Sammendrag
Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag til ei avsluttande supplering av Verneplan for vassdrag.
Gjennom Stortinget si handsaming av Verneplan I – IV for vassdrag og suppleringa som Stortinget handsama i 2005, er 391 vassdrag no varig verna mot kraftutbygging. Dette er verna vassdrag som tilsvarar eit utbyggingspotensial på om lag 45 TWh, og ein må derfor vere varsam med å redusere potensialet for fornybar energi gjennom ytterligare vern. Ei utviding av verneplanen kan likevel vere aktuell dersom det blir påvist særskilte kvalitetar som manglar i planen. Dette må samstundes vurderast i lys av dagens klimautfordringar og trongen på fornybar energi.
Vern av Vefsna i Nordland blei vurdert under arbeidet med Verneplan IV for vassdrag, jf. St.prp. nr. 118 (1991–1992). Stortinget gav samtykke til at sidegreina Svenningdalselva ovanfor Trofors vart tatt inn i verneplanen, jf. Innst. S. nr. 116 (1992–1993).
I arbeidet med supplering av Verneplanen blei vern av heile nedbørsfeltet til Vefsna vurdert på nytt, jf. St.prp. nr. 75 (2003–2004) og Innst. S. nr. 116 (2004–2005), og man skulle avvente verneprosessen for å vurdere om det var mogleg å gjennomføre utbygging som ikkje ramma naturverninteressene.
Regjeringa vert samstundes i Innst. S. nr. 116 (2004–2005) oppmoda om å starte førebuande arbeid med sikte på å verne Tovdalsvassdraget nedanfor Herefossfjorden i Aust-Agder og Vest-Agder, Øystesevassdraget i Hordaland og Langvella i Sør-Trøndelag.
Regjeringa tilrår i denne proposisjonen at Vefsnavassdraget no vert tatt inn i Verneplan for vassdrag. Regjeringa tilrår også å ta inn nedre Tovdalsvassdraget i verneplanen. Regjeringa meiner det ikkje er grunnlag for å verne Langvella, og vassdraget Øystese tilrås ikkje verna no. Dei einskilde objekta, departementshøyringa og departementet si grunngjeving og tilråding er det gjort rede for i proposisjonen.
Regjeringa føreslår i denne proposisjonen å verne vassdrag med eit utbyggingspotensial på om lag 2,15 TWh/år, kor Vefsna utgjer om lag 1,8 TWh/år. Dette kraftpotensialet tek utgangspunkt i ei utnytting av vassdraga utan minstevassføring, og kan ikkje samanliknast med kva som kunne blitt bygd ut.
Regjeringa meiner at verdien av å sikre verneverdiane i Vefsna og Tovdal er monaleg større enn fordelane ved krafttilgangen ved utbygging.
Det er aktuelt å sette av særskilde midlar over statsbudsjettet til slik planlegging, og Regjeringa vil komme tilbake til saka.
I tillegg til forslaga om suppleringar i verneplanen, ber departementet i proposisjonen om samtykke til å konsekvensutgreie og konsesjonshandsame eit kombinert skredsikrings- og kraftutbyggingsprosjekt i Aurland kommune.
Forslag om tillegg til supplering av Verneplan for vassdrag inneber at vassdragas vernestatus må takast omsyn til i arealplanlegging etter plan- og bygningslova, og ved handsaming etter vassressurslova og anna sektorlovverk.
Det vises i poposisjonen til at det i RPRVV legg opp til at vassdraget og areala nærmast dette, bør forvaltast med omsyn til kva for verneverdiar som er tilstades, og kva status areala har (arealtilstand). Retningslina seier og kva for generelle omsyn som det er viktig å legge vekt på i forvaltninga av vassdraga.
Departementet meiner at RPRVV gjev stort handlingsrom for kommunal planlegging dersom kommunane nyttar den fleksibilitet som ligg i ei differensiert forvaltning av dei verna vassdraga. Det vises til at det er for tidleg å gjennomføre ei større evaluering av RPRVV no, men ein vil sjå på tiltak slik at kommunane i større grad tek i bruk dei verkemidla som finst. I samråd med Miljøverndepartementet vil Olje- og energidepartementet arbeide for å auke kunnskapen hos dei lokale styresmaktene om RPRVV og om differensiert forvaltning. Departementet vil mellom anna vurdere å lage rettleiingsmateriell.
Departementet viser i proposisjonen til EUs rammedirektiv for vatn, som vart gjennomført av forskrift om rammer for vassforvaltninga i 2006. Formålet med vassdirektivet er å sikre ein samla og økosystembasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn i Noreg. Samla forvaltningsplanar skal være med på å verje om, og om naudsynt forbetre, tilhøva i ferskvatn, grunnvatn og kystnære områder.
Planlegging etter forskrifta skal omfatte alle vassdrag i Noreg, også vassdrag i Verneplan for vassdrag.
Departementet meiner det bør utgreiast nærare korleis forvaltningsplanlegging i verna vassdrag, koordinert med forvaltningsplanlegging etter forskrift om vassforvaltninga, kan medverke til å sikre nasjonale verneverdiar og gi mest mogleg kunnskap på førehand for kommunar og andre aktørar. Departementet meiner det i denne samanhengen bør gjennomførast eit prøveprosjekt med heilskapleg planlegging i Vefsnavassdraget.
Regjeringa tilrår i proposisjonen vern av Vefsna, - og at Vefsnavassdraget tas inn i Verneplan for vassdrag. Nedbørsfeltet er meir enn 3 500 kvadratkilometer og omfattar fire kommunar.
