Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN
Dette dokument
- Innst. 397 S (2010–2011)
- Kildedok: Meld. St. 23 (2010–2011)
- Dato: 01.06.2011
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 10
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Verda står overfor krevjande utfordringar som er knytte til mellom anna fred og tryggleik, utvikling og menneskerettar. Behovet for ein global møteplass er stort. Det deltok over 100 stats- og regjeringssjefar under toppmøtet om tusenårsmåla og opninga av Generalforsamlinga, og dette stadfestar nok ein gong den sentrale plassen FN har som møteplass og arena for diskusjon om dei felles utfordringane våre, FN som normsetjar og FN som aktør.
Ti år etter tusenårserklæringa var det store forventningar til toppmøtet om tusenårsmåla som fann stad 20.–22. september 2010. Dei åtte tusenårsmåla vart vedtekne i 2000 og skal vere oppfylde innan 2015. Frå norsk side var vi opptekne av å markere norske kjernesaker som oppfølging av tusenårsmåla, særleg reduksjon av barne- og mødredødstala, likestilling og kvinnerettar, samanhengen mellom miljø, klima og utvikling, menneskerettsperspektivet, kampen mot væpna vald og rettferdig fordeling av ansvar for oppnåing av tusenårsmåla. Sjølv om erklæringa frå møtet kom i hamn etter lange og til dels vanskelege forhandlingar, var det endelege resultatet ei stadfesting av den politiske viljen i medlemslanda til å gjennomføre måla. Medan generaldebatten under toppmøtet var konstruktiv og målretta, fekk debatten i Generalforsamlinga eit meir retorisk og polarisert preg. Det mest utprega eksempelet på dette var innlegget til Irans president som mellom anna antyda at angrepet på Twin Towers var regissert av amerikanarane sjølve. I det norske hovudinnlegget vart det då òg beklaga at FNs generalforsamling vart brukt som arena for ekstreme ytringar.
På same måten som tidlegare år kan ein spore ei polarisering mellom landa i nord og sør om enkelte politisk følsame spørsmål som menneskerettar, ny økonomisk verdsorden, internasjonal handel, fiskeri og havrettsspørsmål. Denne polariseringa kjem som følgje av at enkelte aktive og pågåande land i G77 (samordningsmekanismen til utviklingslanda på det sosiale og økonomiske området) og den alliansefrie rørsla (NAM) i stor grad avgjer kva posisjonar desse gruppene skal ha. Dette gjer det vanskelegare å nå kompromissløysingar og gjev meir moderate utvik-lingsland mindre handlingsrom.
Det høyrer vidare med til biletet at den omfattande samordninga i EU òg tidvis fører til ei sementering av posisjonane landa har. For Noreg har det difor vore ei oppgåve å arbeide nært med likesinna land på tvers av regionale grupper med sikte på å nå fram til samlande løysingar. Eit eksempel på dette er initiativet frå utanriksministeren innanfor global helse og utanrikspolitikk. Noreg har òg i andre samanhengar, m.a. på nedrustingsområdet, søkt å arbeide på tvers av etablerte regionar. Som tidlegare har Noreg vidareført samarbeidet med nærståande land, som dei nordiske landa, EU-kretsen og vestlege land utanfor EU. Det har vore positivt å registrere at USA i fleire samanhengar har vore ein god medspelar.
Det vil openbert vere behov for å arbeide på tvers i budsjettdiskusjonen neste år om finansieringa av FN-verksemda. Årets sesjon var eit mellomår i spørsmålet om vedtaking av det toårige regulære FN-budsjettet. Mykje av arbeidet i haust vart vigd til reform av personalpolitikken, som i seg sjølv var vanskeleg nok. Neste sesjon vil måtte vedta eit nytt budsjett for FN, og fleire land har signalisert tydeleg at dei ikkje vil akseptere nokon auke. Det er såleis stor fare for auka polarisering mellom dei vestlege landa som ønskjer effektivisering og nedskjeringar, og G77-landa som er tilhengarar av større budsjett. Dei fryktar at reformer og meir effektive arbeidsmetodar vil kunne brukast som påskot for nedskjeringar. Denne polariseringa fører til at alle forslag om effektivisering vert sedde på med mistru.
Noreg har ei krevjande oppgåve med å understreke at det trengst reformer, samtidig som FN må få nok ressursar til å utføre oppgåvene sine. I den samanhengen har Noreg vore ein pådrivar for at det skal sikrast ei betre og meir påliteleg finansiering av aktivitetane til FN innanfor konfliktløysing, fredsbygging og humanitær verksemd. Utfordringa er å overtyde land som går inn for nullvekst, om at FN må få nødvendige ressursar til kjerneoppgåver som organisasjonen utfører som global fredsbevarar, samtidig som det er opplagt at ei rekkje G77-land snarare vil prioritere at knappe ressursar vert brukte på utvik-lingsområdet.
Det er viktig at finansieringsspørsmålet ikkje fører til at arbeidet med FN-reform vert skadelidande. Det er enda meir nødvendig at FN styrkjer samordninga av bistandsverksemda på landnivå og når fram til dei som treng hjelp, så effektivt som råd er. Men det vert òg stadig klarare at måten gjevarland finansierer fond og program på, bidreg til eit fragmentert FN som har problem med å planleggje og koordinere innsatsen. Det rår i dag ein viss reformtrøyttleik blant medlemslanda. Dette ser ein òg i spørsmålet om å gjere FNs tryggingsråd meir representativt og ope.
