1. Sammendrag
- 1.1 Innledning
- 1.2 Oppretting og presiseringar i folketrygdlova
- 1.3 Presisering i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser
- 1.4 Endring i lov om Statens pensjonskasse
- 1.5 Endring i lov om pensjonsordning for sykepleiere
- 1.6 Endring i lov om pensjonsordning for statsråder
- 1.7 Endringar i lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter
- 1.8 Presisering i lovene om personskadetrygd
- 1.9 Ikraftsetjing
I proposisjonen fremjas det forslag til endringar i:
lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner
lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder
lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser
lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd
lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere
lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd.
Etter at ny fleksibel alderspensjon i folketrygda blei innført frå 1. januar 2011 med dei tilhøyrande tilpassingane av tenestepensjon og AFP i offentleg sektor, har det vist seg nødvendig å klargjere enkelte føresegner i dei nemnde lovene.
Endringane som er foreslått, er dels klargjering av gjeldande rett og dels rein oppfølging av det endra regelverket i folketrygda og dei offentlege tenestepensjonsordningane frå 2011. Vidare er det foreslått ei rekkje språklege og lovtekniske opprettingar. Departementet ser det derfor slik at det ikkje har vore nødvendig å sende forslaga på alminneleg høyring.
Det visas til proposisjonens kapittel 2 hvor det gjeras greie for bakgrunnen for lovforslaga og kapittel 10 hvor det gjeras greie for merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget.
For å ha rett til alderspensjon må ein ha minst tre års trygdetid. For flyktningar er det gjort unntak frå kravet om tre års trygdetid i § 19-2 andre ledd. Personar som har rett til uførepensjon på grunn av ein yrkesskade, men som ikkje har minst tre års trygdetid, får i dag uførepensjon livet ut. Det foreslåas å endre desse reglane, slik at også denne gruppa går over på alderspensjon når dei har fylt 67 år.
Det foreslåas vidare å presisere at kravet om tre års trygdetid for å få rett til alderspensjon heller ikkje gjeld for personar som har rett til pensjon til attlevande ektefelle.
For rett til garantipensjon må ein anten vere medlem i folketrygda eller ha minst 20 års trygdetid i Noreg. For å ha rett til garantipensjon etter særlege regler for flyktningar, må ein også vere medlem av trygda. Ved endringar i medlemskapen må garantipensjonen derfor bli rekna om. Det foreslåas ein forskriftsheimel for å kunne gje nærmare reglar om omrekninga.
Det foreslåas elles nokre språklege opprettingar i folketrygdlova. Det gjeld tilvisingar til ny alderspensjon (nytt kapittel 20), oppheving av reglar om feilutbetaling av alderspensjon på grunn av for høg inntekt og presiseringar i kapittel 3 som følgje av at minstepensjon og særtillegg for alderspensjonistar er erstatta av minste pensjonsnivå og pensjonstillegg.
Frå 2011 skal grunnbeløpet fastsetjast av Kongen og ikkje vedtakast av Stortinget som før. I tråd med denne endringa foreslåas det ei oppretting i reglane for minstekrav til inntekt for å ha rett til dagpengar.
Vidare foreslåas det ei oppretting i reglane for barnetillegg etter §§ 3-25 og 3-26 som følgje av at ordninga med tidsavgrensa uførestønad blei oppheva og arbeidsavklaringspengar innførte frå 1. mars 2010. Det er gjeve eigne føresegner om barnetillegg til arbeidsavklaringspengar i folketrygdlova kapittel 11.
Det foreslåas også ein språkleg oppretting i reglane for opptening av inntektspensjon for uførepensjonistar.
Forslaget vil isolert sett gje ei innsparing sjølv om den er svært marginal, då det er yttarst få personar som får uførepensjon etter særreglane i § 12-18 fjerde ledd (mellom 0 og 5 personar kvart år). Forslaga har elles ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det foreslås enkelte endringar i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser i samband med at det frå 1. januar 2011 er innført enkelte nye tillegg (minstenivåtillegg) til alderspensjonen og uførepensjonen i folketrygda. Tillegga skal sikre at pensjonen til kvar tid er på det nivået som i folketrygdlova § 19-8 er definert som minste pensjonsnivå, alt etter sivilstand og inntekta og pensjonen til ein eventuell ektefelle. Som dei andre komponentane i pensjonane frå folketrygda skal desse tillegga vere samordningspliktige. Det følgjer av bruttosystemet i offentleg sektor som er ført vidare frå 2011. Det foreslåas likevel at tillegga blir nemnde eksplisitt i samordningslova. Tillegga til alderspensjonen i folketrygda blir gjevne som eit kronetillegg til pensjonen og blir ikkje levealdersjusterte. Det foreslåas derfor at heller ikkje samordningsfrådraga for desse tillegga blir levealdersjusterte.
