Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Kultur- og kyrkjedepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 102 (2008–2009)
- Kildedok: St.prp. nr. 27 (2008–2009) unntatt kap. 340, 341, 3340, 3341
- Dato: 08.12.2008
- Utgiver: familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Kap. 320 Allmenne kulturformål
- Kap. 322 Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom
- Kap. 324 Scenekunstformål
- Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål
- Kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål
- Kap. 3322 Billetkunst, kunsthandverk og offentleg rom
- Kap. 3324 Scenekunstformål
- Kap. 3326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål
- Merknader frå komiteen
- Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
Under kap. 320 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak er det for 2008 løyvt 3,0 mill. kroner til prosjekt mv. i regi av Mangfaldsåret 2008. Utgiftene til konsulenttenester, honorar, reiser mv. er rekna til 1 770 000 kroner. Desse midla må utbetalast frå post 1 Driftsutgifter. Behovet for løyving under kap. 320, post 78 blir redusert tilsvarande.
I samband med etablering av det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock (Rockheim) er det under kap. 328 Museums- og andre kulturvernformål, post 78 Ymse faste tiltak løyvt 6 mill. kroner i 2008 til dette senteret. Kultur- og kyrkjedepartementet skal betale lønn til prosjektleiaren for det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock. Lønnsutgiftene er rekna til om lag 850 000 kroner inkl. arbeidsgivaravgift og må utbetalast frå post 1 Driftsutgifter. Behovet for løyving under kap. 328 post 78 blir redusert tilsvarande.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 320 post 1 Driftsutgifter blir auka med 2 620 000 kroner.
Jf. omtale under kap. 320 post 1 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 320 post 78 Driftsutgifter blir redusert med 1 770 000 kroner.
Jf. omtale under kap. 3322 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 322 post 1 Driftsutgifter blir redusert med 100 000 kroner.
Jf. omtale under kap. 3324 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 324 post 1 Driftsutgifter blir auka med 12 000 000 kroner.
Jf. omtale under kap. 3326, post 2 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 326 post 21 Særskilte driftsutgifter blir auka med 4 400 000 kroner.
Jf. omtale under kap. 328 post 78 nedanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 328 post 1 Driftsutgifter blir redusert med 250 000 kroner.
Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) og Stiftinga Ullandhauggarden, som driv jernaldergarden på Ullandhaug i Stavanger, har inngått avtale om at AmS skal tilføre midler til drifta og utføre enkelte oppgåver for stiftinga. Som følgje av dette har Riksrevisjonen bedt om at stiftinga får tilført midlane frå ein tilskottspost. Det er behov for eit tilskott til Stiftinga Ullandhauggarden i 2008 på 250 000 kroner. Beløpet kan dekkjast ved tilsvarande reduksjon under kap. 328 post 1 Driftsutgifter.
Det er behov for å omdisponere 850 000 kroner av tilskottet til det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock som er løyvt under kap. 328 post 78, til kap. 320 post 1 Driftsutgifter, jf. omtale under kap. 320 post 1 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 328 post 78 Ymse faste tiltak blir redusert med 600 000 kroner.
Posten gjeld inntekter knytt til ulike prosjekt i regi av Kunst i offentlege rom - KORO. Løyvinga blei i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2008 justert ned til 100 000 kroner, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008) og Innst. S. nr. 270 (2007–2008). Det viser seg no at KORO ikkje får inntekter i 2008, jf. også omtale under kap. 322 post 1 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3322, post 1 Ymse inntekter blir redusert med 100 000 kroner.
Riksteatrets inntekter i 2008 frå sal av billettar og program, sponsorinntekter mv. blir vesentleg høgare enn budsjettert, i hovudsak som følgje av stor publikumstilstrøyming til teatret sine framsyningar. Dei samla inntektene i 2008 er venta å bli om lag 28 mill. kroner. Dette er 12 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 324 post 1 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3324 post 1 Inntekter ved Riksteatret blir auka med 12 000 000 kroner.
Oppdragsverksemda ved Nasjonalbiblioteket får eit langt større omfang enn budsjettert. Dei samla oppdragsinntektene i 2008 er venta å bli om lag 5,25 mill. kroner. Dette er 4,4 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 326 post 21 ovanfor.
Departementet foreslår at løyvinga i 2008 under kap. 3326 post 2 Inntekter ved oppdrag blir auka med 4 400 000 kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Synnøve Brenden Klemetrud og Tove Karoline Knutsen, frå Fremskrittspartiet, Knut Gjerde og Karin S. Woldseth, fra Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristeleg Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Magnhild Eia, og fra Venstre, Trine Skei Grande, viser til dei sakene som er tekne opp i proposisjonen. Komiteen har elles ingen merknader og støttar Regjeringa sine forslag.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
320 | Allmenne kulturformål | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 2 620 000 | |
frå kr 44 833 000 til kr 47 453 000 | |||
78 | Ymse faste tiltak, blir redusert med | 1 770 000 | |
frå kr 42 305 000 til kr 40 535 000 | |||
322 | Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 100 000 | |
frå kr 11 216 000 til kr 11 116 000 | |||
324 | Scenekunstformål | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 109 096 000 til kr 121 096 000 | |||
326 | Språk-, litteratur- og bibliotekformål | ||
21 | Særskilte driftsutgifter, blir auka med | 4 400 000 | |
frå kr 850 000 til kr 5 250 000 | |||
328 | Museums- og andre kulturvernformål | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 250 000 | |
frå kr 34 623 000 til kr 34 373 000 | |||
78 | Ymse faste tiltak, blir redusert med | 600 000 | |
frå kr 47 483 000 til kr 46 883 000 | |||
Inntekter | |||
3322 | Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom | ||
1 | Ymse inntekter, blir redusert med | 100 000 | |
frå kr 100 000 til kr 0 | |||
3324 | Scenekunstformål | ||
1 | Inntekter ved Riksteatret, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 16 000 000 til kr 28 000 000 | |||
3326 | Språk-, litteratur- og bibliotekformål | ||
2 | Inntekter ved oppdrag, blir auka med | 4 400 000 | |
frå kr 850 000 til kr 5 250 000 |
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 8. desember 2008
May-Helen Molvær Grimstad |
leiar og ordførar |