Eit høgdepunkt under årets sesjon av FNs generalforsamling var opprettinga av UN Women, for å styrkje ein koordinert innsats innanfor likestilling og fremjing av kvinnerettar. Dette var ei av dei viktigaste tilrådingane frå høgnivåpanelet for FN-reform som vart leidd av statsminister Stoltenberg og dei dåverande statsministrane i Mosambik og Pakistan. Nettopp likestillingspolitikken kom sterkt i framgrunnen under denne sesjonen av Generalforsamlinga og ikkje minst i FNs tryggingsråd, der tiårsjubileet for tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik vart markert. Generalsekretær Ban Ki-moon har òg synt eit stort engasjement i å rekruttere kvinner til leiande stillingar i FN-sekretariatet. Noreg hadde stort utbytte av det nære samarbeidet med Ban Ki-moon for å fremje den globale strategien for helsa til kvinner og barn.
Eit viktig høgdepunkt i haust var at det lukkast å få omgjort eit svært uheldig vedtak i 3. komité som klart ville ha svekt rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Eit sterkt innlegg frå generalsekretæren til forsvar for rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar på den internasjonale menneskerettsdagen 10. desember bidrog nok til at ein i plenum fekk omgjort vedtaket.
Arbeidet i generalsekretærens rådgjevingsgruppe for klimafinansiering som vert leidd av statsminister Jens Stoltenberg og Meles Zenawi har vore eit av dei viktigaste initiativa i FN på klimaområdet denne hausten. Rapporten vart godt motteken, men det har så langt ikkje kome noka konkretisering av økonomiske forpliktingar knytte til klimafinansiering. Miljø og berekraftig utvikling har stått i fokus gjennom høgnivåmøtet om biologisk mangfald og dei første førebuingane til konferansen om berekraftig utvikling i Rio i 2012.
Debatten om kva rolle FN skal spele i den internasjonale økonomiske arkitekturen, var mindre intens ettersom finanskrisa som hadde stått sentralt i 2009 og inn i 2010, ikkje fekk så sterke verknader for utviklingslanda som lenge frykta. Ei arbeidsgruppe om finanskrisa og FN som vart leidd av Noregs FN-ambassadør Morten Wetland og kollegaen hans frå Zambia, har òg bidrege til ein meir pragmatisk debatt. Innsatsen frå Sør-Korea for å gjere formannskapsperioden sin i G20 meir inkluderande bidrog òg til å dempe kampånda frå utviklingslanda si side, saman med ei generelt ganske god økonomisk utvikling og lågare matvareprisar i store delar av 2010.
Presidenten for Generalforsamlinga, sveitsaren Joseph Deiss, gjorde rolla FN speler i globalt styresett, til eit hovudtema for arbeidet sitt då han tiltredde. Det har funne stad fleire debattmøte i Generalforsamlinga. Initiativet har likevel ikkje bidrege til å auke aktiviteten til medlemslanda i nemneverdig grad, og det har ikkje kome konkrete endringsforslag for å gjere FN meir effektiv og relevant på det økonomiske området.
I Generalforsamlinga i FN kan norske prioriteringar og norsk FN-politikk fremjast og synleggjerast gjennom deltaking på høgnivåmøta, på regulære møte i plenum og komiteane, i og gjennom dei bilaterale møta som finn stad i margen av særleg dei store høgnivåmøta.
Toppmøtet om tusenårsmåla hadde som føremål å vurdere framgangen sidan måla vart vedtekne av FN i 2000, og å treffe tiltak for å akselerere framgangen fram mot fristen i 2015. Møtet stadfesta rolla FN speler som arena for fastsetjing av globale utviklingspolitiske mål og etablering av felles forståing for kvar verda står i kampen mot fattigdom. Høgnivåmøtet munna ut i ei slutterklæring som alle medlemslanda i FN slutta seg til. Noreg fekk mellom anna gjennomslag for at arbeidet med reduksjon av barnedødstal og med mødrehelse må prioriterast.
Under Generalforsamlinga stadfesta Noreg posisjonen som ein sentral aktør innanfor helse. FNs generalsekretær lanserte ein handlingsplan for helsa til kvinner og barn under høgnivåmøtet, der Noreg hadde stått sentralt i utviklinga. Så langt har planen mobilisert rundt USD 40 milliardar, i tillegg til politiske forpliktingar frå leiarar frå utviklingsland om korleis dei vil jobbe framover for å nå tusenårsmåla. Initiativet frå utanriksministeren innanfor global helse og utanrikspolitikk vart ytterlegare styrkt gjennom eit eige utanriksministermøte i sjulandsgruppa (Noreg, Brasil, Thailand, Frankrike, Indonesia, Senegal og Sør-Afrika) der ministrane vedtok ei erklæring som fastset prioriteringar for samarbeidet vidare. Brasil leidde forhandlingane om resolusjonen om utanrikspolitikk og global helse på vegner av sju-landsgruppa. Resolusjonen fekk stor oppslutning og vart vedteken av Generalforsamlinga.
Noreg understreka at finansieringa av tusenårsmåla må styrkjast gjennom nye og andre finansieringsmåtar, mellom anna ei finanstransaksjonsavgift til inntekt for utvikling. Saman med Frankrike, Spania, Belgia, Japan og Brasil underteikna miljø- og utviklingsministeren på vegner av regjeringa ei erklæring til støtte for ei finanstransaksjonsavgift til inntekt for utvikling. Noreg leidde vidare arbeidet med resolusjonen om innovativ finansiering.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre leidde det årlege Trygve Lie-symposiet under opninga av den 65. generalforsamlinga. Symposiet var i år vigd til dei norskleidde forhandlingane om menneskerettar og næringsliv i FN. Harvard-professor John Ruggie leier på vegner av FNs generalsekretær arbeidet med å utvikle retningslinjer for ansvaret næringslivet har for å respektere menneskerettane. Sør-Afrika, Russland og Argentina deltok på politisk nivå. Saman med Nigerias FN-ambassadør bidrog dei med tverregional og sterk støtte til arbeidet professor Ruggie gjer. Retningslinjene skal leggjast fram for FNs menneskerettsråd i juni 2011.
