Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Sammendrag

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop 1 S (2011–2012) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på Svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yt staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2012 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Justisdepartementet vil òg i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål.

Regjeringas overordna mål for Svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Gjennom St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, vart det tatt ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken for mange år framover. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg styresmaktsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i Svalbardpolitikken.

Det er nedfelt i Politisk plattform for fleirtalsregjeringa at regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i utanrikspolitikken i åra som kjem, og regjeringa har i den samanhengen utarbeidd ein eigen strategi for nordområda. Nordområdestrategien er langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og omfattar fleire departement sine ansvarsområde. I løpet av hausten 2011 vil det i tillegg bli lagt fram ei ny nordområdemelding.

Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda.

Eit hovudmål for svalbardpolitikken er å oppretthalde ei robust busetjing i Longyearbyen, og i St.meld. nr. 22 (2008–2009) slår ein fast at det framleis er koldrifta som er den viktigaste berebjelken i familiesamfunnet her. Det har i tillegg vore ein auke i aktivitetsnivået innan dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på.

Utviklinga den siste tida kan rett nok tyde på ei utflating av veksten i Longyearbyen, så regjeringa ser det som viktig å følgje utviklinga nøye framover for å sikre grunnlaget for ein robust busetnad.

Å vere til stades på Svalbard bidrar til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Regjeringa vil difor arbeide for å vidareføre eit levedyktig Svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Klimaendringane i Arktis og den betydinga desse endringane har for det globale klimaet, gjer at Svalbard framover blir eit viktig område for studium av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringane. Kunnskap vert omtalt som navet i Regjeringas nordområdestrategi, og Svalbard si rolle som plattform for norsk og internasjonal polarforsking, kunnskap og utdanning var eit hovudtema i Svalbardmeldinga.

Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaring av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytte dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrka redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning er blitt utvida slik at Noreg tek ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard og opp til polpunktet. Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande til unnsetning så raskt som mogleg.

Regjeringa vil òg foreslå å styrkje helikoptertenesta til Sysselmannen slik at Sysselmannen frå 2014 skal ha to likeverdige (store) helikopter (tilsvarande Super Puma-typen). Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydninga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda.

Koordinering og oppfølging av politikkområda til fagdepartementa som gjeld Svalbard, er viktig for å nå hovudmåla i Svalbardpolitikken. Av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet går det fram at det er justisministeren som leier utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Polarutvalet fungerer som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda. Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet har møter om lag ti gonger i året.

Som ei oppfølging av merknadene frå utanrikskomiteen under handsaminga av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, om ei eventuell konsultasjonsordning mellom Longyearbyen lokalstyre og Polarutvalet, har utvalet etablert eit fast årleg kontaktmøte med Lokalstyret. Saman med Justisdepartementets nære dialog med Lokalstyret, medverkar dette til å sikre ei tett kontaktflate mellom Lokalstyret og sentraladministrasjonen.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Justisdepartementet deltek årleg på møte i Antarktistraktatsamarbeidet. Justisdepartementet deltek dessutan i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Noreg hadde i perioden 2006–2008 formannskapet i Arktisk Råd. Danmark overtok denne rolla frå hausten 2009. Frå hausten 2011 overtok Sverige formannskapet. Oppfølging av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda, var to av hovudprioriteringane under det norske formannskapet. Framforhandling av ei ny multilateral avtale for søk- og redning i Arktis, der Noreg har spelt ei aktiv rolle, har vore ei av dei viktigaste sakene under det danske formannskapet. Vidare er det vedteke at det skal opprettast eit permanent sekretariat for rådet i Tromsø. Det er òg laga nye kriterium for opptak av nye observatørar til Arktisk Råd. Prosjektet Arctic Change Assessment (ACA) om korleis landa kan tilpassa seg klimaendringar, er etablert, og det er forhandla fram eit nytt internasjonalt instrument om oljevern i Arktis.

Regjeringa legg stor vekt på ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard, i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken. Lovgiving er eit viktig verkemiddel i så måte. Lovgivingstilhøva for Svalbard er likevel spesielle, og i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard § 2, slår ein fast at norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lovreglar gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er særskilt fastsett. I svalbardmeldinga vart det drøfta om prinsippet i Svalbardlova § 2 burde snuast, men ein kom fram til at systemet skal oppretthaldast. Utanrikskomiteen slutta seg ved behandlinga av meldinga til at prinsippet i lov om Svalbard § 2 ikkje skulle snuast, og at dette var ei føremålstenleg løysing, fordi rammene for lokalsamfunnet er noko annleis enn for fastlandet. Dette vil likevel ikkje seie at nye lover og reglar ikkje skal innførast for Svalbard. Tvert imot slår ein i meldinga fast at ny lovgiving for fastlandet skal innførast også for Svalbard, med mindre særlege tilhøve taler mot dette.

