4. Komiteens tilråding
Komiteen har ingen øvrige merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
På statsbudsjettet for 2012 bevilges under:
Kap. | Post | Svalbardbudsjettet | Pr. post | Sum kap |
Utgifter | ||||
1 | Svalbard kyrkje | |||
1 | Driftsutgifter | 4 100 000 | 4 100 000 | |
2 | Tilskot til kulturelle formål m.m. | |||
70 | Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard | 960 000 | 960 000 | |
3 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | |||
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 126 681 000 | 126 681 000 | |
4 | Tilskot til Svalbard museum | |||
70 | Tilskot til Svalbard museum | 10 200 000 | 10 200 000 | |
5 | Sysselmannen (jf. kap. 3005) | |||
1 | Driftsutgifter | 34 844 000 | 34 844 000 | |
6 | Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006) | |||
1 | Driftsutgifter | 78 500 000 | 78 500 000 | |
7 | Tilfeldige utgifter | |||
1 | Driftsutgifter | 4 000 000 | 4 000 000 | |
9 | Kulturminnetiltak | |||
1 | Driftsutgifter | 2 162 000 | 2 162 000 | |
11 | Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard | |||
1 | Driftsutgifter | 1 460 000 | 1 460 000 | |
17 | Refusjon til Norsk Polarinstitutt | |||
50 | Refusjon | 3 040 000 | 3 040 000 | |
18 | Navigasjonsinnretningar | |||
1 | Driftsutgifter | 3 756 000 | 3 756 000 | |
19 | Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen | |||
1 | Driftsutgifter | 6 200 000 | 6 200 000 | |
20 | Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020) | |||
1 | Driftsutgifter | 10 582 000 | 10 582 000 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 4 100 000 | 4 100 000 | |
22 | Likningsforvaltninga for Svalbard | |||
1 | Driftsutgifter | 2 930 000 | 2 930 000 | |
Sum Svalbardbudsjettet | ||||
Sum departementets utgifter | 293 515 000 | 293 515 000 | ||
Inntekter | ||||
3005 | Sysselmannen (jf. kap. 5) | |||
1 | Diverse inntekter | 200 000 | 200 000 | |
3006 | Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6) | |||
1 | Leigeinntekter | 900 000 | 900 000 | |
3020 | Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20) | |||
1 | Inntekter | 3 600 000 | 3 600 000 | |
3030 | Skattar og avgifter | |||
70 | Skattar m.m. | 161 000 000 | 161 000 000 | |
71 | Utførselsavgift | 6 000 000 | 6 000 000 | |
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 100 000 | 1 100 000 | |
3035 | Tilskot frå statsbudsjettet | |||
70 | Tilskot | 120 715 000 | 120 715 000 | |
Sum Svalbardbudsjettet | ||||
Sum departementets inntekter | 293 515 000 | 293 515 000 |
II
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2012 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingsloven § 1, jf. § 2, og lov om skatt til Svalbard § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2012. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
a) Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
b) Selskap og samanslutning som nemnt i skatteloven § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
a) Inntekt som blir skattlagt etter svalbardskatteloven § 3-2:
Låg sats: 8 pst.
Høg sats: 22 pst.
b) 28 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av:
10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk
0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og anna realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.
c) Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av c. på 20 000 kroner.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skatteloven § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskatteloven §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Aksjonær i utlandet
Skatt på utbytte m.m. etter skatteloven § 10-13, jf. svalbardskatteloven § 3-1, vert ilagd med 20 pst.
III
Bestillingsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2012 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.
IV
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under
1. kap. 5 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2
2. kap. 6 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.
V
Meirinntektsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under
1. kap. 20 post 1 tilsvarande inntekter utover vedtatt budsjett på kap. 3020 post 1.
VI
For budsjettåret 2012 skal det svarast avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:
1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,
0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,
0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,
0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,
0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,
0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,
0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,
0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,
0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,
0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.