Dei overordna prioriteringane for arbeidet til regjeringa
i Europarådet er å fremje kjerneverdiane til organisasjonen – demokrati,
rettsstat og menneskerettar. Regjeringa legg stor vekt på gjennomføringa
av handlingsplanen frå Europarådets tredje toppmøte i Warszawa i
mai 2005. Handlingsplanen er retningsgjevande for arbeidet i organisasjonen.
Arbeidet til regjeringa i Europarådet i 2009
hadde hovudfokus på:
styrking av det europeiske
menneskerettssystemet,
støtte til demokratiarbeidet i medlemslanda,
utvikling av samarbeidet med EU og OSSE,
tverrkulturell dialog,
reform av Europarådets organisasjon, og
fremjing av stortingspresident Thorbjørn
Jaglands kandidatur til generalsekretærstillinga i Europarådet.
Samarbeidet i Europarådet er i dag i stor grad prega
av at Russland og land i Sentral- og Aust-Europa, i tillegg til
Sør-Kaukasus, er blitt medlemer. Det store talet på klagar til Den
europeiske menneskerettsdomstolen, særleg frå dei nye medlemslanda,
set Europarådets menneskerettssystem under press. Konflikten i Georgia
har vist at Europarådet framleis har omfattande oppgåver i fleire
av dei nye medlemslanda. Det er vidare krevjande politiske oppgåver
i forholdet til EU og eit stort behov for indre reformer i organisasjonen.
Ministerkomiteen i Europarådet vedtok i mai 2008,
på grunnlag av tilrådingar i ein rapport frå Luxembourgs statsminister
Jean-Claude Juncker, at kandidatar til stillinga som generalsekretær i
framtida skal ha erfaring på regjeringssjefsnivå eller frå anna
stilling på høgt politisk nivå. Stillinga vil difor i framtida vere
meir på linje med tilsvarande leiarstillingar i andre organisasjonar som
EU og NATO. Dåverande stortingspresident Thorbjørn Jagland vart
29. september 2009 vald til ny generalsekretær i Europarådet med absolutt
fleirtal i første valomgang. Det er første gang ein nordmann har
denne stillinga. Røystetala ved valet i Parlamentarikarforsamlinga
var 165 for Thorbjørn Jagland mot 80 røyster for den polske kandidaten,
tidlegare statsminister Cimoszewicz. Generalsekretæren leier sekretariatet
i Europarådet med rundt 1 800 tilsette i Strasbourg og 200 i felten,
og speler ei viktig rolle som dialogpartnar i det europeiske samarbeidet.
Mandatperioden er 5 år.
I tillegg til val av ny generalsekretær var
dei viktigaste sakene på utanriksministermøtet i Madrid 12. mai
2009:
utfordringane for
Menneskerettsdomstolen, medrekna foreløpig iverksetjing av to prosedyrar
i protokoll 14 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen med
sikte på å auke saksbehandlingskapasiteten i Menneskerettsdomstolen i
påvente av russisk ratifisering av protokoll 14,
vidareføring av arbeidet for å styrkje
samarbeidet mellom Europarådet og EU,
vidareføring av arbeidet for organisatorisk
reform av Europarådet,
konflikten mellom Russland og Georgia.
Situasjonen for Den europeiske menneskerettsdomstolen
(EMD) er berebjelken i Europarådets menneskerettssystem. Problema
for EMD vart ytterlegare forsterka i 2009 som følgje av auken i
talet på klagesaker, som framleis er dramatisk. Domstolen registrerte
57 100 nye klagar i 2009, 15 pst. fleire enn i 2008. Talet på uavslutta
registrerte klagesaker hadde dermed ved utgangen av 2009 auka til
119 300, ein auke på 23 pst. samanlikna med 2008. Den viktigaste
grunnen til den veldige auken i saksmengda til EMD er at Europarådet
sidan 1990 har fått 25 nye medlemsland. Det er ei viktig oppgåve
for Noreg å bidra til å sikre effektiviteten og framtida til Domstolen.
Noreg har difor òg i 2009 delteke aktivt i arbeidet for reform av
det europeiske menneskerettssystemet og for auka ressursar til Domstolen.
