Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Virksomheten til utvalgte statlige fond

Finansfondet vart oppretta den 6. mars 2009, ved at Stortinget vedtok «lov om Statens finansfond» på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart etablert med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St. prp. nr 40 (2008–2009), Innst. S nr 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009.

Formålet med Finansfondet er «å bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lova § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggje særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruere fondet.

I samsvar med EØS-avtalen er Noreg forplikta til å følgje mellom anna reglane om statstøtte. Det er berre høve til å gje statsstøtte som på førehand er godkjend av overvakingsorganet i EFTA, ESA. ESA gav 29. januar 2009 eigne retningsliner for kva slag statstøtte som kunne verte godkjend som støtte til normalt solide bankar. Retningslinene frå ESA svarar til tilsvarande retningsliner frå EU-kommisjonen frå desember 2008. Finansfondet vart utforma på bakgrunn av desse retningslinene, med sikte på at ESA ikkje ville ha merknader til ordninga. Departementet hadde uformell kontakt med ESA fram til formell notifikasjon av ordninga 28. april 2009. ESA fatta 8. mai 2009 vedtak om ikkje å ha merknader til ordninga.

Finansdepartementet fastsette forskrifta om Statens finansfond same dag som ESAs vedtak låg føre. Forskrifta tredde i kraft 15. mai 2009, og er ei utfylling av lova, med nærare detaljar om kor lenge bankane kan søkje om kapitaltilskot, kva slag kapital Finansfondet skal kunne skyte inn i bankar, vilkår for kapitalinnskota, restriksjonar for bankar som mottek kapitaltilskot o.l. Ifølgje forskrifta kan Finansfondet «foreta kapitalinnskudd i norsk bank ved å erverve fondsobligasjon og preferansekapitalinstrument utstedt av norsk bank og av morselskap i finanskonsern. Fondets erverv skjer etter søknad fra den enkelte bank og i henhold til avtale mellom fondet og banken». Det er ein føresetnad for erverv at «Finanstilsynet og banken bekrefter at banken oppfyller krav til kjernekapitaldekning med god margin, også hensyntatt sannsynlig utvikling i nær framtid».

Den internasjonale finanskrisa førte til at marknaden stilte høgare krav til kapitaldekning i bankane. Dermed måtte også norske bankar styrkje soliditeten sin. Bankane kunne auke kapitaldekninga anten ved å redusere utlåna sine, eller ved å auke kapitalen. Dersom mange bankar samstundes valde å redusere utlåna sine, ville det verte vanskeleg for føretak og hushald å få tilgang til lån. Ei slik innstramming av kreditten ville verke negativt på den økonomiske utviklinga, og forsterke ei negativ utvikling i norsk økonomi. Det var difor betre om bankane valde å styrkje kapitaldekninga si gjennom å hente inn ny kapital. Av di kapitalmarknadene fungerte dårleg rundt årsskiftet 2008/2009, var det vanskeleg for bankane å få tak i kapital. Statens finansfond vart difor oppretta for å sikre dei norske bankane tilgang på kapital, og dermed styrkje bankane og setje bankane betre i stand til å halde ved like ei normal utlånsverksemd, jf. mellom anna omtalen av dette i Ot.prp. nr. 35 (2008–2009) kapittel 5.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.

Komiteen tar redegjørelsen til orientering.

Statens obligasjonsfond vart oppretta i mars 2009 med ei ramme på 50 mrd. kroner. Formålet med fondet er å bidra til auka likviditet i og betre kapitaltilgang til kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Statens obligasjonsfond er eit generelt verkemiddel overfor obligasjonsmarknaden, der fondet saman med andre investorar vil kjøpe obligasjonslån som er lagde ut av norske føretak i både fyrstehands- og andrehandsmarknaden.

Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet, med eit mandat separat frå Statens pensjonsfond Noreg. Finansdepartementet fastsette den 18. mars 2009 ei forskrift om forvaltninga av Statens obligasjonsfond som slår fast at fondet skal ha ei klar finansiell målsetjing. Den finansielle målsetjinga er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til fondsformålet om å bidra til auka likviditet i og betre kapitaltilgang til kredittobligasjonsmarknaden i Noreg.

Folketrygdfondet er ansvarleg for å gjere dei enkelte investeringsvala innanfor dei retningslinene som er gjevne. Fondet skal føreta enkeltinvesteringar på forretningsmessig grunnlag, uavhengig av Finansdepartementet, og legg heller ikkje desse investeringsavgjerdene fram for Finansdepartementet på førehand.

Investeringane skal skje på marknadsmessige vilkår, og risikoen skal vere spreidd på ei rekkje utskrivarar i fleire sektorar. Kravet om marknadsmessig prising er viktig for at investeringane i Statens obligasjonsfond skal vere i samsvar med dei føresetnadene som vart lagde til grunn då lovforslaget vart fremja. Dette er òg avgjerande for å gå klar av EØS-reglane om ulovleg statsstøtte.

Det har vore eit kraftig fall i rentenivået sidan etableringa av Statens obligasjonsfond vinteren 2009, og kredittpåslaga på verdipapir i norske kroner er no monaleg reduserte samanlikna med toppnivået som vart nådd under finanskrisa. Dette gjev følgjeleg lågare kostnader for norske føretak som ynskjer å finansiere verksemda si gjennom den norske kredittobligasjonsmarknaden, samanlikna med det som var tilfelle for eit snautt år sidan.

Ved utgangen av 2009 var 8,2 mrd. kroner av den samla ramma på 50 mrd. kroner plasserte i obligasjonsmarknaden. Det var investert i totalt 53 ulike lån, og om lag halvparten av investeringane var lån til selskap innanfor bank- og finanssektoren. 70 prosent av dei investerte midlane er lån som er gjevne til selskap som har høg eller moderat kredittkvalitet («investment grade»), medan 30 prosent er lån som er gjevne til selskap med lågare kredittkvalitet («non-investment grade»). Ein vesentleg del av investeringane er gjord i fyrstehandsmarknaden, og delen i kvar emisjon har variert frå 5 til 60 prosent.

Marknadsverdien til eigedelane i Statens obligasjonsfond var ved utgangen av 2009 50,6 mrd. kroner, som er 0,6 mrd. kroner høgare enn ved etableringa. Utviklinga i marknadsverdien i 2009 var i stor grad prega av ei gradvis normalisering i kredittobligasjonsmarknaden og lågare rentepåslag.

Avkastninga av Statens obligasjonsfond var i fjor på 13,1 prosent målt i forhold til nivået på dei investerte midlane, rekna som ei tidsvekta avkastning. Rekna i forhold til startkapitalen på 50 mrd. kroner er avkastninga 1,2 prosent.

Etableringa av Statens obligasjonsfond var basert på at ein ville stimulere andre investorar til også å ta del i obligasjonsmarknaden. I vissa om at det gjennom fondet kom på banen ein vesentleg investor som vil betre marknadslikviditeten, gjekk ein ut ifrå at ein kunne skape ein positiv, sjølvforsterkande prosess gjennom at andre investorar og låntakarar då i aukande grad ville ta i bruk obligasjonsmarknaden igjen. Kommentarar frå marknadsaktørar tyder på at Statens obligasjonsfond har hatt ein positiv effekt på obligasjonsmarknaden nettopp gjennom slike indirekte verknader.

Komiteen tar redegjørelsen til orientering.