Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om samtykke til deltakelse i beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av et støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk fra tredjestater (MEDIA Mundus)
Dette dokument
- Innst. 160 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 20 S (2010–2011)
- Dato: 10.12.2010
- Utgiver: familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Merknader fra utenriks- og forsvarskomiteen
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Støtteprogrammet for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar, (MEDIA Mundus) 2011–2013, vart formelt vedteke i EU 21. oktober 2009 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1041/2009/EF.
Noreg har gjennom EØS-avtala teke del i tre tidlegare EU-program om utvikling av den audiovi-suelle sektoren: MEDIA 95 (1991–1995), MEDIA II (1996–2000) og MEDIA Pluss (2001–2006). For tida tek Noreg del i det fjerde av desse programma, Media 2007, som varer frå 2007 til 2013. MEDIA Mundus kan sjåast på som eit supplement til MEDIA 2007-programmet, ved at det opnar for samarbeid med statar utanfor EU-EØS-området («tredjestatar»).
For at Noreg skal kunne ta del i programmet allereie frå oppstarten i 2011, legg departementet fram ei tilråding om at Stortinget samtykkjer i deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus), før EØS-komiteen har teke den endelege avgjerda si. Det er venta at komiteen tek ei avgjerd i saka i desember 2010.
MEDIA Mundus er eit breitt internasjonalt samarbeidsprogram som har som mål å styrkje dei kommersielle og kulturelle banda mellom den europeiske audiovisuelle industrien og filmskaparar i tredjestatar. Tredjestatar i denne samanhengen er statar utanfor EU-/EØS-området. For å nå målet vil ein leggje vekt på utdanningstiltak, tiltak som sikrar utvikling, samproduksjon og sal av filmverk, tiltak som støttar distribusjon og tiltak på tvers av desse områda.
Det totale budsjettet for MEDIA Mundus er 15 mill. euro for åra 2011 til 2013, det vil seie 5 mill. euro pr. år.
Den norske delen er rekna ut til å vere 2,9 mill. kroner for alle åra ved ein eurokurs på 8 kroner. Bidraget i 2011 vil vere på ca. 360 000 kroner og vil auke til 740 000 kroner i 2012 og 1,8 mill. kroner i 2013.
Kostnadene til programmet og den nasjonale eksperten vil verte dekte over Kulturdepartementets budsjett.
Det er ei målsetjing i Kulturløftet II at norsk film skal hevde seg internasjonalt. Det er vidare eit mål at Noreg skal verte leiande i Norden på film, TV-drama og dokumentar. Eit viktig verkemiddel for å nå desse måla er auka internasjonalisering av norsk filmproduksjon. Noreg underteikna difor 9. juli 2009 Europarådets konvensjon om samproduksjon av film. Dei midlane som vert tildelte samproduksjonar frå Norsk filminstitutt, er auka. Norsk filminstitutt satsar aktivt på auka internasjonalt samarbeid. Ei deltaking i MEDIA Mundus vil vere i tråd med denne strategien.
Noreg har gode røynsler med deltaking i dei fire MEDIA-programma. Dei ulike ordningane har ført til auka kompetanse og nettverksbygging for norske filmskaparar og filmprodusentar, jf. St.meld. 22 (2006–2007) Veiviseren. Noreg har òg dei fleste åra motteke meir pengar frå dei ulike tilskotsordningane enn Noreg har betalt i bidrag.
MEDIA Mundus legg til rette for samarbeid med land i Asia, Latin-Amerika og Afrika, som har rike kulturelle tradisjonar og er veksande audiovisuelle marknader. Programmet vil kunne vere ein døropnar mot desse områda og medverke til at norske filmskaparar og filmprodusentar får tilgang til nye marknader som i dag er dominerte av Hollywood. Ei norsk deltaking i MEDIA Mundus vil såleis kunne vere viktig både med omsyn til kulturelt mangfald og for å sikre marknadsadgang og inntening for norske filmprodusentar.
Ei norsk deltaking i MEDIA Mundus vil kunne medverke til å stette måla i norsk audiovisuell politikk slik dei er formulerte i Kulturløftet II og Veiviseren.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Gunn Karin Gjul, Kåre Simensen, Arild Stokkan-Grande og Lene Vågslid, fra Fremskrittspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg og Ib Thomsen, fra Høyre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, Gina Knutson Barstad, fra Senterpartiet, Christina Nilsson Ramsøy, og fra Kristelig Folkeparti, Øyvind Håbrekke, slutter seg til regjeringens forslag om innlemmelse i EØS-avtalen av et støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk fra tredjestater (MEDIA Mundus).
Utkast til innstilling har blitt forelagt utenriks- og forsvarskomiteen som slutter seg til innstillingen uten ytterligere merknader.
Komiteen viser til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i deltakelse i beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av et støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk fra tredjestater (MEDIA Mundus).
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 10. desember 2010
Gunn Karin Gjul |
Kåre Simensen |
leder |
ordfører |