Våren 2009 såg det framleis ut til å vere små utsikter til at Russland
ville ratifisere protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Regjeringa mottok difor med glede meldinga om at den russiske statsdumaen 15. januar
2010 gav sitt samtykke til russisk ratifisering av protokoll 14,
og at Russland 18. februar 2010 deponerte ratifikasjonsdokumentet
under Interlaken-konferansen i Sveits om framtida for EMD. Protokollen
trer i kraft 1. juni 2010.
Klagar mot fire land utgjorde godt over halvparten
av sakene til behandling også i 2009: Russland 28 pst., Tyrkia 11 pst.,
Romania 8 pst. og Ukraina 8 pst. Når det gjeld tildømte menneskerettsbrot
i 2009, ligg Tyrkia framleis øvst på lista med 341 dommar, følgd
av Russland med 210 dommar, Romania 153, Ukraina 126 og Polen 123.
Det er ei prioritert oppgåve for Noreg å sikre
effektiviteten til Menneskerettsdomstolen. Det er uheldig at Domstolen,
som mellom anna fører tilsyn med at medlemslanda avgjer sivil- og strafferettslege
saker innan rimeleg tid, ikkje sjølv er i stand til å etterleve
dette prinsippet. Regjeringa er oppteken av å verne om den individuelle
klageretten samtidig som det må finnast løysingar som gjer at Domstolen
kan konsentrere tid og ressursar om dei viktigaste sakene. Det ekstremt
høge talet på avvisingssaker viser m.a. at det trengst betre informasjon
til potensielle klagarar om kriteria for at ei klagesak vert teken opp
til behandling i Strasbourg.
Noreg er blant landa i Europarådet med færrast dommar
mot seg. Fram til 31. desember 2009 har EMD avsagt totalt tjue fellande
og sju frifinnande dommar i saker som Noreg var part i. Samtidig
avviste eller strauk Domstolen frå lista si 89 klagar mot Noreg
berre i 2009. Det viser at, som for andre land, er prosentdelen
avviste klagar mot Noreg svært høg.
I 2009 vart det ført tre saker mot Noreg for EMD.
Det vart avsagt to frifinnande dommar (Egeland og Hanseid mot Noreg
og Procedo Capital Corporation mot Noreg ) og éin fellande dom (A
mot Noreg ). Dette er ein nedgang frå 2008, då Noreg var part i
fem saker og det vart avsagt tre fellande og to frifinnande dommar.
Regjeringa legg stor vekt på ei vidare utbygging av
samkvemmet mellom Europarådet og Den europeiske unionen (EU) og
er i denne samanhengen nøgd med oppfølginga av den nye samarbeidsavtalen
mellom Europarådet og EU som vart vedteken i 2007. Samarbeidet med
EU har i 2009 vorte styrkt. EUs Lisboa-traktat, som tredde i kraft
1. desember 2009, inneheld ei føresegn som forpliktar EU til å tiltre
den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Protokoll 14 til
EMK opnar for ei slik tiltreding frå EU si side. For at denne tiltredinga
skal kome i stand, må EU og Europarådet verte samde om modalitetane
for at EU skal kunne slutte seg til konvensjonen. EU og Europarådet
innleidde i januar 2010 forhandlingane om korleis EUs tiltreding til
EMK skal gå føre seg.
EUs tiltreding til EMK er ønskjeleg fordi det
vil styrkje vernet av menneskerettane i Europa ytterlegare og bidra
til å utvikle og sikre ein felles europeisk rettspraksis i menneskerettssaker.
Når EU tiltrer EMK, vil alle EU-borgarar ha høve til å klage EU
inn for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Regjeringa legg òg særleg vekt på å følgje opp arbeidet
med samordning og koordinering mellom Europarådet og Organisasjonen
for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Samarbeidet med OSSE
omfattar kampen mot terrorisme, tiltak mot menneskehandel, arbeidet for
toleranse og ikkje-diskriminering og vern av nasjonale minoritetar.
