Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg

Eg viser til Prop. 46 S (2009-2010) frå Utanriksdepartementet, og vil med dette orientere om at forslaget til vedtak under kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, delvis er oppført med feil beløp.

I Prop. 46 S (2009-2010) er det foreslått følgjande:

"Kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, blir auka med kr 5 621 000, frå kr 1 556 545 000 til kr 1 562 166 000."

Forslaget til samla løyving på posten er rett, men talet som viser løyving hittil i år og talet som viser forslag til auking er feil.

Bakgrunnen for dette er at kr 4 621 000 som kompensasjon for lønsoppgjeret i 2009 er tatt med i forslaget til løyving. Dette beløpet er alt løyvd, og skal ikkje løyvast på nytt no.

Eg viser i denne samanhengen til Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 88 (2008-2009) Om lønnsregulering for arbeidstakere i dei statlige tariffområdet 2009, jf. Innst. S. nr. 350 (2008-2009). Stortinget har gitt Finansdepartementet fullmakt til å fordele løyvinga på 510 mill. kroner under kap. 2315 Lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei av postane i statsbudsjettet som har lønsløyving. Ved brev frå Finansdepartementet til Utanriksdepartementet av 21. september 2009 vart denne fullmakta nytta til å fordele kr 4 621 000 til kap. 100, post 01. Det er difor ikkje naudsynt å løyve midlane på nytt.

Det rette forslaget til vedtak skal derfor vere utforma slik:

"Kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, blir auka med kr 1 000 000, frå kr 1 561 166 000 til kr 1 562 166 000."

Av same årsak som nemnt over er det også to feil i proposisjonsteksten:

Samla forslag til auke under programområde 02 Utanriksforvaltning skal vere 80,5 mill. kroner, ikkje 85,121 mill. kroner, som det går fram av proposisjonen.

Følgjande setning skal utgå: "Det blir i tillegg foreslått løyvd 4,621 mill. kroner som kompensasjon for lønnsoppgjøret 2009."