Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Riksrevisjonen følgjer normalt opp forvaltningsrevisjonar tre år etter at sakene er behandla. Dersom det ikkje er gjort synlege framsteg etter tre år, blir saka følgt opp igjen året etter.

Dokument nr. 3:1 (2008–2009) omtalar oppfølginga av ti forvaltningsrevisjonar. Det går fram at Riksrevisjonen har avslutta åtte av sakene. Følgjande to saker blir følgt opp vidare:

  • Dokument nr. 3:12 (2003-2004) Riksreivjonens undersøkelse av bærekraftig bruk av reinbeiteressursane

  • Dokument nr. 3:6 (2004-2005) Riksrevisjonens undersøkelse av Norges forskningsråds handlingsrettede programmer.

Dokumentet vart sendt til Stortinget 12. februar 2004. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 1. juni 2004, jf. Innst. S. nr. 215 (2003–2004). Saka vart behandla i Stortinget 7. juni 2004.

Oppfølginga av Dokument nr. 3:7 (2003–2004) vart rapportert til Stortinget i Dokument nr. 3:1 (2007–2008) Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjoner behandlet av Stortinget. Dokumentet vart sendt til Stortinget 18. oktober 2007. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 27. november 2007, jf. Innst. S. nr. 44 (2007–2008). Stortinget behandla saka 3. desember 2007.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen viste til at Finansdepartementet hadde sett i verk eller ville gjennomføre fleire tiltak for å betre dei svakheitene som undersøkinga til Riksrevisjonen hadde avdekt. Komiteen peikte også på at Riksrevisjonen meinte det var for tidleg å vurdere om dei tiltaka som var sette i verk, hadde hatt den ønskte verknaden. Ressursbruken til verksemdskontrollen såg mellom anna ut til å ha gått ned. Komiteen var derfor tilfreds med at Riksrevisjonen ville følgje saka vidare.

Målet med den oppfølgjande undersøkinga har vore å vurdere statusen for dei tiltaka som er sette i verk, og særleg om omorganiseringsprosessen har medverka til å styrkje verksemdskontrollen, slik føresetnaden var.

Finansdepartementet har i brev av 16. april 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for måloppnåringa for omorganiseringsprosessen og verksemdskontrollen og dessutan enkeltståande tiltak.

Omorganiseringsprosessen i toll- og avgiftsetaten vart sett ut i livet i 2004, og i prosessen vart dei tidlegare ti tolldistrikta i etaten reduserte til seks tollregionar. Evalueringa til Toll- og avgiftsdirektoratet viste at etaten i stor grad har gjennomført dei strukturelle endringane som Stortinget vedtok.

For å styrkje verksemdskontrollen slik det var tenkt, har toll- og avgiftsetaten satsa på å rekruttere tollrevisorar både eksternt og internt. I tillegg er det fleire internt i toll- og avgiftsetaten som deltek i etterutdanning. Slik Finansdepartementet og Toll- og avgiftsdirektoratet ser det, vil den pågåande interne og eksterne rekrutteringsprosessen styrkje verksemdskontrollen.

Toll- og avgiftsdirektoratet har laga ei rettleiing for utarbeiding av dei regionale risikovurderingane og den nasjonale risikoanalysen på kontrollområdet. Tollregionane utarbeider den regionale risikoanalysen kvart andre år, og den nasjonale vurderinga blir utarbeidd i etterkant av dei regionale.

Toll- og avgiftsdirektoratet vil evaluere risikoanalysane i løpet av 2008, og direktoratet vil framleis styrkje arbeidet med dei regionale risikoanalysane, slik at dei i enda større grad kan leggjast til grunn i styringa av kontrollarbeidet.

Ifølgje Finansdepartementet blir det utarbeidd nye forskrifter til ny lov om toll og vareførsel som det er planlagt å setje i verk i 2009. Departementet vil også vurdere endringar i samband med særavgifter som eit resultat av NOU 2007:8 En vurdering av særavgiftene.

Finansdepartementet opplyste at toll- og avgiftsetaten får fleire og fleire førespurnader retta til informasjonssentra i etaten, og at ein kontinuerleg arbeider med å betre funksjonaliteten og utviklinga av nye tenester på nettsidene til etaten. Det har også vorte gjennomført brukarundersøkingar som grunnlag for å utforme spesielle informasjonstiltak som er retta mot særavgiftspliktige verksemder.

Riksrevisjonen har merka seg dei tiltaka Finansdepartementet og toll- og avgiftsetaten har sett i verk for å betre resultata innanfor verksemdskontrollen. Det er positivt at risikoanalysane til toll- og avgiftsetaten er under utvikling, og at dei i større grad blir lagde til grunn i styringa av kontrollarbeidet.

Riksrevisjonen har registrert at det generelle kontrollnivået har vore stabilt, men peiker på at prosentdelen av kontrollerte toll- og avgiftspliktige verksemder har gått ned etter omorganiseringa. Toll- og avgiftsetaten har heller ikkje greidd å få styrkt ressursane når det gjeld verksemdskontroll, slik ein rekna med før omorganiseringsprosessen. Riksrevisjonen ser derfor på arbeidet i toll- og avgiftsetaten med å rekruttere både internt og eksternt som svært viktig for å kunne styrkje ressursane i verksemdskontrollen.

Riksrevisjonen vil følgje opp verksemdskontrollen i den årlege rekneskapsrevisjonen.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Dokumentet vart sendt til Stortinget 13. september 2004. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 18. januar 2005, jf. Innst. S. nr. 100 (2004–2005). Saka vart behandla i Stortinget 3. februar 2005.

Departementet har i brev av 22. april 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for status på området og kva for tiltak som er sette i verk.

Departementet viser til Strukturfondet for kapasitetstilpassing av fiskeflåten, som vart etablert i 2003 som eit nytt verkemiddel innanfor kapasitetstilpassing. Departementet viser vidare til at det er planlagt ei ekstern evaluering av Strukturfondet, og at konklusjonane frå dette arbeidet skal liggje klare før ein tek stilling til om Strukturfondet skal førast vidare etter 2008.

Departementet opplyser vidare at det no generelt blir lagt større vekt på å evaluere verkemiddelbruken til departementet. Ein planlegg å utvikle eit heilskapleg system for evalueringar innanfor ansvarsområdet til departementet, og ei rekkje evalueringar blir planlagde eller gjennomførte.

Departementet opplyser at det er laga ei overordna nasjonal strategisk risikovurdering for ressurskontroll. Ifølgje departementet skal dokumentet medverke til at ein ser dei ulike kontrollaktivitetane og kontrollområda i ein heilskapleg samanheng.

Departementet viser vidare til at det etter ei vurdering av kontrollansvaret som salslaga har i samband med utarbeiding av den nye havressurslova, er vedteke ikkje å påleggje salslaga å bruke inndregne midlar til å styrkje ressurskontrollen.

I svarbrevet sitt opplyser departementet at det blir lagt vekt på at etatsstyringa skal utviklast til å bli meir strategisk og mål- og resultatorientert.

Riksrevisjonen ser positivt på tiltaka Fiskeri- og kystdepartementet har sett i verk for å betre forvaltninga av fiskeressursane.

