Innstilling fra finanskomiteen om finansmarknadsmeldinga 2010
Dette dokument
- Innst. 439 S (2010–2011)
- Kildedok: Meld. St. 21 (2010–2011)
- Dato: 10.06.2011
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 32
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Innledning
- 2. Finansiell stabilitet
- 3. Regelverksprosesser etter finanskrisen
- 4. Strukturelle utviklingstrekk i perioden 1970–2010
- 5. Utvikling av regelverket og fullmakter i større saker på finansmarkedsområdet
- 6. Verksemda til Noregs Bank i 2010
- 7. Virksomheten til Finanstilsynet i 2010
- 8. Virksomheten til Folketrygdfondet i 2010
- 9. Virksomheten til Statens finansfond i 2010
- 10. Virksomheten til Det internasjonale valutafondet (IMF)
- 11. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Finansmarknadsmeldinga 2010 omhandlar følgjande tema:
Kapittel 2 handlar om føresetnadene og utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. Her er risikoane på dei norske finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga for dei norske finansinstitusjonane.
Kapittel 3 inneheld eit oversyn over nokre internasjonale initiativ til regelverksendringar som har kome i kjølvatnet av finanskrisa. Mellom anna vert forslag til nye kapitaldeknings- og likviditetskrav og nye reglar om innskotsgarantiordningar omtala.
I kapittel 4 er det i år teke inn ein omtale av strukturelle utviklingstrekk på den norske finansmarknaden frå 1970 og fram til 2010.
Kapittel 5 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2010.
Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2010 og ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbankloven § 30. Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2010. Innhaldet i kapittel 6 og 7 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane.
I kapittel 8 er verksemda til Folketrygdfondet i 2010 omtala, medrekna omtale av Statens pensjonsfond Noreg i kapittel 8.3 og Statens obligasjonsfond i kapittel 8.4. Verksemda i Statens finansfond er omtala i kapittel 9.
Kapittel 10 omhandlar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) i 2010.
Meldinga omhandlar i hovudsak tilhøve i 2010, men på einskilde punkt er framstillinga oppdatert med tal for dei første månadene av 2011.
Årsmeldingane frå Norges Bank, Finanstilsynet og Statens finansfond for 2010 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Dag Ole Teigen og Laila Thorsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til at det ble avholdt høring med sentralbanksjef Øystein Olsen om foreliggende sak 20. mai 2011. Referat fra høringen følger som vedlegg til denne innstillingen.
Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Norges Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for å sjå til at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverka til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkja element som kan truga stabiliteten. Finanstilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane.
Det er etablert såkalla trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Norges Bank og Finanstilsynet for å utveksla informasjon om situasjonen på finansmarknadene. I utgangspunktet vert desse møta haldne kvart halvår, men oftare ved behov. I 2010 hadde ein fire slike møte, medan det så langt i 2011 har vore eitt møte.
Veksten i verdsøkonomien tok seg opp i 2010, etter det sterkaste tilbakeslaget i internasjonal økonomi sidan andre verdskrigen. Den økonomiske oppgangen har førebels ikkje vore sterk nok til å betra situasjonen på arbeidsmarknadene vesentleg, og mange land slit framleis med høg arbeidsløyse. Ein ventar at den økonomiske veksten vil halda fram, men aukande statsgjeld i fleire industriland gjer den vidare utviklinga uviss.
Store budsjettunderskot og høg statsgjeld førte til uro på finansmarknadene i fleire europeiske land i 2010. Nervøsiteten hos marknadsaktørane slo ut i ein kraftig auke i rentene på statsobligasjonar utferda av Hellas, Portugal og andre gjeldstyngde land i Europa, og på obligasjonsgjelda til europeiske bankar med store eksponeringar mot dei mest utsette landa. Førebels ser det ut til at uroa i liten grad har spreidd seg til andre marknader, og samla sett har internasjonale finansmarknader vore relativt stabile i 2010.
Ny uro internasjonalt kan raskt slå inn i det norske finanssystemet. Dersom uroa i statspapirmarknadene knytt til situasjonen i utsette euroland skulle spreia seg ytterlegare, kan det gje nye tap i europeiske finansinstitusjonar, auka risikopåslag i kredittmarknadene og svekt kredittilbod til hushald og føretak. I byrjinga av 2011 har ein sett monalege verknader internasjonalt av den politiske uroa i Midtausten og Nord-Afrika, mellom anna gjennom høgare oljepris. Vidare kan ein eventuell mistillit til statsfinansane i USA også få store konsekvensar for finansmarknadene, både i USA og elles i verda. Ser ein breiare på uvissefaktorar må ein òg ta høgd for verknadene av naturkatastrofar og andre uventa hendingar, noko den nylege jordskjelvkatastrofen i Japan er eit døme på.
Solide og robuste finansinstitusjonar er ein føresetnad for finansiell stabilitet. Soliditeten i dei norske bankane vart styrkt i 2010, etter ein monaleg auke i kjernekapitaldekninga i 2009. Likeins auka bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa monaleg i både 2009 og 2010. Styrkinga av soliditeten i institusjonane betrar evna deira til å bera risiko og gjer at dei er betre rusta andsynes dei omfattande endringane i internasjonal finansmarknadsregulering som skal gjennomførast i åra framover.
Norske bankar har skaffa seg meir robust finansiering i tida etter finanskrisa. Særleg det at ein større del av marknadsfinansieringa har løpetid på over eitt år, og at ein større del av denne lange finansieringa er obligasjonslån med løpetid på over fem år, dreg i positiv lei. Utviklinga medverkar til lågare likviditetsrisiko, men den kortsiktige marknadsfinansieringa utgjer framleis ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til bankane. Bankane har no god tilgang til finansiering på marknadene, men denne tilgangen er sårbar for uventa hendingar og ny marknadsuro. Risikopåslaga på finansieringsmarknadene har vore relativt stabile i 2010, men ligg framleis monaleg høgare enn dei gjorde før finanskrisa.
Obligasjonar med førerett (OMF) har vorte ei viktig kjelde til langsiktig finansiering for norske bankar og kredittføretak etter etableringa av byteordninga med statspapir hausten 2008. Byteavtalane i ordninga kjem til forfall i 2012, 2013 og 2014, og det er uvisse knytt til korleis etterspurnaden etter OMF vil utvikla seg når store behaldningar av OMF etter kvart vert tilbodne på marknaden. Staten har nyleg opna for førtidig innfriing av byteavtalane, noko som kan medverka til ein meir gradvis auke i tilbodet av OMF på marknaden.