2010 var det internasjonale året for biologisk mangfald, og det vart gjort store framsteg i løpet av året. FNs generalforsamling organiserte ein høgnivådebatt der naturmangfald var temaet. Miljø- og utvik-lingsminister Solheim var ein av paneldeltakarane. Det tiande statspartmøtet for FN-konvensjonen om biologisk mangfald møttest i Nagoya i Japan. Etter seks år med intense forhandlingar FN med å oppnå ein viktig avtale på naturmangfaldområdet. Generalforsamlinga vedtok i fjor haust ein resolusjon som legg grunnlaget for etablering av naturmangfaldspanelet som ein håpar kan verte like profilert som FNs klimapanel.
Statsminister Jens Stoltenberg og Etiopias statsminister Meles Zenawi la, som leiarar av rådgjevingsgruppa til generalsekretæren for klimafinansiering, i oktober fram ein rapport om korleis industrilanda skal kunne innfri forpliktingane frå København-toppmøtet om 100 milliardar dollar årleg til klimatiltak i utviklingsland. Rapporten legg til grunn at den ambisiøse målsetjinga kan realiserast gjennom ei blanding av offentlege og private finansieringskjelder og ein pris på mellom 20 og 25 dollar per tonn utslepp av karbondioksid. Det følgjer av dette at inntektene til klimatiltak vil auke i takt med utsleppsprisen, samtidig som alternative energikjelder vert meir attraktive. Cancun-toppmøtet i desember merkte seg denne rapporten.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og Indonesias miljøminister presenterte i samband med opninga av Generalforsamlinga klima- og skogpartnarskapen mellom dei to landa, med det føremålet å trekkje fleire gjevarland til samarbeidet i forkant av toppmøtet i Cancun. Til stades var mellom andre utanriksminister Kevin Rudd frå Australia, USAs klimautsending Todd Stern og investor og filantrop George Soros, i tillegg til representantar frå sentrale FN-organisasjonar som UNEP, UNDP, Verdsbanken, FAO og UNESCO og høgare embetsmenn frå Tyskland, Danmark, Sverige, Japan og Storbritannia.
To viktige saker for Noreg under resolusjonsforhandlingane om havretts- og fiskerispørsmål var kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og behovet for gode regionale verkemiddel for vern av det marine miljøet på det opne havet. Men forhandlingsklimaet i FN er no lite gunstig for å styrkje samarbeidet om desse spørsmåla.
Utanriksministeren deltok i eit finsk-tyrkisk initiativ om å tydeliggjere nytta av fredsmekling som verkemiddel for konfliktførebygging, konfliktløysing og fredsbygging. Initiativet har som siktemål å få vedteke ein resolusjon om fredsmekling på vårsesjonen av FNs generalforsamling og vidareføre dialogen blant medlemslanda i FN om korleis ein best kan støtte opp om fredsmeklarar. Noreg var invitert til å delta i gruppa som skulle utforme resolusjonsutkastet på grunn av det omfattande engasjementet vi har for konfliktløysing og fredsbygging. Noreg har i konsultasjonane om resolusjonen lagt stor vekt på å styrkje rolla FN speler på dette området, og vore ein pådrivar for at kvinner i langt større grad vert trekte inn i fredsprosessar.
Etter vedtaket i juni 2010 vart den nyaste FN-organisasjonen – United Nations Entity for Gender Equality and the Empowerment of Women eller UN Women – formelt etablert 1. januar 2011. Noreg bidrog aktivt til å framforhandle samansetjinga av styret og var vitne til utnemninga av Chiles tidlegare president, Michelle Bachelet, som den første leiaren av UN Women. I eigenskap av å vere UN Womens nest største finansielle bidragsytar, i tillegg til at vi har omfattande erfaring på likestillingsfeltet, vart Noreg vald inn i styret for den første treårsperioden. Etableringa av UN Women er eit historisk gjennombrot for likestilling og kvinnerettar. Utfordringa no vert å sikre organisasjonen ei tydeleg retning, økonomiske ressursar og politisk handlingsrom.
Tiårsjubileet for tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik vart markert med open debatt på ministernivå i slutten av oktober. Forsvarsminister Grete Faremo representerte Noreg. Ho markerte den leiande rolla vi har på dette prioriterte feltet, både gjennom å leggje fram ei rekkje nasjonale tiltak og som ein synleg støttespelar for FN. Mellom anna bidrog Noreg til å sikre ei klar rolle for UN Women i arbeidet med å styrkje gjennomføringa av resolusjonen.
Generalsekretæren tok initiativ til å halde eit høgnivåmøte om Sudan der m.a. president Obama deltok. Møtet munna ut i ei erklæring som understreka at det er nødvendig at fredsavtalen av 2005 vert gjennomført, mellom anna ved at folkeavstemmingane om den framtidige statusen til Sør-Sudan vert haldne innanfor dei gjevne tidsfristane. Noreg spelte ei aktiv rolle i framforhandlinga av erklæringa. I ettertid kan det sjå ut som den auka internasjonale merksemda om Sudan bidrog til at folkeavstemminga i Sør-Sudan vart halden utan alvorlege hendingar. Utfordringa vert å sikre ein varig fred mellom nord og sør og sikre framgang i Darfur, der utviklinga ikkje har vore oppløftande. Sudan har vore ei av dei sentrale sakene på dagsordenen til Tryggingsrådet i 2010.