Riksrevisjonen registrerer likevel at kvotefastsetjingane for hyse har lege over tilrådingane frå Det internasjonale rådet for havforsking i heile perioden 2005–2008 og for torsk i delar av perioden. Riksrevisjonen registrerer òg at overslaga forvaltninga har gjort over nedgangen i urapportert fiske, har vore høgare enn dei Det internasjonale rådet for havforsking har lagt til grunn for tilrådingane sine. Ved behandlinga av Dokument nr. 3:13 (2003–2004), jf. Innst. S. nr. 100 (2004–2005), såg kontroll- og konstitusjonskomiteen det som svært viktig at det blir lagt vekt på tilrådingar frå Det internasjonale rådet for havforsking når ein skal fastsetje kvotar. På bakgrunn av det vil Riksrevisjonen i samband med oppfølginga av parallellrevisjonen av forvaltninga av fiskeressursane i Barentshavet og Norskehavet sjå på i kor stor grad framtidige kvotefastsetjingar samsvarer med tilrådingane frå Det internasjonale rådet for havforsking. Ei vurdering av effekten av somme av dei tiltaka som er sette i verk, vil òg inngå i dette arbeidet og i den årlege revisjonen av rekneskapane.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Dokumentet vart sendt til Stortinget 28. september 2004. På bakgrunn av dokumentet og brev av 8. oktober 2004 frå Utdannings- og forskingsdepartementet leverte kontroll- og konstitusjonskomiteen innstillinga si 15. februar 2005, jf. Innst. S. nr. 119 (2004–2005). Saka vart behandla i Stortinget 4. mars 2005.

Kunnskapsdepartementet har i brev av 12. mars 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for kva tiltak som er sette i verk for å tydeleggjere og formalisere ansvars- og myndigheitstilhøve for leiarane ved universiteta. Vidare har departementet gjort greie for kva universiteta har gjort for å sikre at dei årlege plandokumenta spesifiserer mål og resultatkrav, og korleis resultat skal følgjast opp, kontrollerast og rapporterast.

Kunnskapsdepartementet har i tildelingsbrevet for 2006 presentert ein ny målstruktur for universiteta med større vekt på mål- og resultatstyring ved kvar enkelt institusjon og med klare krav om forankring i styret ved institusjonane.

Kunnskapsdepartementet viser til at det i økonomireglementet blir stilt krav til at det skal rapporterast internt i institusjonane og opp til departementet om måloppnåing og resultat. I tildelingsbreva til institusjonane strekar departementet under at kvar institusjon ved hjelp av rapporteringa skal vurdere kor langt institusjonen har komme i høve til fastsette mål, og om det er omstende som trugar måloppnåinga. Vesentlege omstende som trugar måloppnåinga, blir identifiserte og presenterte i rapporteringa frå institusjonane til departementet. Departementet sørgjer for å evaluere kvar enkelt av institusjonane på grunnlag av tertialrapporteringa og årsrapporteringa.

I 2005 etablerte UiO eit prosjekt for verksemdsstyring der det vart lagt opp til ein klarare samanheng mellom mål og resultat, samstundes som koplinga mellom ressursinnsats og resultat skulle gjerast tydeleg. UiO har dei siste åra omstrukturert årsplanane og årsrapportane og opplever at forbetringane er vesentlege. Dokumenta byggjer etter omstruktureringa på hovudstrategien, og ein har prøvd å samanstille dei på ein slik måte at universitetsstyret får eit godt heilskapsbilete av UiO.

Riksrevisjonen har merka seg at universiteta har sett i verk tiltak for å tydeleggjere og formalisere ansvars- og myndigheitsforhold for leiarane ved universiteta, både i dokument og gjennom omlegging av leiings- og styringsstruktur.

Riksrevisjonen har også merka seg at universiteta har arbeidd med å sikre at dei årlege plandokumenta spesifiserer mål og resultatkrav og korleis resultat skal følgjast opp, kontrollerast og rapporterast. Samanhengen mellom dei strategiske planane og dei årlege styringsdokumenta er styrkt, og årsplanane har vorte meir konkrete og førande for dei viktigaste områda ved universiteta. Alle universiteta ser ut til å ha gjennomført eller er i ferd med å gjennomføre tiltak som vil betre dei interne styringssystema.

Riksrevisjonen vil gjennom den årlege rekneskapsrevisjonen følgje opp det arbeidet og dei systema som no er under implementering ved dei fire universiteta.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Dokumentet vart lagt fram for Stortinget 20. januar 2005. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 12. april 2005, jf. Innst. S. nr. 160 (2004–2005). Saka vart behandla i Stortinget 25. april 2005.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i brev av 27. juni 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for status for arbeidet med meir elektronisk handel i offentleg sektor og for dei resultata som var oppnådde gjennom arbeidet.

Departementet viser i svarbrevet sitt til at det er sett i gang fleire tiltak for å auke bruken av elektroniske innkjøpsprosessar sidan undersøkinga Riksrevisjonen gjennomførte i 2004, både gjennom overordna styringssignal og gjennom konkrete tiltak.

I 2005 bad Fornyings- og administrasjonsdepartementet alle departementa om å ta inn krav i tildelingsbreva for 2006 om at verksemdene skulle lage mål, strategiar og planar for innkjøpa sine som inkluderte bruk av elektroniske innkjøpsprosessar. Fornyings- og administrasjonsdepartementet hadde som føresetnad at dette skulle følgjast aktivt opp av kvart departement når det gjaldt deira eigne underlagde verksemder.

Departementet viser vidare til at arbeidet med innføring av elektronisk handel er omfatta av eNoreg-planen eNoreg 2009 – Det digitale spranget.

Departementet opplyser at Senter for statleg økonomistyring (SSØ) i 2006 gjennomførte ein samfunnsøkonomisk analyse for å klarleggje, synleggjere og systematisere konsekvensane av sentrale tiltak for å auke bruken av elektroniske innkjøps- og betalingsprosessar i det offentlege.

Departementet meiner at opprettinga av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) 1. januar 2008, med ei eiga avdeling for offentlege innkjøp, har lagt grunnlaget for eit nasjonalt kompetansesenter for offentlege nyskaffingar. Tidlegare var det Ehandelssekretariatet i departementet som tok hand om det konkrete arbeidet med innføring av elektronisk handel i det offentlege. Ifølgje departementet har regjeringa gjennom etableringa av DIFI intensivert arbeidet med å sikre betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp. Direktoratet skal ha ei heilskapleg tilnærming til å betre og effektivisere offentlege innkjøp gjennom rettleiing og kurs, ved å gjere innkjøpsverktøy og elektroniske handelsløysingar meir tilgjengelege og ved å delta i internasjonalt arbeid for gjennomføring av offentlege innkjøp elektronisk på tvers av landegrensene.

Departementet opplyser at Ehandelssekretariatet sidan 2004 – og DIFI sidan 1. januar 2008 – har gjennomført fleire aktivitetar for å auke bruken av elektroniske innkjøp, og tenestetilbodet på Ehandel.no har stadig vorte utvida. Eit anna tiltak er konkret hjelp til utarbeiding av innkjøpsstrategiar og hjelp til å ta i bruk elektroniske innkjøpsverktøy. Dette blir ifølgje departementet eit av dei viktigaste satsingsområda på innkjøpsfeltet i DIFI dei neste åra.