Kredittrisiko på utlån er den vesentlegaste risikokjelda for bankane. På kort sikt ser det ut til at kredittrisikobiletet andsynes hushalda er betra for bankane. Nettofinansformuen i hushalda har auka, gjeldsbelastninga har flata ut, utviklinga i økonomien er god, og uvissa om den vidare utviklinga er lågare enn før. På noko lengre sikt er biletet annleis. Gjeldsbelastninga i hushalda er høg, og ser ut til å auka i åra framover. Ein monaleg del av utlåna til hushaldssektoren er lån til hushald med særs høg gjeldsbelastning. Desse hushalda er sårbare for eit høgare rentenivå eller ei svakare utvikling i økonomien. Eit lågt rentenivå over lengre tid medverkar til auka risiko for at fleire hushald tek på seg for mykje gjeld.
Kredittrisikoen for bankane for deira lån til ikkje-finansielle føretak, varierer frå næring til næring, men fleire utviklingstrekk peikar i retning av at kredittrisikoen for bankar og kredittføretak er redusert. Innteninga til føretaka ser ut til å vera på veg opp, og talet på konkursar gjekk ned frå 2009 til 2010. Utviklinga i norsk økonomi tyder på at etterspurnaden etter varer og tenester vil halda seg oppe i tida framover. Nesten halvparten av bankane sine utlån til ikkje-finansielle føretak er utlån til føretak innanfor næringseigedom. Prisutviklinga på næringseigedomsmarknaden har vore positiv det siste året, og lønsemda i dei børsnoterte næringseigedomsføretaka har teke seg opp. Generelt er kredittrisikoen på lån til ikkje-finansielle føretak konjunkturkjensleg, og utsiktene kan raskt endra seg dersom norsk økonomi vert utsett for ny vesentleg uro.
Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særskilt utsette for marknadsrisiko, ettersom store delar av forvaltningskapitalen er plasserte i verdipapir, og fordi dei ofte verdset desse eigedelane til marknadsverdi i rekneskapen, samstundes som størstedelen av skyldnadene deira inneheld ein lovnad om ei viss avkastning på kapitalen. Uvissa på verdipapirmarknadene, både internasjonalt og i Noreg, er framleis stor. Samstundes avgrensar det låge rentenivået avkastninga på trygge rentepapir. Det gjer risikostyringa i kapitalforvaltninga til institusjonane utfordrande, og det er no særs viktig at dei syter for at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet.
Forbetringar i dei internasjonale finansmarknadsreguleringane som følgje av røynslene frå finanskrisa vil verka inn på utsiktene til finansiell og økonomisk stabilitet. Til dømes vil innføring av nye soliditets- og varsemdsreglar, mellom anna dei såkalla Basel III-krava, medverka til lågare risiko i det internasjonale finanssystemet, men fleire av dei viktigaste forbetringane vert truleg ikkje gjennomførte før om fleire år. Desse regelverksprosessane er tema for kapittel 3.
Det vises til kapittel 2 i meldinga som omhandlar hovudtrekk ved utviklinga på finansmarknadene og i økonomien i Noreg og internasjonalt, og om risikoutviklinga for norske finansinstitusjonar og for finanssystemet som heilskap. Seinare i kapitlet kjem det eit kort oversyn over strukturen på den norske finansmarknaden og over resultat og soliditet i finansinstitusjonane. Bakgrunnsinformasjonen og talmaterialet som ligg til grunn for kapitlet, kjem i stor grad frå rapportar frå Noregs Bank og Finanstilsynet. Tala i kapitlet er oppdaterte per utgangen av 2010 med mindre anna går fram.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Komiteen viser til at finanskrisen førte til det sterkeste økonomiske tilbakeslaget i internasjonal økonomi siden andre verdenskrig. Problemene i finansmarkedene påvirket aktiviteten i realøkonomien, som igjen forverret forholdene i finansmarkedene gjennom 2008 og 2009. Veksten i verdensøkonomien tok seg opp i 2010, men store budsjettunderskudd og høy statsgjeld i flere industriland gjør den videre utviklingen uviss. De omfattende hjelpetiltakene rettet mot bank- og finanssektoren, en aktiv motkonjunkturpolitikk for å dempe konsekvensene av finanskrisen og effektene av de automatiske stabilisatorene har påført mange land svært høye gjeldsbyrder. Foreløpig har veksten heller ikke vært sterk nok til å bedre situasjonen på arbeidsmarkedene, og man ser fortsatt svært høy arbeidsledighet i mange land, som igjen skaper usikkerhet og uro. Komiteen er bekymret for de følgene vedvarende høy arbeidsløshet vil ha på økonomien og for enkeltmennesker, når ledigheten på tross av nedgang i noen land fortsatt generelt forblir langt over nivået fra før finanskrisen.
Komiteen konstaterer at Norge så langt har klart seg bedre gjennom finanskrisen enn de fleste andre land. Produksjonsnedgangen har vært liten, og vi har klart å holde sysselsettingen høy. Norske styresmakter la ved krisens inntreffen, raskt om til en ekspansiv penge- og finanspolitikk, som igjen ga sterke impulser til den innenlandske etterspørselen. I tillegg har petroleumsnæringen holdt seg oppe, og dempet tilbakeslaget for oljerelatert industri, samt i deler av både industrien og tjenestesektoren. Komiteen er imidlertid bekymret for at ny uro internasjonalt raskt kan slå inn i det norske finanssystemet. Dersom uroen i statspapirmarkedene på bakgrunn av situasjonen i utsatte europeiske land sprer seg ytterligere, kan det gi nye tap i europeiske finansinstitusjoner, øke risikopåslagene i kredittmarkedene og svekke kredittilbudet til husholdninger og foretak. Det lave rentenivået kan også medføre at investorer vil ta større risiko enn ønskelig. Komiteen merker seg samtidig varselet om at den politiske uroen i Midtøsten og Nord-Afrika kan påvirke finansmarkedene gjennom blant annet økte oljepriser, samt påpekningen om at en eventuell mistillit til statsfinansene i USA også kan få store konsekvenser for finansmarkedene.
Komiteen vil påpeke at robuste og effektive finansmarkeder og betalingssystemer krever god risikostyring og soliditet i finansinstitusjonene. Komiteen konstaterer samtidig at den norske reguleringen av finansmarkedene har vist seg å være vellykket gjennom den internasjonale finanskrisen. Soliditeten i de norske bankene ble også styrket i 2010, som et resultat av en økning i kjernekapitaldekningen i 2009. Komiteen poengterer imidlertid at Norge har en liten og åpen økonomi, og at det således er av avgjørende viktighet for våre interesser med solide finansielle systemer også på globalt nivå. Komiteen er derfor opptatt av at regjeringen følger internasjonale initiativer på disse områdene aktivt.
Komiteen er videre av den klare oppfatning at hensynet til soliditet i finansnæringen tilsier at samme type risiko reguleres likt. Dette er et grunnleggende prinsipp i norsk regulering, som bidrar til å hindre at risiko hoper seg opp der den er minst regulert. Helhetlig og konsistent regulering er nøkkelelementer i en velfungerende regulering av finansmarkedet som helhet.