Den europeiske menneskerettskommissæren skal
fremje kunnskap om og respekt for menneskerettane slik dei er nedfelte
i dei ulike menneskerettsinstrumenta til Europarådet. Menneskerettskommissæren
behandlar ikkje individuelle klagar på menneskerettsbrot – noko som
ligg til Den europeiske menneskerettsdomstolen – men overvaker,
i samarbeid med nasjonale ombodsmenn eller tilsvarande nasjonale menneskerettsinstitusjonar,
den generelle etterlevinga av menneskerettane i medlemslanda, i tillegg
til at han gjev råd om korleis menneskerettane kan vernast mest
effektivt.
Den europeiske komiteen for førebygging av tortur
(torturovervakingskomiteen – CPT) overvaker oppfølginga i medlemslanda
av den europeiske konvensjonen mot tortur og anna umenneskeleg eller
nedverdigande behandling. Målet er å førebyggje brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen,
som forbyr tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling
eller straff. CPT besøkjer medlemslanda periodisk eller ad hoc for
å føre tilsyn med behandlinga av personar som er fråtekne fridomen, og
besøkjer m.a. fengsel, politiarrestar, psykiatriske institusjonar,
eldreheimar, militærleirar og mottakssenter for immigrantar som
er fråtekne fridomen. Komiteen skal ha fri tilgang til dei aktuelle
stadene og høve til å ha fortrulege samtalar med dei som er fråtekne
fridomen. Komiteen er òg i regelmessig dialog med styresmaktene
i medlemslanda.
CPT meiner at hovudutfordringane framover vert
kamp mot straffridom for tortur og umenneskeleg behandling, overfylte
fengsel på tvers av Europa og den potensielle spenninga mellom statars
plikt til å verne borgarane, for eksempel mot terrorisme, og behovet
for å vareta grunnleggjande verdiar. Årsrapporten frå CPT har eit særleg
tematisk fokus på situasjonen for migrantar utan lovleg opphald
som er fråtekne fridomen, og gjev detaljerte synspunkt på kva rettsgarantiar
denne gruppa bør nyte godt av medan dei er fråtekne fridomen.
Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom
lovgjeving (Venezia-kommisjonen) vart oppretta i 1990. Formålet
var å støtte demokratiseringsprosessen i dei sentral- og austeuropeiske
landa ved å gje juridisk assistanse til utforminga av grunnlover
og andre sentrale lover i statar som er bygde på demokratiet og rettsstatsprinsippa.
Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse
(ECRI) er eit uavhengig overvakingsorgan som har som målsetjing
å nedkjempe vald, diskriminering og fordommar mot personar eller
grupper av personar basert på m.a. rase, farge, språk, religion,
nasjonalitet eller etnisk opphav. ECRI utarbeider generelle tilrådingar om
tiltak for å nedkjempe rasisme og intoleranse.
Europarådets utviklingsbank (CEB) vart oppretta
i 1956. Mandatet var opphavleg at banken gjennom utlånspolitikken
skulle bidra til løysingar på flyktningproblem i Europa. Seinare
er mandatet utvida slik at banken skal bidra til sosialt samhøyr
i Europa. 40 av medlemslanda i Europarådet er òg medlemer av CEB.
Blant landa som ikkje er medlemer av CEB, er Russland, Storbritannia,
Ukraina og Austerrike. Noreg blei medlem av CEB frå 1. januar 1978
og representerer 1,268 pst. av kapitalen i banken.
Forum for demokrati (FFD) vart oppretta i 2005 for
å styrkje demokratiet, politisk fridom og borgarane sin medverknad
i samfunnet. Forumet skal gje impulsar til det kontinuerlege arbeidet
i Europarådet for å sikre og konsolidere demokratiet i den europeiske
regionen.
Styringskomiteen for menneskerettar (CDDH) arbeider
med utvikling og vern av menneskerettane. Komiteen møtest to gonger
i året og har ei rekkje underordna komitear og ekspertgrupper.
Styringskomiteen for likestilling (CDEG) arbeider
for like sjansar og like rettar for kvinner og menn, med nedkjemping
av kjønnsbasert vald og med integrering av kjønnslikestilling i
Europarådet og medlemslanda. Komiteen utarbeidde i 2009 ei erklæring
om å oppnå de facto likestilling mellom kjønna. Erklæringa vart
vedteken på utanriksministermøtet i ministerkomiteen i Madrid 12. mai
2009.
