Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2009.

Det fremjas forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 9 Arbeid og sosiale formål med 227,4 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 3 550 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 450 mill. kroner. Samla gjeras det framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med i overkant av 2 872,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 173,3 mill. kroner.

Følgjande områder i proposisjonen blir ikkje handsama av arbeids- og sosialkomiteen, men av kommunal- og regionalkomiteen: kap. 651, 653, 690, 3651, 3653 og 3690, og er difor ikkje omtalt i denne innstillinga.