Riksrevisjonen har merka seg at Fornyings- og administrasjonsdepartementet har sett i verk fleire tiltak for å fremje bruken av elektronisk handel i det offentlege. Riksrevisjonen ser det som positivt at omsetninga på marknadsplassen Ehandel.no har auka vesentleg sidan 2004, men registrerer at det på ein del område framleis er eit stykke att til departementet når måla sine. Det gjeld særleg for elektronisk konkurransegjennomføring, ordrehandtering og fakturahandtering. Riksrevisjonen registrerer òg at departementet ikkje nådde målet om at alle offentlege verksemder i løpet av 2007 skulle ha mål, strategiar og planar for innkjøpa sine som inkluderte bruk av elektroniske prosessar. Riksrevisjonen framhever derfor kor viktig det er at departementet rapporterer til Stortinget om status på området på ein måte som er i samsvar med målsetjingane som er gitt, slik at det er mogleg å vurdere i kor stor grad måla blir nådde.

Riksrevisjonen har vidare merka seg at departementet gjennom opprettinga av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) vil intensivere arbeidet med å sikre betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp. Det er førebels for tidleg å vurdere i kor stor grad etableringa av direktoratet har styrkt arbeidet med meir bruk av elektronisk handel. Riksrevisjonen ser det likevel som positivt at departementet ønskjer å byggje opp eit nasjonalt kompetansesenter for offentlege innkjøp i det nye direktoratet.

Riksrevisjonen streker til slutt under verdien av eit godt system for profesjonalisering av innkjøp. Slik Riksrevisjonen ser det, vil eit velfungerande system for elektroniske innkjøp medverke til ein meir effektiv bruk av ressursar og til å redusere risikoen for misleghald. Departementet bør derfor ha ei aktiv rolle og halde fram med satsinga på dette området.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Dokumentet vart sendt til Stortinget 18. april 2005. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 10. juni 2005, jf. Innst. S. nr. 275 (2004–2005). Saka vart behandla 14. juni 2005 saman med Innst. S. nr. 251 (2004–2005), jf. Dokument nr. 3:9 (2004–2005) Riksrevisjonens undersøkelse av avhending av eiendom, bygg og anlegg.

Ved behandlinga av Innst. S. nr. 251 (2004–2005) og Innst. S. nr. 275 (2004–2005) i Stortinget den 14. juni 2005 vart fullmakta Forsvarsdepartementet hadde til å avhende fast eigedom ut av offentleg eige, trekt attende. Fullmakta vart gitt til Kongen i statsråd. Stortinget gav fullmakta attende til Forsvarsdepartementet ved behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2005–2006).

Forsvarsdepartementet har i brev til Riksrevisjonen av 14. mai og 10. juli 2008 gjort greie for saka.

Ifølgje departementet er forpliktingane staten har til å greie ut om og betre dreneringsanlegga, gjennomførte, og kjøparen har skriftleg stadfesta at alt ansvaret for anlegga er overteke. Departementet opplyser vidare at all kjend ureining er teken hand om på forskriftsmessig måte i samarbeid med Statens forureiningstilsyn.

På spørsmålet om det har vore aktuelt å bruke gevinstdelingsklausulane, opplyser Forsvarsdepartementet at det vurderer å hevde retten sin etter avtalen om gevinstdeling ved vidaresal av delar av eigedommen. Departementet vurderer å forfølgje saka rettsleg.

Ifølgje departementet har Lista Flypark AS innfridd forpliktinga overfor leigetakaren Lista lufthavn AS. Ansvaret til Lista Flypark AS og staten fall bort som følgje av at Lista lufthavn AS kjøpte delar av eigedommen.

Forsvarsdepartementet opplyser at Lista Flypark AS enno ikkje har etablert ny infrastruktur på den tidlegare Lista lufthavn. Departementet viser vidare til ein rapport frå april 2007 som controllereininga i departementet har utarbeidd, der det går fram at midlane som var sette av til å byggje ny infrastruktur, delvis er nytta til anna formål. Forsvarsdepartementet vurderer å be om hjelp frå regjeringsadvokaten for å få ei nærmare juridisk vurdering av om ein kan gå ut frå at oppfyllingstida for denne forpliktinga ligg føre, og vil i samråd med regjeringsadvokaten vurdere om dette spørsmålet bør følgjast opp rettsleg.

Ifølgje Forsvarsdepartementet går det ikkje fram av kjøpekontrakten når Lista Flypark AS skal ferdigstille utbetringa av det tekniske anlegget. Departementet viser vidare til at den same forpliktinga som gjeld utbetring av det tekniske anlegget for 3,5 mill. kroner, er teken inn i skøytet.

Riksrevisjonen har merka seg at departementet vurderer retten sin etter avtalen om gevinstdeling ved vidaresal av eigedommen og eventuelle rettslege skritt i saka. Riksrevisjonen har vidare registrert at ny infrastruktur enno ikkje er etablert på den tidlegare Lista lufthavn, og at departementet vurderer å be om hjelp frå regjeringsadvokaten om dette bør følgjast opp rettsleg.

Riksrevisjonen konstaterer at det er nokre tilhøve som ikkje er avklarte ved oppfølginga av salet av Lista lufthavn. Riksrevisjonen vil følgje saka vidare i den faste rekneskapsrevisjonen.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Dokumentet vart sendt til Stortinget 27. mai 2005. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 8. juni 2005, jf. Innst. S. nr. 251 (2004–2005). Saka vart behandla 14. juni 2005 saman med Innst. S. nr. 275 (2004–2005), jf. Dokument nr. 3:7 (2004–2005) Riksrevisjonens undersøkelse av salget av Lista flystasjon.

Ved behandlinga av Innst. S. nr. 251 (2004–2005) og Innst. S. nr. 275 (2004–2005) i Stortinget den 14. juni 2005 vart fullmakta Forsvarsdepartementet hadde til å avhende fast eigedom ut av offentleg eige, trekt attende. Fullmakta vart gitt til Kongen i statsråd.

Forsvarsdepartementet har i brev av 14. mai 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for dei tiltaka som er sette i verk for å betre planarbeidet med å identifisere og utrangere/fristille eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren.

Ifølgje Forsvarsdepartementet har Forsvarsbygg utarbeidd ein tiltaksplan, som er eit hovudverktøy for oppfølging av risikostyringa og verksemdsstyringa til Forsvarsbygg. Tiltaksplanen blir følgd opp med månadlege rapportar frå Forsvarsbygg til departementet. Departementet opplyser at alle punkta i tiltaksplanen har vorte følgde opp og sette i verk.

Forsvarsdepartementet opplyser at det har vore viktig å få på plass det overordna planverket for eigedommar, bygg og anlegg. Forsvarsdepartementet meiner at det er sikra gjennom heilskaplege planar for eigedommar, bygg og anlegg, revisjon av retningslinjene Forsvarsdepartementet har for tenestefeltet eigedommar, bygg og anlegg, dei heilskaplege gjennomføringsplanane Forsvarsbygg har utvikla, og planane brukarane har for eigedommar, bygg og anlegg.

Departementet opplyser at det per mai 2008 er utarbeidd brukarplanar for om lag 95 pst. av alle driftseiningane i Forsvaret, og at dei dekkjer 99 pst. av bygningsmassen til Forsvaret.

For å styrkje heilskapen enda meir utarbeider departementet ein heilskapleg strukturutviklingsplan.