På nokre rettsområde er det framleis naudsynt med ein eigen gjennomgang av regelverket for å vurdere om dette skal gjelde for Svalbard. Her må ein vurdere ei rekkje tilhøve, mellom anna om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden eller om det er naudsynt med overgangsordningar.

Målsetjinga om ein robust norsk busetnad på Svalbard inneber også skattepolitiske utfordringar. Skattesystemet på Svalbard må difor tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Det låge skattenivået speglar òg at det offentlege tenestetilbodet er lågare på Svalbard. Det er òg gjort endringar for å få lik behandling av ulike grupper skatteytarar på Svalbard, og for å tilpasse skattereglane til internasjonale rammevilkår. I 2008 vart det vedteke endringar i skattesatsane. Løn opp til 12 G blir skattlagd med 8 pst. og eventuell overskytande del med 22 pst. For medlemmer av den norske folketrygda, skal det i tillegg svarast trygdeavgift med 7,8 pst. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (nærings- og selskapsskatt) er no 16 pst. I 2010 vart det m.a. vedteke endringar i reglane for skattlegging av personar som pendlar mellom bustad på fastlandet og arbeid på Svalbard, og ei gradvis avvikling av den skattemessige særordninga for lønsskattelegging av tilsette i gruveselskapet Trust Arktikugol i Barentsburg. Det er i tillegg vedteke endringar som har medverka til at skattesystemet for Svalbard har blitt betre tilpassa skattesystemet på fastlandet etter skattereforma i 2006. Mellom anna er delingsmodellen oppheva for Svalbard, på linje med fastlandet.

For ei omtale av dei aktuelle lovframlegga viser ein til Ot.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte- og avgiftsopplegget 2008, lovendringer kapittel 17 (Finansdepartementet) og Prop. 1 LS (2010–2011) Skatter og avgifter 2011 kapitel 11 (Finansdepartementet).

Det vert no arbeidd vidare med justeringar i skattesystemet for Svalbard for å sikre ei ytterlegare tilpassing av skattereglane for Svalbard til internasjonale rammevilkår. Sommaren 2011 vart det sendt på høyring forslag til reglar om m.a. endra skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Etter forslaget skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst.). Målet med forslaga er å hindre at det gunstege skattenivået på Svalbard blir utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på Svalbard. Høyringsfristen var 29. august 2011. Forslaga blir følgt opp gjennom lovendringar i Prop. 1 LS (2010–2011).

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa, og ein av de viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ivareta Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av Svalbardpolitikken.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid på øygruppa, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, samt miljøforvaltning. Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. For nærare omtale av utfordringar på til dømes miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1. i proposisjonen.

For å avhjelpe dei auka utfordringane for Sysselmannens drift, vart Sysselmannens driftsbudsjett styrka med 3,4 mill. kroner og transportbudsjettet med 0,5 mill. kroner i 2010. Vidare blei det løyvd 3,4 mill. kroner slik at arbeidet med naudsynte reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden kunne halde fram. Dette medverkar til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas øvste representant på øygruppa. For å styrkje miljøvernsatsinga på Svalbard, overførde Miljøverndepartementet i 2011 2 mill. kroner til Sysselmannen. Midlane blei brukte til å styrkje bemanninga i miljøvernavdelinga hos Sysselmannen. For 2012 blir det i samråd med Miljøverndepartementet foreslått å vidareføre denne styrkinga ved å rammeoverføre 2 mill. kroner frå Miljøverndepartementets budsjett til svalbardbudsjettet.

Innafor redningsberedskapen arbeider Sysselmannen kontinuerleg med å ha ei best mogeleg samhandling med frivillige i redningstenesta og for å effektivisere utrykkingsfasen mest mogeleg. I takt med at polisen smeltar, er det venta auke i aktiviteten rundt Svalbard og i Polhavet generelt. Dette betyr at Svalbard og Longyearbyen kan få auka betydning som base for redning og beredskap i framtida. Sysselmannens helikopterkontrakt går ut i 2014, og arbeidet med å skaffe nye helikopter er allereie i gang. Regjeringa har bestemt at helikopterberedskapen på Svalbard frå og med 2014 skal styrkjast ved at det i staden for eit stort og eit mellomstort helikopter skal vere stasjonert 2 store redningshelikopter på Svalbard.

