Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011
Dette dokument
- Innst. 402 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 128 S (2010–2011)
- Dato: 06.06.2011
- Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
- Sidetall: 12
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Forslag fra mindretall
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2011 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2011.
Det vises til forskrift 27. mai 2011 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer og satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2011 fastsett ved Kongeleg resolusjon same dagen.
Grunnbeløpet er auka med 4,73 pst., frå 75 641 kroner til 79 216 kroner frå 1. mai. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 4,73 pst.
Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 4,73 pst. og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 pst. som inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,94 pst. frå 1. mai 2011.
Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 4,73 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 4,21 pst. Satsane er frå 1. mai 2011 sette til 125 338 kroner for låg sats, 145 822 kroner for ordinær sats, 157 639 kroner for høg sats og 236 471 kroner for særskilt sats.
Meirutgiftene for 2011 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 7 230 mill. kroner.
Frå 1. januar 2011 er det innført nye reglar for regulering av pensjonar i folketrygda, jf. folketrygdlova §§ 1-4, 19-14 og 20-18 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden.
Alderspensjon under utbetaling (løpande pensjon) blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulert i samsvar med lønnsauken.
Til grunn for reguleringa ligg venta lønnsauke i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke siste år. Det skal også vurderast om det er særlege forhold som har påverka lønnsutviklinga for einskilde grupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsauken. Talgrunnlaget skal drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før grunnbeløpet og pensjonar blir regulerte.
Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.
Det blir lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,9 pst. i 2011. I trygdeoppgjeret 2010 blei det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,25 pst. Faktisk lønnsauke for 2010 er førebels anslått til 3,75 pst. i rapporten Grunnlaget for inntektsoppgjørene frå Det tekniske berekningsutvalet 5. april 2011. Det er eit avvik på 0,5 prosentpoeng frå 2010.
Når det er eit avvik frå fjoråret, skal det først takast omsyn til avviket og deretter til den venta prosentvise lønnsauken i inneverande år.
Det nye grunnbeløpet med verknad frå 1. mai 2011 skal fastsetjast slik at den prosentvise auka i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2010 til 2011 blir lik den samla årlege lønnsauken. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 4,42 pst. frå 2010 (74 721 kroner) til 2011 (78 024 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2011 er fastsett til 79 216 kroner. Den prosentvise auken i grunnbeløpet frå 75 641 kroner til 79 216 kroner frå 1. mai 2011 er 4,73 pst.
Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med lønnsauka og deretter fråtrekt 0,75 pst. Pensjonen blir først oppregulert med 4,73 pst. og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,94 prosent frå 1. mai 2011.
Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar frå 1. januar 2011 blei fastsett ved forskrift 8. juli 2010 nr. 1083. Desse satsane er auka frå 1. mai 2011 med lønnsauken på 4,73 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering for 67-åringar i reguleringsåret ved å multiplisere med forholdet 1,000/1,005. Dette inneber at satsane er auka med 4,21 pst.
Satsane er frå 1. mai 2011 sette til 125 338 kroner for låg sats, 145 822 kroner for ordinær sats, 157 639 kroner for høg sats og 236 471 kroner for særskilt sats.
Tabellen viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønnstakarar i perioden 2003–2010. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.
2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | Endring 2003–2010 | Endring per år | |
Grunnbeløp | 3,9 | 3,3 | 3,5 | 5,4 | 5,5 | 4,2 | 3,8 | 33,5 | 4,2 |
Minstepensjon for einslege | 3,9 | 3,3 | 3,5 | 5,4 | 11,3 | 7,9 | 5,4 | 48,2 | 5,8 |
Minstepensjon for ektepar/sambuande | 6,1 | 4,9 | 4,0 | 5,4 | 11,9 | 8,2 | 5,5 | 55,8 | 6,5 |
Alderspensjon i gjennomsnitt1 | 5,4 | 4,8 | 4,8 | 6,5 | 7,6 | 6,1 | 5,6 | 48,6 | 5,8 |
Uførepensjon i gjennomsnitt | 3,3 | 3,9 | 3,7 | 5,4 | 6,7 | 4,6 | 4,1 | 36,2 | 4,5 |
Lønnstakarar i alt | 3,5 | 3,3 | 4,1 | 5,4 | 6,3 | 4,5 | 3,75 | 35,2 | 4,4 |
Industriarbeidarar i NHO- området | 3,6 | 3,4 | 3,6 | 5,5 | 5,7 | 3,9 | 3,6 | 32,2 | 4,2 |
Statstilsette | 3,7 | 3,4 | 4,5 | 5,1 | 6,7 | 4,4 | 4,5 | 37,0 | 4,6 |
Kommunetilsette | 3,8 | 3,4 | 3,9 | 4,8 | 6,7 | 4,6 | 3,7 | 35,1 | 4,4 |
1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen
Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2010:4 og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet med mindre det skjer endringar i regelverket.
Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 pst. til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.
For ektepar og sambuarar med minstepensjon var auken sterkare i åra 2003–2006 og 2008–2010 både på grunn av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen for ektepar og sambuande blei trappa opp i åra 2003–2005. Grunnpensjonen auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.
Gjennomsnittleg pensjon har dei siste åra også auka med meir enn grunnbeløpet, og med meir enn auken i særtillegget og i grunnpensjonen for ektepar og sambuarar skulle tilseie. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon.
Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Det går her fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom dei nemnde aukane i åra 2008–2010.
Skattereglane for pensjonistar blei endra frå 1. januar 2011.
Frå 2011 har AFP- og alderspensjonistar rett til eit særleg skattefrådrag som sikrar at pensjonistar med pensjon litt over minstepensjon ikkje betaler skatt av pensjonen. Skattefrådraget erstattar skatteavgrensingsregelen for desse gruppene. I 2011 utgjer skattefrådraget maksimalt 28 150 kroner og blir trappa ned mot høgare pensjonsinntekt enn 158 650 kroner. Frådraget blir trappa ned med ein sats på 15,3 pst. av pensjonsinntekt mellom 158 650 kroner og 242 000 kroner, og med ein sats på 6 pst. av pensjonsinntekt over 242 000 kroner. Frådraget er heilt utfasa ved ei pensjonsinntekt på om lag 498 600 kroner.
Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16 eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, og som ikkje samstundes får arbeidsavklåringspengar frå folketrygda, skal i 2011 ha eit særfrådrag i inntekta på 2 667 kroner per månad (32 000 kroner for heile året). Er arbeidsevna nedsett med mindre enn to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag.
Uførepensjonistar kan skattleggast etter ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at dei med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt.
Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 pst. av den allminnelege inntekta som overstig dei skattefrie grensene. Fordelen vert trappa ned mot all inntekt, og ikkje berre mot pensjonsinntekt. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gir lågast skatt. Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.
Skatteavgrensingsregelen gjeld òg for skattytarar som har overgangsstønad eller etterlatnepensjon.
Når skatten skal reknast ut, blir lønnsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2011 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 26 pst. av inntekta, maksimalt 62 950 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønnsinntekter på 36 pst. av inntekta, maksimalt 75 150 kroner.
Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt o.a. i 2011 er 4,7 pst. Til samanlikning er trygdeavgift på lønnsinntekt 7,8 pst.
Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i regulerings-året. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulert i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon, ytingar til gjenlevande, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.
Under kap. 2670 Alderspensjon er det for 2011 til saman løyvd 128 209 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 3 584 mill. kroner, fordelt med 1 245 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 2 088 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 1 mill. kroner på post 72 Ventetillegg og 250 mill. kroner på post 73 Særtillegg.
Under kap. 2655 Uførheit er det for 2011 til saman løyvd 56 004 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 731 mill. kroner, fordelt med 651 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 1 012 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 66 mill. kroner på post 72 Særtillegg og 2 mill. kroner på post 76 Yrkesskadetrygd.
Under kap. 2680 Ytingar til gjenlevande ektefellar er det for 2011 til saman løyvd 2 407 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 76 mill. kroner, fordelt med 40 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 33 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 3 mill. kroner på post 72 Særtillegg.
Under kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring post 70 Arbeidsavklaringspengar er det for 2011 løyvd 36 750 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 109 mill. kroner.
Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far post 70 Overgangsstønad er det for 2011 løyvd 2 680 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 81 mill. kroner.
Tenestepensjonane i offentleg sektor er bruttoordningar som blir gitt i tillegg til folketrygda. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen blir redusert med eit samordningsfrådrag.
Etter lov om Statens pensjonskasse skal alderspensjon under utbetaling regulerast ved at pensjonsgrunnlaget blir regulert årleg frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Uførepensjon og enkje- og enkjemannspensjon blir regulerte i samsvar med lønnsauken fram til fylte 67 år. Frå fylte 67 år blir pensjonsgrunnlaget regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst.