Ifølgje svarbrev frå Forsvarsdepartementet har Forsvarsbygg / Skifte Eiendom utarbeidd nye rutinar for intern saksbehandling av eigedomssal og ei spesifisert oversikt over dei saksførebuingane ein skal følgje ved eigedomssal. Det er også utvikla sjekklister som blir nytta i kvalitetssikringa av dei ulike salsprosessane. Dei nye rutinane og sjekklistene må ein ifølgje departementet sjå i lys av at Stortinget i 2005 trekte attende fullmakta departementet hadde til å avhende eigedommar, bygg og anlegg, og vedtok at sal av eigedommar, bygg og anlegg frå forsvarssektoren skulle godkjennast av Kongen i statsråd. Ifølgje Forsvarsdepartementet gjorde det sitt til at rutinane og avhendingsprosessen vart forbetra. Stortinget gav fullmakta attende til Forsvarsdepartementet ved behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2005–2006).

Kvalitetssikringssystemet med sjekklister er følgt opp av Forsvarsdepartementet, mellom anna som del av etatsstyringa av Forsvarsbygg. Forsvarsbygg har gjennomført fleire forbetringar i rutinane for avhending. Det har ifølgje departementet betra kvaliteten i salsprosessane.

Saker som krev godkjenning frå Forsvarsdepartementet, skal sendast til departementet med sjekklister og nødvendig dokumentasjon.

Det Norske Veritas har gjennomført ei ekstern evaluering av avhendingsfunksjonen i Forsvarsbygg/Skifte Eiendom. Vurderinga konkluderer mellom anna med at Forsvarsbygg / Skifte Eiendom i stor grad tilfredsstiller standardiserte prinsipp for kvalitetsleiing og har god kvalitet i det arbeidet som blir gjort.

Slik departementet ser det, representerer den gjeldande kvalitetssikringa ei betydeleg forbetring sidan 2005 og må i dag kunne karakteriserast som gjennomgåande svært god.

Riksrevisjonen konstaterer at det er sett i verk omfattande tiltak for å betre forvaltninga av eigedommar, bygg og anlegg i forsvarssektoren. Vidare har Riksrevisjonen merka seg at det er utvikla og implementert tiltak for å styrkje kvalitetssikringa i aktuelle salsprosessar. Riksrevisjonen vil følgje opp tiltaka i den faste rekneskapsrevisjonen.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Saka vart lagt fram for Stortinget 15. juni 2005. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 20. desember 2005, jf. Innst. S. nr. 73 (2005–2006), og saka vart behandla i Stortinget 2. februar 2006.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i brev av 2. juli 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for kva endringar og tiltak som er sette i verk i saka. Departementet trekkjer i brevet sitt fram fire område som har stått sentralt i arbeidet med å medverke til betre utgreiing av saker og å sikre oppbygginga og spreiinga av kunnskap om organisering og omstilling i staten:

  • etablering av direktorat for forvaltningsutvikling og IKT

  • tiltak for betre etterleving av utgreiingsinstruksen

  • nettverk og andre tiltak på det personal- og leiingspolitiske området

  • kunnskapsbygging og rettleiing om gevinstar og kostnader ved omstilling av statlege verksemder

DIFI vart oppretta 1. januar 2008, samstundes med at Statskonsult AS vart lagt ned. Formålet med opprettinga av det nye direktoratet var å styrkje verkemiddelapparatet i departementet når det gjaldt forvaltningspolitikken, i ein situasjon der ein ikkje hadde eit eige direktorat å støtte seg på. Direktoratet har mellom anna som oppgåve å leggje til rette for formålstenleg og effektiv organisering i staten og gode omstillingsprosessar for statleg verksemd.

DIFI skal gi råd til departement og andre statlege verksemder om fornying, omstilling og organisering.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet viser til at departementet allereie i kommentarane sine til rapporten frå Riksrevisjonen peikte på at det var sett i gang eit systematisk arbeid for å gjere det lettare å følgje utgreiingsinstruksen.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet opplyser at ein i 2007 og 2008 har arbeidd med å revidere heftet Personalpolitikk ved omstillingsprosesser. Departementet viser til at DIFI har fått i oppgåve å støtte statlege verksemder i forvaltninga av dei menneskelege ressursane, mellom anna gjennom rettleiing, metodar, analysar og evalueringar. Direktoratet har tiltak og tenester som er retta mot leiarar og medarbeidarar i staten, personalfunksjonen i verksemdene og opplærings- og utviklingsansvarlege i verksemdene. Målet er ifølgje departementet at direktoratet på denne måten skal bidra til betre gevinstrealisering ved omstillingsprosessar i staten.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet viser til at Riksrevisjonen i rapporten sin avdekte enkelte svakheiter og manglar ved utrekning av utgifter i samband med omorganiseringar av statlege verksemder. Departementet har som ei oppfølging av dei funna Riksrevisjonen gjorde, initiert eit prosjekt om utrekning av samfunnsøkonomiske kostnader og gevinstar ved statlege omstillingar. Som ein del av dette prosjektet gjennomførte Statskonsult eit forprosjekt som har resultert i ein rapport om kostnader og gevinstar i samband med statlege omstillingar, jf. Statskonsult-rapport 2007:6.

Departementet peiker elles på at ein no samla skal evaluere utflyttinga av statlege tilsyn. Evalueringa vil omfatte verknader for den regionen verksemdene har flytta til, organisasjonsinterne verknader og verknader for måloppnåinga i etatane. Evalueringa kan ifølgje departementet vere med på å styrkje kunnskapen om ulike organisasjonsverkemiddel i staten og om effektane av slike organisasjons- og omstillingsvedtak.

Riksrevisjonen har merka seg at Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjennom etableringa av Direktoratet for forvaltning og IKT har fått eit eige direktorat for å styrkje det forvaltningspolitiske feltet. Det er førebels for tidleg å vurdere effektane av etableringa av det nye direktoratet, men Riksrevisjonen ser det som positivt at departementet ønskjer å styrkje verkemiddelapparatet som er knytt til forvaltningspolitikken. Riksrevisjonen har også merka seg at departementet har sett i verk tiltak for at det skal vere lettare å følgje utgreiingsinstruksen, i tillegg til fleire tiltak på det personal- og leiingspolitiske området.

Riksrevisjonen har vidare registrert at departementet har arbeidd med å systematisere kunnskap om kostnads- og gevinstelement ved statlege omstillingar. Riksrevisjonen meiner det er positivt at departementet har utarbeidd ei rettleiing for å hjelpe departement og statlege verksemder i arbeidet med å rekne ut samfunnsøkonomiske konsekvensar ved statlege omstillingar.

Riksrevisjonen vurderer det slik at det er viktig at også Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ei aktiv rolle i arbeidet med omorganiseringar. Det er viktig med forankring i leiinga når ein organisasjon skal omorganiserast, og Riksrevisjonen meiner derfor at Fornyings- og administrasjonsdepartementet bør arbeide aktivt for å sikre ei politisk forankring av slike omorganiseringar.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Saka vart sendt til Stortinget 15. juni 2005. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 6. desember 2005, jf. Innst. S. nr. 35 (2005–2006). Saka vart behandla i Stortinget 19. desember 2005.

Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet har i brev til Riksrevisjonen gjort greie for dei tiltaka som er sette i verk for å utbetre påviste avvik og svakheiter.

