Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra justiskomiteen om samtykke til inngåing av avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Noreg har saman med Island, Sveits og Liechtenstein forhandla fram ein avtale med EU som fastset vilkåra for retten dei tilknytte statane har til deltaking i arbeidet med utfyllande Schengen-regelverk. Med tilknytte statar meiner ein her dei statane som deltek i Schengen-samarbeidet utan å vere medlemer i EU. Avtalen skapar gjensidige rettar og plikter i forholdet mellom EU og kvar av dei tilknytte statane.

Gjennomføring av avtalen krev løyvingsvedtak. Det er difor nødvendig at Stortinget samtykkjer til inngåing av avtalen med heimel i Grunnlova § 26, andre ledd.

Av tidsmessige grunnar vert det teke sikte på at avtalen vert underteikna og godkjend etter at Stortinget har gjeve sitt samtykke.

Hovudinnhaldet i den nye avtalen er at Noreg vert sikra deltaking i noverande og framtidige komitologi-komitear under Schengen-samarbeidet. Medlemsstatane er sikra innverknad på arbeidet i Kommisjonen med utfyllande regelverk ved at komitear av nasjonale ekspertar assisterer Kommisjonen når han utøver delegert styringsmakt. Det er dette komitésystemet som går under namnet komitologi.

Noregs representantar får møte-, tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett. Det er berre EU-organa som har makt til å gjere vedtak. Kommisjonen skal òg uformelt søkje råd frå norske ekspertar på same måten som for ekspertar frå medlemsstatane. Når Kommisjonen gjer bindande vedtak, skal han gje melding om dette til Noreg, som på sjølvstendig grunnlag tek stilling til om innhaldet i regelverket skal godtakast. Først når Noreg har gjeve melding til Kommisjonen om slik godtaking, blir innhaldet i regelverket bindande mellom Noreg på den eine sida og EU og medlemsstatane i EU på den andre sida.

Det er lagt opp til at avtalen skal kunne tre i kraft mellom Noreg og EU uavhengig av kva tid dei andre tilknytte statane godkjenner han. Dersom avtalen seinare skulle opphøyre med verknad for ein annan tilknytt stat, får det ingen konsekvensar for Noregs avtale med EU.

Kostnaden ved deltaking i arbeidet med komitologi skal fordelast mellom alle deltakarane etter den fordelingsnøkkelen som er nedfelt i Schengen-avtalen. På det tidspunktet avtalen trer i kraft, inneber dette ein årleg kostnad for Noreg på ca. euro 14 000, som tilsvarar ca. NOK 120 000 ved ein kurs på 8,5. Referansebeløpet skal justerast årleg basert på prisstiginga. Dersom seinare endringar i arbeidsmengda gjer det nødvendig, skal dessutan referansebeløpet justerast av partane ved avtale i form av brevveksling. Dersom avtalen vert inngått, inneber dette altså ei binding av den årlege løyvingsmakta ved at Noreg forpliktar seg til å innbetale slike årlege bidrag så lenge avtalen står ved lag.

Det er etter departementets vurdering viktig for Noreg å delta i arbeidet med komitologi for å sikre at norske synspunkt og interesser vert varetekne i den kontinuerlege forvaltinga og vidareutviklinga av Schengen-regelverket. Praksisen som har utvikla seg til no, og som avtalen baserer seg på, har ikkje bydd på problem for Noregs deltaking.

Justis- og politidepartementet tilrår at Noreg inngår avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteens utkast til innstilling ble 19. oktober 2010 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 27. oktober 2010 at komiteen sluttet seg til innstillingen og ikke hadde ytterligere merknader.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Sigvald Oppebøen Hansen, Stine Renate Håheim, Thor Lillehovde og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Morten Ørsal Johansen, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i inngåing av avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket.

Oslo, i justiskomiteen, den 9. november 2010

Per Sandberg

Åse Michaelsen

leder

ordfører