Komiteen er videre av den klare oppfatning at finanskrisen har vist hvor viktig det er å ha en god innskuddsgarantiordning for å beskytte bankenes innskudd gjennom en turbulent periode. Den norske innskuddsgarantiordningen har etter komiteens syn vært viktig for å sikre innskyternes rettigheter, og stabilisere innskuddsdekningen i bankene. Slik har ordningen trolig medvirket til at kundeinnskudd i større grad enn ellers har vært en stabil finansieringskilde for norske banker gjennom finanskrisen. Komiteen gir på denne bakgrunn full tilslutning til regjeringens arbeid overfor EU for å sikre videreføring av den norske innskuddsgarantien.
Komiteen mener videre at et godt forbrukervern er avgjørende for finansiell stabilitet, og et viktig mål i seg selv for å oppnå velfungerende finansmarkeder. Komiteen slutter seg til formuleringer i brev fra Finansdepartementet til Finanstilsynet av 30. april 2010 hvor det poengteres at «Med den kompleksitet som nå er i finansmarkedet, og med de stadig nye produktløsningene som markedsføres, er det enda viktigere enn tidligere at Finanstilsynet har et skarpt fokus på forbrukerrelaterte spørsmål, og uttøver effektivt tilsyn også på dette området, herunder påser at foretakene gir relevant og forståelig informasjon om de ulike finansproduktene.»
Komiteen er positiv til den nyvinningen Finansportalen innebærer for forbrukerne for å lettere kunne sammenligne priser og tjenester på ulike produkter innen bank, investering og forsikring. Avgjørende for at den enkelte forbruker skal kunne sammenligne priser og tjenester på ulike produkter mellom ulike finansinstitusjoner er at informasjonen oppdateres jevnlig.
Komiteen er bekymret over at stadig flere hushold i Norge har en gjeldsbelastning som gjør dem sårbare for høyere renter, økt arbeidsledighet eller fall i boligprisene. Selv om boligkjøp er en langsiktig investering, har rentenivået på kjøpstidspunktet trolig stor innvirkning på adferd og avgjørelser.
Vedvarende lavt rentenivå kan således bidra til vekst i boligprisene, og øke risikoen for at husholdene tar på seg uforsvarlig mye gjeld. Kombinasjonen av høy gjeldsbelastning, flytende rente og høy boligformue kan få store konsekvenser for enkelte hushold om renta øker og boligprisene faller.
Når Norges Bank nå signaliserer at rentene fremover skal opp mot et mer normalt nivå, er det særlig viktig at lånetakerne ikke påtar seg større lånebyrder enn de kan bære også ved økninger i rentenivået. Komiteen tar for øvrig redegjørelsen til orientering.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, er positiv til de innstramminger som er gjort i reglene om godtgjørelser og bonuser for å motvirke insentiver til høy og kortsiktig risikotagning for ansatte i finanssektoren.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er svært opptatt av norsk næringslivs konkurranseevne i det internasjonale markedet. Forholdsvis høy produktivitetsvekst i næringslivet har over år kompensert for relativt høye lønnsoppgjør sammenlignet med våre konkurrentland. Frontfagsmodellen i lønnsoppgjørene har medført at lønnsoppgjøret for konkurranseutsatt sektor har vært premissgivende for øvrige lønnsforhandlinger og resultater.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til den sveitsiske handelshøyskolen IMDs «World Competitiveness Yearbook 2011» som ble publisert i mai 2011. Rapporten viser at Sverige klatrer fra sjette til fjerdeplass på listen over landene med best konkurranseevne i verden. Norge faller fra niende til 12. plass. Rapporten viser at lønnsveksten er langt høyere enn veksten i produktiviteten. Rapporten peker på flere faktorer som gjør at Norge faller på listen: Et komplisert skattesystem med høye skatter, et lite fleksibelt arbeidsmarked, lite nytenkning og en mer lukket økonomi. Også på listen over effektivitet i offentlig sektor faller Norge fra syvende til 11. plass. Disse medlemmer konstaterer at regjeringen viser liten vilje og evne til å ta tak i disse utfordringene. Overtid tid vil svekket konkurranseevne og manglende modernisering av offentlig sektor undergrave vår velferd.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til restriksjonene i friheten til å avtale bonuser som ble behandlet i Innst. 343 L (2009–2010), jf. Prop. 117 L (2009–2010), og som disse medlemmer stemte mot. Disse medlemmer mener det er viktig at det vises moderasjon i finansnæringen. Det er et særlig ansvar for styrene å sikre dette. Disse medlemmer konstaterer at høye bonuser har blitt byttet ut med en kraftig økning i fastlønn. Det ser ut til at dette har vært bransjens mottrekk mot begrensninger i bonusavtaler, i tillegg at det i noen tilfeller brukes «sign-on-fees» for å bytte arbeidsgiver. På denne bakgrunn setter disse medlemmer et spørsmålstegn ved om regjeringens innstramming har fungert etter hensikten.
I ljos av røynslene frå den internasjonale finanskrisa arbeider mange land, institusjonar og organisasjonar med forslag til nye reglar og med endringar av gjeldande regelverk. Det er sett i verk omfattande prosessar for å greia ut nye reglar i mellom anna G20, IMF, Baselkomiteen for banktilsyn, Financial Stability Board (FSB), OECD og EU.
I G20 er det dei siste par åra oppnådd semje om mellom anna å skjerpa krava til kapital og likviditet i bankar, innføra ny regulering av derivathandel, såkalla hedgefond og kredittvurderingar, betra internasjonale rekneskapsstandardar og innføra nye reglar for godtgjersle til tilsette i finansinstitusjonar. Det førebuande arbeidet til G20-toppmøta, inkludert utarbeiding av konkrete forslag til regelverk og tiltak, vert først og fremst utført av FSB og Baselkomiteen.
Baselkomiteen har hatt på høyring strengare krav til kapital og likviditet for bankar, dei såkalla Basel III-krava. Den 16. desember 2010 vart komiteen samd om dei nye krava og om vidare framdrift for innføring. Det er semje i komiteen om at Basel III-krava i hovudsak bør få full verknad seinast frå 2019. EU-kommisjonen vil truleg innan sommaren 2011 leggja fram forslag til endringar i kapitalkravdirektiva til EU som følgjer opp store delar av Basel III-krava.
EU har tidlegare gjennomført to rundar med endringar (revisjonar) i kapitalkravsdirektiva, som mellom anna omfattar kapital- og likviditetskrav for bankar. Dei første endringane, dei såkalla CRD II- og CRD III-direktiva, vart i hovudsak sette i kraft frå årsskiftet 2010/2011. Dei største endringane kjem likevel truleg i neste runde – det såkalla CRD IV-regelverket (gjennomføring av Basel III-krava). I tillegg til endringane i kapitalkravsdirektiva er det i EU gjort framlegg om og gjennomført tiltak og regelverksendringar på ei rad andre område, mellom anna om innskotsgaranti, avviklingsordningar for bankar, forbrukarvern, verdipapirhandel, hedgefond, kredittvurderingsbyrå, ny europeisk tilsynsstruktur o.a.
