Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Anders Anundsen og Jon Jæger Gåsvatn om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie
Dette dokument
- Innst. S. nr. 261 (2008–2009)
- Kildedok: Dokument nr. 8:96 (2008–2009)
- Dato: 28.05.2009
- Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I dokumentet vert dette framlegget fremja:
"Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfri for heile grunnopplæringa."
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse Michaelsen, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til representantforslaget.
Komiteen viser til Dokument nr. 8:29 (2007–2008) og Innst. S. nr. 119 (2007–2008) om eit tilsvarande forslag, der fleirtalet meinte dette:
"Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, viser til at obligatorisk undervisning i sidemål har lange tradisjonar i norsk skole, og at endringar i lovverket som gjer at sidemålsundervisninga i skolen blir valfri, vil føre med seg ei monaleg endring av den norske språkpolitikken.
Fleirtalet meiner sidemålet har ein naturleg plass så vel i grunnskolen som i den vidaregåande skolen. Undervisninga i sidemål er ein viktig del av skolen si formidling av den nasjonale kulturarven, og kjennskap til og bruk av begge skriftformene er ei vinning for det norske språket.
Fleirtalet viser til at det for ei rekkje stillingar gjeld eit krav om å meistre båe målformer, mellom anna innafor skoleverket og kommune-/statsadministrasjonen. Fleirtalet har merka seg at det i framlegget vert vist til Norsk språkråd som i ei høyringsfråsegn peika på at:
"Statsinstitusjonane har vanskeleg for å etterleve mållova, og mange av dei grunngjev dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg."
Fleirtalet meiner i den samanhengen at det er behov for å sjå nærare på om sidemålsopplæringa, og da særskilt nynorsk, bør styrkast. Fleirtalet ber Regjeringa syte for at dei språkpolitiske målsettingane om jamstelling av dei to målformene våre vert tekne i vare i utdanningssystemet."
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Høgre viser til at Noreg har tre skriftspråk; samisk og norsk, med språkvariantane bokmål og nynorsk. Bokmål er den dominerande målforma i Noreg, og blir i dag nytta i skriving av 85–90 prosent av alle nordmenn. Norskfaget i opplæringa har dei siste 10–15 åra vore under ordskifte og endring. Vi lever i alt høgare grad i eit fleirkulturelt samfunn, og i same periode har både nasjonale og internasjonale studiar peika på behovet for å betre lese- og skriveopplæringa i norsk skole. Ordskiftet om norskfaget har vore prega av den særnorske situasjonen med to målformer og opplæring i eit sidemål i tillegg til hovudmålet. Nynorsk har blitt særleg diskutert fordi ein har sett situasjonen til denne målforma som problematisk.
Desse medlemene viser til at det er identitet knytt til målform, og språkspørsmål vekkjer derfor kjensler. Språk dreier seg om kultur, kulturelt mangfald og respekt for kvar sin språkidentitet. Ei innføring av valfri skriftleg sidemålsopplæring er sjølvsagt ikkje synonymt med fritak i opplæring i sidemålet. Ein slik valfridom må etter desse medlemene si meining kombinerast med styrka opplæring i norsk språkhistorie og litteratur i sidemålet, samtidig som det skal frigjere tid til betre opplæring i hovudmålet. Tida er overmoden for at vi konsentrerar tid og krefter på at alle skal bli betre i hovudmålet, og derfor ønskjer desse medlemene at den skriftlege delen av sidemålet skal gjerast valfri. Det språkpolitiske slaget i tida framover vil i alle høve ikkje stå mellom bokmål og nynorsk, men mellom norsk og den massive engelskspråklege påverknaden.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet meiner det har liten nytteverknad å ha krav til undervisning og eksamen i to nesten like språk. Desse medlemene viser til at norske elevar har låg fagleg kompetanse i lesing, og meiner det kan henge saman med kravet til undervisning og eksamen i to nesten like skriftspråk.
Desse medlemene meiner, til skilnad frå komitéfleirtalet, at det i praksis er særs få stillingar der det er vert kravd å ha fullgod kompetanse i båe målformene. Desse medlemene meiner målformene er så like at det er unaturleg å krevje særskild kompetanse i båe målformene ved tilsetjing i offentlege administrative stillingar.
Desse medlemene legg merke til at alle parti jamt snakkar om kor viktig det er å prioritere auka innsats for å sikre elevane sine basisdugleikar. Samstundes er fleirtalet sjeldan viljug til å syne konkret handling. Desse medlemene har registrert at fleire er komne til den sannkjenninga at sidemålskravet har spela ut si rolle og bør skiftast ut med eit fokus på lesedugleikar.
Desse medlemene vil vise til at Elevorganisasjonen i haust også kravde valfritt sidemål. Til VG 22. oktober 2008 seier leiaren av Elevorganisasjonen, Håvard Vederhus: "Elevene må få velge selv om de ønsker å ha sidemål eller ikkje".
Språkprofessor Finn Erik Vinje gjev òg full støtte til eit slikt syn, og seier mellom anna til NRK at han meiner den skriftlege undervisninga i sidemål er overmogen for utskifting:
"Den har snart eksistert i 100 år og har utspilt sin rolle. Det ligger noe nesten naturstridig i at man skal uttrykke sine tanker, stemninger og meninger på to variantar av norsk skriftspråk, som i tillegg er til forveksling like."
Desse medlemene meiner at dette syner at det ikkje finst store faglege argument for å ha obligatorisk undervisning i sidemål, men at ein tvert om kan ha mykje å hente på å gjere ho valfri slik at dei som verkeleg ynskjer å lære sidemål, får gjere det på ein skikkeleg måte.
Desse medlemene sannkjenner at språkdebatten har ein tendens til å skape motsetnader, og er kjende med at statsminister Wollert Konow gjekk av som statsminister i 1912, mellom anna på grunn av sitt syn på nynorsken. Men desse medlemene hadde håpa at tilnærminga til språkdebatten hadde endra seg noko sidan den gongen.
Desse medlemene vil presisere at føremålet med forslaget ikkje er å øydelegge for ein av språkformene, men gjere tilveret for elevane betre og enklare ved at dei får eitt skriftspråk å halde seg til. Om det er bokmål eller nynorsk, vil vere opp til den einskilde lærestaden og den einskilde eleven å definere.
Desse medlemene registrerer at det frå einskilde hald vert gjeve uttrykk for ei redsle for at nynorsk vil verte borte og at verdien som nynorsk har hatt for Noreg, ikkje minst i litteraturen, vil verte svekka dersom forslaget frå Framstegspartiet vert vedteke. Desse medlemene meiner denne redsla er totalt ugrunna og meiner det vil vere viktig å gje elevar, same kva målform dei har, god kjennskap til norsk litteratur og litteraturhistorie. I eit slikt bilete vil nynorsk spele ei av to hovudroller.
Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:
Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfri for heile grunnopplæringa, og tilby dette som valfag. Munnleg sidemålsundervisning, dialektlære og litteratur- og kulturkunnskap held fram å vere ein del av den obligatoriske norskundervisninga.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Dokument nr. 8:96 (2008–2009) – representantforslag frå stortingsrepresentantane Anders Anundsen og Jon Jæger Gåsvatn om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie – vert ikkje vedteke.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 28. mai 2009
Ine Marie Eriksen Søreide |
Dagrun Eriksen |
leiar |
ordførar |