Under kapitla 611, 612, 615 og 616 er det for 2011 til saman løyvd 9 315,5 mill. kroner. Dei totale meirutgiftene for pensjonane som følgje av reguleringa frå 1. mai 2011 vil utgjere om lag 542,5 mill. kroner.
Under kap. 611 Pensjonar av statskassa blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 0,5 mill. kroner.
Det blir i proposisjonen gjort framlegg om at departementet får fullmakt til å regulere pensjonane på same måten som pensjonar frå Statens pensjonskasse.
Under kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 537 mill. kroner, fordelt med 531,1 mill. kroner på post 1 Driftsutgifter og 5,9 mill. kroner på post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse.
Under kap. 615 Yrkesskadeforsikring og kap. 616 Gruppelivsforsikring blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med respektive 1 mill. kroner under kap 615 og 4 mill. kroner under kap 616.
Under kap. 666 post 70 Tilskott er det for 2011 løyvd 1 650 mill. kroner til statstilskott. Det blir gjort framlegg om å auke statstilskottet med 52 mill. kroner.
Under kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott, er det for 2011 løyvd 395,3 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke tilskottet med 27 mill. kroner.
Under kap. 660 post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2011 løyvd respektive 165 mill. kroner og 405 mill. kroner. For 2011 blir det rekna med meirutgifter på 5 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 12 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 17 mill. kroner for 2011.
Personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda er sikra ei samla inntekt på nivå med minste pensjonsnivå, jf. lov 29. april 2005 nr. 21 om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg. Ytingane frå ordninga blir prøvde mot både inntekt og formue. Stønadsmottakaren må være busett i Noreg.
Under kap. 667 post 70 Tilskott er det for 2011 løyvd 380 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 667 post 70 Tilskott med 10 mill. kroner for 2011.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Vigdis Giltun og Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, Sylvi Graham og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, fra Senterpartiet, Geir Pollestad, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) om lov om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon) og Innst. O. nr. 67 (2008–2009) der flertallet, alle unntatt Fremskrittspartiets medlemmer, støttet regjeringens forslag til ny regulering av grunnbeløpet i folketrygden og løpende pensjoner med blant annet følgende merknad, sitat:
«Flertallet viser videre til at det i proposisjonen er foreslått at Stortingets vedtak om å regulere pensjon under utbetaling med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten, gjennomføres ved at pensjonen reguleres med lønnsveksten og deretter fratrekkes en fast faktor på 0,75 pst, noe som det grundig er gjort rede for i proposisjonen.»
I Prop. 128 S (2010–2011) er dette fulgt opp. Komiteen har merket seg at endringene i lov om folketrygd også medfører at regjeringen, gjennom forskrift, fastsetter den årlige reguleringen av grunnbeløpet (G) og veksten i løpende pensjoner og at Stortinget ikke lenger behandler og vedtar utviklingen av pensjonistenes pensjonsinntekter.
Komiteen viser til de drøftelser som er gjennomført med utvalgte pensjonistorganisasjoner, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund, Unio og Akademikerne om tallgrunnlaget for reguleringen av grunnbeløpet for pensjoner i folketrygden fra 1. mai 2011. Komiteen har merket seg at møtene med organisasjonene den 13., 18. og 20. mai 2011 førte til full enighet om organisasjonenes krav.
Komiteen merker seg at det, i tråd med forskrift 6. mai 2011 nr. 465, er blitt lagt til grunn en lønnsøkning på 3,9 pst. i 2011 og at det i Trygdeoppgjøret 2010 ble lagt til grunn for utviklingen av grunnbeløpet en lønnsøkning 3,25 pst. Faktisk lønnsøkning for 2010 er anslått til 3,75 pst. ifølge rapporten fra Det tekniske beregningsutvalget 5. april 2011. Komiteen registrerer at det innebærer et avvik på 0,5 prosentpoeng.