Generalsekretæren arrangerte òg eit minitoppmøte om Somalia for å støtte opp om fredsprosessen i landet, som er i ein kritisk fase. Eit av føremåla med møtet var å leggje press på overgangsstyresmaktene i Mogadishu. Det ser ut til at initiativet frå generalsekretæren har hatt ein gunstig verknad. Nokre månader seinare fekk overgangsstyresmaktene samla seg til å utnemne ei ny og meir handlekraftig regjering. Tryggingsrådets engasjement overfor Somalia har dels vore retta mot fredsprosessen og dels mot kampen mot sjørøveri utanfor Somalia. Tryggingsrådet vedtok i desember å styrkje fredsoperasjonen Den afrikanske unionen (AU) har i Somalia, med 4 000 soldatar. Noreg leier vennegruppa for Somalia i New York.
Som følgje av den vellukka tilsynskonferansen for avtalen om ikkjespreiing av atomvåpen (NPT) i mai 2010 tok generalsekretæren initiativ til eit høgnivåmøte for å sikre framgang i dei multilaterale forhandlingane om kjernefysisk nedrusting. Sentrale forhandlingsfora som Nedrustingskonferansen i Genève (CD) har vore handlingslamma i nærare 15 år. Det er lite som tyder på at partane i CD vil verte samde om eit arbeidsprogram som gjer at det kan setjast i gang forhandlingar om m.a. oppfølgingspunkt i handlingsprogrammet som vart vedteke på tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen. Nesten alle land, inkludert Noreg, slutta opp om initiativet frå generalsekretær Ban Ki-moon for ei verd fri for kjernevåpen. Noreg var òg med på å leggje fram ein resolusjon om dette spørsmålet i FNs generalforsamling, og spørsmålet vil kome opp på nytt under sesjonen neste år.
Noreg var aktivt engasjert i Midtausten-spørsmål under høgnivåveka, særleg i kraft av formannskapen i gjevarlandsgruppa AHLC (Ad Hoc Liaison Committee) og gjennom ei rekkje bilaterale samtalar for utanriksministeren. Møtet i gjevarlandsgruppa vart halde 21. september i New York og leidd av utanriksminister Støre. Det fann stad i forkant av møtet mellom Midtausten-kvartetten og den arabiske kontaktgruppa, der utanriksminister Støre deltok i kraft av rolla som leiar for gjevarlandsgruppa.
AHLC-møtet stadfesta støtta til det palestinske regjeringsprogrammet om å etablere ein palestinsk stat i løpet av september 2011 og merkte seg ytterlegare framgang i arbeidet med å byggje ein palestinsk stat. Møtet stadfesta òg at statsbyggingssporet er avhengig av framdrift i det politiske forhandlingssporet, sidan ei utviding av det palestinske økonomiske handlingsrommet først og fremst er eit politisk spørsmål som må løysast gjennom forhandlingar. Statsbyggingsprosjektet og fredsforhandlingane utfyller kvarandre og finn stad til same tid. Det var brei semje om at det er nødvendig å vidareføre bistanden til dei palestinske styresmaktene i denne kritiske fasen.
Djup usemje om vern av religionar og godkjenning av seksuell orientering som diskrimineringsgrunnlag kjenneteikna haustens 3. komité. På nytt stadfesta skiljet mellom vestlege og i aukande grad latinamerikanske land på den eine sida og muslimske og afrikanske land på den andre sida trendar frå tidlegare sesjonar i Generalforsamlinga og Menneskerettsrådet.
I lys av dette er det verd å merkje seg at Ban Ki-moon som første generalsekretær heldt eit sterkt innlegg til forsvar for rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar på den internasjonale menneskerettsdagen 10. desember. I talen annonserte Ban at FN skal engasjere seg sterkare for avkriminalisering av homofili på verdsbasis. Noreg var blant initiativtakarane til arrangementet.
Noreg var òg sentrale i utarbeidinga av resolusjonen mot bruk av dødsstraff. Initiativet, som er blant dei mest kontroversielle i FN, fekk fleire ja-stemmer og langt færre nei-stemmer enn då spørsmålet sist vart behandla for to år sidan (2010: 107 ja – 38 nei – 36 avståande, mot 2008: 105 – 48 – 31). Resultatet er eit viktig politisk signal om at trenden i retning av global avskaffing av dødsstraff held fram.
Eit større tal kontroversielle resolusjonar om religions- og trusspørsmål vart vedtekne av Generalforsamlinga. Muslimske land har i mange år kravd at religionar skal vernast mot nedsetjande omtale, medan vestlege land peiker på at det berre er enkeltpersonar som nyt godt av religionsfridom og vern mot hatefulle ytringar. Fleire av resolusjonane er problematiske både på grunn av potensiell utvatning av religionsfridomsomgrepet og på grunn av plassen religionar og trussamfunn har i FN.
Det var òg djup usemje om fokus på rettane til narkomane. Noreg var sentral i siste fase i arbeidet med eit kompromiss på dette feltet.
Årets sesjon i 1. komité vart i stor grad prega av debatten om det mellomstatlege forhandlingsapparatet og spesielt utsiktene til å få i gang multilaterale forhandlingar om kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing i lys av m.a. det nye handlingsprogrammet som vart vedteke på NPTs tilsynskonferanse i mai 2010. Noreg tilhøyrte ein krets land som støtta opp om initiativet frå generalsekretær Ban Ki-moon for å få Nedrustingskonferansen (CD) ut av den fastlåste situasjonen som har gjort det umogeleg å få i gang forhandlingar på nærare 15 år, gjennom ein eigen resolusjon. USA og Russland fekk vedteke ein resolusjon om START-avtalen utan votering, men etter vanskelege forhandlingar med landa i den alliansefrie rørsla.
