Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om utviding av IMFs multilaterale innlånsordning «New Arrangements to Borrow» (NAB)
Dette dokument
- Innst. 174 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 58 S (2010–2011)
- Dato: 13.01.2011
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Det internasjonale valutafondet (IMF) står sentralt i arbeidet med å handtere den globale finansielle og økonomiske krisa. Institusjonen stiller mellom anna lånemidlar til disposisjon for land som har fått eller står i fare for å få betydelege betalingsbalanseproblem. Våren 2009 fatta den rådgivande ministerkomiteen i IMF (IMFC) eit prinsippvedtak om å tredoble utlånskapasiteten frå 250 mrd. USD til 750 mrd. USD for å dekkje den kraftige auken i etterspørselen etter lån i kjølvatnet av finanskrisa. For å få dette til raskt nok inngjekk IMF ei rekkje ekstraordinære, bilaterale avtalar om lån, mellom anna med Noreg, jf. St.prp. nr. 81 (2008–2009). Avtalen mellom IMF og Noregs Bank vart underteikna i juni 2009. Ved inngangen til desember 2010 hadde IMF ein lånetilgang på om lag 174 mrd. SRD gjennom bilaterale avtalar.
Dei bilaterale avtalane skal ikkje vere permanente, men verte avløyst av andre tiltak. Eitt av desse er å auke dei ordinære kvotemidlane, og ein vart i november 2010 samd om å doble dei ordinære kvotemidlane, sjå kapittel 6. I tillegg ønskjer ein å utvide den eine av dei to multilaterale låneordningane i IMF, den såkalla «New Arrangement to Borrow» (NAB). Dei multilaterale ordningane er i dag beløpsmessig små og administrativt kompliserte å aktivere, slik at ingen av dei har vore i bruk i samband med finanskrisa. Etter ønske frå IMF valde mange land derfor å bidra med bilaterale lån parallelt med at ein arbeidde med å få på plass ein ny og utvida NAB-avtale. Enkelte land, mellom anna USA, har ikkje inngått bilaterale låneavtalar med IMF, men venter med sine bidrag til ei meir permanent ordning kjem på plass gjennom ein ny NAB-avtale.
I november 2009 vart det oppnådd politisk semje om rammene for ei utvida og meir fleksibel NAB-ordning. Forslaget vart godkjent i IMF sitt styre i april 2010, og inneber at det totale lånebeløpet i ordninga vert auka til 367,5 mrd. SDR, eller om lag 565 mrd. USD. Dette utgjer meir enn ei tidobling samanlikna med den gjeldande avtalen. Auken kjem både frå større bidrag frå land som alt deltek i NAB, og frå nye land som vil slutte seg til. Det norske bidraget er auka frå 379 mill. SDR til 3 870,94 mill. SDR, det vil seie til om lag 35 mrd. kroner. Noregs Banks bilaterale låneavtale med IMF frå juli 2009 vil stegvis verte avløyst av Noregs bidrag til nye NAB. Det er ein føresetnad at dei samla trekka under NAB og den bilaterale avtalen ikkje overstig Noregs ramme i den nye NAB-ordninga.
Regjeringa meiner det er viktig at Noreg bidreg til finansieringa av viktige multinasjonale institusjonar i tråd med vår økonomiske styrke. Vidare meiner regjeringa at multilaterale avtalar generelt er betre enn bilaterale, mellom anna fordi dei sikrar betre fordeling av byrdene mellom land.
I proposisjonen tilrår regjeringa at Stortinget gir sitt samtykke til at Noreg sluttar seg til den framforhandla avtalen om ei utvida og meir fleksibel NAB-ordning, som skal sikre IMF tilstrekkeleg tilgang på lånemidlar framover. Kapittel 2 i proposisjonen gjer greie for bakgrunnen. Dei gamle og nye NAB-avtalane er omtalte i kapittel 3 og 4, mens forholdet mellom nye NAB og dei bilaterale låna er omtalt i kapittel 5. Revisjonen av kvotar og stemmerett er kort omtalt i kapittel 6, og administrative og økonomiske konsekvensar i kapittel 7 i proposisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til proposisjonen og til komiteens merknader i forbindelse med behandlingen av Meld. St. 12 (2009–2010), jf. Innst. 374 S (2009–2010) og St.prp. nr. 81 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 359 (2008–2009).
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteen rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i at Norge slutter seg til avtalen om utvidelse av IMFs multilaterale innlånsordning «New Arrangements to Borrow» (NAB), innenfor en ramme for lån fra Norge på 3 871 mill. SDR.
Oslo, i finanskomiteen, den 13. januar 2011
Ulf Leirstein |
Dag Ole Teigen |
fung. leder |
ordfører |