Sysselmannens tenestefartøy Nordsyssel er òg svært viktig i den generelle beredskapen og i det årlege arbeidet med inspeksjon av øygruppa. Kontrakten med dette fartøyet gjeld ut sesongen 2012. Sysselmannen og Justisdepartementet er difor òg i gang med vurderingar rundt ein ny kontrakt for tenestefartøy.

Longyearbyen lokalstyre har etter at det vart oppretta i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene ved at dei innafor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå Lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justisdepartementet. På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. Longyearbyen lokalstyre underrettar Justisdepartementet om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til Lokalstyret. Justisdepartementet ser ein stor verdi i denne dialogen. Som ei oppfølging etter St.meld. nr 22 (2008–2009) Svalbard er det òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom Longyearbyen lokalstyre og Det interdepartementale polarutvalet.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på tenestetilbodet i Longyearbyen som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har mellom anna skapt behov for fleire bustader, barnehage- og skuleplassar. For å bidra til at Lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, vart budsjettet deira styrkt med i alt 2,7 mill. kroner frå og med 2010.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Auken innan reiselivet har stoppa opp. Dessutan ser ein at kolproduksjonen er redusert og at Store Norske Spitsbergen Kolkompani AS har færre tilsette. Regjeringa varsla i stortingsmeldinga at reduksjonane og nedbemanninga i hjørnesteinsbedrifta, Store Norske, kan innebere at veksten i periodar kan verte negativ, noko ein såg i åra 2009–2010. Dei siste befolkningstala viser no at nedgangen i folketalet er snudd til ein svak oppgang i 2011.

Klima- og forureiningsdirektoratet har pålagt Longyearbyen lokalstyre som eig kraftverket, eit reinsekrav frå juli 2012. Longyearbyen lokalstyre har utgreidd ulike alternative løysingar for å møte reinsekravet. Den føreslåtte løysinga har ein estimert investeringskostnad på 73,1 mill. kroner. Det er sett høge miljømål på Svalbard. Av den grunn er det viktig at kraftverket i Longyearbyen får eit moderne og godt reinseanlegg. Regjeringa forslår difor i budsjettet for 2012 å løyve 14,6 mill. kroner til oppstart av bygging av reinseanlegget. På oppdrag frå lokalstyret er det òg utarbeidd rapportar om val av framtidig energikjelde.

Utanrikskomiteen bad under si behandling av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard regjeringa vurdere om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og handelsdepartementet, for å gjere ein slik gjennomgang.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesakshandsaming, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgjeving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Infrastrukturen i Longyearbyen – som i stort mon er frå 1970-talet – har vorte dårleg vedlikehalden og i lita mon vore oppgradert til det som er standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Longyearbyen lokalstyre er no i gang med ei vurdering av tilstanden og vil utarbeide ein plan for korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast. Departementet vil komme attende til dette på eit seinare tidspunkt.

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Mellom anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard og behandlinga av denne, blei Sysselmannen på Svalbard styrkt budsjettmessig i 2010 for betre å setje bestillinga i stand til å møte dagens utfordringar og oppgåver. Sysselmannens driftsbudsjett vart styrkt med 3,4 mill. kroner, det vart sett av i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av sysselmannsbustaden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. Auken gjorde at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte og medverkar til å sikre ein god beredskap på øygruppa. Arbeidet med nødvendige reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden vil halde fram i 2012. I sum medverkar dette til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas fremste representant på øygruppa.

Løyvinga til Longyearbyen lokalstyre blei òg styrkt i 2010, mellom anna for å møte auka utfordringar i skule- og barnehagesektoren.

Løyvingar til tiltak på Svalbard har i perioden 2006–2011 blitt auka med ca. 70 mill. kroner til følgjande tiltak:

  • I 2007 vart tilskotet til Svalbard auka med 20 mill. kroner til etablering av ei reservekraftløysing i Longyearbyen.

  • Frå 2008 er det innført eit nytt skattesystem som tilsvarer ein inntektsreduksjon og auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner.

  • Rutinane for prisjustering av svalbardbudsjettet er lagt om. Dette har gitt ei styrking av tilskotet på 5,5 mill. kroner i perioden.