Dei internasjonale prosessane vil først og fremst ha verknad for Noreg ved at endringar i det gjeldande EU-regelverket på finansmarknadsområdet vert tekne inn i EØS-avtalen. Regjeringa arbeider for at Noreg skal ta del i det arbeidet som går føre seg på dette området.
Finanskrisa har også ført til viktige nasjonale regelendringar i mange land. Sverige, Tyskland og Storbritannia er døme på land som har innført såkalla stabilitetsavgifter retta mot bankar. Storbritannia er og blant dei landa som etter finanskrisa vil endra organiseringa av tilsynsstyresmaktene på finansmarknadsområdet. USA er politisk forplikta til å følgja opp semja i G20 om mellom anna strengare kapital- og likviditetskrav overfor bankar. Vidare er det i USA vedteke ei omfattande reform av finansmarknadsreguleringa og tilsynsstrukturen. I kapittel 3 i meldinga vert nokre av dei mest sentrale forslaga frå i hovudsak EU og Baselkomiteen omtala, saman med korte merknader om norsk oppfølging.
Komiteen viser til at det i kjølvannet av finanskrisen er bred enighet om at det må innføres nye og bedre reguleringer av finansmarkedene internasjonalt, og at det er igangsatt omfattende prosesser for å få dette på plass blant annet i G20, IMF, OECD og Den europeiske unionen (EU). De nye reglene vil ha betydning også for Norge, ettersom endringer i det gjeldende EU-regelverket på finansmarkedene vil bli tatt inn i EØS-avtalen. Komiteen er derfor fornøyd med at regjeringen arbeider for at Norge skal ta aktiv del i det arbeidet som foregår på dette området.
Komiteen viser videre til at ett av spørsmålene som har særlig fokus internasjonalt er problemstillinger knyttet til bankene som såkalte systemviktige institusjoner. Fordi følgende av problemer i banksektoren kan bli svært omfattende, kan myndighetene se det som nødvendig å gjennomføre støttetiltak for banker som havner i problemer, noe som vil kunne gi opphav til en «implisitt statsgaranti». For å unngå dette er det behov for regelverk for håndtering av finansinstitusjoner i krise, slik at styresmaktene også kan avvikle systemviktige institusjoner på en ordnet måte. Komiteen mener det er et viktig grep mot for stor risikotagning i bankene internasjonalt at det finnes infrastruktur, regelverk og planer slik at sentrale og nødvendige funksjoner i insolvente finansinstitusjoner kan videreføres under avvikling av institusjonene.
Komiteen viser til at Finanskriseutvalget la fram sin rapport tidligere i år.
Komiteen viser til at forventinger om statlig inngripen kan overfor banker som nyter godt av implisitt statsgaranti føre til at slike banker oppnår rimeligere finansiering i obligasjonsmarkedet på grunn av bedre kredittvurderinger enn uten støtteforventinger. Slike støtteforventinger medvirker også til at disse finansinstitusjonene vil kunne oppnå bedre inntjening og høyere vekst enn andre aktører. Slik kan de store aktørene bli enda større, få enda bedre lånevilkår, og potensielt utgjøre en større trussel mot finansiell stabilitet. Komiteen ser det ideelt sett ikke som ønskelig, av hensyn til finansiell stabilitet og mest mulig likeverdig konkurranse i markedet, at store aktører nyter godt av en slik implisitt statsgaranti.
Komiteen viser til at Finanskriseutvalget i sin innstilling pekte på at det største finanskonsernet i Norge, DnB NOR, som også har en spesiell rolle i infrastrukturen i det norske banksystemet blant annet som oppgjørsbank for mindre banker, årlig nyter godt av en implisitt statsgaranti verdt mellom 1 og 4 mrd. kroner. Tilsvarende ordninger finnes for store finanskonsern/banker i andre land.
Komiteen viser til at dette også er problemstillinger det arbeides med internasjonalt. Både Det Internasjonale Pengefondet (IMF), Financial Stability Board (FSB) og Baselkomiteen arbeider med forslag som etter planen skal legges fram for G-20 landene senere i år. FSB mener for eksempel at kravene til tapsbærende evne bør settes høyere for systemviktige institusjoner, enn for andre institusjoner. Finanskriseutvalget tar til orde for det samme. Komiteen mener det vil være naturlig å komme tilbake til disse spørsmålene i forbindelse med oppfølgingen av Finanskriseutvalgets innstilling og arbeidet med ny finanslovgivning, jf. NOU 2011:8 fra Banklovkommisjonen.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, viser til at den implisitte statsgarantien kan sees på som en statlig subsidie.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre, viser videre til at det i mange land foregår diskusjoner om hvordan man kan sikre at finansinstitusjoner betaler for kostnadene forbundet med myndighetenes hjelpetiltak til bank- og finanssektoren. Flertallet mener at dette spørsmålet er like relevant i Norge. Flertallet ser det derfor som riktig og nødvendig at regjeringen vurderer hvordan man kan sikre seg betaling fra norske finansinstitusjoner som reflekterer eventuelle forventninger hos kreditorer om at deres risiko er redusert som følge av sannsynligheten for statlig inngripen. Finanskriseutvalget omtaler en slik betaling som «stabilitetsavgift», og foreslår at myndighetene utreder dette nærmere.
Flertallet viser videre til at finansielle tjenester i hovedsak er unntatt fra merverdiavgift. Dette gjør at det offentlige ikke får inn en andel av merverdien som blir skapt gjennom produksjon av disse tjenestene, i motsetning til hva som er tilfellet ved produksjon av andre varer og tjenester i økonomien.
Flertallet viser ellers til at Norge og de andre nordiske landene har bedre muligheter og større handlefrihet enn mange andre land i Europa til selv å vurdere hva som er egnede kapitalkrav til finansinstitusjoner i lys av erfaringene fra den internasjonale finanskrisen. Flertallet ser derfor på det som ønskelig at norske myndigheter vurderer om det raskere bør fastsettes strengere kapitalkrav til finansinstitusjoner på nordisk nivå, enn det som følger av EUs minimumskrav. Dette må imidlertid ikke være en forutsetning for at norske myndigheter vurderer strengere kapitalkrav til norske finansinstitusjoner enn det som følger av EUs minimumskrav. Flertallet henviser også til sine merknader under kapittel 2.2 om viktigheten av arbeidet for å bevare den norske innskuddsgarantien, og støtter fullt ut regjeringens aktive holdning og innsats i saken.
Flertallet tar for øvrig redegjørelsen til orientering.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til at den norske stat ikke har hatt direkte regnskapsmessige nettokostnader knyttet til tiltakene i forbindelse med finanskrisen. Disse medlemmer viser også til at staten har mottatt inntekter fra både Statens obligasjonsfond og Statens finansfond i hele perioden og at disse alle har vært basert på markedsmessige vilkår. På denne bakgrunn anser disse medlemmer det som lite relevant å ilegge en ytterligere stabilitetsavgift med formål å dekke inn statens kostnader.
