2. Merknader og tilråding frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, og frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås, frå Senterpartiet, Ola Borten Moe, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, handsamar i innstillinga dei budjettkapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bolig.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
820 | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 400 000 | |
frå kr 173 592 000 til kr 173 992 000 | |||
821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | ||
60 | Integreringstilskot, kan overførast, blir auka med | 5 600 000 | |
frå kr 3 945 355 000 til kr 3 950 955 000 | |||
62 | Kommunale innvandrartiltak, blir auka med | 500 000 | |
frå kr 86 193 000 til kr 86 693 000 | |||
71 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd, blir redusert med | 900 000 | |
frå kr 47 488 000 til kr 46 588 000 | |||
822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | ||
22 | Norskprøver for vaksne innvandrarar, blir redusert med | 1 350 000 | |
frå kr 14 450 000 til kr 13 100 000 | |||
60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, blir redusert med | 150 800 000 | |
frå kr 1 607 663 000 til kr 1 456 863 000 | |||
Inntekter | |||
3821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | ||
1 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 450 000 | |
frå kr 78 120 000 til kr 77 670 000 | |||
3822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | ||
1 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 29 700 000 | |
frå kr 112 572 000 til kr 82 872 000 |