Arbeidet mot menneskehandel er styrkt i stor grad
ved at Europarådets konvensjon mot menneskehandel tredde i kraft
1. februar 2008. Noreg blei part i konvensjonen 1. mai 2008. Konvensjonen
var per januar 2010 ratifisert av 26 land og underteikna av ytterlegare
15 land.
Europarådskampanjen for å kjempe mot vald mot
kvinner og vald i heimen vart avslutta sommaren 2008. Kampanjen
avdekte at det var nødvendig å utarbeide eit juridisk bindande instrument
for å førebyggje vald mot kvinner, verne offer for slik vald og
å straffe overgriparane.
Etter vedtak i Ministerkomiteen og styringskomiteen
for menneskerettar vart det i 2009 etablert ein ekspertkomité (DH-LGBT)
for spørsmål som gjeld rettane for lesbiske, homofile, bifile og
transpersonar. I tråd med mandatet leverte ekspertkomiteen i november
2009 eit forslag til tilråding om lhbt-politikken i medlemslanda
til styringskomiteen for menneskerettar. Noreg var medlem i ekspertgruppa
og deltok både i arbeidet i komiteen og i nettverket av styresmaktsrepresentantar
frå land som har interesse i ein meir aktiv politikk for å sikre
rettar og ein betre livskvalitet for lhbt-befolkninga i Europa.
Noreg legg stor vekt på arbeidet i Europarådets folkerettskomité
(CAHDI) og leier for tida komiteen. Komiteen drøfter folkerettslege spørsmål
som er viktige for mandatet til Europarådet, med fokus på styrking
av den internasjonale rettsordenen, den internasjonale rettspleia og
menneskerettane. GRECO (Group of States Against Corruption), Europarådets
overvakingsorgan for den nasjonale gjennomføringa i medlemsstatane
av antikorrupsjonsinstrumenta til organisasjonen, er i dag eit etablert
og velkjent organ i den internasjonale innsatsen for å nedkjempe
korrupsjon.
Den europeiske helsekomiteen (CDSP) har frå 2009
norsk leiar. Vidare hadde Noreg i 2009 leiarane for ekspertkomiteen
om mobilitet, migrasjon og tilgang til helsetenester (SP-MIG) og komiteen
for organtransplantasjon (CD-P-TO) under delavtalen for den europeiske
farmakopeen.
Den europeiske komiteen for sosialt samhøyr (CDCS)
har i 2009 arbeidd med revisjon av strategien for sosialt samhøyr.
Noreg ønskjer å styrkje arbeidet med sosiale rettar og menneskeverd.
Noreg deltok på ministerkonferansen i Moskva om sosialt samhøyr
26.–27. februar 2009. Ministermøtet vedtok ei tilråding om at Europarådet
bør utarbeide ein ny handlingsplan for sosialt samhøyr.
Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar
pålegg statane å rapportere til Europarådet om lovgjeving og andre
tiltak som er gjennomførte for å setje prinsippa i rammekonvensjonen
ut i livet, og det barnepolitiske samarbeidet i Europarådet er forankra
i programmet Eit Europa for og med barn. Ein ny strategi for innsatsområde
i programmet for perioden 2009–2011 er utvikla med viktige bidrag
frå Noreg.
Noreg legg vekt på å styrkje lokalt og regionalt samarbeid
innanfor ramma av Europarådet. Viktige område for det mellomstatlege
samarbeidet om lokalt og regionalt demokrati i 2009 har m.a. vore
demokratisk medverknad, reformer på regionalt nivå, modellar for
interkommunalt samarbeid og erfaringar med tiltak for å dempe verknadene
av finanskrisa for kommunane. Ein tilleggsprotokoll til charteret
for lokalt sjølvstyre om rett til medverknad i sakene til lokale
styresmakter vart opna for signering 16. november 2009. Protokollen
blei ratifisert av Noreg 16. desember 2009 som første medlemsland.