  • I samband med revidert nasjonalbudsjett 2009, jf. St.prp. nr. 67 (2008–2009) og Innst. S. nr. 355 (2008–2009), blei det løyvd 1 mill. kroner for å utbetre sysselmannens bustad.

  • Svalbardbudsjettet vart i revidert nasjonalbudsjett 2009 òg styrkt med 1,4 mill. kroner for å vidareføre feltinspektørtenesta i 2009.

  • Forutan styrkinga på 7,3 mill. kroner til Sysselmannen i 2010, vart budsjettet til Longyearbyen lokalstyre styrkt med 2,7 mill. kroner for å møte utfordringane innan skule- og barnehagesektoren.

  • I 2011 vart svalbardbudsjettet auka med 18,1 mill. kroner, der ca. 14,5 mill. kroner av auken gjekk til Longyearbyen lokalstyre. Auken til Lokalstyret bestod i all hovudsak av ei rammeoverføring frå Kunnskapsdepartementet på 11,2 mill. kroner i samband med at Longyearbyen lokalstyre fullt ut overtok det økonomiske ansvaret for barnehagedrifta. Samtidig vart ordninga med øyremerkte tilskot til barnehagane til kommunane avvikla.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2012 er 293,5 mill. kroner. Dette er 26,6 mill. kroner eller 10 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2011. Utover kompensasjon for prisstigning på 6, 9 mill. kroner består denne auken av ei rammeoverføring frå Miljøverndepartementet med 2 mill. kroner, kompensasjon for husleigeauke i samband med innlemming av Sysselmannens administrasjonsbygg i husleigeordninga med 2,8 mill. kroner og ei oppstartsinvestering i samband med bygging av avgassreinseanlegg ved Longyearbyen energiverk på 14,6 mill. kroner. Vidare er det konsekvensoverført kr 281 000 i samband med ordninga med maksimalpris i barnehagar, innføring av valfag i 8. skuletrinn og bortfall av kontantstøtte til 2-åringar.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2012 er stipulert til 120,7 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 post 50 Tilskot (svalbardbudsjettet). Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2010 var inntektene dette året – som for 2009 – unormalt høge. Dette har gitt eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet i 2010 ikkje mottok tilskot, men tilbakeførte midlar til statskassa.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2012 er rekna til 168,1 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 57 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20).

Sysselmannens administrasjonsbygg er foreslått innlemma i husleigeordninga til Statsbygg. Husleiga er berekna til 3,35 mill. kroner pr. år. Kapitalelementet utgjer om lag 2,8 mill. kroner, og eit tilsvarande beløp er foreslått rammeoverført til svalbardbudsjettet. Innlemminga er budsjettnøytral. Den resterande del av husleiga blir dekt inn mot ei tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 20 i svalbardbudsjettet (Statens bygningar i Longyearbyen).

Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av Lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 til proposisjonens. I del II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

For 2012 er det foreslått løyvd netto om lag 417 mill. kroner over statsbudsjettet til Svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2 til proposisjonen. Tilsvarande tal i 2011 var om lag 390 mill. kroner.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 132 mill. kroner til Svalbardformål. Om lag 88 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettets kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettets kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. Det har dei siste åra vore auka forskingsaktivitet og turisme på øygruppa og auka næringsverksemd. Større aktivitet gir ønske om utbygging og utvikling, og fører òg til auka ferdsel og auka press på svalbardnaturen.

Svalbards miljøvernfond tildelte i 2010 totalt 9,915 mill. kroner til 44 miljøvernprosjekt. Våren 2011 tildelte Svalbards miljøvernfond 3,738 mill. kroner til 19 miljøvernprosjekt. Midla går til ulike tiltak og prosjekt som gjeld undersøking av kva som forårsakar endringar i miljøet, kulturminne, fiske og vilt, informasjon og opplæring, skjøtsel, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilretteleggingstiltak og kartlegging og overvaking av miljøtilstanden. Styret legg opp til to tildelingar også i 2012.

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen, og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard er òg styrkt. Instituttet har òg styrkt forskings- og overvakingsverksemda si, som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. For 2012 er om lag 88 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg I til proposisjonen. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet på 3, 04 mill kroner, jf. kap. 0017 Refusjon til Nosk Polarinstitutt.