Kommunal- og regionaldepartementet peiker i brev av 9. juni 2008 på at den finansielle stillinga til kommunesektoren har vorte styrkt dei siste åra ved at dei frie inntektene har auka. Det blir lagt opp til ytterlegare vekst i 2009. Departementet meiner at ei god finansiell stilling og høgt nivå på dei frie inntektene er dei finansielle verkemidla som skal liggje til grunn for investeringar, forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av dei kommunale bygningane i kommunane. Det vil framleis liggje til det kommunale sjølvstyret å prioritere eigedomsforvaltning, inkludert vedlikehald av dei bygningane kommunane sjølve eig.

Departementet viser til at staten vil kunne leggje til rette for verktøy og system som kan medverke til ei betre eigedomsforvaltning i kommunane. Ifølgje departementet fører lite merksemd rundt og avgrensa informasjon om vedlikehald og eigedomsforvaltning til at eigedomsforvaltninga blir for lågt prioritert.

Departementet opplyser at tilgangen på informasjon om eigedomsforvaltning i KOSTRA blir betydeleg betra frå og med rapporteringa for 2008, og det vil framleis vere ei jamn utvikling av statistikk gjennom arbeidsgruppene i KOSTRA. KOSTRA-systemet skal vere grunnlaget for benchmarking og benchlearning i sektoren. På bakgrunn av dei erfaringane ein vil få med den første rapporteringa i 2009, vil departementet vurdere om ein bør opne for fleire arenaer for benchmarking.

Som ei oppfølging av Eigedomsforvaltningsutvalet har Kommunal- og regionaldepartementet utarbeidd ei ny rettleiing om husleigeordningar. Målet er å få til ei sunn forvaltning av bygningsmassen til kommunen og eit godt planlagt og kostnadseffektivt vedlikehald.

Departementet peiker på at mangel på kompetanse og kunnskap om eigedomsforvaltning er ei av dei store utfordringane i kommunesektoren. I 2006 etablerte derfor departementet KoBE (Kompetanse for Betre Eigedomsforvaltning) under Statens bygningstekniske etat. Målet er å utvikle og formidle kompetanse som kan hjelpe til med å betre eigedomsforvaltninga i kommunane. Tilrådinga frå Eigedomsforvaltningsutvalet om å bruke 5 mill. kroner per år i ein femårsperiode til kompetansetiltak vart følgd opp og sett i verk frå 2006. Den same summen er løyvd i 2007 og 2008.

I tråd med tilrådinga frå Eigedomsforvaltningsutvalet har NTNU, med støtte frå KoBE, utarbeidd eit forslag til FoU-program.

Kommunal- og regionaldepartementet peiker på at både utgreiinga frå Eigedomsforvaltningsutvalet i 2004 og rapporten frå Forum for Offentlige Bygg og Eiendommer (FOBE), "Kartlegging av kommunenes utgifter til vedlikehold av sine bygninger", viser at det ordinære vedlikehaldet bør aukast med mellom 60 og 100 pst. Departementet opplyser at førebelse KOSTRA-tal for 2007 tyder på at kommunane har prioritert å auke vedlikehaldet, noko som mellom anna kan ha samanheng med større interesse for eigedomsforvaltning dei siste åra.

Kunnskapsdepartementet har i brev av 12. juni 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for tiltak som er sette i verk. Departementet har delegert ansvaret for det statlege tilsynet av det fysiske skolemiljøet til fylkesmannsembeta. Dersom det ved statleg tilsyn blir oppdaga tilhøve som er i strid med krava i lova, kan Fylkesmannen gi pålegg om å rette på tilhøva. I tillegg til å gi pålegg skal Fylkesmannen rettleie om korleis ein kan møte krava, og samarbeide med skoleeigaren for å sikre eit godt resultat for elevane.

Departementet viser til at det jamlege hendingsbaserte statlege tilsynet er med på å auke kunnskapen om regelverket lokalt og å gi informasjon om lokal praktisering til sentrale styresmakter. Departementet får informasjon om tilsynet av det fysiske skolemiljøet til elevane gjennom årsrapportane frå fylkesmennene.

For å få ytterlegare og meir representativ informasjon om praktiseringa av krava opplæringslova stiller til det fysiske skolemiljøet, har Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet i perioden frå desember 2007 til februar 2008, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, gjennomført ei undersøking av det fysiske miljøet ved grunnskolar og vidaregåande skolar. Kartlegginga viste at halvparten av skolane ikkje er godkjende etter forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Departementet opplyser at resultata frå elevundersøkinga i 2007 viser at meir enn 25 pst. av elevane ikkje er særleg nøgde med skolebygget, garderobar og dusjar, toalett og lufta i klasserommet. Elevundersøkinga er ei årleg, nettbasert spørjeundersøking som er retta mot elevar på mellomsteget, på ungdomssteget og i den vidaregåande opplæringa.

Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil hausten 2009 gjennomføre ei oppfølgingsundersøking av det fysiske miljøet ved alle grunnskolar og vidaregåande skolar.

Kunnskapsdepartementet viser til rentekompensasjonsordninga for skoleanlegg som vart innført i 2002, med ei total ramme på 15 mrd. kroner. Ramma skulle fasast inn over åtte år. Departementet peiker på at regjeringa og Stortinget har prioritert dette tiltaket høgt, slik at investeringsramma var fullt innfasa alt i 2007, to år før den opphavlege planen.

Departementet viser også til den nettbaserte rådgivingstenesta for skoleanlegg frå Utdanningsdirektoratet. Rådgivingstenesta er primært retta mot at dei som tek avgjerder i kommunane, skal få kunnskap om byggjemateriale og løysingar som er knytte til vedlikehald, rehabilitering og ombygging av skolar.

Kunnskapsdepartementet meiner at problemstillingar i samband med forvaltninga av skolebygg dei siste åra har fått høgare prioritet. Slik departementet ser det, vil dei gjennomførte kartleggingane av tilstanden, rentekompensasjonsordninga og styrkt kommuneøkonomi gjere sitt til at ein når målet om eit godt fysisk skolemiljø for alle elevar.

Riksrevisjonen har merka seg at Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gang ei rekkje tiltak som er i tråd med tilrådinga frå Eigedomsforvaltningsutvalet, og meiner at dette på sikt vil kunne føre til ei meir kostnadseffektiv eigedomsforvaltning i kommunane og gi eit betre grunnlag for statleg oppfølging. Forbetringane i KOSTRA-rapporteringa vil først liggje føre i 2009, og dei andre tiltaka har ein meir langsiktig karakter. Det er derfor for tidleg å vurdere effekten av dei tiltaka som er sette i verk.

Riksrevisjonen har også merka seg tiltaka som Kunnskapsdepartementet har sett i verk, og meiner at desse er viktige for å få kunnskap om kva tilstand skolebygningane og arbeidsmiljøet til elevane er i. Kartlegginga av det fysiske skolemiljøet som Kunnskapsdepartementet har gjennomført i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, viser at det fysiske skolemiljøet ved ei rekkje skolar ikkje oppfyller krava til eit forsvarleg skolemiljø. Det tyder på at det framleis er ein stor risiko på dette området. Riksrevisjonen registrerer at det vil bli gjennomført ei oppfølgingsundersøking hausten 2009 som vil gi grunnlag for å vurdere om det er behov for sterkare verkemiddel.

Riksrevisjonen vil vurdere å setje i gang ei ny undersøking når resultata frå oppfølgingsundersøkinga til Kunnskapsdepartementet og forbetringane i KOSTRA-rapporteringa ligg føre.

