8. Økonomiske og administrative konsekvensar
Mange av dei oppgåvene forvaltninga utfører, er nært knytte til grunnverdiar som rettstryggleik og demokratisk deltaking. Det er ikkje mogleg å rekne seg fram til nytta av å realisere slike verdiar. Det er likevel mogleg å forbetre arbeidet med å realisere dei. Dei statlege verksemdene har i 2009 til saman driftsutgifter på 131 mrd. kroner (St.prp. nr. 1 (2008–2009)). Om berre ein liten del av desse ressursane vart vridne over på auka innsats for å betre styringssystema og arbeidsprosessane, kunne forvaltninga løyse oppgåvene sine med høgare kvalitet og større effektivitet.
Fleire av dei tiltaka meldinga gjer greie for, er under gjennomføring. På andre område inneber meldinga ei forsterking av den forvaltningspolitikken Regjeringa står for. I proposisjonen vert det gjort greie for nokre konsekvensar av desse tiltaka, endå fleire av dei er ei forlenging eller ei forsterking av tiltak som Regjeringa allereie har sett i verk. Det er vanskeleg å rekne seg fram til kva for samfunnsøkonomiske konsekvensar kvart enkelt av tiltaka i forvaltningspolitikken har. Korleis statsforvaltninga fungerer, har likevel store konsekvensar for einskildmenneska, næringsverksemdene og andre samfunnsaktørar.
Privatpersonar, organisasjonar og næringsverksemder er avhengige av at statsforvaltninga er kompetent og effektiv. Til dømes kan eit betre språk, betre brukarretting og meir oversiktlege elektroniske tenester spare tid for innbyggjarane. Om kvar innbyggjar bruker gjennomsnittleg eitt minutt mindre i året på å få tak i den informasjonen han eller ho treng frå statsforvaltninga, inneber det sparte tidskostnader som svarar til om lag 9 mill. kroner i året.
Arbeidet med å samordne og forenkle oppgåveplikter (innrapporteringsplikter) som statlege verksemder pålegg næringslivet, førte i løpet av ein 10-årsperiode til ein netto reduksjon i oppgåvepliktene for næringslivet på vel 1 000 årsverk. Ei samla effektivisering på berre 1 prosent på driftsbudsjetta til dei statlege verksemdene vil frigjere ressursar tilsvarande 1,3 mrd. kroner.
Dei aller fleste forvaltningspolitiske tiltaka – som til dømes betre samordning, meir openheit, betre språk og god saksutgreiing – krev forbetring av dei daglege rutinane i verksemdene. Kostnadene med dette skal verksemdene dekkje innafor sine eigne eksisterande budsjettrammer. Men ofte fører forvaltningspolitiske tiltak til utviklingskostnader og krev eit sentralt forvaltningspolitisk apparat som kan samle og spreie kunnskap, kartleggje utviklingstrekk, identifisere forbetringsområde innafor og på tvers av sektorar og gjennomføre fellestiltak der det er naudsynt. Kostnadene med desse aktivitetane vert dekte innafor dei ordinære budsjettrammene til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) når ikkje anna er særskilt nemnt i dette kapitlet. Slik Regjeringa ser det, er eit velfungerande forvaltningspolitisk apparat ein føresetnad for kontinuitet og systematikk i arbeidet med forbetring og fornying av forvaltninga på tvers av sektorane.