrygda og for offentleg tenestepensjon foreslår departementet at den særskilde føresegna om første gongs regulering av uføre- og etterlatnepensjon etter fylte 67 år også skal gjelde for personskadetrygd.
Forslaga har verken økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det foreslåas at endringane i lov om Statens pensjonskasse, tilleggslov om krigspensjonering, lov om pensjonsordning for statsråder, lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser, lov om yrkesskadetrygd, lov om pensjonsordning for sykepleiere og lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter trer i kraft straks og får verknad frå 1. januar 2011.
Endringa i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b har likevel verknad frå 1. januar 2010, som er verknadstidspunktet for nye oppteningsreglar i folketrygden.
Det foreslåas at endringane i folketrygdloven trer i kraft straks. Reglane for inntektsprøving av alderspensjon blei oppheva 1. januar 2010, og endringane i folketrygdloven §§ 21-6 og 22-16 har derfor verknad frå 1. januar 2010. Dei nye reglane for opptening av inntektspensjon etter § 20-7 a hadde verknad frå 1. januar 2010. Endringa i § 20-7 a har derfor verknad frå 1. januar 2010. Endringane i folketrygdloven §§ 3-1, 3-4, 3-30, 4-4 og 20-10 har verknad frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdloven §§ 12-18 og 19-2 har verknad frå 1. januar 2012. Uførepensjon til personar over 67 år blir rekna om til alderspensjon med verknad frå 1. januar 2012. Ved denne omrekninga skal forholdstalet 1,005 nyttast for personar fødde i 1944 og forholdstalet 1,000 for personar fødde i 1943. Er uførepensjonisten fødd i 1942 eller tidligare skal det ikkje nyttas forholdstal.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Kari Henriksen, Anette Trettebergstuen og Heidi Ørnlo, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Laila Marie Reiertsen og Erlend Wiborg, fra Høyre, Torbjørn Røe Isaksen og Bente Stein Mathisen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, fra Senterpartiet, Geir Pollestad, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til at regjeringa gjer framlegg om ei rekke endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og fleire andre pensjonslover i samband med pensjonsreforma. Endringane er dels klårgjering av gjeldande rett, oppføljing av endra regelverk og språklege og lovtekniske opprettingar. Komiteen vil difor avgrense seg til å kommentere nokre av dei endringane som har meir substansiell karakter.
Komiteen meiner at pensjonsreforma aktualiserar ei nyvurdering av aldersgrensene i arbeidslivet, både i privat og offentleg sektor. Komiteen har mellom anna merka seg den såkalla «Gjensidige-dommen» i Høgsterett frå juni i år (2011), kor retten ga forsikringsselskapet medhald i ei oppseiingssak med grunnlag i ein avgangsalder på 67 år, medan arbeidsmiljøloven har ei generell aldersgrense på 70 år. Dessutan finst det ei rekke særaldersgrenser, som heller ikkje er tilpassa pensjonsreforma.
Komiteen ber difor regjeringa i samarbeid med partane i arbeidslivet, slik det er lagt opp til, vurdere aldersgrensene i arbeidslivet i lys av pensjonsreforma.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Representantforslag 142 L (2009–2010) fra stortingsrepresentantene Robert Eriksson, Vigdis Giltun, Laila Marie Reiertsen om lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) (Opphør av arbeidsforhold grunnet alder) der forslagsstillerne tok utgangspunkt i pensjonsreformens bestemmelse om at det skal være mulig å tjene opp pensjonsrettigheter frem til fylte 75 år. På den bakgrunn ønsket forslagsstillerne å endre arbeidsmiljølovens bestemmelse i § 15-13 a om arbeidsgivers rett til ensidig avslutte et arbeidsforhold ved arbeidstagerens fylte 70 år.
I Innst. 59 L (2010-2011) hadde en samlet komité følgende merknad, sitat:
«Komiteen konstaterer at det på alle andre vis er lagt opp forsterkede incitamenter for at eldre mennesker skal stå lenger i arbeid, enn når det gjelder den lovbestemte aldersgrensen for opphør av arbeidsforhold uten annen årsak enn at arbeidstageren er fylt 70 år.»
Disse medlemmer konstaterer at en samlet komité uttaler at pensjonsreformen aktualiserer en nyvurdering av aldersgrensene i arbeidslivet, både i privat og offentlig sektor. Disse medlemmer viser også til stortingsrepresentant Steinar Gullvågs uttalelse til NRK den 20. oktober 2011 der han mener det er nødvendig å se på aldersgrensene på nytt, slik at arbeidstakerne ikke parkeres for godt den dagen de fyller 70 år.