Over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet er det foreslått løyvd 19,6mill. kroner.Staten har eigarinteresser morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2010 hadde SNSK-konsernet 337 tilsette. Konsernet hadde i 2010 driftsinntekter på 1,5 mrd. kroner og eit årsresultat på 298 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2009 var 2,0 mrd. kroner og 363 mill. kroner. SNSK produserte 1,9 mill. tonn kol i 2010 mot nær 2,6 mill. tonn i 2009. Det vart selt 1,7 mill. tonn kol i 2010 mot 2,5 mill. tonn i 2009. Kolprisane var moderate i 2010. Selskapet tek sikte på eit produksjonsvolum på ca. 2,0 mill. tonn i 2011 og åra framover.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets handsaming av prosjektet i desember 2001, vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida.

SNSK arbeider no med planar for framtidig kolgruvedrift i andre førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva. Etter avviklinga av Svea Nord legg SNSK i dag opp til vidare drift på fire førekomstar i Svea-området. Føresetnaden er at drifta vert bedriftsøkonomisk lønnsam. Planane blir lagt slik at allereie etablert infrastruktur knytt til Svea Nord-gruva framleis kan utnyttast. Dei fire felta er: Lunckefjell, Svea Øst, «Randsona» og Ispallen, som til saman inneheld totalt ca. 35,8 mill. tonn kol.

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 17,5 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2012. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Per 31. desember 2010 var det engasjert 26 personar i Kings Bay AS. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon.

I samband med at den nye minerallova tredde i kraft 1. januar 2010, vart det bestemt at Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skifta namn til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.

Direktoratet administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har Direktoratet ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal Direktoratet, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. I 2010 vart det registrert 82 831 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein marginal auke samanlikna med året før då det vart registrert 82 307 gjestedøgn. I alt kom det 34 747 gjester til Svalbard i 2010, noko som var ein auke på 4,4 pst. sett i høve til året før. For 2012 er det føreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Norsk Romsenter Eigedom AS og 50 pst. av Kongsberg Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romfart og forsking (NASA og ESA) og vêrvarsling (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Også fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper no tenester frå stasjonen på Svalbard. SvalSat er òg bakkestasjon for den norske satellitten AISSAT-1. Denne vart skoten opp i juli 2010, og har gitt Kystvakta og Sysselmannen mykje betre informasjon om skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard.

Andøya Rakettskytefelt A/S har oppretta Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Skytefeltet stod ferdig i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i desember 2008. Ein ny stor norsk forskingsrakett er planlagt skoten opp i desember 2011.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og om lag halvparten av studentane er utanlandske. Studentaktiviteten i 2010 var 120 studentårsverk, mot 119 i 2009. Om lag 47 pst. av studentane var norske og 43 pst. av studentane var kvinner, same del som året før. UNIS vart gitt om lag 97,2 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2011. Regjeringa foreslår å løyve om lag 105,3 mill. kroner til UNIS i 2012 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det omfattar vidareføring av studieplassane som vart tildelte i revidert nasjonalbudsjett for 2009 og i statsbudsjettet for 2011.

Forskingsrådet disponerer løyvingar frå ei rad departement og det er ikkje føremålstenleg å skilje mellom kva dei ulike departementa løyver. Framstillinga nedanfor har difor ei vidare ramme enn det som berre gjeld Kunnskapsdepartementet.

Verdas største polarforskingsprogram Det internasjonale polaråret (IPY), gjennomførte to år med intensiv datainnsamling og observasjon (2007–2008) og vart formelt avslutta i 2009. Noreg vart tildelt sluttkonferansen for IPY, som vart halden i Oslo i juni 2010. Det norske programmet gjekk over fire år og vart markert med ei sluttkonferanse i Tromsø i april 2011. For heile perioden har Kunnskapsdepartementet løyvd om lag 330 mill. kroner til IPY, dette har finansiert 27 forskingsprosjekt og 22 prosjekt for formidling og utdanning. To tredelar av forskinga har dreidd seg om klima. 35 av dei internasjonale prosjekta og 16 av dei norske har heilt eller delvis gått føre seg på Svalbard.

Også andre program i Forskingsrådet løyver midlar til polarforsking. Viktige program er mellom anna NORKLIMA (Klimaendringar og konsekvensar for Noreg) der om lag 1/3 av midlane dekkjer polare problemstillingar, PETROMAKS (Utnytting av petroleumsressursane), Program for romforsking, Havet og kysten, Miljø 2015 og Aust-Europa-programmet. Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske problemstillingar. På same måten er det skipa ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard. I 2010 brukte Forskingsrådet samla om lag 210 mill. kroner på polarforsking, av dette var ca. 50 mill. kroner relevant for Svalbard.