Noreg var medforslagsstillar for to sentrale resolusjonar om vegen til ei kjernevåpenfri verd, som var lagde fram av høvesvis Ny agenda-koalisjonen (Sverige, New Zealand, Irland, Mexico, Brasil, Sør-Afrika) og Japan. Noreg var med på å utforme ein resolusjon om likestilling og nedrusting, som til slutt vart vedteken med konsensus. Noreg hadde ansvaret for å leggje fram resolusjonen om minekonvensjonen, og denne resolusjonen fekk brei oppslutning. Det vart i år gjeve stor merksemd til den generelle handvåpenresolusjonen på grunn av usemje om denne resolusjonen skulle uttrykkje ønske om å styrkje FNs handlingsprogram for kamp mot ulovleg omsetning av handvåpen. Noreg stemte for ein resolusjon som tek opp spørsmålet om mogelege skadeverknader ved utarma uran.
Arbeidet i 2. komité slit med å finne ei meir effektiv form. I år var det heile 40 resolusjonar som vart behandla. Det er ein aukande trend at det vert fleire avstemmingar, noko som ikkje har vore vanleg i 2. komité. Nokre land vil ikkje ta inn over seg dei store endringane i dei økonomiske og geopolitiske forholda i verda. Innanfor ramma av G77 vert det framleis lansert resolusjonar som har vore gjengangarar sidan 80-talet, og som i liten grad speglar situasjonen i ein globalisert verdsøkonomi. Toneangjevande land i G77 ser seg tydelegvis ikkje tente med å endre dynamikken i dei mellomstatlege forhandlingane på det økonomiske og sosiale området. Dette bidreg til å svekkje verdien av arbeidet FN gjer med økonomiske spørsmål. Komiteen behandla òg viktige resolusjonar, og på område som ulovleg kapitalflukt, innovativ finansiering, FNs arbeid med kriseførebygging og etableringa av naturmangfaldspanelet var Noreg med på å utforme store framsteg.
Djup usemje om vern av religionar og godkjenning av seksuell legning som diskrimineringsgrunnlag kjenneteikna 3. komité denne hausten. Skiljet mellom vestlege og i aukande grad latinamerikanske land på den eine sida og muslimske og afrikanske land på den andre sida stadfesta trenden frå tidlegare sesjonar i Generalforsamlinga og Menneskerettsrådet. Dødsstraffresolusjonen som var Noregs hovudprioritering under sesjonen, var òg splittande, men ikkje langs regionale linjer. Noreg inngjekk i den koordinerande gruppa av land frå alle regionar som fekk stadfesta – med høgare stemmetal – den globale trenden i retning av avskaffing av dødsstraff. Noreg spelte sameleis ei viktig rolle i å sikre at urfolksrepresentantar fekk ta del i førebuingane til verdskonferansen om rettane til urfolk som skal finne stad i 2014. Komiteen vedtok òg resolusjonar om menneskerettssituasjonen i Iran, Burma og Nord-Korea, alle med auka oppslutning.
Som i tidlegare år vart debatten i 4. komité dominert av Midtausten-spørsmålet og FNs fredsbevarande operasjonar. Etter ein periode med vedvarande vekst i talet på personell ser det no ut til operasjonane er inne i ein konsolideringsfase med rundt 120 000 personar i 14 operasjonar. Noreg fokuserte på same måte som mange andre land på vern av sivile som ei hovudutfordring, mellom anna ved å motverke seksuell vald mot kvinner. Det var generell oppslutning om den pågåande reformprosessen, der målsetjinga er å styrkje evna til å gjennomføre stadig meir komplekse operasjonsmandat i til dels svært krevjande omgjevnader. Realitetsbehandlinga av dei ni Midtausten-resolusjonane i komiteen skilte seg i liten grad frå tidlegare år. Alle resolusjonane vart vedtekne med solid ja-margin unnateke Spesialkomitéresolusjonen der over ein tredel av medlemslanda i FN avstod, mellom dei Noreg. Hovudmønsteret frå tidlegare års realitetsbehandling ligg difor fast, der Israel som einaste land stemte imot alle resolusjonane fordi dei meiner resolusjonane er einsidige og partiske. Den årlege debatten om FNs organisasjon til støtte for palestinske flyktningar stadfesta at det er behov for å styrkje UNRWA økonomisk, og at dette er eit kollektivt ansvar for både gjevarane og FN. Det er framleis skeiv byrdefordeling blant gjevarane, der dei største bidraga kjem frå ei mindre gruppe vestlege land.
Spørsmålet om avkolonisering av dei 16 resterande ikkje-suverene territoria står framleis på dagsordenen, men ber preg av liten framgang. Av desse territoria fekk Vest-Sahara størst merksemd.
Arbeidet i 5. komité vart prega av finanskrisetider og til dels polarisert forhandlingsklima. Dette var eit «mellomår» i forhandlingane om FNs toårige budsjett. Fokuset vart difor retta mot spesifikke programområde og FN-reform. Komiteen vart samd i to omfattande resolusjonar som vidarefører arbeidet med personalreform. Mellom anna skal kontrakts- og rekrutteringssystemet fornyast, og FN skal få harmoniserte feltvilkår for tilsette i heile organisasjonen. Budsjett og stillingsheimlar for høvesvis UN Women og den nye spesialrepresentanten for seksuell vald i konflikt vart vedtekne, i tillegg til finansiering av ei rekkje fredsbevarande og politiske oppdrag, m.a. for Sudan, Afghanistan og Haiti. Komiteen behandla òg spørsmålet om ettersyn av korleis FN bruker midlane sine. Generelt i komiteen la Noreg vekt på at det ikkje er nokon motsetning mellom å vurdere kritisk dei budsjettforslaga som FN-sekretariatet legg fram, og samtidig sikre at FN får tilstrekkelege ressursar til å oppfylle dei mandata som medlemslanda har gjeve. Vidare la Noreg vekt på kor viktig det er å sikre ein reformprosess som er grundig forankra i operative omsyn, slik at ein i størst mogeleg grad unngår utilsikta konsekvensar som kan føre til at FN i felt mistar evna til å rekruttere dei beste til teneste.