Det tilrås å skipe 4 separate næringsfond til dei berørte kommunane på til saman 150 mill. kroner i eigenkapital. – Midlane skal fordeles med 40 pst. til Hattfjelldal, 40 pst. til Grane, 15 pst. til Vefsn og 5 pst. til Hemnes. Dette blir nærare omtala i Revidert nasjonalbudsjett 2009.
Konsekvensane av vern, verneplanens historikk og generelle økonomiske og administrative konsekvensar, er omtala i den generelle delen i proposisjonsteksten til supplering av Verneplan for vassdrag.
Verneverdiane i vassdraget er til dels komplekse og ujamt fordelt. Mellom anna er det variasjonar i kor urørt og teknisk påverka vassdraget er, og trongen for differensiert forvaltning er tilsvarande stort.
Departementet foreslår at det vert etablert eit prøveprosjekt med samla vassdragsforvaltning i Vefsna. Planlegginga må følgje rammene i vassdirektivforskrifta, og må sjåast i lys av Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag, vernevedtaket for Vefsna, og Vefsna som nasjonalt laksevassdrag.
Planlegging etter vassdirektivet følgjer rammene for fylkesdelsplanar, og krev monaleg regional og lokal medverknad. Planlegginga skal også omfatte sidegreina Svenningdalselva.
Det vises til at ei samla planlegging i vassdraget kan legge til rette for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje i nokon grad er i strid med verneverdiane. Dette vil gje større tryggleik for verneverdiane og påreknelege rammer for dei ulike brukarinteressene. Alle aktuelle prosjekter skal konsesjonshandsamast, og ingen prosjekt vil bli handsama før planen er godkjent.
Departementet meiner at ei eventuell konsesjonshandsaming kan fristillast frå tidlegare føresetnader om 1 MW som maksimal utbygging i verna vassdrag, av di ein føresetnad er at det nye regimet skal gje tilsvarande tryggleik for verneverdiane. Departementet meiner dette er tilhøve som bør utgreiast nærare som ledd i eit prøveprosjekt med samla planlegging i vassdraget.
Det vises til at potensialet for mindre kraftverk i Vefsna må reknast som lite av di nedbørsfeltet til Vefsna inneheld store urørte område og verneverdiar knytt til desse.
Ramma for eit prøveprosjekt med heilskapleg forvaltning i Vefsnavassdraget vert forma av miljø- og vassdragsstyresmaktene i samråd med lokale og regionale styresmakter. Arbeidet bør starte med ein gong eit vernevedtak føreligg.
Lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart påvist i Vefsna i 1978, og det er rekna at parasitten gjev eit årleg tap på om lag 50–60 mill. kroner i Vefsnregionen.
Det vises til at Vefsna blei nasjonalt laksevassdrag i 2007 med bakgrunn i vassdragets store potensial for lakseproduksjon. Vefsna er Nordlands største vassdrag, og kjemisk behandling av vassdraget vil vere komplisert og sette store krav til planlegging og gjennomføring. Det tas sikte på detaljkartlegging, hydrologiske undersøkingar og simulert behandling av vassdraget i 2009, og med rotenonbehandling i 2010 og 2011.
Departementet viser til at det er dokumentert at eit stort fjellparti i Aurland kommune i området Stampa er i rørsle mot Aurlandsfjorden og Flåm. Kommunen har med stønad frå Statens Naturskadefond fått utført geologiske undersøkingar i området, kartlagt sprekkesystem og rørsle. Fjellpartiet er ustabilt, og det er fare for fjellskred. Det ustabile fjellpartiet er eit av dei største som er kartlagt i Noreg. Eit fjellskred frå Stampaområdet kan gje store øydeleggingar i Flåm og føre til ei øydeleggjande flodbølgje i Sognefjorden med særs store negative konsekvensar for mange kommunar langs fjorden.
Vassdraget har høge naturfaglege og kulturfaglege verneverdiar. Flåmselva har stor verdi for friluftsliv og turisme. Flåmsvassdraget er eit av dei få større attverande vassdrag i indre Sogn som ikkje er sterkt prega av vasskraftutbygging, men det er to mindre kraftverk i elva.
Risikoen for fjellskred i Flåm med etterfølgjande flodbølgje i Sognefjorden er samfunnsmessige særs alvorleg. Styresmaktene må difor sette i verk tiltak som kan redusere skredfaren. Det er ikkje kjent kva for verknad ei fråføring av vatn frå sidevassdraget Gudmedøla vil ha for verneverdiane i Flåmsvassdraget, men det er naudsynt å dokumentere verknadene før det eventuelt kan bli aktuelt å gje løyve til ei overføring. Ei konsesjonshandsaming med konsekvensutgreiingar kan syte for slik dokumentasjon.
Samfunnsnytta av å redusere skredfaren er vurdert å vere betydeleg, samstundes som det gjev eit krafttilskot på 60 GWh/år. Departementet fremjar i proposisjonen forslag om å opne for konsesjonshandsaming av Stampaprosjektet som omfattar Gudmedøla. Å opne for konsesjonshandsaming inneber ikkje eit samtykke til at prosjektet vert realisert, men berre eit samtykke til å utgreie prosjektet vidare. Prosjektet vert lagt fram for Stortinget på nytt når konsesjonssøknaden er ferdig handsama. Det vil då verte klargjort kva for verknad tiltaket vil ha for å stabilisere fjellpartiet, i kor stor grad vassdragets verneverdiar vert påverka og kva for følgjer dette vil ha for vernestatusen til sidevassdraget.
Departementet meiner det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å tilrå at det opnast for konsesjonshandsaming av Vindedalselva.