Det nye grunnbeløpet fra 1. mai 2011 er fastsatt til 79 216 kroner, en økning fra 75 641 kroner som utgjør 4,73 pst. Komiteen viser til at dette innebærer at uførepensjonister og andre som får sine pensjoner og ytelser regulert med endringene i grunnbeløpet, får en tilsvarende økning fra 1. mai d.å. Alderspensjoner under opptjening blir også oppregulert med 4,73 pst. Imidlertid blir løpende alderspensjoner fra folketrygden regulert lavere, med 4,73 pst. fratrukket 0,75 pst., i tråd med flertallets vedtak under behandlingen av Ot.prp. nr. 37 (2008–2009). Komiteen viser til at dette betyr en økning på 3,94 pst. for alderspensjonister fra 1. mai 2011.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at gjennomsnittlig pensjon de siste årene også har økt med mer enn grunnbeløpet, og med mer enn økning i særtillegget og i grunnpensjonen for ektepar og samboere skulle tilsi. Dette kommer av at pensjonistene i økende grad har tjent opp tilleggspensjon. Det går frem av proposisjonen at minstepensjonen har hatt en særlig sterk realvekst. Dette henger sammen med at satsene for særtillegget er trappet opp gjennom årene, senest gjennom de nevnte økningene i årene 2008–2010. Flertallet er fornøyd med denne historiske utviklingen av pensjonene som går frem av tabellene i vedlegget til proposisjonen.
Flertallet viser til at skattereglene for pensjonister ble endret fra 1. januar 2011. Blant annet ble skatteavgrensingsregelen erstattet med et særskilt skattefradrag for AFP- og alderspensjonister, trygdeavgiften for pensjonsinntekt økt og særfradraget for alder avviklet. Flertallet viser til sine merknader om dette i Innst. 3 S (2010–2011) der det går frem at endringene vil gi en brutto skattelette på 2,8 mrd. kroner til om lag 70 pst. av AFP- og alderspensjonistene til de med bruttoinntekt lavere enn 350 000 kroner og en skatteøkning for de med høye pensjoner. Samlet sett gir fremlegget en skattelette for pensjonistgruppen på 1,35 mrd. kroner i 2011. Flertallet viser også til at Finansdepartementet gir overgangsregler som avgrenser skatteskjerpelsen som følge av de nye reglene, for eksisterende pensjonister med svak skatteevne.
Flertallet slutter seg til fremlegget.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at endringer i lov om folketrygd og innføring av forskriftshjemmel har ført til at det ikke lenger er Stortinget som vedtar de årlige reguleringer av grunnbeløp, pensjoner under opptjening og løpende pensjoner.
Disse medlemmer vil imidlertid understreke at det fremdeles er Stortinget som vedtar de budsjett-justeringer som følger av reguleringen av grunnbeløp og ytelser. Disse medlemmer mener dette er en uheldig løsning som kan føre til problemer i en situasjon der en mindretallsregjering ikke har flertall i Stortinget bak seg. Det er, slik disse medlemmer ser det, de som fatter beslutningen som må bevilge den tilsvarende inndekning. Disse medlemmer mener det burde være Stortingets oppgave å vedta den årlige reguleringen av grunnbeløp og pensjoner.
Under behandlingen av Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) om lov om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon) og Innst. O. nr. 67 (2008–2009) vedtok stortingsflertallet, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, å overlate ansvaret for de årlige reguleringer av grunnbeløp og pensjoner til regjeringen. Disse medlemmer peker på at den årlige underregulering av løpende pensjoner i forhold til opptjening av pensjon, uførepensjon og andre ytelser også ble vedtatt mot Fremskrittspartiets stemmer.
Disse medlemmer er fortsatt av den mening at løpende pensjoner må reguleres i takt med lønnsutviklingen for lønnsmottaker, ikke 0,75 pst. lavere. En underregulering på 0,75 pst. vil føre til at pensjonistene hvert år taper kjøpekraft i forhold til lønnsmottakerne. Disse medlemmer viser til at også de nylig innførte endringer i skattesystemet for pensjonister, og en økning av trygdeavgiften fra 3 til 4,7 pst., vil føre til at mange pensjonister får betydelig forringet økonomisk hverdag i forhold til det som kunne forventes da de planla pensjonisttilværelsen. En økning i trygdeavgiften på 1,7 prosentpoeng og, for mange, økt skatt sammen med underregulering av løpende pensjoner, er en alvorlig endring i forutsetningene for dem som allerede er pensjonister og som ikke har mulighet til å foreta vesentlige endringer i sin økonomi for eksempel ved å stå lenger i arbeid.