Disse medlemmer mener det er på tide å vedta en endring i arbeidsmiljøloven § 15-13 a.
Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
«I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) skal lyde:
I
§ 15-13 a Opphør av arbeidsforhold grunnet alder, oppheves.
II
Loven trer i kraft straks.»
Komiteen syner til kravet om tre års trygdetid for rett til alderspensjon. Personar som har rett til uførepensjon på grunn av yrkesskade, men som ikkje har tre års trygdetid, får i dag uførepensjon livet ut. Komiteen er samd i at denne gruppa, som alle andre, går over på alderspensjon ved fylte 67 år.
Komiteen har merka seg at kravet om tre års trygdetid for rett til alderspensjon heller ikkje gjeld for personar som har rett til pensjon til attlevande ektefelle, når den avdøde hadde minst tre års trygdetid. Komiteen er samd i at unntaket frå treårskravet også bør gå fram av føresegna om føregåande trygdetid.
Komiteen er merksam på at det frå 1. januar er innført einskilte nye tillegg (minstenivåtillegg) til både alderspensjon og uførepensjon, for å sikre at pensjonen til ein kvar er på minste pensjonsnivå, alt etter sivilstand, inntekta og pensjonen til eventuell ektefelle. Desse tillegga er samordningspliktige på same måte som andre pensjonskomponentar i folketrygda. Komiteen har vidare merka seg at tillegga til alderspensjonen vert gjevne som kronetillegg som ikkje vert justerte etter levealder. Komiteen er difor samd i at samordningsfrådraga for desse tillegga heller ikkje skal justerast etter levealder.
Samordningsreglane er tidlegare endra slik at opptening av tilleggspensjon i folketrygda for dei åra ein fyller 67, 68 og 69 år, etter uttak av heil tenestepensjon, skal haldast utanfor samordning. Frå 1. januar 2010 kan tilleggspensjon tenast opp til fylte 75 år. Komiteen meiner det soleis er rett og rimeleg at tilleggspensjon opptent i alle år fram til fylte 75 år skal ha same reglar og difor ikkje skal samordnast. Dette vil først og fremst vere ein fordel for dei som ikkje har full opptening ved fylte 70 år.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader i forbindelse med behandlingen av Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) om lov om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon), jf. Innst. O. nr. 67 (2008–2009) der Fremskrittspartiet går imot innføring av levealderjustering i pensjonssystemet, sitat:
«Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet har avvist modernisert folketrygd ved to tidligere behandlinger og ønsker å beholde dagens pensjonssystem. På denne bakgrunn går disse medlemmer imot å innføre levealderjustering på dagens pensjonssystem.»
Disse medlemmer mener fortsatt at leveladerjustering er et unødvendig sparetiltak og en kompliserende faktor i pensjonssystemet. Når imidlertid flertallet har innført en generell leveladerjustering, innser disse medlemmer nødvendigheten av å unngå forskjellsbehandling og vil derfor støtte regjeringens forslag under dette punktet.
Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet har tatt til orde for å gjøre de offentlige tjenestepensjonene om til nettoytelser for å unngå problemene med samordning av ytelsene med folketrygdens alderspensjon. Disse medlemmer mener at en slik løsning ville ført til en forenkling og til bedre muligheter for den enkelte pensjonist til å ha oversikt over og beregne sine ytelser. Så lenge samordningen fortsatt er nødvendig, vil disse medlemmer støtte regjeringens forslag til vedtak under dette punktet.
Komiteen har elles ikkje merknader til regjeringa sine framlegg.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 1
I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) skal lyde:
I
§ 15-13 a Opphør av arbeidsforhold grunnet alder, oppheves.
II
Loven trer i kraft straks.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma)
I
I lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse skal § 42 tredje ledd nytt fjerde punktum lyde:Dersom medlemmet dør før omregningstidspunktet ved 65 eller 67 år, skal pensjonsgrunnlaget ved beregningen av enke- eller enkemannspensjon og barnepensjon etter kapitel 7 omregnes ved at det oppreguleres med lønnsveksten fra fratredelsestidspunktet og fram til virkningstidspunktet for pensjonen.
II
I midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner skal del III nr. 4 lyde:Fra 1. januar 2011 reguleres krigspensjon under utbetaling i samsvar med lønnsveksten fram til fylte 67 år. Fra fylte 67 år reguleres krigspensjon under utbetaling i samsvar med lønnsveksten og fratrekkes deretter 0,75 prosent. Ved første regulering etter fylte 67 år gjelder bestemmelsen i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 42 første ledd andre punktum tilsvarende. Ved reguleringen benyttes de reguleringsfaktorer Kongen fastsetter etter folketrygdloven § 19-14 åttende ledd. Reguleringen skjer årlig med virkning fra 1. mai.