Riksrevisjonen har avslutta saka.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Lodve Solholm, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, viser til at Dokument nr. 3:1 (2008–2009) inneheld ti forvaltningsrevisjonar som er handsama av Stortinget.

Komiteen har merka seg at Riksrevisjonen ser på åtte av sakene som avslutta. Komiteen er samd i denne vurderinga.

Dokument nr. 3:12 (2003–2004) Riksrevisjonens undersøkelse av bærekraftig bruk av reinbeiteressursene i Finnmark vart sendt til Stortinget 25. august 2004. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 8. februar 2005, jf. Innst. S. nr. 111 (2004–2005), og Stortinget behandla innstillinga 4. mars 2005.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen la til grunn at målet med reindriftspolitikken er å sikre ei framtidig kulturell, økonomisk og økologisk berekraftig reindrift i Noreg. Det inneber mellom anna at beiteuttak, driftsmønster og driftsmetodar må tilpassast naturgrunnlaget og dei nasjonale målsetjingane om bevaring av naturmiljøet. I område der det har vore overbeiting, må balansen byggjast opp att for å sikre næringa høve til utvikling.

Komiteen konstaterte at vedtaket i Reindriftsstyret frå 2002 der det vart fastsett ei øvre grense på 63 700 rein for Vest-Finnmark, ikkje såg ut til å la seg realisere. Per 31. mars 2004 var talet på rein i området om lag 96 000. Komiteen hadde vidare merka seg at freistnadene på ei frivillig regulering av reintalet med økonomiske verkemiddel ikkje har ført fram i Vest-Finnmark, og såg på utforminga av retningslinjer for å fordele belastninga på dei ulike reindriftsutøvarane ved reduksjon i talet på dyr som ei prioritert oppgåve. Komiteen streka under kor viktig det var at arbeidet med beitefordeling på haust-, vår- og vinterbeita i Aust- og Vest-Finnmark vart prioritert, og at det hasta med å setje i verk tiltak som sikrar at talet på rein kjem under kontroll. Eit fleirtal i komiteen såg òg med uro på at tilgjengeleg reindriftsareal var redusert som følgje av arealinngrep. Fleirtalet meinte dessutan at det var nødvendig å redusere betydeleg køyringa på berrmark i reindriftsområda i Finnmark.

Komiteen peikte på at Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å etablere styringssystem som gjer at ytre etatar som høyrer inn under departementet, gjennomfører statlege pålegg. Komiteen hadde merka seg at Riksrevisjonen påpeikte at ein må sjå arbeidet med å fastsetje det øvre reintalet per distrikt i dei aktuelle reinbeiteområda i samanheng med forslag til endring av distriktsgrenser, inndeling i soner og fastsetjing av beitetider. Dette inneber mellom anna ei oppdeling av dei store felles beitedistrikta i indre Finnmark som var forvalta som allmenningsressursar.

Komiteen streka under kor viktig det er at det blir teke politisk ansvar for å utvikle vidare eit system for forvaltning av reindrifta, mellom anna ved at heimelsgrunnlaget blir avklart og presisert, slik at reindriftsforvaltninga blir betre i stand til å utføre oppgåvene sine. Det inneber òg ei vurdering av om dei tilførte ressursane er store nok.

Komiteen merka seg at Riksrevisjonen berre i liten grad meinte at målet Stortinget hadde sett om ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift, var konkretisert, og peikte på at det er ei svakheit at det manglar ein heilskapleg strategi som kan vise korleis reindriftsforvaltninga kan medverke til å nå dei overordna måla. Klart definerte overordna politiske mål med konkrete resultatindikatorar kombinert med rettleiing og informasjon til reindriftsutøvarar er viktige føresetnader for eit positivt resultat.

Formålet med undersøkinga var å finne ut om reindriftspolitikken vart sett i verk og gjennomført på ein måte som oppfylte intensjonane Stortinget har om ei berekraftig reindrift. Målet var å dokumentere effektane av reindriftspolitikken og undersøkje korleis dei politiske og administrative avgjerdene både i og utanfor reindrifta var med på å påverke beitegrunnlaget for reinen. Dette var hovudfunna:

  • Beitesituasjonen var ikkje i samsvar med målet om ei økologisk berekraftig reindrift. Satellittbilete og vegetasjonskartleggingar viste korleis dei intakte lavbeita i Vest-Finnmark og Karasjok var reduserte dei siste 30 åra. Det vart konkludert med at beiteressurssituasjonen måtte betrast og stabiliserast for å sikre ei berekraftig utvikling. For å snu den negative utviklinga måtte reintalet reduserast til eit berekraftig nivå på kort og lang sikt.

  • Det låg ikkje i tilstrekkeleg grad føre rammevilkår som øvre reintal per distrikt/vektgrenser, øvre reintal per driftseining, distriktsinndelingar, soneinndelingar, beitetider, etableringskontroll og distriktsplanar, slik reindriftslova har som føresetnad. Det vart slått fast at rammevilkår som er tilpassa den økologiske situasjonen, og som kan sikre framtida for reindriftsutøvarane, er viktige for at beiteressursane blir utnytta på ein økologisk berekraftig måte. Riksrevisjonen la vekt på at verkemidla Landbruksdepartementet har til disposisjon gjennom reindriftslova og reindriftsavtalen, måtte evaluerast saman og fullt ut, og at ein måtte utarbeide ein samla strategi for bruken av reinbeiteressursane.

  • Omfanget av arealinngrepa og motorferdsla var slik at det vart stilt spørsmål om aktivitetane gjekk ut over kravet til varsemd innanfor reinbeiteområda.

  • Dei overordna måla for reindriftsforvaltninga hadde i liten grad vorte operasjonaliserte. Det var ikkje utarbeidd nokon heilskapleg strategi for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Riksrevisjonen konkluderte med at det såg ut til å vere nødvendig med ein større grad av konkretisering og avveging mellom måla for å få til ei berekraftig reindrift.

Landbruks- og matdepartementet har i brev av 6. mai 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for dei endringane og tiltaka som er sette i verk som følgje av undersøkinga. Departementet har vist til at det å leggje til rette for ein berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark er eit langsiktig arbeid, og at det nødvendigvis må ta tid før ein ser resultat. Trass i dette meiner departementet at det er fleire indikatorar som tilseier at det går i rett retning.

Sidan 1998 har det vore eit overvakingsprogram for lavbeita i Finnmark. Norsk institutt for naturforskning (NINA) gjorde feltregistreringar i 2005, og Northern Research Institute Tromsø (Norut) gjennomførte satellittregistreringar i 2006. Begge rapportane slår fast at det i all hovudsak har vore ei positiv forbetring frå 2000 til 2005/2006, men at prosentdelen av lavmark framleis er dårlegare enn i 1996. I eit område i Vest-Finnmark har det vore ei forverring av lavdekket sidan 2000. Begge rapportane konkluderer med at lavbeita er langt frå å ha ein optimal produksjon, og at situasjonen enno er kritisk i enkelte område. I Vest-Finnmark har slaktevekta per dyr i vårflokk vorte sterkt redusert dei siste sesongane. Ein slik reduksjon av produktivitet er ein indikator på dårleg tilgang til gode nok beiteressursar.