Disse medlemmer viser til at finansielle tjenester i hovedsak er unntatt fra merverdiavgift. Disse medlemmer erkjenner at finansnæringen på denne måten ikke betaler den samme type avgifter som andre næringer blir pålagt i Norge. Disse medlemmer vil likevel understreke at dette unntaket gjelder for hele næringen globalt sett. På denne bakgrunn vil disse medlemmer advare regjeringen mot å innføre særnorske avgifter som vil svekke norsk finansnærings konkurranseevne.
Disse medlemmer viser til at departementet skriver:
«Finansdepartementet ser det som tenleg at Noreg følgjer opp dei nye likviditetsreglane frå Baselkomiteen relativt tidleg. Dei nye likviditetsreglane kan innførast raskare i Noreg enn i mange andre land. Årsaka er at den økonomiske utviklinga i Noreg er god, og at finansinstitusjonane er solide. Det gjev oss større fridom til å vurdera kva som er høvelege likviditetskrav i ljos av røynslene frå den internasjonale finanskrisa.»
Disse medlemmer er positive til det arbeidet som nå gjøres gjennom Baselkomiteen og i EU med nye krav til kapitaldekning. De nye reglene vil medføre endringer både når det gjelder soliditet (kapitaldekning) og likviditet. Nye krav vil bidra til at finansnæringen blir mer robust ved nye kriser. Disse medlemmer deler imidlertid Finanstilsynets skepsis til å gjennomføre egne krav i Norge eller i Norden. Det vises i den forbindelse til pressemeldingen fra Finanstilsynet av hva Skogstad Aamo sa på Finansnæringens Dag:
«Foreløpig bør man være varsomme med å formulere norske eller nordiske særkrav til kapitaldekningen. Det er imidlertid realistisk å regne med en styrking av kapitaldekningen mellom 1 og 2 prosentenheter for å imøtekomme markedets krav i lys av de nye internasjonale kravene. I tillegg til at en stor del av de årlige overskudd må brukes til økt egenkapital, kan det da bli behov for mellom 30 og 50 milliarder fra markedet»
Disse medlemmer frykter at norske særkrav og eventuelle nye skatter for finansnæringen vil svekke næringens konkurranseevne og kunne gå ut over vekstmulighetene. Det kan bli vanskeligere for norske bedrifter å få lån og prisen på kreditt vil gå opp.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til representantforslaget fra stortingsrepresentantene Geir Jørgen Bekkevold, Dagrun Eriksen, Knut Arild Hareide og Hans Olav Syversen om 20 tiltak for å motvirke en ny finanskrise (Dokument 8:60 S (2010–2011), som ble fremmet 17. desember 2010.
Dette medlem har registrert at det regjeringsoppnevnte Finanskriseutvalget i sin rapport «Bedre rustet mot finanskriser» (NOU 2011:1) tar til orde for flere av de samme tiltakene som Kristelig Folkeparti har foreslått, herunder en såkalt aktivitetsskatt på overskudd og lønn i finansinstitusjonene. Dette medlem er enig med utvalgsmedlem og professor i samfunnsøkonomi Karen Helene Ulltveit-Moe ved Universitetet i Oslo, som under henvisning blant annet til en slik aktivitetsskatt, skriver i Dagens Næringsliv 28. januar 2011:
«Vi skylder alle dem som mistet jobb og hus under finanskrisen å ta et oppgjør med næringens særvilkår.»
Dette medlem viser til at aktivitetsskatt i finanssektoren også har blitt foreslått av Det internasjonale pengefondet (IMF). Overskudd og lønn er et uttrykk for merverdi, og en skatt på dette vil derfor kunne anses som en merverdiavgift, en avgift finansielle tjenester per i dag i hovedsak er unntatt. En slik skatt vil gjøre at finansnæringen får en skattebelastning mer på linje med andre næringer, og på denne måten hindre at finansnæringen blir unaturlig stor. En generell skatt på summen av overskudd og lønn kan kombineres med skattlegging av lønn og overskudd ut over det normale, for å motvirke overdreven risikotaking.
I perioden frå 1970 til 2010 har finansiell sektor vakse som del av den totale norske økonomien. I 1970- og 1980-åra medverka avreguleringar til sterk vekst på finansmarknadene. Bankkrisa i byrjinga av 1990-åra førte til eit mellombels brot i veksttrenden. Bankkrisa hadde òg stor verknad for verksemda i, og kontrollen med, norske kredittinstitusjonar, og førte til omfattande strukturendringar på finansmarknaden.
I størstedelen av perioden etter bankkrisa har veksten i norsk økonomi vore høg fram til uroa på finansmarknadene i 2008 og 2009. I 2010 tok veksten seg igjen opp. Veksten i forvaltningskapitalen i finansinstitusjonane har vore sterkare enn veksten i brutto nasjonalprodukt (BNP) med unnatak av første del av 1990-talet. Den totale forvaltningskapitalen i norsk finanssektor utgjorde 347 pst. av BNP ved utgangen av 2010. For perioden 1970–2010 som heilskap var det bankane og kredittføretaka som hadde den sterkaste veksten, medan dei statlege låneinstitutta sin del av forvaltningskapitalen gjekk ned.
Forvaltningskapitalen i norske kredittinstitusjonar (bankar, kredittføretak og finansieringsselskap) utgjorde 278 pst. av BNP i 2010. I internasjonal samanheng er dette ikkje spesielt høgt. Av land det er naturleg å samanlikna seg med, er det berre i Finland at forvaltningskapitalen i kredittinstitusjonane er mindre relativt til BNP. Ei forklaring kan vera at norske kredittinstitusjonar i liten grad har utlån til utlandet eller til det offentlege. Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
I kapittel 5 i meldinga gis eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2010 og over forskrifter fastsette i 2010. Vidare er det gitt ein omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året, med ein kort omtale av kvar einskild sak.
Endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2010 hadde som overordna mål å medverka til finansiell stabilitet og effektive og velfungerande marknader.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Etter lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbankloven) § 1 første ledd skal Norges Bank vera utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem og overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken har også viktige oppgåver innanfor kapitalforvaltning. Etter sentralbankloven § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggja dette fram for Kongen og gjera desse dokumenta kjent for Stortinget. Årsmeldinga frå Norges Bank for 2010 følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.
Det følgjer av sentralbankloven § 2 fjerde ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden, snarast mogleg etter å ha motteke papira, senda årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, fråsegn frå representantskapet om protokollar frå hovudstyret og eventuelle fråsegner om andre forhold som gjeld banken, til Riksrevisjonen. Det følgjer òg at statsråden skal gje si utgreiing til Riksrevisjonen om korleis styringsretten som ligg hos departementet og regjeringa i saker som gjeld Norges Bank, har vore nytta. Departementet sender årsrekneskapen til Riksrevisjonen når departementet har motteke han frå Norges Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Norges Bank i saker om instruksjon og i saker der ein lèt vera å instruera.
