2.17 Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for enslige, mindreårige asylsøkere
Komiteen merkar seg at som følgje av at det er venta ei nedgang til 100 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år under barnevernet si omsorg i 2011, er posten redusert. Komiteen vil i tilegg vise til at det har vore ein nedgang i asyltilstrømminga til Noreg, og komiteen ser denne reduksjonen difor som ein naturleg konsekvens av dette.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil vise til at det vil vere 164 plassar i statlege omsorgssentra for einslege, mindreårige asylsøkjarar ved inngangen til 2011. Fleirtalet vil understreke at å byggje ned kapasiteten til 100 plassar ikkje er realistisk, og løyvinga på posten blir derfor føreslått redusert til å dekkje 115 plassar.
Komiteen syner til regjeringa sitt forslag og støttar dette.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at med en mer rettferdig flyktning- og asylpolitikk ville tilstrømmingen av grunnløse flyktninger reduseres sterkt, og det ville bli langt færre enslige, mindreårige asylsøkere.
Disse medlemmer viser for øvrig til Fremskrittspartiets alternative statsbudsjett.