III
I lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder skal § 3c tredje ledd nytt tredje punktum lyde:Dersom medlemmet dør før omregningstidspunktet ved 67 år, skal pensjonsgrunnlaget ved beregningen av enke- eller enkemannspensjon og barnepensjon omregnes ved at det oppreguleres med lønnsveksten fra fratredelsestidspunktet og fram til virkningstidspunktet for pensjonen.
IV
I lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser blir desse endringane gjorde:§ 23 nr. 1 andre ledd første punktum skal lyde:
Bestemmelsene i første ledd gjelder tilsvarende for særtillegg fra folketrygden, for tillegg etter folketrygdloven § 19-14 femte ledd, for tillegg fastsatt etter §§ 5-4 tredje ledd og 5-8 fjerde ledd i forskrift 22. desember 2009 nr. 1810 om alderspensjon i folketrygden, for ventetillegg fra folketrygden for tilleggspensjon og for den delen av arbeidsavklaringspengene og overgangsstønad etter folketrygdloven kapittel 11 og 15 som overstiger folketrygdens grunnbeløp.
§ 23 nr. 2 femte ledd bokstav b skal lyde:
b. når økningen skyldes poengopptjening i folketrygden etter uttak av hel tjenestepensjon for årene da pensjonisten fylte 67 til 75 år.
§ 24 nr. 1 første ledd tredje og fjerde punktum skal lyde:
Basispensjonstillegg etter folketrygdloven § 19-9 tredje ledd, tillegg etter folketrygdloven § 19-14 femte ledd og tillegg beregnet etter §§ 5-4 tredje ledd og 5-8 fjerde ledd i forskrift 22. desember 2009 nr. 1810 om alderspensjon i folketrygden samordnes som særtillegg, jf. § 23. Samordningsfradragene divideres med det aktuelle forholdstallet som er fastsatt etter folketrygdloven § 19-7, med unntak av samordningsfradrag for tillegg etter folketrygdloven § 19-14 femte ledd og tillegg beregnet etter §§ 5-4 tredje ledd og 5-8 fjerde ledd i forskrift 22. desember 2009 nr. 1810 om alderspensjon i folketrygden.
V
I lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd skal § 57 nr. 1 andre ledd nytt andre punktum lyde:Ved første regulering etter fylte 67 år gjelder bestemmelsen i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 42 første ledd andre punktum tilsvarende.
VI
I lov 22. juni 1962 nr.12 om pensjonsordning for sykepleiere skal § 39 tredje ledd nytt fjerde punktum lyde:Dersom medlemmet dør før omregningstidspunktet ved 65 eller 67 år, skal pensjonsgrunnlaget ved beregningen av ektefellepensjon etter kapittel VI og barnepensjon etter kapittel VII omregnes ved at det oppreguleres med lønnsveksten fra fratredelsestidspunktet og fram til virkningstidspunktet for pensjonen.
VII
I lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter skal § 4 c tredje ledd nytt tredje punktum lyde:Dersom medlemmet dør før omregningstidspunktet ved 67 år, skal pensjonsgrunnlaget ved beregningen av enke- eller enkemannspensjon og barnepensjon omregnes ved at det oppreguleres med lønnsveksten fra fratredelsestidspunktet og fram til virkningstidspunktet for pensjonen.
VIII
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd blir desse endringane gjorde:§ 2-9 første ledd bokstav b skal lyde:
b) stønad og pensjon etter kapitlene 4 (arbeidsløshet), 6 (grunnstønad og hjelpestønad), 7 (gravferd), 11 (arbeidsavklaringspenger og tilleggsstønader), 12 (uførepensjon), 15 (enslig mor eller far), 16 (tidligere familiepleier), 17 (gjenlevende ektefelle), 18 (barnepensjon),19 (alderspensjon) og 20 (ny alderspensjon), eller
§ 2-13 første ledd skal lyde:
For en person som har bosatt seg i Norge etter 1992, og som mottar en utenlandsk pensjonsytelse som svarer til minstepensjon for enslige, omfatter medlemskapet ytelser etter kapitlene 6, 12, 16, 17, 18, 19 og 20 bare i perioder da vedkommende har pensjonsgivende inntekt eller mottar pensjon fra folketrygden.
§ 3-1 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:
Til alderspensjon ytes det pensjonstillegg etter § 19-9, se også § 3-3 første ledd tredje punktum.