Alle resolusjonane vart, som tidlegare, vedtekne med konsensus. Dette speglar likevel til ein viss grad at komiteen heller ikkje i år sette følsame spørsmål på spissen. Dermed bar arbeidet i komiteen preg av å vere vidareføringar av tidlegare vedtak. Eit unntak gjeld for dagsordenspunktet om universaljurisdiksjon, dvs. om ein stat skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som er utførte i utlandet. Dette temaet har kontroversielle element fordi enkelte afrikanske land meiner at universaljurisdiksjon kan brukast som eit politisk verkemiddel mot styresmaktene i afrikanske land. Komiteen vart samd om å opprette ei arbeidsgruppe for å vurdere spørsmål relaterte til universaljurisdiksjon under neste generalforsamling.
Den 64. generalforsamlinga vart formelt avslutta 14. september 2010, og den 65. generalforsamlinga vart opna same dagen. Generaldebatten starta 23. september og vart avslutta 29. september.
Noregs delegasjon under FNs 65. generalforsamling:
Statsminister Jens Stoltenberg, leiar
Utanriksminister Jonas Gahr Støre, nestleiar
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, nestleiar
Ambassadør Morten Wetland
Ambassadør Tine Mørch Smith
Stortingsrepresentantar:
1. del av sesjonen:
Trygve Magnus Slagsvold Vedum
Linda Cathrine Hofstad Helleland
Tove Karoline Knutsen
Jørund Rytman
Per Arne Olsen
Gina Knutson Barstad
2. del av sesjonen:
Helga Pedersen
Arild Stokkan-Grande
Irene Johansen
Morten Høglund
Ingjerd Schou
Kjell Ingolf Ropstad
Observatørar:
FN-sambandet
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)
NGO-forum ved Helsingforskomiteen
Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS)
Landsorganisasjonen (LO)
Mellomkyrkjeleg råd – Den norske kyrkja
Norges Handelsorganisasjon (NHO)
Norges fredsråd
Den 65. generalforsamlinga valde Joseph Deiss, tidlegare regjeringsmedlem over fleire periodar i Sveits, til president.
12. oktober 2010 valde Generalforsamlinga fem nye medlemer til Tryggingsrådet for perioden 2011–2012. Colombia, Tyskland, India, Portugal og Sør-Afrika vart valde. Austerrike, Japan, Mexico, Tyrkia og Uganda overlet sine sete i Tryggingsrådet til dei nye medlemene ved årsskiftet.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Willy Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, mener at Norges utenrikspolitiske interesser er tjent med et effektivt FN som en drivkraft for å finne felles løsninger på felles utfordringer som verdenssamfunnet står overfor.
Komiteen mener imidlertid at FN, til tross for et omfattende og langsiktig fokus på reformarbeid, synes å ha utfordringer i å etablere et effektivt byråkrati. Komiteen støtter regjeringens engasjement i arbeidet for å effektivisere FN.
Komiteen viser til at toppmøtet om tusenårsmålene fant sted 20.–22. september 2010, og at man fra norsk side var opptatt av å markere norske kjernesaker som reduksjon av barne- og mødredødelighet, likestilling og kvinners rettigheter, sammenhengen mellom miljø, klima og utvikling, menneskerettighetsperspektivet, kampen mot væpnet vold og rettferdig fordeling av ansvar for oppnåelse av tusenårsmålene.
Komiteen vil understreke behovet for at medlemslandene foretar en klar prioritering av hvilke områder og tiltak som skal settes øverst på dagsordenen.
Finansieringen av FN er et tilbakevendende spørsmål. Komiteen registrerer at flere land har signalisert at de ikke vil akseptere noen økning av budsjettet. Dette pålegger medlemslandene et felles ansvar for å sikre at viktige oppgaver ikke blir skadelidende, og komiteen forutsetter at Norge fører an i dette arbeidet.
Komiteen viser til at FNs nyeste organisasjon, UN Women, ble etablert 1. januar 2011, og at dette skjedde samtidig som fire andre kvinneorganisasjoner i FN-systemet ble avviklet. Norge er den nest største finansielle bidragsyter til UN Women, noe som etter komiteens mening gir store muligheter for Norge til å være en pådriver i arbeidet for resultatmåling og kostnadseffektivitet i organisasjonen.
Komiteen viser videre til markeringen av tiårsjubileet for sikkerhetsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og sikkerhet, i oktober 2010, hvor Norge bidro aktivt for å sikre UN Women en klar rolle i arbeidet for å styrke gjennomføringen av resolusjonen.
Komiteen har merket seg at viktige temaer som kampen mot fattigdom, helse, biologisk mangfold, klima og fredsmegling var på agendaen under FNs 65. generalforsamling. FN har en viktig rolle å spille som arena for å fastsette globale utviklingsmål og for å etablere en felles forståelse for hvor verden står i kampen mot fattigdom. Lanseringen av en handlingsplan for kvinnehelse og sikring av barn er et viktig skritt i riktig retning, likeledes innsatsen på klima- og naturmangfoldsområdet.
Komiteen viser også til at Norge har lagt vekt på å styrke FNs rolle som fredsmegler og i større grad trekke inn kvinner i disse prosessene.
Også i 2010 har utviklingen i konfliktområder preget arbeidet i FN. Komiteen har merket seg at Sudan har vært et sentralt tema på Sikkerhetsrådets dagsorden, likeledes Somalia og Midtøsten. Videre er spørsmålet om avkolonisering av de 16 resterende ikke-suverene territoriene fortsatt ikke løst.