I brev 4. mars 2010 og 25. juni 2010 til departementet har Riksrevisjonen lagt til grunn at statsråden si rapportering til Riksrevisjonen om verksemda i Norges Bank skal koma i tillegg til rapporteringa til Stortinget. Statsråden seier i brev 5. juli 2010 at han ikkje har ytterlegare merknader om verksemda i Norges Bank utover det som går fram av Finansmarknadsmeldinga, men at form og innhald på den jamlege rapporteringa til Stortinget skal vurderast i ljos av merknaden frå Riksrevisjonen. I Dokument 3:2 (2010–2011) held Riksrevisjonen fast ved synet sitt på rapporteringa til Riksrevisjonen. I Innst. 246 S (2010–2011) seier Kontroll- og konstitusjonskomiteen at «komiteen er tilfreds med at departementet vil vurdere form og innhold i den løpende rapporteringen til Stortinget i lys av Riksrevisjonens anmodning». Departementet tek på dette grunnlaget sikte på å vurdera forma og innhaldet på rapporteringa til Stortinget i omtala av verksemda i Norges Bank i Finansmarknadsmeldinga 2011, som vil verta lagd fram våren 2012. Rapporteringa til Riksrevisjonen vert handsama for seg. Det er i pkt. 6.2 i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon i Norges Bank i 2010.
Komiteen tar redegjørelsen til etterretning.
Internasjonalt avdekte finanskrisa vesentlege manglar i systemet som skulle regulera og føra tilsyn med det finansielle systemet. Norges Bank trekkjer særleg fram tre lærdomar frå krisa som har påverka Norges Bank sitt arbeid med finansiell stabilitet i 2010:
Finanskrisa viste at bankane hadde for liten eigenkapital, for mykje kortsiktig marknadsfinansiering og for små bufferar av lett omsetjelege eigedelar.
Det er behov for nye makrotiltak som kan setjast inn ved behov. Makrotiltaka må medverka til å gjera finanssektoren meir robust, både ved å redusera risikoen for kriser og ved å gjera finansinstitusjonane betre i stand til å koma gjennom kriser.
Styresmaktene har behov for verkty for å kunna avvikla bankar på ein ryddig måte. Bankane bør syta for planar for korleis dei kan verta avvikla dersom det oppstår problem. Eigarar og kreditorar – ikkje skattebetalarane – bør ta tapa. Då vil renta på bankane sine innlån spegla den risikoen bankane tek, og ikkje ein implisitt statsgaranti.
Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen vil understreke at forskriften om pengepolitikken, vedtatt 29. mars 2001, ligger fast. Komiteen mener at gjeldende retningslinjer for pengepolitikken har vist seg robust gjennom finanskrisen, og at de utgjør et godt rammeverk for Norges Banks utøvelse av pengepolitikken. Komiteen merker seg at Norges Bank i utøvelsen av pengepolitikken i 2010 har veid hensynet til stabil inflasjon mot stabilitet i produksjon og sysselsetting på kort til mellomlang sikt.
Komiteen viser videre til at Norges Bank som følge av bedre utsikter for norsk økonomi, var blant de første sentralbankene internasjonalt som økte renten etter finanskrisen. Sentralbanken begynte å sette opp renten i oktober 2009, og har varslet at renten kommer til å bli gradvis satt opp fremover. Samtidig tilsier fortsatt situasjonen langvarige lave rentenivå i mange andre land. Komiteen er bekymret for konsekvensene av et særnorsk høyt rentenivå over tid, fordi det kan føre til en styrking av kronen som valuta, og en påfølgende forverret situasjon for konkurranseutsatt næringsliv. Komiteen understreker i denne sammenheng at pengepolitikken og finanspolitikken må virke sammen for å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting, ved at bruken av oljeinntekter ikke må bidra til å øke presset på konkurranseutsatt sektor.
Komiteen merker seg at Norges Bank på grunn av bankenes gode resultater og økt kapitaldekning det siste året anser at utsiktene for finansiell stabilitet er bedre ved utgangen av 2010 enn de var i 2009. Komiteen finner det samtidig klokt at Norges Bank har varslet at de vil følge nøye med på finansieringen av bankene i årene som kommer. Komiteen er også positiv til at sentralbanken har vurdert de norske virkemidlene for krisehåndtering og forebygging i lys av de strukturelle endringer og videreutvikling av krisehåndteringsverktøy som finner sted i andre sammenlignbare land, og at dette fremover skal behandles i Banklovkommisjonen.
Komiteen mener det er viktig for norske husholdningene og andre aktører i økonomien at Norges Bank kommuniserer klart og forståelig om de vurderingene som ligger bak rentebeslutninger, og i forhold til fremtidig renteutvikling, slik at det er mulig å tilpasse seg på en god måte. Komiteen er i den sammenheng fornøyd med praksisen Norges Bank har fulgt siden høsten 2005, med å offentliggjøre en egen renteprognose. Tydelig kommunikasjon om intensjonene bak innrettelsen av pengepolitikken medvirker etter komiteens vurdering til åpen og god kommunikasjon med omverdenen.
Når det gjelder omtalen av Statens pensjonsfond utland viser komiteen til de respektive partiers merknader i innstillingen fra finanskomiteen Innst. 436 S (2010–2011) jf. Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2010.
Komiteen tar for øvrig redegjørelsen til orientering.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre er tilfreds med at Norges Bank gradvis har praktisert mer åpenhet, både generelt og i forbindelse med utøvelsen av pengepolitikken. Disse medlemmer viser til at Norges Bank watch har anbefalt at referatene fra hovedstyrets rentemøter offentliggjøres. Disse medlemmer deler denne oppfatningen og mener det vil, være en naturlig videreføring av Norges Banks åpenhet. Disse medlemmer mener at det er riktig å offentliggjøre hvilke momenter som er drøftet i hovedstyrets rentemøter, dog uten å knytte dette til det enkelte hovedstyremedlem. Disse medlemmer mener at et slikt tiltak vil gi en enda bedre offentlig debatt om utøvelsen av pengepolitikken, og være egnet til å styrke Norges Banks renommé ytterligere.
Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Finanstilsynet skal, ifølgje finanstilsynsloven § 8 andre ledd, kvart år gje Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare vert det gjeve ei nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga frå Finanstilsynet ligg ved denne meldinga som utrykt vedlegg.
