Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Olje- og energidepartementet
Dette dokument
- Innst. 163 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 35 S (2010–2011)
- Dato: 13.12.2010
- Utgiver: energi- og miljøkomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Innleiing
- Endringar i statsbudsjettet for 2010
- Kap. 1810 Oljedirektoratet
- Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
- Kap. 1833 CO2-handtering
- Fullskala CO2-handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2
- Transport og lagring av CO2 frå Mongstad
- Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
- Statens petroleumsforsikringsfond
- Kap. 2490 NVE Anlegg
- Kap. 4800 Olje- og energidepartementet
- Kap. 4810 Oljedirektoratet
- Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
- Kap. 4833 CO2-handtering
- Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE
- Merknader frå komiteen
- Forslag frå mindretal
- Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
Olje- og energidepartementet kjem i proposisjonen med framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2010.
Departementet gjer vidare greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).
Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 3,4 mill. kroner. Nytt forslag til løyving blir etter dette 96,4 mill. kroner.
Det blir vidare foreslått at OD i 2010 blir gitt ei fullmakt til å inngå kontrakt med eit seismikkfartøy for 2011. På bakgrunn av dette blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 10 til 110 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 405,45 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med netto 2 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 122,8 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med totalt 20,6 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 40,6 mill. kroner.
Det blir foreslått å redusere løyvinga til arbeidet med CO2-handtering på Kårstø med 40 mill. kroner.
I Prop. 125 S (2009–2010) blei det gjort førebelse justeringar av budsjettbehovet for 2010 som følgje av endra framdriftsplan. Endringa i framdriftsplanen førte med seg at tidlegare planlagde aktivitetar blei flytta. Basert på arbeid som er gjort i haust, er budsjettkonsekvensane av den endra framdriftsplanen ytterlegare justert. Det blir foreslått å redusere løyvinga til fullskala CO2-handtering på Mongstad med 180 mill. kroner.
Etter at det tidlegare i år blei bestemt ein revidert framdriftsplan, jf. Prop. 125 S (2009–2010), er framdriftsplanen for arbeidet med transport og lagring også revidert, og aktivitetar som opphavleg var planlagt i 2010, er flytta til 2011.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 176 mill. kroner knytt til transport og lagring av CO2 frå Mongstad.
Det er òg grunnlag for å redusere løyvinga til ekstern bistand med 4 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med totalt 400 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 398 mill. kroner. Totalt disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2009, utgjer om lag 680 mill. kroner for 2010.
Regjeringa foreslår ikkje å redusere løyvinga for 2010, men at budsjettposten blir merka «kan overførast» for å handtere usikkerheit når det gjeld tidsfordeling av utbetalingane, jf. Forslag til vedtak III.
Departementet vil kome tilbake med oppdaterte budsjettoverslag for 2011 i revidert budsjett til våren. Totalestimatet for investering i testsenteret (5 213 mill. kroner eks. mva.) er ikkje endra i høve til det Stortinget er informert om i Prop. 1 S (2010–2011).
Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2010 frå Petoro AS, som er basert på rekneskapsføring per 30. september 2010 og overslag for resten av året.
Overslaget for kap. 2440 post 30 Investeringar er samla redusert med 5 000 mill. kroner, frå 24 000 til 19 000 mill. kroner. Det er venta reduserte investeringar mellom anna på grunn av utsette boreaktivitetar og utbyggjingsinvesteringar på fleire felt. Det er framleis knytt stor uvisse til korleis det vidare investeringsbiletet blir i fjerde kvartal 2010.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 3 700 mill. kroner, frå 157 700 til 154 000 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 3 900 mill. kroner, frå 36 300 til 32 400 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 200 mill. kroner, frå 2 500 til 2 300 mill. kroner.
Overslaget for kap. 5440 underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 700 mill. kroner, frå 14 000 til 13 300 mill. kroner. Reduserte investeringar er hovudårsaka til reduksjonen i avskrivingane.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 400 mill. kroner, frå 7 000 til 6 600 mill. kroner. Endringa kjem hovudsakleg av oppdatering av overslag for statens faste kapital. Overslaget for kalkulatorisk rente for 2010 er basert på ein rentesats på 3,42 pst.
Endringane nemnd i proposisjonen fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar netto med 1 500 mill. kroner, frå 97 900 til 99 400 mill. kroner.
Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 733 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2010 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.
Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 6 133 mill. kroner, frå 94 181 til 100 314 mill. kroner.
Regjeringa vil, som varsla i Prop. 1 S (2010–2011), leggje fram forslag om å avvikle Statens petroleumsforsikringsfond. Denne saka vil bli fremma i Finansdepartementets proposisjon Ny saldering av statsbudsjettet 2010. På denne bakgrunn blir det ikkje foreslått noka endring i overslaget på premie for 2010. Det vil heller ikkje bli føreteke noka justering for faktisk premieinnsparing for 2010 i samband med revidert budsjett 2011.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 6 mill. kroner, frå 54 til 60 mill. kroner.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått auka med 6,2 mill. kroner, frå 47,3 til 53,5 mill. kroner.
Overslaget for kap. 2490 underpost 24.3 Avskrivingar blir foreslått redusert med 0,2 mill. kroner, frå 5,6 til 5,4 mill. kroner.
Endringane i underpostar fører ikkje med seg noka endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24 i høve til gjeldande løyving for 2010.
Løyvinga blir foreslått redusert med 0,25 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 1,25 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2010.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 23,9 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 3,4 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 72,7 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 2 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 52,05 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med netto 2,7 mill. kroner.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 24,55 mill. kroner.
Med bakgrunn i gjennomført sal av statens eigardel i TCM DA blir løyvinga foreslått oppjustert med 0,75 mill. kroner knytt til faktisk innbetalte renter som har kome til statens del av utlånet som er overdratt til Sasol.
Nytt forslag til løyving blir etter dette 9,05 mill. kroner.
Med bakgrunn i gjennomført sal av statens eigardel i TCM DA blir 50,2 mill. kroner av innbetalinga frå Sasol foreslått løyva som ein reduksjon av utlånet til TCM DA som følgje av at ein del av lånet er overdratt til Sasol.
Det blir foreslått løyva 50,2 mill. kroner under ny post.
I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petro-leums-verksemda og SDØE, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2010–2011).
I proposisjonen gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av fylgjande fullmakter i 2010:
Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel
Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved fire høve i 2010.
Fullmakt XIV – Overføring av eigardelar i utvinningsløyve
Fullmakt knytt til overføring av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2010.
Fullmakt XV – Overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve
Fullmakt knytt til overdraging og samordning av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2010.
Fullmakt XVI – Overføring av delar i røyrleidningar til Gassled
Olje- og energidepartementet godkjente 25. mai 2010 overføring av Gjøa gassrøyrleidning til Gassled. Med verknad frå 1. juni 2010 er Gjøa gassrøyrleidning innlemma i Gassled. Statens del i Gassled er justert for å reflektere denne overføringa. Statens eigardel i Gassled er 38,435 pst. per 1. juni 2010.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bendiks H. Arnesen, Marianne Marthinsen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Laila Thorsen, frå Framstegspartiet, Oskar J. Grimstad, Henning Skumsvoll og Ketil Solvik-Olsen, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, frå Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, frå Senterpartiet, leiaren Erling Sande, og frå Kristeleg Folkeparti, Line Hen-riet-te Hjemdal, viser til dei foreslåtte endringane på statsbudsjettet for 2010 under Olje- og energidepartementet, og som det er gjort greie for i proposisjonen.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at bevilgningene over kap. 1833 CO2-håndtering, post 21 Spesielle driftsutgifter, som skal dekke planlegging og forberedelser av fullskala rensing på Mongstad, planlegging og forberedelser av transport og lagring for CO2 og arbeid knyttet til utredning av integrasjonsløsninger for gasskraftverk med CO2-håndtering og gassprosesseringsanlegg på Kårstø, med dette er redusert fra 1 360 mill. kroner i det opprinnelige budsjettet for 2010 til 398 mill. kroner i Prop. 35 S (2010–2011). Det er en reduksjon på 970 mill. kroner, eller 70 pst. av den opprinnelige bevilgningen.
