Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

Nærings- og handelsdepartementet legg med dette fram forslag om endringar i den maritime lovgjevinga og i meisterbrevlova. Endringane i maritim lovgjeving gjeld lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) og lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister (NIS-lova). Endringane følgjer av at ein skal gå vekk frå eit system med forskotsbetaling av gebyr til Skipsregistera og over til eit system med etterskotsbetaling. Lovendringane er tekniske endringar som er nødvendige for at Statens innkrevingssentral (SI) skal ha heimel for tvungen innkrevjing av uoppgjorte gebyr til Skipsregistera. I tillegg føreslår departementet at Statens innkrevingssentral får heimel til tvangsinnkrevjing av tvangsmulkt etter lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter og lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet (skipssikkerheitslova).

Lovendringa i meisterbrevlova er òg ei teknisk endring som er nødvendig for at SI skal ha heimel til å foreta tvungen innkrevjing av lovbrotsgebyret (overtredelsesgebyret) etter meisterbrevlova § 1, til fordel for staten.

Registrering av skip og rettar i skip er i utgangspunktet underlagt gebyr. Tilsvarande gjeld for registrering av ei rekkje endringar i registeret, samt for skip under bygging som vert registrert i skipsbyggingsregisteret.

I dag fungerar innkrevjinga av gebyra slik at Skipsregistera mottek betaling før registrering. Dette systemet, med forskotsbetaling, utgjer mykje arbeid for Skipsregistera, og det er derfor ønskjeleg å innføra eit system med etterskotsbetaling, slik det er gjort for det sentrale grunnboksregisteret for fast eigedom og for registrering/tinglysing i Brønnøysund. Skipsregistera vil med eit slikt system få ein meir effektiv registreringsprosess, og ledig kapasitet kan nyttast til andre administrative oppgåver. Ei overgang frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling vil også vere positivt for brukarane av registeret.

Registreringsgebyr vert pålagt med heimel i sjølova § 11 sjette ledd og NIS-lova § 5, mens reglane for betaling av gebyr går fram av forskrift 30. juli 1992 nr. 593 om registrering av skip i norsk ordinært skipsregister § 6 og forskrift 30. juli 1992 nr. 592 om registrering av skip i norsk internasjonalt skipsregister § 7.

Det vil bli gjort endringar i dei ovannemnte forskriftsheimlar med tanke på overgangen til etterskotsbetaling.

Den mest effektive og tenlege måten å gjennomføre innkrevjing på, er at Senter for statlig økonomistyring (SSØ) står for fakturering av gebyr, mens Statens innkrevingssentral (SI) står for tvangsinnkrevjinga. For at SI skal kunne krevja inn uoppgjorte krav med tvang, treng dei eksplisitt heimel for dette i lov.

Lovforslaga som gjeld endringane i lov om fritids- og småbåter og lov om skipssikkerhet er allereie vedtekne av Stortinget, jf. lov 19. juni 2009 nr. 74 om endringer i straffeloven 20. mai 2005 nr. 28 mv. Fordi endringane som blei vedtatt av Stortinget den 19. juni 2009 ikkje vil tre i kraft før om nokre år, ser departementet behov for at desse to lovendringane trer i kraft tidlegare. Formelt vert det difor i denne proposisjonen lagt fram eit lovforslag som er identisk med to av lovendringane som vart vedtekne den 19. juni 2009.

Ved ei lovendring i meisterbrevlova som tok til å gjelda 1. januar 2009 blei det i § 1 nytt fjerde og femte ledd innført føresegner som ga Meisterbrevnemnda heimel til å påleggje eit lovbrotsgebyr for overtreding av meisterbrevlova ved misbruk av meistertittelen.

Samtidig med lovendringa blei det i forskrift til lova fastsett føresegner om storleiken på gebyret, saksbehandlingsreglar og klagerett. Når det gjaldt sjølve innkrevjinga av lovbrotsgebyr har nemnda i samråd med departementet komme fram til at den mest effektive og tenlege måten å gjere det på vil vere at Statens innkrevingssentral (SI) står for dette, både når det gjeld den friviljuge og den tvungne innkrevjinga. For at SI kan foreta tvungen innkrevjing er dei avhengig av eksplisitt heimel i meisterbrevlova.

Endringane i den maritime lovgjevinga vil ikkje få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Ved at SI har ansvaret for inndrivinga, vil ressursar i Skipsregistera bli frigjort til nytte for andre administrasjonsoppgåver. Skipsregistera vil måtte betale SI for tenesta dei tilbyr. Det er grunn til å tru at gebyrinnkrevjing vert gjort opp meir effektivt med SI som innkrevjar enn om Skipsregistera gjer det. For det offentlege elles vil ikkje forslaget medføre nemneverdige konsekvensar.

Endringsforslaget i meisterbrevlova vil heller ikkje få vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar. Pålagt lovbrotsgebyr tilkjem statskassa. Ved at SI har ansvaret for inndrivinga vil ressursar i Meisterbrevnemnda sitt sekretariat bli frigjort. Avhengig av kor mange gebyr som vert kravd inn må Meisterbrevnemnda betale SI for tenesta dei tilbyr. Det er grunn til å tru at lovbrotsgebyret vert gjort opp meir effektivt med SI som innkrevjar enn om Meisterbrevnemnda gjer det. For det offentlege elles vil ikkje forslaget føre med seg nemneverdige konsekvensar.