Samandrag
- Innleiing
- Endringar i statsbudsjettet for 2010
- Kap. 1810 Oljedirektoratet
- Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
- Kap. 1833 CO2-handtering
- Fullskala CO2-handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2
- Transport og lagring av CO2 frå Mongstad
- Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
- Statens petroleumsforsikringsfond
- Kap. 2490 NVE Anlegg
- Kap. 4800 Olje- og energidepartementet
- Kap. 4810 Oljedirektoratet
- Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
- Kap. 4833 CO2-handtering
- Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE
Olje- og energidepartementet kjem i proposisjonen med framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2010.
Departementet gjer vidare greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).
Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 3,4 mill. kroner. Nytt forslag til løyving blir etter dette 96,4 mill. kroner.
Det blir vidare foreslått at OD i 2010 blir gitt ei fullmakt til å inngå kontrakt med eit seismikkfartøy for 2011. På bakgrunn av dette blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 10 til 110 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 405,45 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med netto 2 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 122,8 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med totalt 20,6 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 40,6 mill. kroner.
Det blir foreslått å redusere løyvinga til arbeidet med CO2-handtering på Kårstø med 40 mill. kroner.
I Prop. 125 S (2009–2010) blei det gjort førebelse justeringar av budsjettbehovet for 2010 som følgje av endra framdriftsplan. Endringa i framdriftsplanen førte med seg at tidlegare planlagde aktivitetar blei flytta. Basert på arbeid som er gjort i haust, er budsjettkonsekvensane av den endra framdriftsplanen ytterlegare justert. Det blir foreslått å redusere løyvinga til fullskala CO2-handtering på Mongstad med 180 mill. kroner.
Etter at det tidlegare i år blei bestemt ein revidert framdriftsplan, jf. Prop. 125 S (2009–2010), er framdriftsplanen for arbeidet med transport og lagring også revidert, og aktivitetar som opphavleg var planlagt i 2010, er flytta til 2011.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 176 mill. kroner knytt til transport og lagring av CO2 frå Mongstad.
Det er òg grunnlag for å redusere løyvinga til ekstern bistand med 4 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med totalt 400 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 398 mill. kroner. Totalt disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2009, utgjer om lag 680 mill. kroner for 2010.
Regjeringa foreslår ikkje å redusere løyvinga for 2010, men at budsjettposten blir merka «kan overførast» for å handtere usikkerheit når det gjeld tidsfordeling av utbetalingane, jf. Forslag til vedtak III.
Departementet vil kome tilbake med oppdaterte budsjettoverslag for 2011 i revidert budsjett til våren. Totalestimatet for investering i testsenteret (5 213 mill. kroner eks. mva.) er ikkje endra i høve til det Stortinget er informert om i Prop. 1 S (2010–2011).
Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2010 frå Petoro AS, som er basert på rekneskapsføring per 30. september 2010 og overslag for resten av året.
Overslaget for kap. 2440 post 30 Investeringar er samla redusert med 5 000 mill. kroner, frå 24 000 til 19 000 mill. kroner. Det er venta reduserte investeringar mellom anna på grunn av utsette boreaktivitetar og utbyggjingsinvesteringar på fleire felt. Det er framleis knytt stor uvisse til korleis det vidare investeringsbiletet blir i fjerde kvartal 2010.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 3 700 mill. kroner, frå 157 700 til 154 000 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 3 900 mill. kroner, frå 36 300 til 32 400 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 200 mill. kroner, frå 2 500 til 2 300 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 700 mill. kroner, frå 14 000 til 13 300 mill. kroner. Reduserte investeringar er hovudårsaka til reduksjonen i avskrivingane.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 400 mill. kroner, frå 7 000 til 6 600 mill. kroner. Endringa kjem hovudsakleg av oppdatering av overslag for statens faste kapital. Overslaget for kalkulatorisk rente for 2010 er basert på ein rentesats på 3,42 pst.
Endringane nemnd i proposisjonen fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar netto med 1 500 mill. kroner, frå 97 900 til 99 400 mill. kroner.
Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 733 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2010 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.
Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 6 133 mill. kroner, frå 94 181 til 100 314 mill. kroner.
Regjeringa vil, som varsla i Prop. 1 S (2010–2011), leggje fram forslag om å avvikle Statens petroleumsforsikringsfond. Denne saka vil bli fremma i Finansdepartementets proposisjon Ny saldering av statsbudsjettet 2010. På denne bakgrunn blir det ikkje foreslått noka endring i overslaget på premie for 2010. Det vil heller ikkje bli føreteke noka justering for faktisk premieinnsparing for 2010 i samband med revidert budsjett 2011.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 6 mill. kroner, frå 54 til 60 mill. kroner.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått auka med 6,2 mill. kroner, frå 47,3 til 53,5 mill. kroner.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.3 Avskrivingar blir foreslått redusert med 0,2 mill. kroner, frå 5,6 til 5,4 mill. kroner.
Endringane i underpostar fører ikkje med seg noka endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24 i høve til gjeldande løyving for 2010.
Løyvinga blir foreslått redusert med 0,25 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 1,25 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2010.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 23,9 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 3,4 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 72,7 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 2 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 52,05 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med netto 2,7 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 24,55 mill. kroner.
Med bakgrunn i gjennomført sal av statens eigardel i TCM DA blir løyvinga foreslått oppjustert med 0,75 mill. kroner knytt til faktisk innbetalte renter som har kome til statens del av utlånet som er overdratt til Sasol.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 9,05 mill. kroner.
Med bakgrunn i gjennomført sal av statens eigardel i TCM DA blir 50,2 mill. kroner av innbetalinga frå Sasol foreslått løyva som ein reduksjon av utlånet til TCM DA som følgje av at ein del av lånet er overdratt til Sasol.
Det blir foreslått løyva 50,2 mill. kroner under ny post.
I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petro-leums-verksemda og SDØE, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2010–2011).
I proposisjonen gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av fylgjande fullmakter i 2010:
Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel
Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved fire høve i 2010.
Fullmakt XIV – Overføring av eigardelar i utvinningsløyve
Fullmakt knytt til overføring av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2010.
Fullmakt XV – Overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve
Fullmakt knytt til overdraging og samordning av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2010.
Fullmakt XVI – Overføring av delar i røyrleidningar til Gassled
Olje- og energidepartementet godkjente 25. mai 2010 overføring av Gjøa gassrøyrleidning til Gassled. Med verknad frå 1. juni 2010 er Gjøa gassrøyrleidning innlemma i Gassled. Statens del i Gassled er justert for å reflektere denne overføringa. Statens eigardel i Gassled er 38,435 pst. per 1. juni 2010.