Disse medlemmerviser til sine merknader i Innst. 3 S (2010–2011) der Fremskrittspartiets medlemmer gikk imot økningen av trygdeavgiften for pensjonister og en annen innretning på omleggingen i skattesystemet for pensjonister, sitat:
«Regjeringen foreslår et nytt skattesystem for pensjonister. Skattebegrensnings-regelen erstattes av et fradrag for pensjonister som gis direkte i betalbar skatt. For at ikke pensjonister med «høy» pensjon skal få hele dette fradraget trappes det ned med 15,3 pst. av pensjonen mellom pensjon på 158 650 kroner og 242 000 kroner og trappes ned med 6 pst. over dette. Fradraget trappes ikke ned mot lønnsinntekt.
Trygdeavgiften foreslås økt fra 3 pst. til 4,7 pst. Særfradrag for alder og uførhet fjernes for pensjonister.
Disse medlemmer vil gå imot økningen i trygdeavgiften. For å sørge for at ingen pensjonister opplever økt skattetrykk foreslår disse medlemmer at det nye pensjonsfradraget trappes ned saktere med en sats på 4 pst. Samtidig foreslår disse medlemmer å redusere formuesskatten. Noe som vil komme mange pensjonister til gode.»
Disse medlemmer har merket seg at den økte skattebyrden for mange pensjonister er begrunnet med en bedring i grunnlaget for dem med lave pensjoner. Disse medlemmer støtter bedring av økonomien for dem med lave ytelser, men aksepterer ikke at andre pensjonister, med opptjente rettigheter, skal pålegges det økonomiske ansvaret for andre pensjonister. En bedring av den økonomiske situasjonen for minstepensjonister og andre med lave ytelser er et ansvar staten må ta på seg, slik disse medlemmer ser det.
Disse medlemmer viser til trygdeoppgjøret for 2008 der enslige minstepensjonister fikk en nødvendig og fornuftig økning i særtillegget slik at minstepensjonen for enslige nådde 2 G, slik Fremskrittspartiet har ønsket i en årrekke. At det bare var de enslige minstepensjonistene som fikk en økning i særtillegget, slik at samlet pensjon utgjør 2 G, mener disse medlemmer er uakseptabelt. Disse medlemmer vil minne om at det også i 2008 var tilleggspensjonistene som måtte dekke økningen i utgiftene gjennom en underregulering av grunnbeløpet som Fremskrittspartiets medlemmer, sammen med blant andre Forsvarets Pensjonistforbund, mente var i strid med retningslinjene for trygdeoppgjøret.
Disse medlemmermerker seg at de av pensjonistenes organisasjoner som har hatt drøftelser med regjeringen i forbindelse med reguleringen av grunnbeløp og pensjoner for 2011, ifølge protokollen fra møtene den 13., 18. og 20. mai 2011, ikke har hatt andre krav enn oppjustering av årsnivået for grunnbeløpet i 2010 med 0,5 pst.
Disse medlemmer er enige i at reguleringen av grunnbeløpet for 2011 er i tråd med lønnsutviklingen, men aksepterer ikke at løpende pensjoner skal ha en dårligere utvikling enn andre ytelser gjennom folketrygden til tross for at det dreier seg om opptjente rettigheter og angrep på en økonomisk hverdag som ikke kan kompenseres. Det faktum at løpende pensjoner gjennom mange tidligere trygdeoppgjør er underregulert, gjør at de endringene som nå er innført, med en kronisk årlig underregulering, vil føre til stadig dårligere kjøpekraft for pensjonistene, slik disse medlemmer ser det.
Disse medlemmer har gjennom mange trygdeoppgjør fremmet forslag om innhenting av etterslep og kompensasjon for underregulering. Imidlertid innser disse medlemmer at omleggingen av alderspensjonen i folketrygden gjør det lite hensiktsmessig med forslag om å opprette tidligere «synder». Disse medlemmer aksepterer imidlertid ikke at løpende pensjoner skal underreguleres med 0,75 pst. i forhold til utviklingen for lønnsmottakere.
Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen foreta de nødvendige endringer i regelverket slik at løpende pensjoner reguleres likt med lønnsutviklingen uten fradrag av 0,75 pst. fra 1. mai 2011.»
Disse medlemmer fremmer videre følgende forslag:
«I
Alderspensjon under utbetaling blir regulert med 4,73 pst. fra 1. mai.
II
Arbeidsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjoner av statskassa på samme måte som for statspensjonister.