§ 3-4 første ledd skal lyde:
Minstepensjonen er minste pensjonsytelse etter folketrygdloven kapittel 12 og 17 for en pensjonist som har full trygdetid (40 år) og mottar ugradert ytelse.
§ 3-4 nytt fjerde ledd skal lyde:
Minste pensjonsytelse for en alderspensjonist framgår av §§ 19-8 og 20-9.
I § 3-25 første ledd første punktum og § 3-26 femte ledd første punktum skal ”eller tidsbegrenset uføre-stønad” strykast.
§ 3-30 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Var vedkommende mindre enn 100 prosent arbeidsufør på grunn av yrkesskaden, beregnes en så stor del av alderspensjonen etter særbestemmelsene i første ledd som svarer til den graderte uførepensjonen fastsatt etter § 12-18 andre ledd.
§ 3-30 tredje ledd tredje punktum blir oppheva.
§ 4-4 femte ledd skal lyde:
Når grunnbeløpet blir regulert etter § 1-4, skal endringen i kravet til minsteinntekt først gjelde fra og med den andre påfølgende mandagen etter at det nye grunnbeløpet ble fastsatt.
§ 11-4 fjerde ledd bokstav a skal lyde:
a) mottar ytelser som gjenlevende ektefelle etter kapittel 17 på nivå med minste pensjonsnivå etter § 19-8 eller garantipensjon etter § 20-9 beregnet med full trygdetid, eller
§ 12-4 tredje ledd bokstav a skal lyde:
a) mottar ytelser som gjenlevende ektefelle etter kapittel 17 på nivå med minste pensjonsnivå etter § 19-8 eller garantipensjon etter § 20-9 beregnet med full trygdetid, eller
§ 12-12 andre ledd tredje punktum blir oppheva. Nogjeldande fjerde punktum blir tredje punktum.
§ 12-18 fjerde ledd blir oppheva.
§ 13-2 andre ledd siste strekpunkt skal lyde:
alderspensjon står i § 19-20.§ 19-2 andre ledd skal lyde:
Vilkåret om tre års trygdetid i første ledd gjelder ikke for
a) den som ved fylte 67 år hadde rett til uførepensjon ved yrkesskade,
b) den som fyller vilkårene for rett til pensjon i §§ 17-3 og 17-4 og i enten § 17-5 eller § 17-10 og
c) flyktning (§ 1-7) som er medlem i trygden.
§ 20-7 a første ledd første punktum skal lyde:
Den som mottar uførepensjon med tilleggspensjon beregnet på grunnlag av framtidige pensjonspoeng (§§ 3-17, 3-18 og 3-21), får for hvert kalenderår han eller hun har mottatt slik pensjon en pensjonsopptjening på grunnlag av en antatt inntekt.
§ 20-10 nytt sjette ledd skal lyde:
Ved endringer i medlemskap som påvirker pensjonen, skal pensjonen omregnes. Departementet gir forskrifter med nærmere regler om omregning.
§ 21-6 første ledd andre punktum skal lyde:
Skjer det en endring i forhold som har betydning for graderingen av en ytelse til livsopphold etter kapittel 12, 15, 16 eller 17, kan det fattes nytt vedtak bare hvis endringen er vesentlig.
§ 22-10 tredje ledd bokstav i skal lyde:
i) alderspensjon (kapittel 19 og 20)
§ 22-16 andre ledd bokstav b blir oppheva. Dei nogjeldande bokstavane c og d blir nye bokstavar b og c.
§ 22-16 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Trekk kan foretas i ytelser som nevnt i andre ledd, i alderspensjon og i krigspensjon og pensjon etter yrkesskadetrygdloven.
IX
Endringane i avsnitt I til VII trer i kraft straks og har verknad frå 1. januar 2011. Endringa i samordningslova § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b har likevel verknad frå 1. januar 2010.
Endringane i avsnitt VIII trer i kraft straks. Endringane i folketrygdlova §§ 20-7 a, 21-6 og 22-16 har verknad frå 1. januar 2010. Endringane i folketrygdlova §§ 3-1, 3-4, 3-30, 4-4 og 20-10 har verknad frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdlova §§ 12-18 og 19-2 har verknad frå 1. januar 2012. Uførepensjon til personar over 67 år blir rekna om til alderspensjon med verknad frå 1. januar 2012. Ved denne omrekninga skal forholdstalet 1,005 nyttast for personar fødde i 1944 og forholdstalet 1,000 for personar fødde i 1943. Er uførepensjonisten fødd i 1942 eller tidlegare, skal det ikkje nyttast forholdstal.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 27. oktober 2011
Robert Eriksson |
Heidi Ørnlo |
leder |
ordfører |