Samandrag
- Programområde 2 Utanriksforvaltning
- Programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp
- Forslag til løyvingar
- Programområde 2 Utanriksforvaltning
- Programområde 3 Internasjonal bistand
- Kap. 140 Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa
- Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)
- Kap. 161 Næringsutvikling
- Kap. 164 Fred, forsoning og demokratitiltak
- Kap. 166 Miljø og bærekraftig utvikling m.m.
- Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
- Kap. 170 FN- organisasjonar m.m.
- Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Innanfor programområde 2 blir det gjort framlegg om å auke ulike postar med til saman 80,5 mill. kroner og redusere andre postar med 142,5 mill. kroner. Endringane har i hovudsak samanheng med endra tilskot til internasjonale organisasjonar (m.a. FN og EFTA), endringar i utbetalingane under EØS-finansieringsordningane og mindre endringar i departementet sine administrasjonsutgifter, jf. omtale nedanfor.
Innanfor budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 3 blir det gjort framlegg om auka løyvingar på enkelte postar med til saman 356,622 mill. kroner og reduksjonar på andre postar med til saman 191,622 mill. kroner. Samla budsjettramme for utviklingshjelp i 2009 blir etter dette foreslått auka med 165 mill. kroner, av dette 65 mill. kroner i tilleggsløyving til donasjon av vaksiner til utviklingsland og 100 mill. kroner i tilleggsløyving til dekking av auka flyktningutgifter i Noreg (ODA).
Av 266,6 mill. kroner i auka flyktningutgifter (ODA) blir 166,6 mill. kroner foreslått finansiert ved omfordeling frå andre postar på budsjettet, jf. omtale nedanfor. Andre forslag til omfordeling omfattar mindre endringar pga. endra valutakurs og lønsoppgjeret 2009.
65 mill. kroner i donasjon av pandemivaksine til utviklingsland er nærare omtalt i Prop. 2 S (2009–2010) frå Helse- og omsorgsdepartementet og under kap. 170 post 76 nedanfor.
Det er etablert ei stilling som næringslivsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk for styrking av det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008). I samband med dette blir det foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå kap. 118, post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til kap. 100, post 1 Driftsutgifter.
Løyvinga blir foreslått auka med 5,621 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga grunna FNs generalsekretær Ban Ki-moon sitt besøk til Noreg sommaren 2009 og tildelinga av Nobels fredspris til USAs president Barack Obama.
Løyvinga blir foreslått auka med 2,5 mill. kroner.
Utgiftene til kongefamilien sine reiser til utlandet i 2009 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1,5 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 63 mill. kroner.
Forslaget har i hovudsak samanheng med meir- eller mindreutgifter i pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar, i hovudsak til FNs fredsbevarande operasjonar, EFTA og EFTA-organ og justering av enkelte bidrag til internasjonale organisasjonar pga. endra valutakurs.
Det er behov for mindre budsjettmidlar på grunn av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått redusert med 40 mill. kroner.
Det er behov for mindre budsjettmidlar på grunn av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått redusert med 37 mill. kroner.
Det har vore raskare framdrift og utbetalingstakt i prosjekt under denne ordninga enn tidlegare planlagt.
Løyvinga blir foreslått auka med 77 mill. kroner.
Det blir foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå denne posten til finansiering av stilling som næringsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk, jf. og omtale under kap. 100 post 1 ovanfor.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.
Det blir foreslått løyvd 3,3 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret 2009.
Det blir foreslått løyvd 1,1 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret 2009.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 77 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Dette er det funne rom for pga. forseinka utbetalingstakt for enkelte avtalar.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 25 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er ledige midler på posten pga. av forseinka framdrift i enkelte prosjekt. Omfordelinga får ikkje konsekvensar for fortløpande prosjekt og program.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er ledige midler på posten pga. at enkelte prosjekt ikkje har kome i gang. Omfordelinga får ikkje konsekvensar for løpande prosjekt.
Disponibel løyving på posten blir foreslått redusert med 4,622 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Bruken av midlane på denne posten er nærare omtala i St.prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 166 post 70.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 9 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er ledige midlar grunna forseinka framdrift i prosjekt knytta til frihandelsavtalar.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er funne rom for dette pga. av forseinka framdrift i enkelte prosjekt.
Dei ODA-godkjende utgiftene til flyktningar i Noreg har auka i 2009. Dette er omtalt under respektive proposisjonar om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Kap./post 3653/1, 3690/3 og 3690/4), Kunnskapsdepartementet (Kap./post 3225/4) og Barne og likestillingsdepartementet (Kap./post 3854/4 og 3856/4) som administrerer tiltaka for flyktningar i Noreg.
Det er rekna med at 266,6 mill. kroner av dei auka flyktningutgiftene kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp, jf. OECD sitt regelverk. Løyvinga på denne posten blir foreslått auka med 266,6 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 65 mill. kroner for donasjon av inntil 10 pst. av Noreg sine pandemivaksiner til utviklingsland gjennom Verdens helseorganisasjon (WHO). Denne løyvinga vil bli refundert Helse- og omsorgsdepartementet som inngår avtale om donasjon med WHO, jf. Prop. 2 S (2009–2010).
I tillegg blir det gjort framlegg om å omdisponere 4 mill. kroner av løyvinga på posten til dekking av auka utgifter på andre postar.
Det blir gjort framlegg om ei netto tilleggsløyving på posten på 61 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 8,6 mill. kroner grunna meirutgifter som følgje av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått auka med 16,022 mill. kroner grunna meirutgifter som følgje av endra valutakurs.
Det er gitt tilsegn om 150 mill. kroner til Verdensbankens klimafond "Scaling up renewable energy for low-income countries" (SREP) over perioden 2009–2011. Fondet er førebels ikkje operativt og noko av innbetalinga vil først skje i 2010.
Løyvinga blir foreslått redusert med 66 mill. kroner.