III
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgende endringer:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
611 | Pensjonar av statskassa | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 600 000 | |
frå kr 20 900 000 til kr 21 500 000 | |||
612 | Tilskott til Statens pensjonskasse | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 617 100 000 | |
frå kr 8 966 600 000 til kr 9 583 700 000 | |||
70 | For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving, blir auka med | 6 900 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 106 900 000 | |||
615 | Yrkesskadeforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til 73 000 000 | |||
616 | Gruppelivsforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 4 000 000 | |
frå kr 156 000 000 til kr 160 000 000 | |||
660 | Krigspensjon | ||
70 | Tilskott, militære, overslagsløyving, blir auka med | 6 000 000 | |
frå kr 165 000 000 til kr 171 000 000 | |||
71 | Tilskott, sivile, overslagsløyving, blir auka med | 14 000 000 | |
frå kr 405 000 000 til kr 419 000 000 | |||
664 | Pensjonstrygda for sjømenn | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 33 500 000 | |
frå kr 395 270 000 til kr 428 770 000 | |||
666 | Avtalefesta pensjon | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 60 000 000 | |
frå kr 1 650 000 000 til kr 1 710 000 000 | |||
667 | Supplerande stønad til personar over 67 år | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 380 000 000 til kr 392 000 000 | |||
2620 | Stønad til einsleg mor eller far | ||
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving, blir auka med | 81 000 000 | |
frå kr 2 680 000 000 til kr 2 761 000 000 | |||
2651 | Ytingar under arbeidsavklaring | ||
70 | Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving, blir auka med | 1 109 000 000 | |
frå kr 36 750 000 000 til kr 37 859 000 000 | |||
2655 | Uførheit | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 651 000 000 | |
frå kr 20 655 000 000 til kr 21 306 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 1 012 000 000 | |
frå kr 33 190 000 000 til kr 34 202 000 000 | |||
72 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 66 000 000 | |
frå kr 2 087 000 000 til kr 2 153 000 000 | |||
76 | Yrkesskadetrygd, overslagsløyving, blir auka med . | 2 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til kr 74 000 000 | |||
2670 | Alderdom | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 1 475 000 000 | |
frå kr 45 915 000 000 til kr 47 390 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 2 473 000 000 | |
frå kr 76 500 000 000 til kr 78 973 000 000 | |||
72 | Ventetillegg, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 24 000 000 til kr 25 000 000 | |||
73 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 182 000 000 | |
frå kr 5 770 000 000 til kr 5 952 000 000 | |||
2680 | Ytingar til gjenlevande ektefellar | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 40 000 000 | |
frå kr 1 260 000 000 til kr 1 300 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 33 000 000 | |
frå kr 1 040 000 000 til kr 1 073 000 000 | |||
72 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 3 000 000 | |
frå kr 107 000 000 til kr 110 000 000» |
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen foreta de nødvendige endringer i regelverket slik at løpende pensjoner reguleres likt med lønnsutviklingen uten fradrag av 0,75 pst. fra 1. mai 2011.
Forslag 2
I
Alderspensjon under utbetaling blir regulert med 4,73 pst. fra 1. mai.
II
Arbeidsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjoner av statskassa på samme måte som for statspensjonister.
III
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgende endringer:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
611 | Pensjonar av statskassa | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 600 000 | |
frå kr 20 900 000 til kr 21 500 000 | |||
612 | Tilskott til Statens pensjonskasse | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 617 100 000 | |
frå kr 8 966 600 000 til kr 9 583 700 000 | |||
70 | For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving, blir auka med | 6 900 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 106 900 000 | |||
615 | Yrkesskadeforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til 73 000 000 | |||
616 | Gruppelivsforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 4 000 000 | |
frå kr 156 000 000 til kr 160 000 000 | |||
660 | Krigspensjon | ||
70 | Tilskott, militære, overslagsløyving, blir auka med | 6 000 000 | |
frå kr 165 000 000 til kr 171 000 000 | |||
71 | Tilskott, sivile, overslagsløyving, blir auka med | 14 000 000 | |
frå kr 405 000 000 til kr 419 000 000 | |||
664 | Pensjonstrygda for sjømenn | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 33 500 000 | |
frå kr 395 270 000 til kr 428 770 000 | |||
666 | Avtalefesta pensjon | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 60 000 000 | |
frå kr 1 650 000 000 til kr 1 710 000 000 | |||
667 | Supplerande stønad til personar over 67 år | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 380 000 000 til kr 392 000 000 | |||
2620 | Stønad til einsleg mor eller far | ||
