Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Programkategori 21.50 Jernbaneformål

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4350, som er knytt til drift og vedlikehald, foreslår departementet å auka løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 50,9 mill. kroner, jf. kap 4350.

Det blir betalt køyrevegsavgift for malmtransporten på Ofotbanen. Som følgje av finanskrisa og dårlegare konjunkturar har det blitt mindre malmtransport enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2009. Departementet foreslår derfor å redusera løyvinga på kap. 4320, post 1 Køyrevegsavgift, med 13 mill. kroner.

Sal av varer og tenester frå Jernbaneverket har vore større enn det som var lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2009. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4350, post 2 Sal av utstyr og tenester, med 121,9 mill. kroner.

Jernbaneverket sel vidare elektrisitet. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4350, post 6 Vidaresal av elektrisitet til togdrift, med 58 mill. kroner.

Komiteen har ingen merknader og støtter Regjeringens forslag.