Landbruks- og matdepartementet peiker på at arbeidet med ny reindriftslov, jf. Ot.prp. nr. 25 (2006–2007), Innst. O. nr. 72 (2006–2007), har hatt høg prioritet. Den nye reindriftslova tok til å gjelde 1. juli 2007. Departementet sette frist til 1. juli 2008 for reindriftsutøvarane til å organisere seg etter den nye lova. Etter den nye lova skal reindriftsutøvarane sjølve komme fram til bruksreglar for beiteareala, slik som reintal, inndelingar av beita, beitesoner og beitetider. Men Reindriftsstyret skal godkjenne bruksreglar, slik som reintal, før dei er gjeldande. Med heimel i ny lov blir det, ifølgje departementet, også enklare å fastsetje høgaste reintal per driftseining, noko som er ein føresetnad for å kunne bruke sanksjonar overfor ein innehavar.

Inntil reindriftsutøvarane får eit øvre reintal som Reindriftstyret godkjenner, er reintalet i Aust-Finnmark sett til 74 200 og øvre grense for Vest-Finnmark til 64 300. Per 31. mars 2008 har Aust-Finnmark 83 413 rein og Vest-Finnmark 93 915 rein.

Når det gjeld å setje rammevilkår, slik som distriktsgrenser, beitetider og sonegrenser, opplyser departementet at det i 2005 vart sett i gang eit prosjekt for å få fordelt reinbeita i Vest-Finnmark mellom siidaene. Departementet opplyser at dette arbeidet i mindre grad har ført fram. Departementet vil likevel følgje opp arbeidet vidare. Departementet opplyser også at det vil halde fram med å følgje implementeringa av reindriftslova, slik at reindriftsutøvarane får etablert bruksreglar ut frå den nye reindriftslova som skal sikre ei reindrift som er i samsvar med naturgrunnlaget.

Departementet legg òg vekt på at det er viktig å auke slakteuttaket for å få eit reintal som er tilpassa reinbeiteressursane. Frå 2004 har verkemidla over reindriftsavtalen vorte endra for å stimulere til slakteuttak og verdiskaping. Før ein evaluerer dei nye ordningane, vil departementet la ordningane verke over litt tid. Ei førebels vurdering viser at kalveslaktetilskotet og tidlegslaktetilskotet har ein positiv effekt. Mellom periodane 2001–2003 og 2004–2007 har slakteuttaket auka med 57 pst. i Finnmark. Det auka slakteuttaket må ein også sjå i samanheng med eit høgare reintal i perioden.

Departementet opplyser at det prioriterer høgt arbeidet med arealsituasjonen, og departementet er mellom anna i ferd med å ferdigstille ein metode for å verdiklassifisere arealbrukskartet til reindrifta. Regjeringa har også vedteke å opprette eit interdepartementalt prosjekt som har som formål å få auka merksemd og kunnskap omkring arealforvaltning og reindrift og å leggje til rette for ei betre sikring av areala til reindrift. Prosjektet blir koordinert av ei styringsgruppe som Landbruks- og matdepartementet leier.

Departementet har prioritert å utvikle målstyringa ved å operasjonalisere dei overordna måla og utvikle strategiar for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Det har vore arrangert seminar for departementet og forvaltninga med desse problemstillingane som tema. Dette arbeidet skal ein sjå i samanheng med eit kriteriearbeid som departementet har starta i samarbeid med reindriftsnæringa. Gjennom dette arbeidet skal ein komme fram til kriterium som skal leggjast til grunn i arbeidet med å nå målet om ei økologisk berekraftig reindrift. Etter at forslaget har vore på høyring, skal kriteria sendast til reinbeitedistrikta saman med ei rettleiing. Dei vedtekne kriteria skal brukast som eit hjelpemiddel når distriktsstyra og styresmaktene mellom anna skal fastsetje reintal. Departementet peiker på at eit samarbeid med næringa er heilt avgjerande for å få sett rammevilkår for næringa som blir følgde.

Riksrevisjonen har merka seg at departementet har eller er i ferd med å setje i gang ulike tiltak for å rette opp dei svakheitene undersøkinga avdekte. Det er for tidleg å kunne vurdere effekten av mange av dei tiltaka som er sette i verk. Som departementet peiker på, er arbeidet med å sikre ei berekraftig reindrift eit langsiktig arbeid, og per i dag er det berre mindre forbetringar i beitesituasjonen – i eitt område er det også indikasjonar på ei forverring.

Riksrevisjonen har i samband med det også merka seg at reintala framleis ikkje er i samsvar med fastsette øvre reintal, og at nye rammevilkår for næringa gjennom reglar for bruken av beita førebels ikkje er vedtekne i medhald av den nye reindriftslova.

På bakgrunn av desse svakheitene og at mange av tiltaka for å betre reindriftsforvaltninga har verka i relativt kort tid, er det akkurat no vanskeleg å ta stilling til om tiltaka i stor nok grad vil medverke til ein berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark.

Riksrevisjonen vil følgje saka vidare.

Komiteen viser til Riksrevisjonen si undersøking av bærekraftig bruk av reinbeiteressursene i Finnmark, Dokument nr. 3:12 (2003–2004).

Komiteen har merka seg at Landbruks- og matdepartementet har sett i verk tiltak som følgje av undersøkinga, men at det er eit langsiktig arbeid å leggje til rette for ein berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark.

Komiteen har vidare merka seg at Riksrevisjonen meiner det er for tidleg å kunne vurdere effekten av mange av dei tiltaka som er sette i verk. Reinbeitetala er framleis ikkje i samsvar med fastsette øvre reintal, og nye rammevilkår for næringa gjennom reglar for bruken av beita er førebels ikkje vedtekne i medhald av den nye reindriftslova.

Komiteen stør derfor Riksrevisjonen i at saka må følgjast vidare.

Dokumentet vart lagt fram for Stortinget 25. april 2005. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 12. april 2005, jf. Innst. S. nr. 158 (2004–2005). Saka vart behandla i Stortinget 25. april 2005.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen framheva i innstillinga at Noregs forskingsråd har hatt svakheiter i styrings- og driftsrutinar i dei handlingsretta programma og svakheiter i målformulering, rapportering og oppfølging av dei. Komiteen meinte at grunnen til det var at Noregs forskingsråd ikkje ser ut til å ha innarbeidd ein overordna strategi for brukarretta formidling, og gjekk ut frå at ein slik strategi blir utvikla og nytta.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen merka seg spesielt at Noregs forskingsråd i liten grad har gjort forskingsinformasjon tilgjengeleg på Internett, og viste til at Stortinget har gått ut frå at Noregs forskingsråd har ansvaret for den brukarretta kunnskaps- og teknologiformidlinga som er knytt til dei programma Noregs forskingsråd sjølv har.

Formålet med undersøkinga Riksrevisjonen gjorde, var å finne ut i kor stor grad Noregs forskingsråd følgjer opp intensjonane Stortinget har om at forskinga skal komme allmenta til gode. Undersøkinga vart gjennomført i perioden 2002–2004 og gjaldt i all hovudsak eit utval av dei handlingsretta programma til Noregs forskingsråd. Handlingsretta program er primært retta mot offentleg sektor og bransje- og interesseorganisasjonar. Det er lagt til grunn at handlingsretta program skal ha klarare mål enn grunnforskingsprogram, og at det skal vere enklare å rapportere om forskingsresultat.