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving, blir auka med | 81 000 000 | |
frå kr 2 680 000 000 til kr 2 761 000 000 | |||
2651 | Ytingar under arbeidsavklaring | ||
70 | Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving, blir auka med | 1 109 000 000 | |
frå kr 36 750 000 000 til kr 37 859 000 000 | |||
2655 | Uførheit | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 651 000 000 | |
frå kr 20 655 000 000 til kr 21 306 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 1 012 000 000 | |
frå kr 33 190 000 000 til kr 34 202 000 000 | |||
72 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 66 000 000 | |
frå kr 2 087 000 000 til kr 2 153 000 000 | |||
76 | Yrkesskadetrygd, overslagsløyving, blir auka med . | 2 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til kr 74 000 000 | |||
2670 | Alderdom | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 1 475 000 000 | |
frå kr 45 915 000 000 til kr 47 390 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 2 473 000 000 | |
frå kr 76 500 000 000 til kr 78 973 000 000 | |||
72 | Ventetillegg, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 24 000 000 til kr 25 000 000 | |||
73 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 182 000 000 | |
frå kr 5 770 000 000 til kr 5 952 000 000 | |||
2680 | Ytingar til gjenlevande ektefellar | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 40 000 000 | |
frå kr 1 260 000 000 til kr 1 300 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 33 000 000 | |
frå kr 1 040 000 000 til kr 1 073 000 000 | |||
72 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 3 000 000 | |
frå kr 107 000 000 til kr 110 000 000» |
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I
Arbeidsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar av statskassa på same måten som for statspensjonistar.
II
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
611 | Pensjonar av statskassa | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 500 000 | |
frå kr 20 900 000 til kr 21 400 000 | |||
612 | Tilskott til Statens pensjonskasse | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 531 100 000 | |
frå kr 8 966 600 000 til kr 9 497 700 000 | |||
70 | For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving, blir auka med | 5 900 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 105 900 000 | |||
615 | Yrkesskadeforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til 73 000 000 | |||
616 | Gruppelivsforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med | 4 000 000 | |
frå kr 156 000 000 til kr 160 000 000 | |||
660 | Krigspensjon | ||
70 | Tilskott, militære, overslagsløyving, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 165 000 000 til kr 170 000 000 | |||
71 | Tilskott, sivile, overslagsløyving, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 405 000 000 til kr 417 000 000 | |||
664 | Pensjonstrygda for sjømenn | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 27 000 000 | |
frå kr 395 270 000 til kr 422 270 000 | |||
666 | Avtalefesta pensjon | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 52 000 000 | |
frå kr 1 650 000 000 til kr 1 702 000 000 | |||
667 | Supplerande stønad til personar over 67 år | ||
70 | Tilskott, blir auka med | 10 000 000 | |
frå kr 380 000 000 til kr 390 000 000 | |||
2620 | Stønad til einsleg mor eller far | ||
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving, blir auka med | 81 000 000 | |
frå kr 2 680 000 000 til kr 2 761 000 000 | |||
2651 | Ytingar under arbeidsavklaring | ||
70 | Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving, blir auka med | 1 109 000 000 | |
frå kr 36 750 000 000 til kr 37 859 000 000 | |||
2655 | Uførheit | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 651 000 000 | |
frå kr 20 655 000 000 til kr 21 306 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 1 012 000 000 | |
frå kr 33 190 000 000 til kr 34 202 000 000 | |||
72 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 66 000 000 | |
frå kr 2 087 000 000 til kr 2 153 000 000 | |||
76 | Yrkesskadetrygd, overslagsløyving, blir auka med | 2 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til kr 74 000 000 | |||
2670 | Alderdom | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 1 245 000 000 | |
frå kr 45 915 000 000 til kr 47 160 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 2 088 000 000 | |
frå kr 76 500 000 000 til kr 78 588 000 000 | |||
72 | Ventetillegg, overslagsløyving, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 24 000 000 til kr 25 000 000 | |||
73 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 250 000 000 | |
frå kr 5 770 000 000 til kr 6 020 000 000 | |||
2680 | Ytingar til gjenlevande ektefellar | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med | 40 000 000 | |
frå kr 1 260 000 000 til kr 1 300 000 000 | |||
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med | 33 000 000 | |
frå kr 1 040 000 000 til kr 1 073 000 000 | |||
72 | Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med | 3 000 000 | |
frå kr 107 000 000 til kr 110 000 000 |
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 6. juni 2011
Robert Eriksson |
leder og ordfører |