Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av rv. 80 Løding–Vikan i Bodø kommune.

Rv. 80 er den sentrale trafikkåra for vegtransport frå E6 til Bodø. Rv. 80 er også ein viktig veg for mange pendlarar mellom Salten og Bodø. Trafikken mellom tettstaden Løding og Bodø sentrum er så stor at den utgjer eit problem for både trafikantane og for nærmiljøa langs vegen.

Prosjektet Løding–Vikan er første del av Vegpakke Saltens fase 2 (2 a) og er mellom anna omtala i St.prp. nr. 61 (2006–2007), St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 og Prop. 1 S (2010–2011).

Samferdselsdepartementet har merka seg at både kommunen og fylkeskommunen føreset vidare utbygging av rv. 80 gjennom ein andre del av Vegpakke Salten fase 2, og at bruk av både statlege midlar og bompengeinntekter blir vurderte i samband med utarbeiding av finansieringsopplegg for fase 2 b og revisjon av Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 2,1 km ny veg medrekna ny Tverlandet bru på om lag 700 m mellom Løding øst for Hopsfjorden og Vikan industriområde vest for Hopsfjorden i Bodø kommune. Vegen er planlagt som firefelts veg med midtrekkverk over brua, og som tofeltsveg på begge sider av fjorden. Ny bru til Tverlandet med tilførselsvegar vil korta inn vegen mellom Løding og Bodø med om lag 2 km, og fjerna ei rasutsett strekning ved Hopshamran. Brua vil erstatta interimsbrua i Hopen som blei opna for trafikk i februar 2009. Det vil i tillegg bli bygd gang- og sykkelveg på Tverlandet til Bodø sentrum.

Det er rekna med anleggsstart på prosjektet sommaren 2011 og trafikkopning seint i 2013.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 526 mill. kroner og ei kostnadsramme på 629 mill. kroner for prosjektet (2011-kroner). Rammene er inkludert 5 mill. kroner til etablering av bomstasjon. Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet er rekna til -20 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,04 med netto nytte per budsjettkrone på -0,1.

Årsdøgntrafikken (ÅDT) i 2008 var på 8 600 køyretøy, der tungtrafikken utgjorde 8 pst. I opningsåret 2013 er det rekna med ein ÅDT på om lag 8 600 køyretøy.

Den lokalpolitiske handsaminga er nærmare omtalt i pkt. 4 i proposisjonen.

Prosjektet skal finansierast med statlege midlar og bompengar. Det er lagt opp til følgjande finansieringsopplegg:

Forslag til finansieringsplan (Mill. 2011-kr)

2010–2013

2014–2019

Sum

Statlege midlar:

– Post 30 Riksveginvesteringar

124

90

214

– Post 31 Rassikring

102

102

Bompengar

255

-45

210

Sum

481

45

526

Det vil bli inngått avtale om forskottering av 45 mill. kroner som del av den ordinære avtalen med bompengeselskapet. Avtalen blir inngått før anleggsstart i 2011. Refusjon av dei 45 mill. kronene skjer i 2014–2019.

Det er lagt til grunn ein bompengeperiode på 5 år med etterskotsinnkrevjing frå seint i 2013 i ein automatisk bomstasjon ved Vikan, vest for Hopsfjorden. Det er lagt opp til innkrevjing i begge køyreretningar. Noverande rv. 80 rundt Hopshamran vil bli stengt for gjennomkøyring.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som ligg til grunn for bompengevurderingane, vil trafikantane betala om lag 310 mill. kroner i bompengar.

Føresetnadene i finansieringsplanen er elles omtalt i pkt. 5 i proposisjonen.

Bodø kommune og Nordland fylkeskommune har fatta vedtak om garanti for ei lånegjeld på inntil 318 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPass-løysing. Arbeidet pågår.

Samferdselsdepartementet har fullmakt frå Stortinget til å inngå avtalar om forskottering av midlar til vegformål ut over gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, postane 30, 31, 36 og 37. Forskotteringar blir refunderte av staten utan kompensasjon for renter eller prisauke.

Tradisjonelt er forskotteringane gjort av kommunar, fylkeskommunar, næringsliv m.m. Det har etter kvart også vorte ein del tilfelle der bompengeselskapa forskotterer statlege midlar som inngår i finansieringsplanen for eit bompengeprosjekt.

Forskottering med bompengar har hittil ikkje vore rekna inn i dei samla forskotteringane som er omfatta av fullmaktsgrensa. Samferdselsdepartementet har no endra praksisen, slik at alle typar forskottering, uavhengig av kven som forskotterer, blir rekna opp mot fullmaktsgrensa.

På bakgrunn av den endra praksisen og forventa framlegg av bompengeproposisjonar i 2011 med forskottering foreslår Samferdselsdepartementet å heva fullmaktsgrensa for 2011 til 4 700 mill. kroner.