Det var ikkje implementert ein felles overordna strategi for brukarretta formidling i Noregs forskingsråd. Mange program identifiserte også i liten grad målgrupper for forskinga. Mangelfulle formidlingsstrategiar kan føre til at formidlingsansvaret ikkje blir følgt godt nok opp. Undersøkinga viste òg at Noregs forskingsråd ikkje i tilstrekkeleg grad hadde gjort forskingsinformasjon tilgjengeleg på Internett.

I økonomireglementet for staten er det stilt krav om at det skal formulerast resultatkrav og rapporterast om resultat. I dei handlingsretta programma var det store skilnader med omsyn til kor konkrete programmålsetjingane var. Det gjorde det vanskelegare å følgje opp programma effektivt og kunne føre til at dei måla og resultatkrava som departementet la til grunn for løyvinga til programma, ikkje vart oppfylte.

Det var vidare stor variasjon i sluttrapporteringa, og dokumentasjonsgrunnlaget for å vurdere resultata av forskingsprogramma var derfor mangelfullt. Eit gjennomgåande trekk ved rapporteringa frå programma var manglande rapportering om mål, delmål eller prioriterte tema i kvart enkelt program. Det vart derfor vanskeleg å vurdere i kor stor grad dei resultata ein fekk, var i samsvar med planlagde mål.

Kunnskapsdepartementet har i brev av 17. mars 2008 til Riksrevisjonen gjort greie for kva tiltak Noregs forskingsråd hadde sett i verk for å betre den brukarretta forskingsformidlinga, mellom anna tilgangen til informasjon om forskingsresultat og forskingspublikasjonar på Internett.

Noregs forskingsråd viser til at det har vore gjennomført ei rekkje tiltak for å sikre betre styring av og formidling frå programverksemda etter forvaltningsrevisjonen til Riksrevisjonen i 2004. Noregs forskingsråd har mellom anna oppretta heimesider for alle programma som er i gjennomførings- og avslutningsfasen, eller som er avslutta dei siste åra. Årsrapportane for dei ulike programma blir lagde ut på nettsidene til programma. Ein arbeider med at framdriftsrapportar og sluttrapportar frå prosjekta også skal vere tilgjengelege på nettstaden. Det har i tillegg vorte mogleg for brukaren å søkje i prosjektarkiv under kvart enkelt program.

Det er implementert ein ny søkjemotor på nettsidene til Noregs forskingsråd der ein kan gjere søk og få utfyllande informasjon om kvart prosjekt. Noregs forskingsråd har utvikla vidare formidlingskanalar som Forsking.no, Forskingsdagane og Nysgjerrigper og bruker også eksterne medium i formidlinga.

Ifølgje Noregs forskingsråd har programformidlinga dei siste åra auka vesentleg. Noregs forskingsråd har sidan våren 2007 arbeidd med ein ny, overordna strategi for forskingsformidling som skal omfatte både brukarretta og allmennretta formidling. Strategien skal vere ferdigstilt i 2008 og skal følgjast opp med handlingsplanar.

Riksrevisjonen etterlyste i 2004 ei tydelegare mål- og resultatstyring av programdrifta. For å følgje opp det har Noregs forskingsråd utarbeidd tydelegare retningslinjer for programsatsingar. Det er gjort greie for korleis eit forskingsprogram blir styrt. Som grunnlag for styringa av eit program skal det utarbeidast ein programplan for programperioden og årlege handlingsplanar. Programma skal levere årlege rapportar. Årsrapportane fokuserer på dei faglege resultata av programma og på formidling.

Ei undersøking frå 2007 som internrevisjonen i Noregs forskingsråd står bak, viste at det har vore forbetringar på dette området, men ein del program heng enno etter når det gjeld å følgje opp fastlagde krav til programdokument. Undersøkinga viste at koplinga mellom strategi og programplan ikkje er god nok i mange program.

Rapporten frå internrevisjonen viste vidare at dei aller fleste forskingsprogramma hadde programplanar og årsrapportar, men at berre halvparten av programma hadde handlingsplanar. For dei programma som hadde handlingsplanar, mangla ein del av planane konkrete mål som resultata kunne målast opp mot. Ein god del årsrapportar mangla informasjon om korleis programmet har oppfylt måla sine. Ifølgje rapporten blir ein god del av programma styrte etter aktivitetar i staden for etter mål og resultat.

Som ei følgje av tilrådingane i internrevisjonsrapporten sette Noregs forskingsråd i 2007 i gang Programdriftprosjektet. Dette prosjektet skal sjå på moglege forbetringar av styring og drift av eit forskingsprogram. Prosjektet skal gå igjennom retningslinjer og praksis for planlegging, styring og drift av program. Det skal resultere i oppdaterte retningslinjer og vedteken praksis for programdrift og programstyring. Prosjektet skal vere sluttført innan utgangen av 2008.

Noregs forskingsråd arbeider også med eit nytt system for verksemdsstyring. Det skal vere på plass innan utgangen av 2008. Formålet er å etablere eit system for verksemdsstyring som gir leiinga i Noregs forskingsråd tilstrekkeleg oversikt og kontroll med dei viktigaste oppgåvene til Noregs forskingsråd. Samanhengar mellom strategi og handlingar skal bli tydelegare. Risikovurderingar skal implementerast i verksemdsstyringssystemet i løpet av 2008. Noregs forskingsråd har utarbeidd eit sentralt arbeidsprogram som fokuserer på sentrale oppgåver som krev spesiell merksemd frå leiinga. Noregs forskingsråd har identifisert kva ein skal arbeide vidare med for å sikre at dei svakheitene og avvika som Riksrevisjonen har peikt på, skal rettast opp.

Riksrevisjonen ser positivt på at Noregs forskingsråd har sett i gang fleire tiltak for å styrkje forskingsformidlinga. Dette arbeidet ser så langt ut til å ha gitt gode resultat.

Riksrevisjonen har merka seg at Noregs forskingsråd har sett i gang eit programdriftprosjekt som skal sjå på moglege forbetringar når det gjeld styring og drift av eit forskingsprogram. Prosjektet skal sluttførast i løpet av 2008. Riksrevisjonen har også merka seg at Noregs forskingsråd har utarbeidd eit nytt system for verksemdsstyring, der samanhengen mellom strategi og handlingar skal bli tydelegare.

Vesentlege tiltak som er sette i gang, skal gjennomførast i løpet av 2008. Det er derfor for tidleg å vurdere verknadene av desse tiltaka.

Riksrevisjonen vil følgje saka vidare.

Komiteen viser til Riksrevisjonen si undersøking av Noregs forskingsråd sine handlingsretta program, jf. Dokument nr. 3:6 (2004–2005).

Komiteen har merka seg dei tiltaka Noregs forskingsråd har sett i verk for å betre den brukarretta forskingsformidlinga, mellom anna tilgangen til informasjon om forskingsresultat og forskingspublikasjonar på Internett.

Komiteen har vidare merka seg at Noregs forskingsråd har sett i gang eit programdriftprosjekt og at det er utarbeidd eit nytt system for verksemdsstyring.

Komiteen vil vise til at Riksrevisjonen ser positivt på dei igangsette tiltaka, men at det er for tidleg å vurdere verknadene av tiltaka, av di vesentlege igangsette tiltak først skal gjennomførast i løpet av 2008.

Komiteen stør derfor Riksrevisjonen i at saka må følgjast vidare.