Det leggas til grunn at endringane over ikkje har økonomiske eller administrative konsekvensar.
Opptening av tilleggspensjon i folketrygda for åra ein person fyller 67, 68 eller 69 år, etter uttak av heil tenestepensjon, skal etter gjeldande reglar haldast utanfor samordning. Fordi ein frå 1. januar 2010 kan tene opp tilleggspensjon til og med det året ein fyller 75 år, foreslåas det å endre føresegna om samordningsfritak i samsvar med endringa i folketrygda.
Statens pensjonskasse anslår at gjeldande samordningsfritak for økt opptening av folketrygd etter uttak av heil tenestepensjon for aldersgruppa 67–70 år utgjer ein meirutgift opp mot 5 mill. kroner i året. For aldersgruppa 70–75 år føreligg det førebels ingen data. Sjølv om dette er ei større aldersgruppe, er det rimeleg å leggje til grunn at forslaget til samordningsfritak for denne gruppa vil gje om lag dei same årlege meirutgiftene som for aldersgruppa 67–70 år, då yrkesaktiviteten er vesentleg lågare etter 70 år.
Det foreslås ei presisering når det gjeld fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i etterlatnepensjonen i Statens pensjonskasse når den avdøde medlemmen har teke ut alderspensjon eller avtalefesta pensjon og døyr før fylte 67 år.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 (65) år i alderspensjonen til den avdøde. Statens pensjonskasse har berekna kostnadene av forslaget til å kunne utgjere opp mot 5 mill. kroner i året.
Det foreslåas at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år (65 år) for alderspensjonistar og AFP-pensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når etterlatnepensjonen skal bereknast.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha skjedd ved fylte 67 år (65 år) i alderspensjonen til den avdøde.
Det foreslåas at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år for alderspensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når pensjonen skal bereknast.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, og Statens pensjonskasse anslår kostnadene å være heilt marginale. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på tidspunktet for dødsfallet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 år i alderspensjonen til den avdøde.
Det foreslåas at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år for alderspensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når pensjonen skal bereknast.
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, og Statens pensjonskasse anslår kostnadene å være heilt marginale. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 år i alderspensjonen til den avdøde.
Det foreslåas ei mindre endring i personskadetrygdene, det vil seie i lovene om krigspensjonering og lov om yrkesskadetrygd. I samsvar med dei nye reguleringsprinsippa i folketrygda og for offentleg tenestepensjon foreslår departementet at den særskilde føresegna om første gongs regulering av uføre- og etterlatnepensjon etter fylte 67 år også skal gjelde for personskadetrygd.
Forslaga har verken økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det foreslåas at endringane i lov om Statens pensjonskasse, tilleggslov om krigspensjonering, lov om pensjonsordning for statsråder, lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser, lov om yrkesskadetrygd, lov om pensjonsordning for sykepleiere og lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter trer i kraft straks og får verknad frå 1. januar 2011.
Endringa i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b har likevel verknad frå 1. januar 2010, som er verknadstidspunktet for nye oppteningsreglar i folketrygden.
Det foreslåas at endringane i folketrygdloven trer i kraft straks. Reglane for inntektsprøving av alderspensjon blei oppheva 1. januar 2010, og endringane i folketrygdloven §§ 21-6 og 22-16 har derfor verknad frå 1. januar 2010. Dei nye reglane for opptening av inntektspensjon etter § 20-7 a hadde verknad frå 1. januar 2010. Endringa i § 20-7 a har derfor verknad frå 1. januar 2010. Endringane i folketrygdloven §§ 3-1, 3-4, 3-30, 4-4 og 20-10 har verknad frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdloven §§ 12-18 og 19-2 har verknad frå 1. januar 2012. Uførepensjon til personar over 67 år blir rekna om til alderspensjon med verknad frå 1. januar 2012. Ved denne omrekninga skal forholdstalet 1,005 nyttast for personar fødde i 1944 og forholdstalet 1,000 for personar fødde i 1943. Er uførepensjonisten fødd i 1942 eller tidligare skal det ikkje nyttas forholdstal.