Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Proposisjonen inneheld forslag til fleire endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk. Endringane gjeld vegtrafikklova si regulering av ruspåverka køyring, i hovudsak relatert til køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol. I tillegg vert det gjort framlegg om å gi Statens vegvesen sine regionvegkontor tilsvarande heimelsgrunnlag som det politiet har, til å krevje fjerna, eller om naudsynt fjerne eller ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken, snøbrøyting m.m.

Det primære formålet med lovendringane relatert til ruspåverka køyring er forbetra trafikktryggleik og færre skadde og drepne i vegtrafikken. Lovendringane har også til formål å skape betre samsvar mellom vegtrafikklova sine reglar om alkoholpåverka køyring og lova si regulering av køyring under påverknad av andre stoff.

Fleire av endringsforslaga vil kunne gi prosess-økonomisk gevinst i form av mindre etterforskingsbehov og mindre behov for sakkunnigfråsegner, samt at fleire saker kan avgjerast som tilståingssaker for domstolane.

Samanlikna med andre land har Noreg lukkast svært godt i trafikktryggleiksarbeidet. For å kunne nå målsetnaden om å redusere talet på skadde og drepne i trafikken ytterlegare, må likevel eksisterande tiltak forbetrast og nye treffande tiltak setjast inn. Empiri syner at køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol er eit monaleg trafikktryggleiksproblem og at omfanget av slik køyring har auka dei siste 10–20 åra.

Det blir foreslått følgjande endringar relatert til køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol:

  • innføring av ei ordning med svært låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusande eller døyvande middel i vegtrafikklova sin forstand ved endring av vegtrafikklova § 22 og utarbeiding av tilhøyrande forskrift. Forslaget er basert på eit nulltoleranseprinsipp.

  • innføring av særskilte straffeutmålingsreglar for køyring påverka av annan rus enn alkohol og forenkling av straffeutmålingsreglane ved endring i vegtrafikklova § 31

  • innføring av hurtigtest ved trafikkontroll for å avdekke køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol

  • innføre tap av førerett ved køyring med låg ruspåverknad for personar som har føreretten på prøve

  • presisere politiet sin heimel til å pålegge lækjarundersøking der det ligg føre skilleg grunn til å tru at førarkorthavaren misbrukar rus- eller lækjarmiddel.

  • Endring av ordlyden i vegtrafikklova § 34 femte ledd

Etter gjeldande rett er det straffbart å føre motorvogn når ein «er påvirket» av anna «berusende eller bedøvende middel» enn alkohol. For å vurdere om føraren er påverka etter vegtrafikklova, vert det gjort ei konkret individuell vurdering av om den aktuelle stoffmengda vedkomande hadde i kroppen under køyringa har medført nedsett køyredugleik. Dersom vedkomande har utvikla noko grad av påverknadstoleranse for aktuelle stoff, vert det teke høgde for det.

For andre stoff enn alkohol ligg det ikkje føre ei konkret lovfastsett grense for når ein uansett vert rekna som påverka. I praksis inneber dette at ein per i dag har ein strengare forbodsregel for alkoholpåverka køyring enn for køyring med annan rus. Sa-man-likna med promilletilfella vil saker der påverknaden skuldast annan rus, som oftast vere vanskelegare, meir ressurskrevjande, og ta lenger tid å handsame enn promillesaker.

I proposisjonen blir det difor gjort framlegg om å innføre nulltoleranse for køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol.

Det vert foreslått innført ei ordning med svært låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusande eller døyvande middel i vegtrafikklova sin forstand. Dei låge lovfastsette grensene vil vere baserte på ei nulltoleransetilnærming, slik at det i praksis ikkje vil vere mogleg å nytte slike rusmiddel i tida før køyringa utan å kome i straffeansvar etter vegtrafikklova. Forbodet mot køyring påverka av andre rusmiddel enn alkohol vert dermed monaleg innskjerpa samanlikna med gjeldande rett. Lovendringa vil innebere ei klar markering av at føring av motorvogn og bruk av rusmiddel ikkje høyrer saman.

Samstundes som at lovendringsforslaget har ein klar nulltoleranseprofil, har lova primært til formål å ramme førarar med slike stoffkonsentrasjonar i blodet at det kan ligge føre moglegheit for redusert prestasjonsevne. Ein ynskjer i størst mogleg grad å utelukke at førarar vert straffa etter vegtrafikklova på grunnlag av gamle restkonsentrasjonar av stoff i blodet der desse er så låge at dei ikkje på nokon måte kan ha innverknad på vedkomande si evne til å føre køyretyet. Slike svært små konsentrasjonar av narkotiske stoff vil likevel bli ramma av narkotikalovgivinga (legemiddelloven).