Komiteen registrerer at FN i 2010 var involvert i 14 fredsbevarende operasjoner og hadde ca. 200 000 personer til rådighet i løpet av året. Komiteen slutter seg til regjeringens vurdering av viktigheten av å videreføre arbeidet for å styrke samordningen av FNs innsats i felten. Det må være samsvar mellom finansiering og oppgaver, og vern av sivile må være hovedanliggende for innsatsen.
Komiteen er tilfreds med at regjeringen engasjerer seg i arbeidet for nedrustning og viser til at nesten alle landene i FN støttet opp om generalsekretærens initiativ for en kjernevåpenfri verden.
Komiteen har videre merket seg at arbeidet i 3. komité i stor grad har vært preget av uenighet når det gjelder vern av religioner og hvorvidt seksuell orientering skal anses som diskrimineringsgrunnlag.
Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, er kjent med at det svenske utenriksdepartementet i 2008 gikk gjennom Sveriges støtte til 23 multilaterale organisasjoner. Ifølge departementet var hensikten med gjennomgangen å forsikre seg om at tilskuddene brukes effektivt og at midlene går til de organisasjonene som i størst grad bidrar til utvikling. Gjennomgangen identifiserte syv FN-organisasjoner, herunder FAO, GEF, UNIFEM, UN Habitat, UNAIDS, UNODC og ILO, som enten kunne karakteriseres som hierarkiske, lite effektive eller som hadde et misforhold mellom bevilgede midler og oppnådde resultater.
Flertallet har merket seg en tilsvarende evaluering utført av britiske Department for International Development, DFID, utført i mars 2011 hvor UN-Habitat, ILO, UNIDO og UNISDR havnet i gruppen av multilaterale organisasjoner som hadde dårligst kostnadseffektivitet og resultater. Flertallet har med interesse merket seg at DFID på denne bakgrunn har besluttet å avslutte kjernebidragene til samtlige av disse organisasjonene. DFID skriver følgende i sin evaluering av organisasjonen av ILO: «the ILO does not have a significant impact on the MDGs because its operations on the ground in developing countries are limited. The ILO also has a wide range of organizational weaknesses including weak cost control, and results reporting, limited transparency and not taking systemic action on evaluation findings». Flertallet merker seg at DFID identifiserer betydelige utfordringer i en rekke andre FN-organisasjoner hvor Norge er en betydelig bidragsyter.
Flertallet er innforstått med at Utenriksdepartementet har foretatt en tilsvarende gjennomgang av Norges støtte til 25 multilaterale organisasjoner, og at gjennomgangen identifiserer noen av de samme utfordringene som både den svenske og britiske evalueringen. Flertallet forutsetter at norsk bistand til enhver tid går til de organisasjoner som har høyest kostnadseffektivitet og er i stand til å levere mest mulig utvikling for de bevilgede midler.
Oppfatningen til komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er at det er grunnlag for å spørre hvorvidt en rekke FN-organisasjoner er i stand til å leve opp til disse forutsetningene, og om andre kanaler for bistand burde benyttes i det aktuelle tilfellet.
Disse medlemmer mener at tusenårsmålene er en viktig drivkraft i utviklingspolitikken, men vil likevel stille spørsmål ved om det er mer bistand som må til for å nå målene, eller om målene er vedtatt for å øke vestlige lands bistandsbudsjetter. Disse medlemmer merker seg studier som finner en negativ samvariasjon mellom kjennskap til tusenårsmålene og inntektsnivå, slik at befolkningen i mange u-land har langt større kjennskap til målene enn mennesker i f.eks. USA og Norge. I denne sammenhengen vil disse medlemmer advare mot den økende bistandsavhengigheten i en rekke u-land, og at denne avhengigheten vil øke dramatisk i mange land de neste årene dersom målene skal oppnås. I land som Malawi og Mosambik utgjorde bistanden allerede henholdsvis 20 og 23 pst. av BNI i 2007. Videre etterlyser disse medlemmer et sterkere fokus på økonomisk vekst, næringsliv og handel i arbeidet med tusenårsmålene, samt en klarere ansvarsfordeling og muligheter for sanksjoner dersom uttalte målsettinger ikke nås. Det er, slik disse medlemmer ser det, ofte en tendens til å forklare manglende måloppnåelse med at vestlige land ikke har oppfylt sine forpliktelser knyttet til økte bistandsbudsjetter, noe som i neste omgang tar fokuset vekk fra viktigheten av at også utviklingslandene selv må føre en politikk som bidrar til utvikling.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener imidlertid at FN, til tross for et omfattende og langsiktig fokus på reformarbeid, fremdeles synes å være preget av fragmentering og et tungrodd og ineffektivt byråkrati som fungerer som bremseklosser for tiltrengte omstillinger i organisasjonen. Det er disse medlemmers oppfatning at dette skyldes medlemslandenes politiske prioriteringer, men også manglende vilje og evne til omstilling i organisasjonen internt, noe som blant annet fremkommer i uavhengige evalueringer av FN-organisasjonene, samt kritiske rapporter fra FNs eget kontor for internt tilsyn (OIOS).
Disse medlemmer viser til at toppmøtet om tusenårsmålene fant sted 20. til 22. september 2010, og at man fra norsk side var opptatt av å markere norske kjernesaker som reduksjon av barne- og mødredødelighet, likestilling og kvinners rettigheter, sammenhengen mellom miljø, klima og utvikling, menneskerettighetsperspektivet, kampen mot væpnet vold og rettferdig fordeling av ansvar for oppnåelse av tusenårsmålene. Disse medlemmer er av den oppfatning at dette er et svært bredt og omfattende tematisk nedslagsfelt, og etterspør en klarere prioritering mellom ulike tiltak og virkemidler sammen med en vurdering av de politiske og økonomiske konsekvensene av en nedprioritering av tiltak som ikke er nevnt.