Disse medlemmer har videre merket seg at olje- og energiministeren i forbindelse med presentasjonen av statsbudsjettet for 2010 presenterte budsjettet som tidenes største satsing på fangst, transport og lagring av CO2.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til at regjeringen i proposisjonen foreslår å redusere bevilgningene til CO2-håndtering i 2010 med til sammen 400 mill. kroner. Bevilgningene til arbeidet med fullskala CO2-håndtering på Kårstø reduseres med 40 mill. kroner. Bevilgningene til arbeidet med fullskala CO2-håndtering på Mongstad reduseres med 180 mill. kroner, og bevilgningene til arbeidet med transport og lagring av CO2 reduseres med 176 mill kroner. Samtlige reduksjoner er begrunnet med endringer i fremdriftsplan og redusert behov for midler til utredning.
Dette medlem viser til at reduksjon i bevilgningene til CO2-håndtering ved utgangen av året er blitt en årviss tradisjon med den rød-grønne regjeringen. Tidfestede lovnader om rensing av gasskraftverket på Kårstø innen 2009, og månelanding på Mongstad innen 2014, er skrinlagt. Avsatte midler til CO2-håndtering trekkes tilbake med begrunnelse i endrede fremdriftsplaner.
Dette medlem viser til at regjeringen i statsbudsjettet for 2011 ikke gir noen signaler om at Kårstø i det hele tatt vil bli renset. Renseprosjektet er lagt på is inntil videre.
Dette medlem er også urolig for de signaler som gis i statsbudsjettet for 2011 om fare for ytterligere utsettelser av fullskala CO2-fangst og lagring på Mongstad.
Dette medlem vil påpeke at manglende rensing på Kårstø og Mongstad undergraver målsettingene i Klimaforliket, og vil gjøre arbeidet med å innfri allerede ambisiøse målsettinger for nasjonal reduksjon av klimagassutslipp enda vanskeligere.
Dette medlem viser til Kristelig Folkepartis alternative budsjett for 2011, hvor det foreslås å bevilge 55 mill. kroner til å gjenoppta anbudsprosessen for fullskala CO2-fangst og lagring på Kårstø.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til at regjeringen i St.meld. nr. 37 (2008–2009) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet varslet at den ønsket å igangsette en åpningsprosess for petroleumsvirksomhet ved Jan Mayen, med sikte på tildeling av utvinningstillatelser. Dette medlem viser til at Kristelig Folkeparti i forbindelse med behandlingen av forvaltningsplanen i Stortinget gikk imot tilrettelegging for petro-leums-aktivitet i dette sårbare området, og ba regjeringen om å stanse åpningsprosessen for petroleumsaktivitet utenfor Jan Mayen. Jan Mayen er et sårbart naturområde hvor vanskelighetene med å drive meningsfullt oljevern er enda større enn ved even-tuelle utbygginger i de omstridte havområdene utenfor Lofoten og Vesterålen.
Dette medlem viser til at regjeringen i proposisjonen foreslår å gi Oljedirektoratet fullmakt til å inngå kontrakt med et seismikkfartøy om geologisk kartlegging av havområdene ved Jan Mayen, og til i den forbindelse å pådra seg forpliktelser utover gitt bevilgning på opptil 110 mill. kroner. Dette medlem ønsker ikke å åpne for petroleumsvirksomhet utenfor Jan Mayen, og går derfor imot forslag vedtak II i proposisjonen.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at regjeringen i statsbudsjettet for 2010 foreslo en bevilgning på 40 mill. kroner under kap. 1825 post 70 til tilskuddsordningen for elektrisitetssparing i husholdninger. Disse medlemmer viser til at køen for å få støtte fra denne ordningen er lang, og at støttebehovet langt overgår de midlene regjeringen har stilt til disposisjon. Ifølge en artikkel på nettstedet E24 torsdag 2. desember har Enova opptil 200 henvendelser om strømsparing hver dag, men støttekvoten for norske hjem er brukt opp. Alle bevilgede midler for 2010 er disponert.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener at Enova innenfor sine totale bevilgninger må kunne finne midler til å gi tilskudd til elektrisitetssparing også for resten av 2010 til alle som tilfredssstiller kriteriene for slik støtte.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener bevilgningene til tilskudd for elektrisitetssparing i husholdninger bør økes betydelig, og viser til at noen av de frigjorte midlene fra arbeidet med CO2-håndtering bør kunne omdisponeres til dette formålet.
Dette medlem fremmer følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at 100 mill. kroner av den reduserte bevilgningen på totalt 400 mill. kroner under kap. 1833 CO2-håndtering overføres til kap. 1825 post 70 Tilskudd til elektrisitetssparing i husholdninger.»