Etter § 1 i finanstilsynsloven fører Finanstilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, som omfattar forretnings- og sparebankar, kredittføretak, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsselskap, forsikringsformidlarar, børsar og andre regulerte marknadsplassar. Etter finanstilsynslova § 1 nr. 14, jf. verdipapirhandelloven § 15-1, har Finanstilsynet ansvar for å føra tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og med at reglane i verdipapirhandelloven vert følgde. Finanstilsynet har også ansvar for å føra kontroll med eigedomsmeklarar etter eiendomsmeglingsloven § 8-1, kontroll med inkassoverksemd etter inkassoloven § 30, kontroll med forvaltning av verdipapirfond etter verdipapirfondloven § 8-2, tilsyn med revisorar og revisjonsføretak etter finanstilsynsloven § 1 nr. 9, tilsyn med sjøtrygdelag, jf. finanstilsynsloven § 1 nr. 12, og tilsyn med føretak som driv låneformidling, jf. finanstilsynsloven § 1 nr. 7. Finanstilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter finanstilsynsloven § 1 nr. 18. Finanstilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kredittinstitusjonar og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei tilfella slikt tilsyn ikkje vert ført av styresmaktene i heimlandet. Det vert dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.
Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på eit føremålstenleg og trygt vis og i samsvar med lover og føresegner og det føremålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføra tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granska rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjera dei undersøkingane om stillinga og verksemda deira som Finanstilsynet finn naudsynt, jf. finanstilsynsloven § 3.
Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har som oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Norge (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna forvaltingsmandat som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet for Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Den finansielle målsetjinga for Statens obligasjonsfond er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til meininga med fondet om å medverka til auka likviditet på, og betre kapitaltilgang til, kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondet si forvaltning av dei to fonda gjennom kvartalsvise møte.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2010, der departementet også gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 8.4 i denne meldinga.
Folketrygdfondet skal for 2010 utarbeida ein årsrapport og halvårsrapport om forvaltninga av SPN, i tillegg til ein årsrapport om forvaltninga av Statens obligasjonsfond. Årsrapportane frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 15 (2010–2011).
I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet, etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det totalt sett økonomisk mest fordelaktige tilbodet fekk tilslaget, peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltinga av SPN. Det er òg inngått ein avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltinga av SPN er i samsvar med forskrift og retningsliner som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonsloven § 9.
Departementet har i ei eiga forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert SPN, skal førast, jf. forskrift 10. november 2008 nr. 1264 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet inkludert Statens pensjonsfond Noreg. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 24. mars 2011.
Ein viser til meldinga for nærare omtale av SPN og Statens obligasjonsfond, samt til omtale av leiing og administrasjon i Folketrygdfondet.
Komiteen viser til de respektive partiers merknader i innstillingen fra finanskomiteen Innst. 436 S (2010–2011) jf. Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2010, og tar redegjørelsen til orientering.
Statens finansfond (Finansfondet) vart oppretta 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lov om Statens finansfond vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart etablert med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S. nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 den 26. februar 2009.
Målet med Finansfondet er «å bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggja særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruera fondet.
Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009.
Finansfondet betalte ut det første innskotet 30. september 2009, og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på knapt 27 mill. kroner.
Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet, representerer om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerer 21 pst. av alle bankar i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosenteiningar. Alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.
I brev 4. mars 2010 og 25. juni 2010 til departementet har Riksrevisjonen lagt til grunn at statsråden si rapportering til Riksrevisjonen om verksemda i Statens finansfond skal koma i tillegg til rapporteringa til Stortinget. Statsråden seier i brev 5. juli 2010 at han ikkje har ytterlegare merknader om verksemda i Statens finansfond utover det som går fram av Finansmarknadsmeldinga, men at form og innhald på den jamlege rapporteringa til Stortinget skal vurderast i ljos av merknaden frå Riksrevisjonen. I Dokument 3:2 (2010–2011) held Riksrevisjonen fast ved synet sitt på rapporteringa til Riksrevisjonen. I Innst. 246 S (2010–2011) seier Kontroll- og konstitusjonskomiteen at «[k]omiteen er tilfreds med at departementet vil vurdere form og innhold i den løpende rapporteringen til Stortinget i lys av Riksrevisjonens anmodning». Departementet tek på dette grunnlaget sikte på å vurdera forma og innhaldet på rapporteringa til Stortinget i omtala av verksemda i Statens finansfond i Finansmarknadsmeldinga 2011, som vil verta lagd fram våren 2012. Rapporteringa til Riksrevisjonen vert handsama for seg.
I 2009 var verksemda i Statens finansfond i hovudsak knytt til etablering og å vurdera søknader frå bankar som ønskte kapitalinnskot. I 2010 gjekk Finansfondet over i ein forvaltningsfase. Kor lenge verksemda i Finansfondet skal vidareførast avheng mellom anna av når kapitalinnskota vert betalte tilbake frå bankane.
Tre bankar valde å betala attende kapitalinnskota i 2010. Sparebank 1 SMN betalte attende innskotet på 1,25 mrd. kroner 22. mars og 22. april. Sparebanken Vest betalte attende innskotet på 960 mill. kroner 25. mai, og Sparebanken Sør betalte attende innskotet på 400 mill. kroner 17. desember. Ved årsskiftet 2010/2011 hadde såleis Finansfondet uteståande om lag 1,5 mrd. kroner fordelt på 25 bankar.
Det kan vera fleire grunnar til at ikkje fleire bankar har løyst inn innskota. Uroa på marknadene for innlån frå våren 2010 (mellom anna som følgje av gjeldsstoda for ein del europeiske land), kan vera eit viktig omstende. Rentene på fondet sine innskot er sett slik at dei dannar ei bru frå fråvær av marknad for innlån til bankane under finanskrisa, til ein normal marknad for innlån. Med ytterlegare normalisering av marknadene kjem truleg fleire bankar til å løysa inn innskota.
I 2010 vart det innbetalt renter for 2009 frå kapitalinnskota i bankane. Rentene for 2010 skal betalast seinast fem dagar etter at forstandarskapet har fastsett årsresultat for banken. Dei oppsamla renteinntektene frå kapitalinnskota i bankane var 212,1 mill. kroner i 2010.
Finansfondet hadde i 2010 eit driftsbudsjett på 10 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene var på 4,2 mill. kroner.
For å halda kostnadene nede har Finansfondet i 2010 avvikla fleire avtalar med utanforståande leverandørar av tenester. Driftskostnadene var difor vesentleg lågare i 2010 enn dei var i 2009, då organisasjonen vart bygd opp. Finansfondet har i 2010 hatt avtale om tilgang på eksterne juridiske rådgjevarar frå advokatfirmaet Wikborg Rein og eksterne finansielle rådgjevarar frå Pareto Securities. Desse to avtalane vart avvikla i januar 2011.