Disse medlemmer viser til at det har funnet sted flere debattmøter i Generalforsamlingen under den nye presidenten, sveitseren Joseph Deiss, men registrerer med skuffelse at det ikke har kommet konkrete endringsforslag for å gjøre FN mer effektivt og relevant på det økonomiske området ut av dette arbeidet.
Disse medlemmer viser til at FNs nyeste organisasjon, UN Women, ble etablert 1. januar 2011 og at dette skjedde samtidig som fire andre kvinneorganisasjoner i FN-systemet ble avviklet. Norge er den nest største finansielle bidragsyter til UN Women, noe som etter disse medlemmers mening gir store muligheter for Norge til å være en pådriver i arbeidet for resultatmåling og kostnadseffektivitet i organisasjonen.
Disse medlemmer viser til at FN etablerte en handlingsplan for kvinners rettigheter og likestilling på FNs fjerde verdenskonferanse om kvinner i Beijing i 1995. Disse medlemmer viser videre til at FNs kontor for internt tilsyn (OIOS) foretok en evaluering av dette arbeidet og avga en rapport i august 2010 som tok for seg 20 av FNs viktigste departement og avdelinger. Det er etter disse medlemmers mening alvorlig at rapporten kunne vise til en grunnleggende mangel på kjennskap til og forståelse for hva arbeidet med kvinners rettigheter i FN-systemet var ment å skulle oppnå, betydelige svakheter i lederskap og ansvarlighet med hensyn til å få prosjektene til å fungere, samt manglende resultatrapportering. OIOS identifiserte også som en utfordring at det var et stort byråkrati knyttet til FNs arbeid med kvinner, men tilsvarende liten grad av koordinering mellom ulike aktører og organisasjoner. Det er etter komiteens mening positivt at mange av momentene i OIOS rapport er innkorporert i UN Women sin 100-dagersplan. Disse medlemmer merker seg også at OIOS anbefaling for UN Women innebærer en dreining av fokus «fra prosess til resultater». Disse medlemmer støtter dette. Disse medlemmer viser til at leder av UN Women Michelle Bachelet har tatt til orde for en gjennomgang av hvor mye FN bruker på kvinne- og likestillingsarbeidet ved å etablere et felles ressurssporingssystem i organisasjonen. Disse medlemmer støtter dette og ser frem til videre oppfølging av arbeidet.
Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, merker seg at debatten i generalforsamlingen fikk et retorisk og polarisert preg høsten 2010, spesielt med tanke på den iranske presidentens innlegg som antydet at angrepet på USA 11. september 2001 var iscenesatt av amerikanerne selv. I denne sammenhengen merker flertallet seg at FNs spesialrapportør for menneskerettene i de okkuperte palestinske områdene, Richard A. Falk, ved gjentatte anledninger har kommet med tilsvarende uttalelser, og at FNs generalsekretær Ban Ki-moon så sent som i januar 2011 fordømte Falk og hans uttalelser. Flertallet mener Norge må bidra aktivt til at spesialrapportører og eksperter som velges til stillinger i FN, må vise profesjonalitet og upartiskhet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti merker seg at arbeidet i 3. komité i stor grad var preget av uenighet med hensyn til vern av religioner og seksuell orientering. I denne sammenheng er disse medlemmer kjent med at FN planlegger å avholde Verdenskonferansen mot rasisme, eller Durban 3, i New York i september 2011. Disse medlemmer viser til at den såkalte Durban 1-konferansen i 2001 ble preget av en ensidig fordømming av Israel og innskrenkning av ytringsfrihet til fordel for vern av religioner, noe som også delvis ble fokuset under Durban 2 i Genève i 2009.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at resultatet av konferansen i 2009 imidlertid ble like ille som i 2001, ettersom flere land truet med å boikotte. Disse medlemmer mener Norge aktivt må kommunisere «røde linjer» for deltakelse på Durban 3, og ikke utelukke en boikott dersom et tilsvarende fokus som i 2001 og 2009 vinner frem.
Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, viser til følgende komitémerknad i Innst. 349 S (2009–2010) Innstilling frå utenriks- og forsvarskomiteen om Noregs deltaking i den 64. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. generalforsamlinga i FN:
«Komiteen ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en evaluering av Norges innsats i Menneskerettighetsrådet så langt, som også inkluderer en vurdering av om det nye rådet utgjør en forbedring av FNs menneskerettighetsarbeid i forhold til den tidligere kommisjonen.»
Flertallet registrerer at regjeringen ikke har fulgt opp denne oppfordringen, og avventer fremdeles en slik evaluering.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til komitémerknaden i Innst. 349 S (2009–2010), Innstilling frå utenriks- og forsvarskomiteen om Noregs deltaking i den 64. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. generalforsamlinga i FN, hvor det heter:
«Komiteen ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en evaluering av Norges innsats i Menneskerettighetsrådet så langt, som også inkluderer en vurdering av om det nye rådet utgjør en forbedring av FNs menneskerettighetsarbeid i forhold til den tidligere kommisjonen.»
Disse medlemmer forutsetter at regjeringen informerer Stortinget om utviklingen på egnet måte.
Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, viser til regjeringens omtale av resolusjonen om innovativ finansiering, og vil gjenta sin skepsis til en finanstransaksjonsavgift. Flertallet viser til at internasjonal handel er et av de viktigste virkemidler for å få levekårsforbedringer i fattige land, gjennom økonomisk vekst. En skatt på internasjonal handel vil gjøre importerte varer dyrere.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Meld. St. 23 (2010–2011) – om Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN – vedlegges protokollen.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 1. juni 2011
Ine M. Eriksen Søreide |
Peter N. Myhre |
leder |
ordfører |