For å følgje utviklinga innan den samla polarforskinga, med særskilt fokus på Svalbard, har NIFU publisert utgreiinga «Norsk polarforsking – forsking på Svalbard, nr. 8/2008». Kartlegginga er ei oppfølging av eit tilsvarande prosjekt bygd på data frå 2001. Kartlegginga samanliknar også norsk forsking med utanlandsk forsking. Utgreiinga synte at talet på forskardøgn på Svalbard var om lag 30 000, ein auke på 6 pst. frå 2002. Av desse sto norske forskardøgn for 47 pst. Noreg er såleis ein dominerande forskingsnasjon på Svalbard. Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking i 2011 for å kartleggje den vidare utviklinga og verknaden av Polaråret og nordområdesatsinga.

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

Kunnskapsdepartementet gav til og med 2010 øyremerkt statstilskot til barnehagar på Svalbard. Frå 1. januar 2011 vart løyvingane til drift av barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane, og dei øyremerka statstilskota vart avvikla. Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er difor overførte til svalbardbudsjettets kap 3. Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna.

Med verknad frå og med inntektsåret 2008 vedtok Stortinget visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane gjer skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Etter endringane er skattesatsen på lønnsinntekt 8 pst. opp til 12 G, og 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er etter endringane 16 pst. Samtidig er det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt dobla, frå kr 10 000 til kr 20 000. For nærare omtale av dei einskilde endringane, sjå St.prp. nr. 1 (2007–2008) Svalbardbudsjettet og St.prp. nr. 1 (2007–2008) Finansdepartementet.

Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige Svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsynet til barnefamiliar på Svalbard.

I tilknyting til dei endringane som er beskrivne ovanfor, har ei arbeidsgruppe under leiing av Finansdepartementet mellom anna sett på praksis for skattlegging ved pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard. I 2010 vart det m.a. vedteke endringar i reglane for skattlegging av slike pendlarar.

Det vert no arbeidd vidare med justeringar i skattesystemet for Svalbard for å sikre ei ytterlegare tilpassing av skattereglane for Svalbard til internasjonale rammevilkår. Sommaren 2011 vart det sendt på høyring forslag til reglar om m.a. endra skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Etter forslaget skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst). Målet med forslaga er å hindra at det gunstege skattenivået på Svalbard blir utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetting på Svalbard. Høyringsfristen var 29. august 2011. Forslaga blir følgt opp gjennom lovendringar i Prop. 1 LS (2010–2011).

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. I samband med at skatteetaten frå 1. januar 2008 vart organisert i fem regionar, gjekk Svalbard likningskontor over til å heite Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard skattekontor. I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter lov om skatt til Svalbard, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineral er og bergarter som utføres fra Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Telenor ASA tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2010 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard. I 2012 er det venta at 7 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, av desse er 1,6 mill. kroner svalbardtillegg, over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Helse Nord RHF har «syte for»-ansvar for helsetenestene på Svalbard. Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF, avdeling Longyearbyen sjukehus, skal gi nødvendige helsetenester til dei norske busetnadene på øygruppa.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timer i døgnet for skadar og akutte sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, i tillegg til enkelte små og mellomstore planlagde kirurgiske inngrep.

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard. Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket.

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen, mellom anna Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygning, post- og bankbygningen, fleire lagerbygningar og 111 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygning (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Alle bustadene vert finansiert over svalbardbudsjettet, innlemma i husleigeordninga og vert forvalta under kap. 2445 Statsbygg i statsbudsjettet.

På Kulturdepartementets budsjett for 2012 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det blir over kap. 32.0 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, ytt tilskot til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre. Storleiken på tilskotet blir fastsett av Norsk kulturråd på eit seinare tidspunkt.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 282 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2012. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsforetaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2012 ei løyving på 1,607 mill. kroner over Kulturdepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsverket.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 180 000 kroner i produksjonstilskot i 2010. Tilskotet for 2011 vil venteleg bli om lag det same.

Kapittel 5 til Prop. 1 S (2011–2012) Svalbardbudsjettett gjev oversikt over rekneskapstal for 2010, vedteke budsjett for 2011 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2012. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

I del II til proposisjonen er det detaljert oversikt og omtale av dei enkelte utgifts- og inntektskapitla med postar i svalbardbudsjettet.