Det var knytt ei rad vilkår til kapitalinnskota i bankane, jf. omtale i Meld. St. 12 (2009–2010) Finansmarknadsmeldinga 2009. Finansfondet har i 2010 gjennomført kontrolltiltak for å sjå om bankane etterlever vilkåra. Oppfølging av utlånspolitikken, kredittstrategien og løns-, utbyte- og gåvepolitikken til bankane krev særskild rapportering til Finansfondet. Ved å etablera den særskilde rapporteringa har fondet lagt vekt både på omsynet til forsvarleg oppfølging av kapitalinnskota og på omsynet til bankane si rapporteringsbyrde. Omfanget av rapporteringa er avgrensa. I tillegg til å gjennomgå dei halvårlege rapportane frå bankane til fondet, går Finansfondet igjennom kvartalsrekneskapen til bankane. Etter gjennomgangen av tala for 3. kvartal 2010 såg fondet særskilt etter om mellom anna resultata kunne tyda på underskot, svak utlånsvekst osv., ettersom desse opplysningane kunne indikera stoda ved årsskiftet 2010/2011. Undersøkingane viste store variasjonar mellom bankane med omsyn til tap og utlånsutvikling. Bankane gav akseptable svar på årsakene til tapa og utlånsutviklinga. Finansfondet meiner at kapitalinnskota frå fondet framleis syter for at målet med innskota vert nådd, nemleg å styrkja bankane og sikra normal utlånsverksemd.
Ein viser til meldinga for omtale av styre og administrasjon.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) er ein sjølvstyrt institusjon under FN-paraplyen og vart oppretta i 1944 under Bretton Woods-konferansen. Organisasjonen er eit forum for internasjonalt samarbeid om økonomiske og finansielle spørsmål og har eit hovudansvar for å fremja stabilitet i det internasjonale monetære systemet. IMF har i dag 187 medlemsland.
Ein kort omtale av oppgåvene til og styresettet i IMF er gjeve i avsnitt 10.2 i meldinga. Ein breiare omtale ligg på Finansdepartementet sine internettsider (www.regjeringa.no/fin). Avsnitta 10.3–10.8 omhandlar IMF sitt bidrag til handtering av dei økonomiske utfordringane etter finanskrisa og andre sentrale spørsmål som har vore behandla i styret i organisasjonen sidan Finansmarknadsmeldinga 2009 vart lagt fram.
Finansdepartementet legg vekt på å gje Stortinget ein fersk rapport om verksemda i IMF og norsk IMF-politikk, der ein gjer greie for og drøfter aktuelle spørsmål. Etter departementet si vurdering kan dette omsynet tale for at den årlege rapporteringa om IMF-arbeidet bør flyttast frå Finansmarknadsmeldinga til Revidert nasjonalbudsjett, slik at ein betre kan reflektere drøftingane knytt til vårmøta i IMF. Ein slik omlegging kan vere aktuell frå og med neste år. Ein viser til meldinga for nærare omtale av IMF.
Komiteen viser til at IMFs virksomhet de siste årene har vært sterkt preget av den finansielle og økonomiske krisen i verdensøkonomien, og at bedringen i verdensøkonomien gjennom 2010 har ført til at IMFs hovedfokus gradvis har flyttet seg fra krisehåndtering til å analysere årsakene til krisen, og hvilke lærdommer man kan trekke i etterkant.
Komiteen viser til at IEO, det uavhengige evalueringsorganet til IMF, i februar 2011 la frem en rapport om IMFs overvåkning av medlemslandene før finanskrisa i 2008–2009. Rapporten pekte på en rekke kritikkverdige forhold, blant annet at IMF ikke i tilfredsstillende grad hadde varslet om krisen før den inntraff, at land med systemviktige finanssentre ikke ble kritisk gjennomgått på samme måte som utviklingsland, at IMF ikke evnet å se mange lands gjeldsopptaking i relasjon til stabiliteten i de finansielle systemene, samt at både organisatoriske og metodiske forhold gjorde at IMF feiltolket signalene før krisen. Komiteen støtter Finansdepartementets vurdering av rapporten som en grundig og viktig rapport som legger et godt grunnlag for å kunne styrke og forbedre IMF og det internasjonale vernet mot økonomiske kriser.
Komiteen viser også til at rapporten ga støtte til en rekke tiltak som allerede var igangsatt. De viktigste er blant annet at alle medlemsland nå er inkludert i IMFs overordnede gjennomgang av sårbarhetene i verdensøkonomien, at en særlig gjennomgang av finanssektoren er gjort obligatorisk for 25 systemviktige land, samt at analysene av koblingene mellom makroøkonomien og finanssektoren er forbedret. Analysene av mekanismer for smitte og spredning av økonomisk uro på tvers av landegrensene er også styrket.
Komiteen viser videre til at IMF i 2009 vedtok omfattende reformer i låneordningene som gjorde dem bedre tilpasset medlemslandenes behov og situasjonen i verdensøkonomien. Ordningene ble mer fleksible og finansieringen raskere, med større beløp og bedre vilkår enn tidligere. Komiteen registrer at utlånene fra IMF, som følge av den globale økonomiske krisen i kjølvannet av finanskrisen, har økt kraftig siden sommeren 2008, og at økning fortsatte i 2010. Komiteen støtter regjeringens ønske om å få en gjennomgang av erfaringene med endringene senest om to år.
Komiteen understreker videre viktigheten av at samarbeid også på finansmarkedsområdet forankres i globale organer med bred representasjon. Komiteen viser her til at det tidligere er vedtatt en reform for kvoter og stemmerett i IMF, som et første steg for å sikre utviklingsland og fremvoksende økonomier bedre representasjon i IMF, men at fordelingen fortsatt ikke er tilfredsstillende. Komiteen gir full tilslutning til at Norge fortsetter å være pådriver for økt demokratisering av IMF, gjennom blant annet å arbeide for ytterligere reformer av basisstemmer.
Komiteen merker seg at Finansdepartementet vurderer å flytte den årlige rapporteringa om IMF fra Finansmarknadsmeldinga til revidert nasjonalbudsjett for å kunne reflektere drøftelsene relatert til vårmøtene i IMF. Komiteen er opptatt av å ha tilgang på mest og best mulig oppdatert informasjon til enhver tid, og støtter på denne bakgrunn en slik endring.
Komiteen tar for øvrig redegjørelsen til orientering.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, viser til tidligere uttrykte positive holdning til endringene i kondisjonalitetskravene for lavinntektsland, vedtatt i 2009. Viktigst er det etter flertallets syn at kravene til strukturelle endringer i økonomien i større grad skal avgrenses til forhold som er avgjørende for å oppfylle målet for stabiliseringsprogrammet, og til områder som er innenfor IMFs kjerneområde. Flertallet vil understreke hvor viktig det er at Norge følger opp at IMF ikke skal framsette krav om privatisering og konkurranseutsetting når fondet velger å gi lån til stater. Flertallet vil understreke hvor viktig det er at Norge følger opp at IMF ikke på ideologisk grunnlag skal framsette krav om privatisering og liberalisering når fondet velger å gi lån til stater.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
Meld. St. 21 (2010–2011) – finansmarknadsmeldinga 2010 – vedlegges protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 10. juni 2011
Torgeir Micaelsen |
leder og ordfører |