Noreg er pilotland i 2009–2010 for utprøving
av strategien for innovasjon og godt styresett på lokalt nivå, basert
på tolv prinsipp. Europarådets 16. konferanse for ministrar med
ansvar for lokalt og regionalt demokrati vart arrangert i Utrecht
i Nederland 16.–17. november 2009 og vedtok ein felles europeisk
handlingsplan for arbeidet med godt styresett på lokalt og regionalt nivå.
Eit sentralt element er at Europarådet må møte utfordringar gjennom
å bli meir synleg. På dette grunnlaget er det utarbeidd ein kommunikasjonsstrategi
med tiltaksliste for arbeidet til Europarådet på området. Noreg
er ein pådrivar i arbeidet.
Rammekonvensjonen om verdien av kulturarven for
samfunnet (FARO-konvensjonen) vart ratifisert av Noreg 27. oktober
2008 som det første vestlege landet. Konvensjonen er nyskapande
og tek fatt i dei samfunnsmessige verdiane av kulturarven. Ved utgangen
av 2009 hadde i alt åtte land ratifisert konvensjonen, som trer
i kraft ved ti ratifikasjonar.
I Meld. St. 14 (2009–2010) ser regjeringa det som
viktig å styrkje Europarådets innsats for tverrkulturell og tverreligiøs
dialog, mot rasisme og intoleranse og for rettsleg samarbeid og
mot korrupsjon. Etter nordisk-baltisk initiativ vert det i handlingsplanen
frå Warszawa-toppmøtet stilt krav om reform og effektivisering av
organisasjonen og arbeidsmetodane i Europarådet. Formålet er betre
balanse mellom oppgåver og ressursar. Budsjettet for 2009 innebar
tilnærma null realvekst. For Noreg var det ei prioritert oppgåve
òg i 2009 å arbeide for auka ressursar til Domstolen og dei andre
menneskerettsinstrumenta, mellom anna menneskerettskommissæren.
Det totale norske budsjettbidraget til Europarådet var i 2009 på
4,78 millionar euro, i tillegg til 0,78 millionar euro i frivillige
bidrag og 0,7 millionar euro i tilskot til Menneskerettsfondet.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli,
Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen,
Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre og Torkil Åmland, fra Høyre,
Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide,
fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve
Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten,
viser til at Europarådet er den eldste av de store europeiske samarbeidsinstitusjonene,
og har gjennom 60 år spilt en betydelig rolle i Europa for å fremme
demokrati, rettsstat og menneskerettigheter.
Komiteen er derfor fornøyd med
at Thorbjørn Jagland i jubileumsåret ble valgt til ny generalsekretær
i rådet. Komiteen har merket seg at de norske prioriteringene
for arbeidet i rådet og rådets arbeid i stor grad har vært sammenfallende.
Arbeidet har vært preget av at Russland og flere Sentral- og Øst-Europeiske
nasjoner, nå er blitt medlemmer i rådet. Komiteen har
merket seg at Europarådets nye generalsekretær på en aktiv måte
følger opp også de norske hovedprioriteringer, som eksempelvis politiske
oppgaver og styrking av forholdet til EU, brudd på menneskerettigheter
og arbeidet med å reformere Europarådets organisasjon.
Komiteen er kjent med at antallet
klagesaker til Den europeiske menneskerettsdomstolen har hatt en
markant økning i 2009, hvor domstolen registrerte 57 100 klager.
Fra norsk side har det vært viktig å bidra til å sikre effektivitet
og fremdrift i Domstolens arbeid. Økningen i antall klager kommer
som følge av flere nye medlemsland de siste år. Antallet ubehandlede saker
var ved årsskiftet oppe i 119 300.
Videre har komiteen merket seg
Europarådets nye reformprogram, hvor rådets politiske rolle styrkes. Komiteen er
tilfreds med at rådet vier konflikten mellom Russland og Georgia
stor oppmerksomhet og at situasjonen i Hviterussland følges nøye.
Komiteen har forøvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Meld. St. 14 (2009–2010) – om Noregs deltaking
i Europarådet i 2009 – vedlegges protokollen.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 9. juni 2010
Ine M. Eriksen Søreide |
Ivar Kristiansen |
leder |
ordfører |