Forslag frå Kristeleg Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen sørge for at 100 mill. kroner av den reduserte bevilgningen på totalt 400 mill. kroner under kap. 1833 CO2-håndtering overføres til kap. 1825 post 70 Tilskudd til elektrisitetssparing i husholdninger.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner | |||
Utgifter | ||||||
1810 | Oljedirektoratet | |||||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med | 3 400 000 | ||||
frå kr 93 000 000 til kr 96 400 000 | ||||||
1820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | |||||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 1 000 000 | ||||
frå kr 404 450 000 til kr 405 450 000 | ||||||
22 | Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under kap. 1820 post 60, blir auka med | 2 000 000 | ||||
frå kr 120 800 000 til kr 122 800 000 | ||||||
60 | Tilskot til skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under kap. 1820 post 22, blir auka med | 20 600 000 | ||||
frå kr 20 000 000 til kr 40 600 000 | ||||||
1833 | CO2-handtering | |||||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med | 400 000 000 | ||||
frå kr 798 000 000 til kr 398 000 000 | ||||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||||
30 | Investeringar, blir redusert med | 5 000 000 000 | ||||
frå kr 24 000 000 000 til kr 19 000 000 000 | ||||||
2490 | NVE Anlegg | |||||
24 | Driftsresultat | 0 | ||||
Spesifikasjon: | ||||||
1 Driftsinntekter | -60 000 000 | |||||
2 Driftsutgifter | 53 500 000 | |||||
3 Avskrivingar | 5 400 000 | |||||
4 Renter av statens kapital | 1 100 000 | |||||
0 | ||||||
Inntekter | ||||||
4800 | Olje- og energidepartementet | |||||
70 | Garantiprovisjon, Gassco, blir redusert med | 250 000 | ||||
frå kr 1 500 000 til kr 1 250 000 | ||||||
4810 | Oljedirektoratet | |||||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 6 500 000 | ||||
frå kr 17 400 000 til kr 23 900 000 | ||||||
2 | Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir auka med | 3 400 000 | ||||
frå kr 69 300 000 til kr 72 700 000 | ||||||
4820 | Noregs vassdrags- og energidirektorat | |||||
1 | Gebyrinntekter, blir redusert med | 2 000 000 | ||||
frå kr 54 050 000 til kr 52 050 000 | ||||||
40 | Flaum- og skredførebygging, blir redusert med | 2 700 000 | ||||
frå kr 27 250 000 til kr 24 550 000 | ||||||
4833 | CO2-handtering | |||||
80 | Renter, TCM DA, blir auka med | 750 000 | ||||
frå kr 8 300 000 til kr 9 050 000 | ||||||
(NY) | 86 | Avdrag, TCM DA, blir løyvd med | 50 200 000 | |||
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||||
24 | Driftsresultat, blir auka med | 1 500 000 000 | ||||
frå kr 97 900 000 000 til kr 99 400 000 000 | ||||||
Spesifikasjon: | ||||||
1 Driftsinntekter | 154 000 000 000 | |||||
2 Driftsutgifter | -32 400 000 000 | |||||
3 Leite- og feltutviklingsutgifter | -2 300 000 000 | |||||
4 Avskrivingar | -13 300 000 000 | |||||
5 Renter av statens kapital | -6 600 000 000 | |||||
99 400 000 000 | ||||||
30 | Avskrivingar, blir redusert med | 700 000 000 | ||||
frå kr 14 000 000 000 til kr 13 300 000 000 | ||||||
(NY) | 50 | Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med | 733 000 000 | |||
80 | Renter av statens kapital, blir redusert med | 400 000 000 | ||||
frå kr 7 000 000 000 til kr 6 600 000 000 |
II
Fullmakt til å inngå forplikting ut over gitt løyvingStortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet i 2010 kan pådra seg forpliktingar utover gitt løyving innanfor følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
1810 | Oljedirektoratet | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 110,0 mill. kroner |
III
Tilføying av stikkordStortinget samtykkjer i at stikkordet «kan overførast» blir tilføydd løyvinga under kap. 1833 CO2-handtering, post 72 Lån til TCM DA, i statsbudsjettet for 2010.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. desember 2010
Erling Sande |
leder og ordfører |