Når den straffbare påverknaden skuldast andre stoff enn alkohol, har vegtrafikklova ikkje straffeskjerpande utmålingsreglar som kan brukast direkte, slik ein har det for promilletilfella. Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om å innføre særskilte straffeutmålingsreglar for køyring påverka av annan rus enn alkohol. Det vert foreslått at dei lovfastsette grensene som har innverknad på straffeutmålinga skal vere korresponderande for alkohol og andre stoff, slik at det er graden av påverknad som dannar utgangspunkt for påverknadsvurderinga, uavhengig av kva rusmiddel som har forårsaka rusen. I tillegg vert det gjort framlegg om ei forenkling av straffeutmålingsreglane, jf. vegtrafikklova § 31 andre ledd.

Unge førarar som har hatt førarkort i relativt kort tid, er overrepresenterte på statistikken over rusa sjåførar. Gjeldande vegtrafikklovgiving inneheld ikkje særskilte incentiv retta mot å få ferske førarar til å avstå frå ruspåverka køyring. Av denne grunn gjer Samferdselsdepartementet framlegg om at førarar med førarkort på prøve skal tape føreretten ved straff for ruspåverka køyring, også ved lågare grad av påverknad (svarande til 0,5 promille og lågare).

I proposisjonen vert det også gjort framlegg om å gi politiet naudsynt lovheimel for å kunne gjennomføre førebels hurtigtesting for å kontrollere om motor-vognførarane er påverka av andre stoff enn alkohol. Når motorvognførarar vert stogga langs vegen i samband med trafikkontroll, kan slik hurtigtesting skje utan krav til mistanke mot føraren. Forslaget inneber at politiet får tilsvarande heimelsgrunnlag for gjennomføring av førebels hurtigtesting som det politiet i dag har for å kunne ta førebels blåseprøve for å kontrollere mogleg alkoholpåverknad. Per i dag verkar testapparat som analyserer spytt å vere best eigna, både når det gjeld operative tilhøve og testkvalitet. Slike apparat for hurtigtesting har i nokre samanhengar blitt referert til som «narkometer».

Til liks med bruk av alkometer vil slik hurtigtesting berre gi ein førebels indikasjon på om føraren er påverka. Positiv test vil måtte fylgjast opp med vidare etterforskingssteg. Når politiet finn grunn til å tru at føraren er påverka, vil ein kunne gjennomføre test av om vedkomande har teikn og symptom på ruspåverknad og framstille vedkomande for blodprøve og klinisk lækjarundersøking.

Eit vilkår etter vegtrafikklova for å få og for å ha førerett, er at føraren ikkje misbrukar rus- eller lækjarmiddel. Forsking indikerer at ein monaleg del av dei som vert pågripne for ruspåverka køyring har rusproblem. Ein gjer difor framlegg om å presisere politiet sin heimel til å påleggje lækjarundersøking der det ligg føre skilleg grunn til å tru at førarkorthavaren misbrukar rus- eller lækjemiddel. Samferdselsdepartementet tek også sikte på å leggja fram forslag om å endre førarkortforskrifta slik at alle som har mista førarkortet som fylgje av rusrelaterte tilhøve, skal måtte framleggje lækjarattest ved søknad om gjenerverv av føreretten.

Ovannemnde forslag til endringar i vegtrafikklova fylgjer opp tilrådingane gitt i rapporten «Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol – mars 2009».

Samferdselsdepartementet legg også fram forslag til endringar i vegtrafikklova § 37. Forslaget inneber at regionvegkontoret – på same måte som politiet – får heimel til å krevje fjerna, eller om naudsynt fjerne eller ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken, snøbrøyting eller anna arbeid på veg. Forslaget inneber vidare at regionvegkontoret kan krevje utgiftene Statens vegvesen har hatt til fjerning og forvaring av køyretyet dekt av eigaren før køyretyet blir levert tilbake.

Forslaget til endring i vegtrafikklova § 37 er ein del av ein tiltakspakke som har til formål å betre framkoma på norske vintervegar under vanskelege vêr- og føretilhøve («Vinterpakken»).